søndag 24. juni 2012

St.Hans

Vi feirar minnedagen for Johannes døyparen.

Antifon til laudes: Johannes skal være hans navn og mange skal glede seg over hans fødsel.



Antifoner til vesper: Det var en mann sendt fra Gud, hans navn var Johannes.
                                    Han kom for å vitne om sannheten.
                                    Johannes var et brennende, skinnende lys. 

fredag 22. juni 2012

Ikkje plukka ho blomane på markjene meir

"Hinkje oppa o meir
hinkje inka o meir
hinkje plukka o blomane
på markjene meir"

Frå ei gravskrift fra Sunnmøre, skrive på dialekt over eit lite barn som døydde langt tilbake i tida.
Sigrid Moldestad har funne det fram og sett tone til det.
Tanken på  døde småborn dukkar opp, hendingar frå snart tjuefem år tilbake i tida stårt klårt for meg i minnet. Eg finn att små vers eg skreiv ei stund etterpå.
" Avgrunnsdjup morgon
døden utstrakt mellom hendene mine
døden i augene mine
i dei tapande hjerteslaga mot øyrene mine
pressa mot leppene mine
desse tause gisp av død."

Det må ha gjort svært sterkt inntrykk den gongen, men som alle sterke inntrykk både gode og vonde sig det sakte ned i djupet for til slutt å leggja seg til rette på botnen ein stad.
Jenta ville vore vaksen no, det er så lenge siden ho hoppa og plukka blomar på markjene.
Kvifor dukkar så desse bileta opp igjen så lenge etterpå ? Nye inntrykk gjer at gamle minne blir virvla opp frå djupet, også denne gongen er det opplevinga av den meiningslause døden. Det tragiske dødsfallet til kollegaen eg rådførte meg med den gongen og mange gonger både før og etter.
Siste del av diktet frå¨over 20 år tilbake lydde slik:
"Det er ingen dag meir
vi er sentrum i den kosmiske natta
der barnet ber Kristus-ikonet inn i mørkre
i ly for dødens lydlause vengeslag."

Livet , så skjørt og så kort ! Kvar skal vi då gå med all vår sorg, alt vårt mismot ?
Til henne som sjølv erfarte at sonen vart teke frå henne på ein brutal og meingslaus måte, men som fekk meininga tilbake då sonen  vann over mørkre og døden tre dagar seinare.







Our Lady of Mount Carmel, Aylesford.
Bøn for Minnedagen for Den salige Jomfru Maria av Karmelberget:
"Herre, la den salige Jomfru Marias forbønn bli oss til hjelp på vår livsvei, så vi under hennes
vern når fram til den klippe som er Kristus.

tirsdag 19. juni 2012

Tautra

"Omnis mundi creatura
quasi liber et pictura
nobis est et speculum."
(Alt det skapte i verden er nesten som bok, billede og speil for oss)

Dette sitatet frå ein av dei første cistercienserane seier ein del om deira sans for skaparverket og det vakre i naturen. Klostera deira vart gjerne grunnlagt på naturskjønne plasser, slik også med Tautra i Trondheimsfjorden. Her kom cisterciensarmunkar frå Lysekloster ved Bergen og grunnla Tautra Mariakloster i 1207. Cisternciensarklostera er vanlegvis via til Jomfru Maria, og då var det og rimeleg at klosteret  vart innvia 25. mars på Maria bodskapsdag dette året. Det er ikkje vanskeleg å sjå for seg denne høgtidelege innviinga i ei fjern fortid. Etter reformasjon forfall klosteret og i dag er det berre ruinane av klosterkyrkja som står att.

Vi er på veg ut til Tautra ein juni- dag. Vi køyrer over moloen frå fastlandet til denne flate, vesle øya som var eit religiøst senter i Middelalderen og som skal bli det igjen i vår tid. I 1999 kjem nemleg 7 cisternciensarnonner frå Mississipi Abbey til Tautra for å grunnleggje eit nytt Mariakloster snart 500 år etter at det første klosteret vart nedlagt. Den¨første tida levde dei i eit par vanleg hus men i 2007 stod så det nye Mariaklosteret ferdig. Bygningen har ein enkel men spennande arkitektur som framhever lyset og naturen her ute på denne vakre øya. Vi går inn i klosterkyrkja til søstrenes femte tidebøn midt på dagen, Non. Kyrkja har glassvegg i koret og vi ser utover fjorden. Naturen og det sakrale i same blikk. Her kan ein falla til ro i  vissa om søstrenes vedvarande bøn for oss alle.


Bøn til avslutning av Non: " Hør oss, Herre, og gi oss den fullkomne fred vi ber om, slik at vi som glede vier hele vårt liv til deg, på den salige Jomfru Marias forbønn trygt og sikkert må nå fram til deg. Ved Kristus, vår Herre."

fredag 15. juni 2012

Fr.Arnfinn Haram in memoriam

Dominikanerpater Arnfinn Harams brå dødsfall sist søndag var eit stort tap både for hans orden og for heile Kyrkja. Men det var og eit stort tap for det offentlege ordskiftet i Norge der han var ei reflektert og uredd røyst. Han hadde enno så mykje ugjort.
Frå hans siste preike i St. Dominikus:


"Brør og systre! I eit samfunn der Gud er blitt mindre enn menneske, har vi vanskeleg for forstå at det trengs noko offer, at vi kan vere skyldige, ja, skyldige til døden, at nokon skulle måtte gå i døden og ofre seg for oss. Å argumentere for det i dag, er som å så på asfalt. Eg vil berre seie for min eigen del: Ein dag - ein dag som kan vere når som helst, men som i alle fall rykkjer nærare for kvar dag som går - skal eg stå for min Skapar. Eg veit eg vil trenge alt som kan gjerast for eg skal finne nåde og kunne stå oppreist då. Alle helgnars forbøn og forteneste og aller mest det Kristus har gjort då han gav seg sjøl for oss, for meg. Då treng eg å stole på «det blodet som ropar sterkare enn Abels blod»: Kristi blod, som ropar om kjærleik, nåde og oppgjer. Som seier: Det er fullført, det er plass for alle."


Frå tidebønene for dei døde:
Antifon til Magnificat: Den korsfestede stod opp fra de døde og fridde oss ut.

torsdag 7. juni 2012

” VARFÖR hatets svarta svar på at du finns , Israel ?”

” VARFÖR hatets svarta svar på at du finns , Israel ?” spør det tysk-svenske, jødiske forfattaren Nelly Sachs (1891-1970) i eit av sine dikt.   Brått ser vi at spørsmålet er relevant også i dag. Media melder om trakassering av jødiske skolebarn, jøde brukt som skjellsord og åtak på synagogar. Antisemittismen er definitivt ikkje død heller ikkje i vårt land.
Nelly Sachs spør men har som mange andre ikkje noko svar. Hennar uttrykk er også poesiens symbolmetta språk med fleire spørsmål enn svar. Ho var fødd i Tyskland men flykta frå nazismen til Sverige i 1940. Ho debuterte i godt vaksen alder , og trass i at ho sleit med store psykiske problem var ho ein produktiv forfattar som tilslutt vart æra med nobelprisen i litteratur. Det meste av det Nelly Sachs skriv spring ut av den jødiske erfaringa først og fremst Holocaust, men og den jødiske religionen framstilt i Bibelen og i kabbala, den jødiske mystikken.  Dei første dikta kretsar om Holocaust slik berre ein annan forfattar kunne skriva, nemleg hennar gode ven Paul Celan som ho hadde så mykje til felles med.
”Och när denne min hud blivit sönderslagen skal jag skåda Gud utan mitt kött.” Job
O SKORSTENARNA
På dödens sinnrikt uttänkta boningar
Då Israels kropp upplöst i rök
Drog gjennom luften –
Likt sotare mottog en stjärna den
Och svartnade
Eller var det en solstråle

O skorstenerna!
Frihetsväger för Jermias och Jobs stoft –
Vem tänkte ut er och byggde sten för sten
Vägen för flyktningar av rök ?

O dödens boningar,
Lockande iordningställda
För husets värd, som för var gäst –
O ni fingrar
Som lägger ingångens tröskel
Som en kniv mellan liv och död
O ni skorstenar,
O ni fingrar,
Och Israels kropp i röken genom luften!

Desse dikta er viktige slik alle bøker og filmar om Holocaust er det. Vi må aldri gløyma !
Til slutt eit kort dikt som knyter saman lidinga og kjærleiken som skal prega framtida ?

”MIN KÄRLEK flöt in i ditt martyrium
Genombröt döden
Vi lever i uppståndelsen- ”
Minneplate utanfor huset der Nelly Sachs vart fødd.

onsdag 6. juni 2012

Sultens refreng

Mot slutten av romanen " Sultens refreng" skriv nobelprisvinnaren Jean-Marie Gustave Le Clezio om barna frå Vel`d`Hiv, vinter-velodromen i Paris der der jødane vart internert og vidare ført til Drancy før den endelege deportasjonen  til dødsleirane i 1942.
"Barna som står der i utkanten av banen, de voksne i bakgrunnen. I Drancy, utenfor de store, rettvinklete
kasernebygningene, helt lik blokkene i de nye ghettoene i Sartrouville, Rueil, Le Raincy. De er kledd i yttertøy som er altfor varmt for årstiden, barna har alpeluer. Et av dem i forgrunnen har en stjerne festet i høyde med hjertet. De smiler til fotografen, de ser ut til å posere for et familiebilde. De vet ikke at de skal dø."
Dette er ikkje hovudperspektivet i Le Clezios roman men ein del av bakteppet, Paris i tida like før og under den andre verdskrigen. Vi føl ungjenta Ethel som veks opp i ein velståande Paris familie, frå skoletida til familien må flykta frå Paris til Nice under krigen. Faren som opprinneleg er frå Mauritius sløser bort familieformuen og dei ender i fattigdom. Le Clezio har tidlegare skreve om slekta si i "Afrikaneren" som handler om faren som arbeidde som lege i Afrika i mange år og som sonen aldri lærte å kjenna. I denne boka er og forfattarens eige liv vevd inn, slektsbakgrunnen frå Mauritius, oppveksten i Nice under krigen.
Dette er moras historie i omforma litterær form.
Dette er sånn sett ein slektskrønike med referanser til Frankrike i mellomkrigstida og under krigen. Vi ser Frankrike som kolonimakt på Mauritius, og vi møter det franske borgarskapet representert ved grandonkelen til Ethel. Men det er ei tid, eit miljø og ein kultur som snart vil vera forbi for alltid.
Ethel kjenner svolt i bokstaveleg forstand under tida i Nice, men og i overført og sjeleleg tydnad. Ho er ein einsamt som barn, som er prega av foreldrenes rivalisering og som tek tilflukt hos grandonkelen og seinare hos den fattige veininna Xenia med russisk aristokratisk bakgrunn. Men Ethel gjev seg ikkje over, ho tek sjølv initativ til å rydda opp for andre, først og fremst sine foreldre. Når Le Clezio avsluttar boka med setning:
"Jeg har skrevet denne historien til minne om en ung pike som, uten å ville det, ble en heltinne tyve år gammel" forstår eg det som ein litterær hyllest til hans eiga mor. Men som all stor litteratur blir det samstundes universelt med mange ulike referansar og antydningar. Kva er det som gjer slikt  inntrykk i Paris under krigen, refert til i film og litteratur ? Kanskje er det det eg siterer i innleiinga her, dei jødiske barna som vart deporterte etter å ha blitt skilde frå foreldrene. Vi finn dei i Holocaust museet i Paris, her er eit heilt rom tapetsert med dei, tusenvis av barnebilete som smilande ser mot deg! Det gjer eit sterkt inntrykk.

mandag 4. juni 2012

Some die young

"Some die young" syng den  unge svensk-iranske artisten Laleh Pourkarim. Hos henne spring teksten ut av personlege erfaringar som det også gjer for alle offera frå Utøya.Dei  fortel om sine vener som fekk ein så tidleg og meiningslaus død. Men det er ikkje alltid slik, av og til går det bra. Dette er ei skildring av akkurat det, det unge mennesket som vender tilbake frå skuggelandet takka vera handlekraft frå dei som stod rundt og eit høgteknologisk helsevesen. Det å venda tilbake til livet frå ein medvitslaus og livstrugande tilstand har eg alltid sett for meg som det å sømje frå djupet og opp mot overflata der solstrålene kan skimtast gjennom vassflata. Brått er ein opp i lufta og ljoset. Men kanskje er det og på same måten om ein ikkje vender tilbake, når ein heller søm den andre vegen inn i eit mykje større og sterkare ljos ?



                                Tilbake.
          Brått utan varsel
             ingen ord ingen teikn
             før handa frå skuggelandet
             greip hardt om livstråden
             og klemte til tida vart kasta
             inn i kaos og uvisse
             grensa mellom her
             og den andre sida  
             skjelvande inntil det brest
             og døra vert lukka for godt
             men andre hender  dukka opp
             noko bar gjennom skuggelandet
             små ljosstreif ovanfrå viste veg
             du kunne løftast oppover
             og så med langsame sømjetak
             frå djupet mot overflata
             langt der opp ventande og solgylt
             inntil vassflata blir broten
             forvirra og gispande    
             men enno ser du ikkje augene rundt deg
             lysande som tusen stjerner.