mandag 26. februar 2018

Gotenland - den gløymte deportasjonen

I går 25. februar var det 75 år sidan den siste store jødedeportasjonen frå Norge under naziregimet.
26.november året før var 529 jødar blitt deportert med lasteskipet Donau, og dette er nok mykje meir kjent enn den seinare deportasjonen med Gotenland. Historikar og forfattar av boka "Holocaust i Norge" Bjarte Bruland peikar på at med Gotenland var den siste gruppa av norske jødar sendt til utryddingsleirane i Polen. 158 norske jødar vart sendt til Auschwitz via Stettin og Berlin, berre 6 overlevde.

Deportasjonen med Donau skjedde i all hast, mange jødar vart henta av norsk politi same dagen som dei vart uttransporterte. Jødar frå andre byar i landet, Trondheim, Bergen, Stavanger, Tromsø, nådde ikkje fram til Donau skulle legga ut på si dødsferd.  De måtte derfor internerast på Grini og Bredtveit i påvente av ny transport. Neste transport skulle bli betre organisert sannsynlegvis etter ordre frå Adolf Eichmann, og  leia av politiinspektør Knut Rød. Han vart etter krigen frikjent for dette.

Under tusen norske jødar var ikkje mange i den store samanheng med totalt seks millionar drepne. Likevel sette nazistane inn store ressursar for å få med så mange jødar som mogleg til utryddingsleirane. Bjarte Bruland skriv: " Nazistene sparte ingen i sitt massemord, ingen transporter var for små, verken for de som arbeidet lokalt eller for Adolf Eichmann i Berlin. De 158 norske jødenes skjebne er derfor ikke bare viktig i norsk sammenheng, men det viser det vi i dag kan ha vansker med å tro på; at nazistene satta alt inn på å myrde alle jøder, uansett hvor de befant seg."

Det er 75 år sidan 158 norske jødar vart deportert med skipet Gotenland. Aldri gløyme !


søndag 25. februar 2018

Å leve liturgisk

Biskop og kardinal Anders Arborelius skriv om "Att leva liturgisk". Han understrekar at som kristen er heile vårt liv liturgi og gudsteneste. Vi er prestar, profetar og konger alltid og overalt. Når vi deltake i gudsteneste eller ber  er det ein levande illustrsjon på det vi ber med oss inn i oss, ja av det vi eigentleg er. Når vi deltek i gudsteneste er det ikkje  primært for å bli oppbygde eller for å gjera andelege erfaringar, men det er for Guds skuld, for å tilbe Han og for å takka!

"Vi behöver inte alltid "få ut" något av en gudstjänst. Vi får i stället ge oss til honom. Det spelar inte så vansinningt stor roll "hur vi känner  det", när vi er med i en gudstjänst. Tycker vi det är lite tråkigt, så dör vi inte av det. Just i vår tid er vi präglad av konsumerismen. Vi betraktar alltså i princip allting som varor som vi skal konsumera og tilgodogöra oss.  Risken år att vi också ser på våra medmänniskor på detta sått, naturligvis inte med vett og vilja, men ändå tar vi nästan automatisk med oss denne grundattityd i våra möten med människor. Och ve och fasa, också når vi närmar oss Gud och gudstjänsten kan vi vara mer konsumenter än liturgiske varelser som vill tilbe Gud i ande och sanning! Dårför kan det också vara helt utmärkt, om vi inte får ut något känslomässig eller erfarenhetsmässig av en gudstjänst. Det kan ge oss en släng av "själens dunkla natt", som är rena rama dundermedicinen för konsumenten inom oss, som ståndig vill ha  upplevelser og kickar, få ut och klämma den siste droppen til egen fördel av allt och alla, inklusive av Gud."

Sterke og viktige ord av biskop Anders. Gudsteneste er noko fundamentalt anna enn det vi ellers deltek på. Men vi tek umedvite med oss denne forventninga av oppleving og underhaldning. Men så er det ikkje det det dreier seg om i det heile. Det er berre bra å kjeda seg, å føla andelege tørke. Det set oss på plass, det rettar perspektivet mot det som er det sentrale. På engelsk har ein uttrykket " worship" som grip noko av kjernen i det å delta i gudsteneste, Vi har ikkje noko godt ord for på skandinaviske språk, og biskop  Anders har fleire gonger etterlyste eit dekkande uttrykk på våre språk.
No er ikkje alltid språket det viktigaste men det vi rettar vår vilje og vårt ego mot. Etter ei stund blir det færre og færre ord, vi lyttar meir  og  talar mindre.






onsdag 14. februar 2018

Askeonsdag

Det er askeonsdag og vi innleiar fastetida som varer fram til påskeafta, og er ei førebuingstid  til feiringa av påskemysteriet med innstiftinga av eukaristien og Kristi død og oppstode,
Trass i sekulariseringa lever enno ein del element av dette i folkedjupe.Tradisjonen med fastelavnenssøndag med fastelavensbollar og fastelavensris blir enno markert av mange sjølv om dei færraste markerar askeonsdag, og faste er noko ein assosierar med islam og ramadan og ikkje ein kristen tradisjon. I Den katolske kyrkja er askeonsdag ein viktig dag med messefeiring og utdelinga av askekorset til dei truande. Dette er ein tradisjon som skriv seg tilbake til Mellomalderen, då det var vanleg å strø aske over hovudet, etterkvart vart dette til krossmerket
 i panna med aske etter brenning av palmegreinene frå fjoråret palmesøndags prosesjon. Det knyter på ein symbolske måte dagen saman med påskeferinga. Askeonsdag er saman med langfredag ein obligatorisk faste og abstinensdag. Faste innebær å avstå frå noko som eit middel til å konsentrera seg om det vi går i møte i påskeferinga. Faste er saman med bøn og gode gjerningar(almisser)  dei tre sentrale element i denne førebuingstida. Når presten teiknar askekorset på panna vert det følgd av orda:"Vend om og tru på evangeliet" (Mark 1.15) Det understrekar at dette er ei tid for syndsvedkjenning, bot og omvending.

"Herre , med hellig faste begynner vi den åndelige kamp som forbereder oss til påskehøytiden. La oss finne styrke og hjelp i forsakelsen når vi kjemper mot mørkets makter."
(Avslutning på dagens vesper)


                                           Ubi caritas et amor,  Deus ibi est.

søndag 4. februar 2018

Tilbakeblikk 2010

30. januar 2010.
Tidleg laurdagsmorgon, enno mørkt. Eg har laga kaffi og slept inn katten som kosar seg rundt føtene mine. Alt er stille. På radioen interssant foredrag av Inge Eidsvåg om Edith Södergran. Eit kort liv lik mange i denne tida der tuberkulosen kutta over livstråden til så mange unge. Trass i sitt korte liv sette Edith spor etter seg i ettertida , ho var banebrytande når det gjeld  den lyriske modernismen. Men ikkje bare i form, også innhaldsmessig har ho mykje å gje oss. Hennar innsikt i liv og død, hennar sterke livskjensle, så levande, så glad i dette livet trass i døden som låg der som eit trugsmål dei siste leveåra hennar. "Vi äro alla hemlösa vandrare och alla äro vi sösken."

Så til ein annan poet, skotske Kenneth Steven (f. 1968) som nyleg kom i norsk omsetjing av Mathias Hoen, med innsiktsfullt etterord av Knut Ødegård. Tittelen  " Safirblå isfuglfryd" spelar på eit av hans intenst naturskildrande dikt, han har forresten mange av dei. Stevens tema er tett knytta til det lokale, det skotske, men som alle store diktarar viser det lokale utover mot det universelle og i hans tilfelle også det metafysiske. Naturen i Skotland, folket, særleg dei på landsbygda i utkantstrøk, og  den keltiske religiøse tradisjonen med sine særeigne uttrykksformer. St. Columba og klosterøya Iona står sentralt i denne tradisjonen. Stevens skildrar det i diktsamlingane "Iona", "Columba" , " Salt and light". Han har og ei sterk tilknytning til Norge etter å ha budd her i fleire år, og han set om norsk  litteratur til engelsk.

I følge Knut Ødegård er Kenneth Steven arvtakar etter ein annan stor skotsk forfattar, nemleg George Mackay Brown frå Stromness på Orkenøyanae som eg ikkje kjennar enno ( i dag kjenner eg godt til både hans dikt og noveller 2018). Mackay Brown har og den same dimensjonen av det lokale og det universelle i det han skriv. Hos han er og det norrøne , det bibelske og katolske med som sentrale element. I både dikt og noveller kan han setja ei bibelsk forteljing inn i ein lokal orkenøyisk  kontekst.

Kenneth Stevens dikt "Iona" er vakkert også i norsk omsetjing:

Er denne staden verkeleg nærare Gud ?
Er veggen tynn mellom vår kviskring 
og hans lyding ? Eg veit berre
at verda blir mindre og mindre -
det som gjeld her er å sigra over vinden,
koma tørrskodd heim, få fyr i ovnen.  
Eg er ikkje viss  på om det finst tid her
eller om det er meir tid,
om lyset er sterkare
eller berre lettare å sjå. Det er difor
eg alltid kjem attende, tørst, til denne staden
som er eldre enn mitt vit
yngre enn mi sundrivne sjel.

                                   
                                                                           

fredag 2. februar 2018

Herrens veje

Herrens Veje – anger og forsoning

I den danske dramaserien «Herrens Veje» som for tida går på NRK er det ein prestefamilie som spelar hovudrolla. Handlinga er satt på spissen og tildels  vippar det over i det parodiske, men  det er likevel ikkje til hinder for at serien  løftar fram viktige eksistensielle og etiske problemstillingar.

I ein scene blir den unge presten August tilkalla til ein eldre døyande mann. Mannen kjem med ei tilståing frå då han som ung arbeidde på Grønland, og ved eit uhell kom til å forårsaka ein manns drukningsdød. Han ser framleis for seg augene til den druknande, og høyrer skrika til enka. Dette har han bore på åleine heile livet, men no stilt overfor døden klarar han å leggja det fram for presten. August blir ståande taus og tafatt, kanskje avdi han sjølv nyleg har opplevd noko liknande i Afganistan,men kanskje vel så gjerne avdi han ikkje har ord og symbol som kan møta denne mørke vedkjenninga ? Mannen får brød og vin, men det slår meg at her er det noko som manglar. Det er eit fattigsleg tomrom som pregar denne scenen, mannens auge ber om noko meir. Som katolsk prest ville August hatt meir å gje den døyande, noko sakramentalt og objektivt uavhengig av hans eigne ord og handlingar. Nattverden – vandringsbrødet er viktig, men i tillegg kjem sjukesalvinga og ikkje minst skriftemålet – boten og forsoningas sakrament. Begge deler djupt forankra såvel i Bibelen ( Matt 16.19 ,Jak 5.14-15) som i kyrkjas tradisjon.

Den gamle mannen har heile livet bore på noko som har formørka tilveret hans.I møte med døden  vedkjenner og angrar han det mørke og vonde, men han blir ikkje møtt med det som kunne løfta børa av skuldrane hans og forsona han med seg sjølv, sine medmenneske og sin Gud. Det er ein sterk og vond scene, og byggjer opp under  mi store undring over korleis dei prostestantiske kyrkjene kunne gje avkall på den sakramentale forsoninga.

(Publisert i Vårt land 01. februar)


Morten Hee Andersen som den unge presten August I "Herrens veje".

Kyndelsmesse

Vi feirar i dag Kyndelmesse  eller Maria lysmesse til minne om at Jesus førti dager etter fødselen vart boren fram i tempelet  etter jødisk skikk. Dagen vart feira  alt på firehundre talet,i Roma vart det då arragert lysprosesjonar. Etter kvart utvikla det seg ein skikk med å innvia og velsigna lys  denne dagen, lys som  brukast rituelt resten av året. Festen  vart kalla Missa Candelarum (Lysmess),på norrønt vart det "kyndill", og av det kom navnet vi har brukt like opp til i dag, Kyndelsmesse. Dagen heng saman med julefeiringa og epifani,og er naturleg nok ei feiring av inkarnasjonen, men og av at Jesus tok  over tempelet og dermed innleia ei ny pakt. Kyndelsmesse er avmerkt på den norske primstaven og var lenge ein viktig minnedag. Dagen var avskaffa som  heilagdag i 1771, men har levd i folkedjupet  iallfall i Telemark og Setesdal, inntil  for få generasjonar tilbake.

I 1997 utropte pave Johannes Paul II 2. februar til ordenslivetsdag. Hensikten var å gje alle ordensfolk høve til i fellesskap å fornya sine løfter, men og gje alle truande eit høve til å reflektera over klosterlivet og  be  for dei som har valgt dette livet. Eigentleg minnest vi dagen kvar kveld når vi ber kompletorium med Simeons lovsong - Nunc dimittis (Luk 2.29-32)

Herre, no let du tenaren din
fara herfrå i fred,
slik som du har lova

For mine auge har sett di frelse,
som du har gjort istand
like for andletet på alle folk,

eit lys til openberring
for heidningane
og til ære for folket ditt, Israel.



Giovanni Bellinis (1430 -1516) skildring av "Framstillinga i tempelet" der Maria med Jesusbarnet
møter Simeon. Josef ser på i bakgrunnen.