mandag 1. april 2013

Paul Claudels påskenatt i Clervaux

Den fransk forfattaren Paul Claudel feira påskeveka 1934 hos benediktinarmunkane i Abbaye Saint-Maurice-et-Saint Maur de Clervaux. Han skildrar påskenatt der i eit langt dikt med tittelen " La nuit de Paques" (Påskenatt), og 44 år seinare opplever vi og noko av det han prøver å uttrykkja i dette diktet. Eg har omsette dei mest sentrale versa i diktet.

"Gjennom vindauga utan gardiner, har eg alt lenge sett ei lita stjerne skina mot meg.
Eg søv ikkje for mellom påskeafta og påskedag er ikkje natta meint for søvn.

Fjella og skogane ventar, dei omgjev meg som ei lysfylt utstråling
Fullmånen stig opp litt etter litt, og viser fram sitt fromme andlet.

Fullmånen urørleg, stråler  fram midt i æva
Lukkelege natt som sjølv kjenner timen då Jesus stod opp.

Vi ser ikkje når noko skjer før det alt er skjedd.
Vi innser i ein augneblink at Herren er oppstanden.
......................

Og brått i skinet frå månen klokkene som i ein stor klase i klokketårnet.
Klokkene som sjølv midt i nattemørkret tek til å slå.

Ein forstår ikkje kva dei seier, dei taler berre til trua.
Det som hindrar dei i å tala, det er kjærleiken, heile gledas overrasking.
.........................

De som søv, ver ikkje redde, for det er sant at eg har vunne over døden.
Eg var død og er oppstaden i mi sjel og i min kropp.

Kvinner, kva søkjer de i grava ? Men nei! de har ikkje lenger noko med dette å gjera.
Likkleda er rulla saman i eit hjørne, Jesus lever, han er ikkje lenger her.

Sjela mi i si ferd mot grava vert reve laus med eit overveldande smil.
Eg og har vunne over døden og eg trur på min frelsar Jesus.

Midt i klosteret, heilt åleine tenkjer han seg om den vakande, litt etter litt fell han til ro skjelvande.
Det er tid for at alle kyrkjene der nede svarar under den oppstigande sola.

Dei vaknar den eine etter den andre, eg høyrer dei i natta spørjande.
For kvar stjerne som sløkkes vaknar ein av dei truande."



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar