onsdag 28. august 2013

Poetikk

Kva er poesi ? Kva er eit godt dikt ?
Stein Mehren svarar slik i diktet "Poetikk":

"Du vet ikke hva et dikt er, før
du har hørt det, for et dikt er et dikt
når du med en gang kjenner deg igjen i det
og samtidig vet, dette har jeg aldri lest før
Det finnes ingen regler for gode dikt
utover den orden hvert dikt setter seg selv
Et dikt er en tilstand i språket
der hvert ord er stemt til akkurat dette
diktet, Uovervinnelig, ikke usårlig
Evig, ikke udødelig."

Stein Mehren har produsert diktsamlingar sidan byrjinga av sekstitalet, og er utan tvil ein av dei viktigaste lyrikarane i moderne tid. Både tematisk og i uttrykksforma stod han lenge i motsetning til det dominerande litterære miljøet i Noreg. Mehren  stod som ein eksponent for den sentral -lyriske tradisjonen med vekt på det abstrakte og høgstemte i kontrast til mange samtidige poetar som framheva det konkrete og handgripeleg med utgongspunkt i eit radikalt politisk engasjement.
"Jeg er forfatter. Jeg forbedrer ikke verden. Jeg lager en annen og bedre verden." seier han ein stad.
"......en svært utidsmessig forfatter, som en hymniker i en prosaisk tid, en mytolog i en avmytologiserende epoke." karakteriserar Henning Hagerup han i eit essay.

Mehren skreiv mange kjærleiksdikt, ofte ord- og symbolrike. Eit av dei kortaste og etter mi meining beste lyder slik:

Kortdikt


"Du er så vakker
når du ikke vet
at jeg ser på deg
Og det vet du"

Mange dikt bruker naturbilete for å uttrykkja eksistensielle tema:

Høst

"Når vi gjennomlyser løvet mot et fargefilter
ser vi at alle farger er der fra tidlig om våren
Men det er først når klorofyllets kraft blir
borte i oktober, at fargene trer frem og flammer

Inne i sommeren finnes altså en usynlig
høst...En fargeskygge som glir gjennom grønt
Vi ser det ikke. Men plutselig. Som på et tegn
er løvet rødt. Døden har vært her hele tiden"

Barndom, minne og fråver er andre sentrale tema. Diktet "Mor" frå 1990 rommar alt dette. Oppleving og kjensler mange kan kjenna seg igjen i.

"En siste gang så jeg henne
Der, bak vinduet hvor hun pleide å stå og se
oss komme fra skolen, der stod hun igjen og så
oss komme fra begravelsen.. Jeg styrtet opp, åpnet
dørene og hennes fravær sprang som et måneskinn
innover gulvene i de tomme værelsene...

Og alle ord var for små til å romme
dette fravær. Og alle ord var for store
til å romme den sorg fraværet vekket i meg
Og slik ble hun stående, utenfor alle ord, stum
som en enslig lykt som lyser på den andre siden
av fjorden. Og jeg er her, voksen, forvandlet
av mørket til en hun aldri har kjent"




mandag 26. august 2013

Skapularet

I tillegg til  sakramenta har Kyrkja innstifta såkall sakramentalier. Det kan vera teikn, gjenstandar eller handlingar som uttrykkjer andelege gåver som ein kan oppnå med Kyrkjas forbøn. Katekismen uttrykkjer det slik:" Sakramentalier kalles de hellige tegn som er innstiftet av Kirken, og som har til hensikt å forberede mennesker på å motta sakramentenes frukter og å hellige ulike livssituasjoner."
Døme på sakramentalier er ulike former for velsigning, konkrete ting som vievatn, handlingar som kneling og korsteikn. Ein spesiell plass mellom sakramentaliene har skapularet( av latin  scapula for skulderblad). Det er to små tøystykke med bilete og evt. kort tekst, knytt saman med ein ulltråd som ein ber over skuldera eller rundt halsen. Det oppstod i den karmelittiske tradisjonen i Mellomalderen  og vart etterkvart eit svært populært fromheitsteikn mellom legfolk. Det er ulike former for skapular, men det karmelittiske brune skapularet er det som har fått størst utbreiing. Det er eit uttrykk for at ein knyter seg spesielt til Jomfru Maria, ber ein skapularet står ein i likskap med  heile den karmelittiske familie under hennar vern og omsorg. Marias omsorg og vegleiing vil alltid føra oss nærare Kristus !
Ifølge tradisjonen vart det første skapularet gjeve av Jomfru Maria til St. Simon Stock ein av Karmels første helgenar og sannynlegvis vald som ordenens generalprior i 1254. Simon Stocks visjon av Maria skal ha funne stad søndag  16. juli 1251, dagen vi feirar " Vår frue av Karmelberget" til ære for Maria som ordenens høgste førebilete og beskyttar.
I det Maria gjev Simon Stock skapularet skal ho ha sagt:" Take beloved son this scapular of thy order
as a badge of my cofraternity and for thee and all carmelites a special sign of grace; whoever dies in this garment will not suffer everlasting fire. It is the sign of salvation, a safeguard in dangers, a pledge of peace and of the covenant."
Ein treng ikkje vera karmelitt for å bera skapularet og verta andeleg styrka av det, det har likevel ein spesiell plass i Karmel. Når ein vert teke opp som novise i Karmels tredje orden (sekulær karmelitt) får ein skapularet med  bilete av " Vår frue av Karmelberget" som eit teikn på hennar spesiell vern  på vegen vidare.





søndag 18. august 2013

Trusskiftet i Mellomalderen

"Den mørkaste Middelalder" og "middelalderske lover" er uttrykk som blir nytta til og med av sentrale politikarar, når ein skal karakterisera det som er aller mest i motsetning til moderne vestleg
oppfatning. Men kanskje er det ikkje Mellomalderen som er mørk, men derimot hundreåra før og etter, prega av ein brutal vikingkultur før 1000 talet og hysteri og heksebrenning på 1500-1600 talet ? I  Mellomalderen tok Noreg steget frå eit lovlaust ættesamfunn til eit land som gradvis fekk statsmakt og lovregulering. Noreg vart ein del av Europa og den felles europeiske kulturen, noko som heng nøye saman med innføringa av kristendomen og oppbyggjinga av ein kyrkjeleg organisasjon og struktur.
I 1153 kom kardinal Nicholas Brekespears til Nidaros som paveleg utsending for å oppretta ein eigen norsk erkebispestol (før Sverige!) Han vart seinare pave Hadrian IV. Då han døydde i 1159 vart det ein politisk prega strid om kven som skulle bli etterfølgjaren hans, noko som ikkje var uvanleg på denne tida. Det som er meir interessant er eit viktig brev som vart sendt til kardinalkollegiet der det blir framheva at heile Vesten sluttar opp om Alexander som ny pave, frå Spania i sør til Noreg i nord.
Denne framhevinga av Noreg viser at det tidlegare brutale vikingsamfunnet no blir rekna som ein del av det felles europeiske, kristne kultur-fellesskapet.

At Noreg er blitt eit kristent, katolsk land har altså politisk innverknad både nasjonalt og internasjonalt. Viktig er og det lovverket som etterkvart kom på plass, og som signaliserar eit skifte frå ættesamfunn til statssamfunn, frå ein kollektiv moral til den kristne individualmoralen. Pater Olav Müller i Trondheim kaller det i ein artikkel " en humanisering av samfunnet." Han har ein punktvis og fint illustrerande oversikt over kva dette betyr i praksis.
1. Ekteskap. Ekteskapet er eit sakrament og  Kyrkja krevde at også brura friviljug skulle gje sitt jaord, sitt samtykke. Det blei forbod mot å ta friller på si, og at ein mann kunne senda bort ei hustru han var lei av.
2.Uønska born. Det vart forbod mot skikken å setja vanskapte og uønska born ut i skogen. Det var eit radikalt skilje og innebar at dei svakaste heretter hadde krav på vern.
3.Ættehevn. Ættehevnen vart etter kvart ulovleg. Heretter var det samfunnet som skulle straffa forbrytarar.
4.Fattige. Det vart bygd opp omsorg for fattige og sjuke.  Fattighus og hospital vart oppretta i alle større byar. Legdsystemet vart innført, dvs. eit visst antall gardar skulle på omgong ta seg av fattige.
5.Almisser. Det vart ein kristen dyd å gje almisser til fattige og sjuke.
6. Tiende. Tiende blir innført, ein fjerdedel skulle gå til dei fattige.
7.Trellar. Det vart etter kvart lovfesta at trellar skulle frigjevast. På 1200-talet er trellevesenet utdødd.
8.Gudsfreden. Det blir forbod mot å bera våpen i byar, på heilage stadar og til visse tider (heilag dagar)

Det er klart at det tok lang tid før dette trengte ned i folkedjupet, kristendomen vart heller ikkje innført i 1030, det var ein langvarig prosess som strekte seg gjennom hundreåra før og etter.
Men det var eit skilje, eit skilje som på mange måtar var fundamentalt. Kva er det som skil kristendomen frå andre religionar og livssyn om ikkje  denne vektlegginga av at kvart einskild menneske har uendeleg verdi uavhengig av evner, rase, kjønn, rikdom og slekt, utsjånad og evner!
Denne oppgraderinga av individet på kostnad av ætt og lokalsamfunn er det som legg grunnlaget for at vi tusen år seinare har ein rettsstat basert på demokrati og menneskerettar. Det er noko ein bør kunna einast om uavhengig av om ein godtek dei metafysiske sidene ved kristendomen eller ikkje.






Olavskulten og byggjinga av Nidarosdomen er eit av dei klåraste bileta på at Noreg tok steget frå heidendom til kristendom. Her St.Jakob på portalen til katedralen olsok 2013. Krans frå Santiago de Compostela med sørgeband for dei omkomne i togulukka.

torsdag 15. august 2013

Marias opptaking til himmelen

I dag 15.august feirar vi Festen for Jomfru Marias opptaking til himmelen (Assumptio Beatae Mariae Virginis).Dette er ein tradisjon som går tilbake til dei første hundreåra sjølv om dette ikkje vart eit offisielt dogme før pave Pius erklærte det i 1950. Dagen vert og høgtida i dei ortodokse kyrkjene og er den viktigaste Maria festen både i vest og aust. I mange land er 15.august ein offisiell høgtidsdag.
Fram til 2007 la Den katolske kyrkja i Noreg feiringa  til næraste søndag, men frå 2007 vert dagen høgtida 15.august som i resten av kyrkja. Fin messe i St. Ansgar i kveld.

"Legenden forteller at da tiden for Jomfru Marias død var kommet, fant apostlene at de på mystisk vis var innkalt til Jerusalem, og de samlet seg rundt hennes seng. Et himmelsk lys fylte rommet, apostlene falt på kne og himmelen åpnet seg. Der så de menneskesønnen stå på en lyssky, og mens Marias ansikt strålte av morskjærlighet, sprang hennes sjel inn i sønnens armer. Neste dag hyllet man hennes legeme i en kostbar linduk, og apostlene bar henne på sine skuldre til Getsemanehagen og senket henne i graven. I tre dager våket og ba de sammen med de troende ved graven. Da viste Herren seg med en hærskare engler og hilste dem. Marias sjel forente seg med legemet, hun sto opp av graven og fór opp til himmelen ledsaget av engleskaren. I tilbedelse for Den hellige Treenighet mottok Maria en strålende stjernekrone og ble kronet til himmeldronning."
Derrière le cercueil où repose Marie, le Christ apparaît avec l'âme de sa mère. Pierre encense le corps et Paul est en prière. Ils sont assistés par les autres apôtres,des anges, des pères de l'Eglise, des évêques et des saintes femmes. Au dessus du Christ, Marie est transporté au ciel par les anges.

lørdag 10. august 2013

Om å søkja sine røter

Mange er det som i skrift og tale har gjeve uttrykk for at det moderne mennesket  er ein einsam og forvirra skapnad, lausreven frå den tryggleiken det gav å vera ein del av eit tilvære der slekstledd følgde slektsledd, og  alt var grunnfesta i eit oversikteleg og forutseibart lokalsamfunn. Kanskje er eit auka fokus på slektsgransking og forsøk på å finna ukjente slektningar (jmfr. NRK program med dette temaet) eit uttrykk for ønskje om ei fast forankring i alt det ukjente og uoversiktelege. Vi er våre forfedres arvestoff, men vi er og deira kultur, deira erfaring og sansing, om ikkje direkte så indirekte.

Få kjenner noko særleg til sine oldeforeldre, livssoga, ja til og med navna er ofte ukjente. I beste fall er dei eit falma svart-kvitt bilete på veggen hos ei bestemor eller gammal grandtante. Ein solfylt dag i slutten av juli er vi tre generasjonar på veg innover Sunnmøre til staden der  bestemor/oldemor/tippoldemor kom i frå. Olava Regine fødd på garden Øvrebust i Stordalen i 1864 reiste som ung jente til Hardanger for å få utdanning på den nyleg oppretta meieriskulen. Etter fullført utdanning fekk ho arbeid på Seimsfoss i Kvinnherad. Det kom til å bli lagnaden hennar, i 1894 vart ho gift med odelsbonden øvst i dalen, der blir ho resten av livet til ho døyr i høg alder for snart seksti år siden. Eg veit ikkje om ho nokon gong kom attende til heimstaden, seks born og ansvar for ein stor gard gav ikkje rom for så mykje fritid på byrjinga av 1900 talet. Men slekta kom på vitjing med jamne mellomrom, og det dempa nok litt av heimlengten. Mannen hennar, min oldefar, vitja svigerfamilien, det viser eit meir enn hundre år gammalt postkort han sendte heim medan han sat i Ålesund og venta på båten som skulle ta han inn til svigerfamilien i Stordalen. Kanskje for første og einaste gong, det var ei lang og tungvint reise den gongen.

Det går raskare i dag når vi føl vegen frå Ålesund mellom smale fjordar og bratte fjell. Turen vert vellukka på alle måtar, vi møter ukjente slektningar og får sjå stadane som før bare var navn, men som brått vert sansbare, fylt med historie og minne." How all that separates our ancestors from us is electricity" skriv den skotske poeten Kenneth Steven i diktet "Clearing the snow". Eg tolkar han slik at det berre er teknologien som skil oss frå tidlegare tiders menneske, alt det andre har vi felles.
Teknologien er overflate, like under er det ei felles ukjent verd fylt med erfaring, sansing og minne som vi i korte glimt får lov til å dukke ned i og ta med oss ein flik av vidare. Når eg eit par dagar seinare står ved murane til dei nedraste størshusa på fjellet overfor garden ho kom til for snart 120 år sidan , er det som om overflata verte broten, forhenget trekt litt til sida og Olava Regine er ikkje lenger berre gamle svart-kvitt bilete og ein mosegrodd gravstein. Røtene blir med eit djupare, fastare og betre forankra i jordsmonnet.


                                        På tunet framom gardshuset, vitjing av slektningar ein gong på 1920 talet
                                        Vi har med bilete og kjenner oss straks igjen.
                                                                     Stordalen
                                              1894: ei ven sunnmørsjente giftar seg med ein staut odelsbonde
                                              Dei har teke turen til Bergen for å ta bryllauspbilete.

tirsdag 6. august 2013

Rosekyrkja

Den såkalla "Rosekyrkja" i Stordal kommune på Sunnmøre er unik i norsk samanheng. Kyrkja vart reist i 1789 på same staden som den gamle stavkyrkja frå 1300 talet stod. Kyrkja vart reist på dugnad av lokale bønder, og i det ytre skil ho seg ikkje så mykje frå andre kyrkjer frå same tidsepoke. Det er dekorasjonane i sjølve kyrkjerommet som gjer kyrkja spesiell. Dei vart utført av to navngjevne omreisande kunstnarar som vi ikkje veit så mykje om. Heile kyrkja er dekorert med bibelske motiv utført i ein renessansestil som vi vel med dagens auge vil oppfatta som litt naivistisk.
Det gjer eit heilt spesielt inntrykk å stå her medan lyset frå den vakre julidagen fell inn i kyrkja.
Kristus, apostlane , evangelistane og profetar frå Det gamle testamentet skuar ned på oss. Her er og framstillingar av likningar som den om dei kloke og ukloke jomfruene. Kyrkja innheld to krossfestingsmotiv. Det eine er eit krusifiks frå Mellomalderen som framstiller den sigrande Kristus med kongekrune. Det andre er altertavla som i barokkstil framstiller ein lidande og menneskeleg Kristus omgjeven av Maria og Johannes. Desse to uttrykka motseier ikkje kvarandre, men utfyller  bilete vårt av krossfestinga. Under altertavla  står det:" Hvo som æder mit Legem og Dricker mit Blod Han Haver Det Evige Liv."

I 1906 vart det oppført ei ny kyrkje litt lenger ned i dalen, og lenge var det strid om den gamle kyrkja skulle rivast. Heldigvis vart ho teke vare på for ettertida. Når vi går ut i sommardagen etter ein liten guida tur gjennom  kyrkja blandar dei religiøse bileta seg med det personlege. Her vart sannsynlegvis oldemora mi døypt ein søndag i 1864 og konfirmert ein gong på midten av 1870 talet. (meir om det i neste innlegg) Brått er " Rosekyrkja"  ikkje bare eit religiøst og historisk monument, men  noko som angår oss personleg, vi som er innom her snart 150 år seinare på leiting etter slektsrøter.
 

 


 
 
 

Spelet om heilag Olav

"Aldri skal denne natta bli gløymd" oppsummerar forfattaren Olav Gullvåg mot slutten av "Spelet om heilag Olav" som har blitt framført på Stiklestad kvar olsok sidan 1954. Han skreiv dette stykket på oppmoding på byrjinga av femtitalet, og det vart tonesatt av komponisten Paul Okkenhaug. Etter kvart har framføringa av dette spelet vorte ein grunnfesta tradisjon som kvart år dreg tusenvis av tilreisande til den vesle trønderbygda. Opphaveleg hadde stykket tittelen "Natterast på Sul", handlinga i stykket er lagt til garden Sul natta før slaget på Stiklestad der kong Olav fell. Her kjem kong Olav med hæren sin, og i møte med folket på garden får vi uttrykt brytninga mellom heidendom og kristendom. Året framsyning var for første gong lagt til sein kveldstid og byrja kl 23, dramaturgisk var det kanskje  eit godt trekk av årets regissør Marit Moan Aune. Ja, årets førestilling var nok definitivt ei større oppleving enn då eg såg det første gong for ti år sidan.

Kva var det med kong Olav Haraldsson som gjorde at han kort tid etter sin død vart rekna som ein heilag mann ? I stykket får vi eit konkret uttrykk for dette når "Gamal-Jostein " får synet igjen etter tilfeldig å fått den døde kongens blod på hendene for så å stryka det over andletet. " Han var ein heilag mann" seier han  heilt mot slutten av stykket. Olav var ein brutal viking-krigar og sånn sett eit barn av si tid, men han er og ein person som steig ut av si tid og vart "Rex Perpetuus Norvegiae" - Noregs ævelege konge. Han vert ein samlande rikssymbol for landet, og kongane som følgjer etter han tek landet i len av Olav.
Det var naturlegvis ikkje Olav åleine som kristna landet, det var ein prosess som starta mange hundreår tidlegare, og som heldt fram lenge etter Olav. Ein prosess dreve fram kanskje meir av fredeleg handelssamkvem med nabolanda enn av brutale krigarar. Stiklestad 1030 vart likevel eit vendepunkt, noko hende rundt den døde kongen som kom til å prega ettertida i svært stor grad. Innan kort tid var meir enn 300 kloster og kyrkjer via til Olav, og Nidaros vart det viktigaste pilegrimsmålet i Nord-Europa. I Snorres kongesoger er soga om Olav den viktigaste delen, og erkebiskop Øystein Erlendsson skriv på latin eit verk om Olavs liv, død og mirakel. Dagens tidebøner har med tekstar frå dette verket. Olav vart og er Noregs viktigaste helgen, og den einaste som er kjent utanfor landet.

Reformasjonen fjerna Olavsskrinet i Nidarosdomen, forbaud helgenvørdnaden og det vart slutt på pilegrimsvandringane til Nidaros. Men Olavsvørdnaden levde likevel vidare i løyndom, og i vår tid opplever vi eit aukande fokus på Olav. Tusenårsjubileet i 1930, Spelet om heilag Olav frå 1954, og i våre dagar Olavsfestdagane og igjen markeringa av Nidaros som pilegrimsmål. Kanskje er det då heller ikkje overraskande,  men likevel gledeleg , at Den norske kyrkjas Olavsvake i Nidarosdomen avsluttar med at koret Schola Sancta Sunnivae syng frå Olavsliturgien på latin:" Olav, Herrens hellige martyr vi ber deg, gå i forbøn for oss hos Gud, så Han gir oss tilgivelse for våre synder og det evige livs lønn."



                                            Frå Spelet om heilag Olav på  Stiklestad 2013