søndag 28. juli 2019

Poetica. Birgitta


Birgitta


Juliheten ligg tungt over Roma,
når kreftene og tida tek slutt,
men du kviler lett på den harde brisken
cella di i Piazza Farnese
ikkje langt frå Campo de`Fiori – blometorget.
Oppgåvene store og mange,
få var det som fekk styrke til å bera
det du bar med rak rygg og vidope sinn.
Den siste pilegrimsreisa og du stod framom
Jerusalem – den heilage byen,
utmatta kom du attende og la deg ned
ventande på den lange vegen heim,
Ventande på den største av alle oppgåver,
kallet ditt fast og for alltid lyttande,
men aldri åleine du trufaste tenerinne.


Birgitta av Sverige ( 1303-73) døydde i Roma 23 .juli som er minnedagen hennar.


Sebastian i draum

Jon Fosse har omsett den siste diktsamlinga til Georg Trakl ( 1887 -1914) " Sebastian i draum " gjeve ut på Samlaget. Diktinga til Georg Trakl høyrer til verdslitteraturen sjølv om han berre gav ut to diktsamlingar. Jon Fosse er som forfattar sterk inspirert av Trakl. Han var nyskapande og sentral i tysk ekspresjonisme. Poesien hans har ein  særeigen klang, biletspråket er musikalsk og fargerikt. Han er ikkje lett å forstå, Ludwig Wittgenstein skjøna han heller ikkje, og det gjev kanskje  meir meining å nærma seg dikta hans slik ein nærmar seg musikk og abstrakt kunst. Her er tre korte dikt frå samlinga:


Om våren

Stilt sokk snøen under mørke steg,
i skuggen av treet
lyfter elskande lysraude  augnelok.

Stendig fylgjer skipperens mørke rop
stjerne og natt,
og årene slår stilt i takt.

Snart blømer fiolane
ved den forfalne muren,
grønast så stilt den sinsames tinning.



Landskap


Septemberkveld, trist tonar gjetarens mørke rop
gjennom den mørknande landsbyen, eld sprutar i smia.
Veldig steglar ein svart hest, tenestejenta med hyasintlokkane
grip etter gløden i dei purpuraude naseborene hans.
Stilt stivnar i skogkanten skriket frå hinda
og dei gule blomane om hausten
lutar seg tagalt over det blå andletet til tjørna.
Eit tre brenn i raud flamme, flaggermysene flaksar opp med mørke andlet.


Om natta

Blånen i augo mine har slokna denne natta,
det raude gullet i hjarta mitt . Å! kor stilt lyset brann.
Di blå kappe omkring den søkkjande,
din raude munn forsegla venens formørking.





onsdag 24. juli 2019

Den heilage Birgitta

I går 23. juli feira Den heilage Birgitta av Sverige. 23. juli er hennar dødsdag, ho døydde i Roma i 1373 kort tid etter si siste pilegrimsreise til Det heilage landet. Birgitta var ein av Mellomalderens  store kvinner, helgenkåra i  1391 og utropt til skytshelgen for Europa i 1999 saman med to andre store kvinnelege helgenar  Edith Stein og  Katarina av Siena.

Birgitta var fødd inn i ein svensk adelsslekt i 1303, ho var tidleg gift med den fire år eldre Ulf Gudmarsson, og dei fekk åtte barn saman. Den mest kjende av desse er Den salige Katarina av Vadstena som følgde med mora til Roma, og tok opp den religiøse arven etter henne. Birgitta foretok pilegrimsreiser både til Nidaros og til Santiago de Compostella. Ulf var med på en siste reisa til Santiago og døydde kort tid etter. Etter at ho vart enke byrja det livet  som skulle gjera henne kjent over heile Europa. Birgitta byrja å få openberringar, som etter kvart vart skreve ned på gammalsvensk og oversatt til latin, dei utgjer eit litterært hovudverk i svensk Mellomalder. I 1350 reiste ho til Roma og vendte ikkje tilbake til Sverige, før ho etter sin død vart boren tilbake og gravlagt i klosterkyrkja i Vadstena. Men Birgitta var ingen livsfjern mystikar, som så mange andre store mystikarar kombinert ho eit rikt indre liv med eit sterkt ytre engasjement. Med profetisk kraft tok ho til orde mot forfall i kyrkja, ho prøvde å overtala paven til å venda tilbake til Roma frå eksilet i Avignon. Heller ikkje storpolitikk var ho redd for å blanda seg opp i, ho prøvde å megla mellom den franske og engelske kongen som lenge hadde lege i strid.

Ho hadde planar for ein klosterorden som skulle grunnleggast i Vadstena. Katarina  overtok leiinga av dette prosjektet etter moras død.  Pave Urban  godkjente ordenen, og det vart bygd eit dobbeltkloster i Vadstena med plass for seksti nonner og tjuefem munkar. Dei budde i kvar sin klausur og vart leia av ei abbedisse ! Eit utrykk for at kvinnas stilling i Mellomalderen hadde ein sterkare stilling enn i hundreåra som følgde ? Birgittinarordenen eksisterar framleis men no berre med ei kvinneleg grein.


 Birgittas grav i Vadstena, Ved sida av å vera skytshelgen for Sverige og Europa er ho også skytshelgen for legar, for pilegrimar og for ein fredeleg død.

tirsdag 16. juli 2019

Jomfru Maria av Karmelberget

I dag 16. juli er ein viktig dag i kyrkjeåret, men ein særleg viktig dag i Karmel. Vi feirar minnedagen for Jomfru Maria av Karmelberget, også kalla vår Frue av Karmelberget.
Karmelberget er sentralt i Karmels spiritualitet og har gjeve navn til ordenen.  I flg. 2. Kongebok oppheldt profeten Elias og hans disiplar seg her, han er den store inspirator og forberedar for det som skulle koma. På 1200 talet slo mange einbuarar seg ned på og rundt Karmelberget, og etterkvart fekk dei ein ordensregel av patriark Albert av Jersusalem ,og vart godkjent av paven i 1226. Eit stykke ut på 1200 talet vart munkane tvungne til å forlata karmelberget og kom etterkvart til Europa. Simon Stock vart den første ordensgeneral. Iflg. tradisjonen viste Jomfru Maria seg for han 16. juli 1251 ikledd karmelittanes drakt, ho gav han det brune skapularet som teikn på frelsa og forbundet med Gud. Det er bakgrunnen for feiringa av denne dagen, og naturleg nok er Jomfru Maria av Karmelberget den som held si hand over og vernar alle karmelittar.



I dag er Jomfru Maria blitt gitt oss til mor. I dag har hun vist oss sin miskunn. I dag synger hele Karmel av fryd mens vi feirer festen for henne som har gitt oss navn.

søndag 14. juli 2019

Forkledd i dei teologale dyder

Dei teologale dyder, tru, håp og kjærleik,  som Paulus refererar til i Første Korintarbrev 13.13 er teologale avdi dei  knyter oss direkte til Gud, og gjer det mogleg å bli meir og meir opne for Han.
Biskop og kardinal Anders Arborelius skriv: " Kontemplationen är en mystisk nåd, men samtidigt någonting väldigt konkret. Tron, hoppet, och kärleken, de tre  teologale dygderna, kan växa i oss och göra oss mer öppna for Herren. De förenar oss direkte med honom. De är de overnaturliga organ vi behöver för bli förenad med Gud."  Men det tar tid å læra seg korleis ein skal nytta seg av desse dyder. Om igjen og om igjen må vi øva oss i tru, håp og kjærleik, og ofte har vi kjensla av å ikkje nå så mykje vidare.

Johannes av Korset gjev oss også her gode råd på vegen. I kapittel 21. mot slutten av Sjelens mørke natt skriv han om å forkle seg eller kle seg ut, dvs. ta på seg ei ny klesdrakt for  å løyna sin eigen klesdrakt og sitt eige vesen. Hensikten er todelt, dels for å visa  det ønske ein ber på om å vinna den personens gunst som ein elskar, dels for å unngå  fiendens blikk og kunna gjennomføra den planen ein har sett seg fore. Det ein kler seg i er dei tre teologale dyder, tru, håp og kjærleik. Johannes nyttar her konkrete og lett forståelege bilete, klesdrakter med ulik farge: kvitt, grønt og raudt

Først kler ein seg i kvitt som truas farge. " För att tilvinna sig både den Älskades gunst och föreningen med honom  kan själen inte ikläda sig något bättre än trons vita klädnad, ty den är begynnelsen och grundvalen varpå alla andra dygders klädnad vilar. Ty, som Apostelen säger, " utan tro är det omöjligt att täckas Gud"( Hebr. 11.6). Iført denne kvite drakta kan sjela fly igjennom nattas angst og mørke.  Utanpå denne kvite drakta kan vi så kle oss i ei grøn drakt, drakta til det Charles Peguy kallar den minste av dei tre søstrene, nemleg håpet.  "Och vandrar själen iförd denna gröna dräkt och klädnad, väl skyddad mot sin andra fiende, världen. Ty den helige Paulus kallar hoppet "frälsningens hjälm" ( 1. Tess 5.8).
Men enno manglar noko for " Över denne vita och gröna dräkt drar nu själen en annan, en röd, för att fullständiga och fullända hela förklädnaden, och skruden, hon ikläder sig nämligen nu en praktfull högröd toga, som symboliserar kärleken, den tredje teologale dygden."  

No er sjela ferdig kledd i dei tre teologale dyder, symbolisert med kvite, grøne og raude  klednadar. Men før det blir  og dei tre sjelskreftene, fornuft, minne og vilje underlagt trua, håpet og kjærleiken
Trua gjer forstanden tom og blind når det gjeld all naturleg kunnskap. Håpet gjer minnet tomt  og skiljer det frå alt ein kan eiga i dette livet. Kjærleiken  rensar viljen frå lyst og trong  etter det som ikkje er av Gud. Johannes avsluttar så kapittelet  med ei skildring av den store lukka sjela opplever  ved å kle seg i denne kvite, grøne og raude klednad og bera henne like til den dag ho når sitt etterlengta mål.

Oh dichosa ventura ( o coming of delight/ o lyckliga lott)






Tricolore, det italienske flagget. Her finn ein også dei tre fargane som symboliserar tru, håp og kjærleik.





lørdag 6. juli 2019

Serotonin

Den franske forfattaren Michel Houellebecq er sterkt omstridt i heimlandet, men bøkene hans sel i store opplag. Han provoserar til dei grader både i form og innhald, men mange opplever at han ser samfunnsutviklinga klarare enn dei fleste. Heilt frå debutromanen "Utvidelse av kampsonen" i 1994 har han teke opp dei store spørsmål i samfunnet, spørsmål som han nok meiner journalistar, forfattarar og politikarar snarare har dekka over enn avslørt. Det gjeld ikkje minst tapet av fellesskapsverdiar på alle plan i samfunnet, heilt frå kjernefamilien til statsstrukturen, noko han legg mykje av skulda for på den utskjelte 1968 generasjonen(hans foreldregenerasjon). Han tek og opp utfordringa med innvandring frå ikkje vestlege kulturar,  motsetningar mellom islam og kristendom ( i den forige boka Underkastelse), den frie seksualitetens innverknad  på kjærleik og parforhold, globaliseringa av økonomien,  utarminga av landsbygda og bondestanden i Europa. Det siste er eit sentralt tema i den siste boka hans "Serotonin", tittelen viser til det antidepressive medikamentet den desillusjonerte hovudpersonen går på. Florent- Claude Labrouste  er ein 46 årig agronom, han er som resten av Houellebecqs hovudpersonar ein mann som har nådd nullpunktet i livet, han er einsam, deprimert, han har tapt alt såvel kjærleik som livsmeining. I innleiinga av boka forlet han sin japanske sambuar utan å leggja att spor, han oppsøkjer ein av sine få vener, den adelege storbonden Aymeric. Samstundes lir han under tapet av sin store kjærleik i ungdomen, Camille, og han leitar henne opp. Det siste blir eit stort antiklimaks, men illustrera samstundes ein underliggjande metafysisk tematikk i romanen. Når han finn Camille, ser han at ho bur åleine med ein son på eit par år, Florent kjem på den absurde tanken å ta livet av guten for så å gjenforenast med den sørgjande mora. Han gjer naturleg  nok ikkje alvor av dette, men Houllebecq nyttar scenen der Florent har guten i krossen på kikkertsiktet som ein referanse  til den bibelske offertanken. Som Abraham ofrar ikkje Florent guten, men han ser  samstundes at han sjølv er fortapt og må døy. Men er det likevel ei von bak vonløyse, eit nærver bak det absolutte fråveret  ? Florent kjem på ei formulering som refererar til Romarbrevet 4.18, i den franske teksten står det med  referanse til Abraham: " Esperant contre toute esperance" - i den norske omsetjinga:"Endå alt håp var ute, heldt Abraham fast på håpet og trudde..."

Venen Aymeric blir eit symbol på det gamle Europa, adelen og bondestanden i forfall. Det går ikkje  bra med han, kona forlet han og tek med seg  døtrene, og han sit att med eit storgods til nedfalls og alkoholen. Under ein dramatisk bondedemonstrasjon tek han livet av seg offentleg. Boka kjem samstundes med  grasrotopprøret i Frankrike( dei gule vestane), og Houllebecq viser enno ein gong at han har ei nærast profetisk innsikt i det som rører seg i samfunnet.

Florent har på slutten av romanen isolert seg øvst i ei moderne høgblokk, her sit han som ein moderne "søylehelgen". Han er døyande av kjærleikssorg og meiningsløyse, ein representant for eit Frankrike og Europa i krise ? Illustrerande nok les han Thomas Manns roman"Trolldomsfjellet" som kan tolkast som ein prolog som leiar fram til den første store krisa i det tjuande hundreåret, Den første verdskrigen. Men så dukkar det opp nye tankar hos denne livstrøytte nihilisten, er det likevel von, er kjærleiken likevel eit prov på at det finst ein dimensjon utover dette meingslause her og no ? Forfattaren Kaj Skagen ser dette som den mystiske kjernen i roman i sin analyse som nyleg stod i vekeavisa Dag og Tid. Andre anmeldarar har tolka romanen reint politisk, og det er romanen også naturlegvis. Men det er vanskeleg å koma utanom det metafysiske aspektet når ein les sluttrefleksjonen til hovudpersonen. Kva  legg Michel Houellebecq i desse klart religiøse formuleringa ? Hos ein filosofisk idealist som ser idear og metafysikk som det som formar og undergrev sivilisasjonar, er det vanskeleg å tolka dette reint ironisk. Houellebecq er ingen religiøs person men han ser nokså sikkert   kristendomen som ein grunnleggjande fellesskapsverdi i Europa.
"Serotonin"  er ei bok ein bør lesa, men ein må klara  å sjå bak Houellebecqs folkelege og eksplisitt seksualisert formspråk. og sjå etter dei mange og meinigstunge laga han har lagt inn i romanen.

Her er sluttlinjene i romanen:

"Gud passer på oss, i virkeligheten, han han tenker på oss hvert øyeblikk som går, og han gir oss retningslinjer som iblant er helt presise. Disse blaff av kjærlighet som blusser opp i vårt bryst så vi mister pusten av det, disse visjonene, disse ekstasene, uforståelig i betraktning av vår biologisk natur, vår status som enkle primater, de er tegn som er ekstremt tydelige.

Og jeg forstår i dag hva Jesus Kristus mente, hans gjentatte oppgitthet over menneskenes forherdede hjerter. De har sett alle tegnene, og de akter ikke på dem. Må jeg virkelig i tillegg gi mitt liv for disse stakkars menneskene ? Er jeg virkelig nødt til å være til de grader klar og tydelig ?

Ja, det kan se sånn ut."