torsdag 30. juli 2026

The Wild Iris

 Eg har tidlegare skreve om den amerikanske poeten og nobelprisvinnaren Louise Glück som døydde i 2023, 80 år gammal. Eg les om igjen diktsamlinga The Wild Iris frå 1992, den vert rekna som eit høgdepunkt i hennar litterære produksjon.

Boka er ei poetisk vandring gjennom ein hage i sommarhalvåret frå «End of Winter» til « September Twilight». Men det er og ei vandring gjennom døgnet og tida, gjennom menneskelivet med dei sår, gleder og minne vi ber med oss. Boka er forma som ein dialog , ein indre dialog  og ein dialog mellom gartnaren og forfattaren, men og mellom forfattaren og John som arbeider i hagen og vel viser til hennar partner? Så er her ein andeleg dialog mellom gartnaren/forfattaren og ein skapar. Boka startar med dikt «The Wild Iris» som legg an ein håpefull tone: « At the end of my suffering there was a door» og sluttar med ei stadfesting av det vakre og stadfestande som kan strøyme ut frå vårt indre: « from the center of my life came/ a great fountain,deep blue/ shadows on azure seawater.»  Boka avsluttar med diktet «The White Lillies», hagen kan bli gjort til « a bed of stars» mellom ein mann og ei kvinne, men og «capable of devastation». Så oppsummerar forfattaren denne hagevandringa med følgjande:

« Hush, beloved. It doesn’t matter to me/how many summers I live to return:/this one summer we have entered eternity./ I felt your two hands/bury me to relase its splendor.» Denne sommaren er lik alle andre, men likevel unik. I diktet «Presque Isle» minnest Glück desse minnefulle augneblinkar som ein kan ta vare på vidare. «In every life ,there’s  a moment or two/ In every life, a room somewhere,by the sea or in the mountains.» Det sanselege og konkrete som vekkjer desse minna til live: « Around your face,rushes of damp hair,streaked with auburn./Muslin, flicker of silver.Heavy jar filled with white peonies.»

Kva er denne tida som kjem eller går, eller begge deler? I diktsamlinga Averno finn vi diktet « Landscape»,der  knyter ho tid og landskap saman i det sanselege. « I lived in the present,which was / that part of the future you could see./The past floated above my head,/like the sun and moon,visible but never reachable.» Vi kan ikkje nå fortida, men notida som framtid vi kan sjå kan vi gripa.Valgetber vårt når sjansen byr seg. lenger ute i diktet skriv ho: « All your life,you wait for the propitious time./ Then the propitious time/reveals itself as action taken.»






tirsdag 28. juli 2026

Arne Garborg

Eg les Tor Obrestads biografi om Arne Garborg frå 1990.Ei fin skildring av einav dei store i norsk litteratur. Boka er svært detaljert med lange sitat frå Garborgs mange artiklar og brev,eg må vedgå at eg hoppa over ein del av desse.Etter å ha lese biografien sit eg att med eit inntrykk av at Garborg var større enn eg har tenkt som forfattar,men og som tenkjar, samfunnsdebattant, avismann og ikkje minstsom forkjempar for nynorsk målføre! Arne Garborg var fødd i Time på Jæren, og debuterte med roman Bondestudentar i 1883, seinare følgde dei naturalistisk prega bøkene Mannfolk, Hjaa ho mor, Trætte Mænd.Hovudpersonane er unge rotlause menn,prega av meningsløyse og med nihilisme og dekadens som livssyn.Garborg sleit heile livet med dei store eksistensielle spørsmåla med utgangspunkr i ein oppvekst i eit strengt pietistisk miljø.Faren Eivind var prega av fanatisk religiøsitet og tok livet sitt då Arne Garborg var 20 år,han kom til å slita med livslang skuldkjensle for dette. Så kjem i 1895 det storslåtte og mest elska og lest av Garborgs verk,nemleg Haugtussa. Eit poetisk verk på 160 sider om den unge jenta Veslemøy også kalla Haugtussa.Etter å ha lese Garborg biografien hentar eg fram Haugtussa og les på nytt. Det er eit utruleg rikt verk, det er vel ikkje tilsvarande i norsk litteratur korkje før eller etter? Her er vakre poetiske naturskildringar frå Jæren,lengt, kjærleik, svik og sorg.Vi møter dei vonde maktene i folkeleg førkristen tru, men og dei gode reprentert ved Veslemøy, mor hennar og på slutten også den døde søstera.Kampen mellom det gode og vonde føregår så vel inne i oss,men og i verda og samfunnet rundt oss.Garborg var klar på den etiske fordringa som ligg i kristendomen. " ...det var noko i kristindomen- kyrkjetrui- som alltid drog meg og drog meg meir og meir, etterkvart som eg såg at heilt ut kunne ikkje vitskapen gjeva bot for ei tru, livet hadde, kor som var,ei moralsk side,som hadde ein rett,og attum alt stod no som alle dagar dei store spørsmålsteikn;me var ikkje so ferdige som mange av oss i ungt mod hadde tenkt." Hovudpersonen i Trætte Mænd Gabriel Gram gjev tapt for dei livsøydeleggande kreftene og endar i livstrøytt resignasjon, medan Haugtussa vinn over dei mørke kreftene med kraft frå kjærleiken og det gode.Innleiingsdiktet til Haugtussa er det kjende "Til deg du hei og bleike myr", det avsluttar optimistisk slik: " Men lerka stig frå gløymde grav med sigers ljod; og vinden stryker inn av hav so frisk og god. Og um me kjenner gråt og gru og saknad sår, so må me lerkesongen tru, som lovar vår." Heile verket avsluttar i same tone når Veslemøy ser søster si "fager og ljos og ålvorsblid med smil av heilag glede." " Kom,fylg oss på din nye veg, som upp or myrkheim fører deg til ljos og klåre dagar! Den stig er bratt,den veg er lang.Men ingin angrar denne gang.Um trøytt du stundom klagar,til sist seg allting lagar."

Olsok

29.juli og vi feirar Olsok,dagen til minne om Olav den heilage som fall på Stiklestad.Sjølv om kristninga av Norge gjekk over fleire hundre år både før og etter Olavs død,kan vi ikkje underslå den store betydning dette fekk for kristninga av vårt land.Olav vart heilagkåra lokalt,det var enno ikkje krav om at dette skulle skje i Vatikanet,lekamen hans vart skrinlagt og stod på høgalteret i Nidarosdomem fram til reformasjonen. I Mellomalderen var olsok ein av dei viktigaste høgtidsdagane, og Nidarodomem med Olavsskrinet var det viktigaste pilegrimsmålet i Nord-Europa.Sjølv om Reformasjonen gjorde slutt på dette, held den folkelege feiringa av Olsok fram like til moderne tid.På slutten av 1800 talet vart det teke til orde for Olsokfeiring som nasjonalt symbol, mellom anna Bjørnstjerne Bjørnsson tok til orde for dette.900 års jubileet i 1930 vart markert på Stiklestad med fleire titusen tilstades.I vår tid har det vorte auka fokus på Olsok med pilegrimsvandringar, Olavsspelet og Olavsdagane i Trondheim.                                                                                                                            Frå katolsk hald har vi lagt vekt på Olav som Norges evige konge og skytshelgen. Vi førebur ei stor markering i 2030 då det er 1000 år sidan Olav fall på Stiklestad.                                                                                                Heilage Olav, Norges evige konge be for oss!
Foto: Den katolske kirke

mandag 20. juli 2026

Den heilage Thorlákr

I dag feirar vi minnedagen til Den heilage Thorlákr Thorkallsson av Skálholt.Han er Islands føtste helgen og vart i 1984 utnemd til Islands vernehelgen av pave Johannes Paul.Thorlákr vart prestevigd som heilt ung.Han studerte ved St.Victor klosteret i Paris frå 1156 til 1159 lik mange andre geistlege frå Nord-Europa.Han var tilbake på Island 1161.I 1168 grunnla han det første Augustinarklosteret på Island,og var den første abbed.Seinare grunnla han også eit nonnekloster.Han vart utnemd av Alltinget til biskop av Skálholt i 1174, året etter vart han vigd til biskop av erkebiskop Eystein i Nidaros. Island vart kristna tidleg på 1000 talet, landet hadde to bispedømme,Skálholt i sør frå 1056 og Hólar i nord frå 1106.Thorlákr var biskop fram til han døydde 23. desember 1193, seksti år gammal.Han vart omtala som audmjuk men handlekratig med særskilt omsorg for dei vanskelegstilt.Han forsvarte Kyrkjas lære noko som første til konflikt med stormenn på Island.Etter sin død vart han oppfatta som ein heilag mann,mirakel tilskreve hans forbøn vart samla i ei Jærteiknsbok som vart opplest på Alltinget.Hans relikviar vart overført til høgalteret på Skálholt 20 juli som vi minnes i dag. Det vart kalla Thorlákrmesse om sommaren, 23. desember var Thorlákrmesse om vinteren som også er markert på den norske primstaven. Det utsmykka relikvieskrinet forsvann ettert reformasjonen, men minne om denne heilage mannen vart halde i hevd lenge etter reformasjonen, og med ny aktualitet i vår tid. Ei rekkje kyrkjer i Nord-Europa, også i Norge vart vigd til Den heilage Thorlákr. Heilage Thorlákr av Skáholt be for oss! Kyrkja på Skálholt. Foto: Island travel

lørdag 18. juli 2026

Dag og Tid

 

26. mars 1962 fylte den folkekjære amerikanske poeten Robert Frost 88 år. Livet går mot slutten, men først skal han bli æra som landets store poet. President Kennedy tek  imot Frost i Det kvite hus og tildeler han Congressional Medal, ein høgt verdsett utmerking. Seinare på dagen er han æresgjest ved middagen i The Pan American Union i Washington. Den siste diktsamlinga hans «In the Clearing» vert publisert. USA  på byrjinga av 1960-talet visste å verdsetja sine forfattarar!

20. januar året før vart John F. Kennedy innsett som president. Robert Frost er blitt spurt om å framføra eit dikt under seremonien, det er første gong ein poet får ein slik ærefull førespurnad. Han har skreve eit lengre dikt, men skarpt sollys og iskald vind fører til at den aldrande Frost les det kortare diktet “The Gift Outright”. Omsett til norsk av Karin Haugane med tittelen “Den fullstendige gaven”.

Eg ser ikkje for meg at til dømes Joy Harjo eller Joyce Sutphen, to framståande amerikanske poetar, vert invitert til det Det kvite hus i dag. Men kanskje kjem det  nye tider? Diktet Frost hadde tenkte å framføra denne januardagen i 1961 sluttar slik: “ Firm in our free beliefs without dismay/ In any game the nation want to play/A golden  age of poetry and power/ Of which this noonday's the beginning hour”.

Innlegg i vekeavisa Dag og Tid 17.juli



fredag 10. juli 2026

Katolisisme i Persiagulfen

 Landa på Den arabiske halvøya er alle muslimske og ein finn ikkje gamle kristne minoritetar slik tilfellet er i Irak, Syria og Libanon. Det var kristne her på 300 talet, men då islam overtok på 600 talet forsvann dei gradvis. Dei siste tiåra har mange arbeidssøkjande kome til arabiske land, mange av dei har katolsk bakgrunn. Dei kjem frå Fillipinene, India, Libanon, afrikanske og europeiske land, men har eit  felles ønskje om å praktisera si katolske tru. Spesielt Dei sameinte arabiske emirata har vist seg positive til  nye kyrkjebygg og kristen aktivitet. Ein reknar med at det er omlag ein million katolikkar i landet, det svarer til omlag 10% av innbyggarane. Det er over ti kyrkjer og eit rikt liturgisk liv med daglege messer på ulike språk. Pave Frans vitja landet i 2019, og hadde samtalar med muslimske leiarar og landets kronprins. 5. februar feira han messe på sportsstadium med 135000 truande tilstades.

Utlenlandske kristne kan altså fritt praktisera sin religion i dette muslimske landet, men kva med innfødte som ønskjer å konvertera? Det er nok også her vanskeleg kanskje i større grad i forhold til familien enn styresmaktene. Det er likevel mange historiar om tidlegare muslimar som søkjer ei kristen tru. Interessant er det at Jomfru Maria som og blir æra av muslimar og er nevnt fleire stader i Koranen, har blitt ein inngangsport til ei levande tru på sonen Jesus Kristus. Maria gjer det ho alltid har gjort, ho viser oss vegen til frelsa i Kristus! La oss be om Marias hjelp for alle i muslimske land som søkjer kristen tru!


Vår Frue av Lourdes utanfor kyrkja St. Mary i Dubai.

Foto: EWTN