søndag 31. august 2014

Appellar frå Irak

Den kaldeiske patriarken Louis Sako kjem med ei sterk oppfordring til verdsamfunnet om å ta innover seg og ikkje lenger stilla seg likegyldig til det som skjer med minoritetar i Irak.
" What has happened is terrible and horrific, therefor we need an urgent and effective international support from all the people of good will to save the Christians and Yezidis, genuine components of the Iraqi society from extinction, knowing that silence and passivity will encourage the ISIS fundamentalists to commit more tragedies! The question is who will be next."
Han kjem også med ei sterk oppfordring til islamske teologar og intelektuelle muslimar om å  koma med ein kritisk analyse av fundamentalismen og ta klart avstand frå denne.
Louis Sako ser og klart at tragedien held på å gå inn i ein fase der knapt nokon frå minoritetsgruppene lenger ser for seg ei framtid i Irak.Vi har alt sette dette over mange år, ei stadig utvandring av  kristne frå Midt-Austen. Er vi no inne i siste fase ? Om kort tid er det ingen att, ein kultur med røter i kristendomens første hundreår er borte for alltid ?
Dominikanersøster Maria Hanna OP rapporterar og frå den fortvila situasjon som internt fordreven i Irak.
Ho viser mellom anna til den dramatiske forfølgjinga av kristne i 1916 og ser i dagens sistuasjon ein repetisjon av dette.
" Why are the events of dividing the Middle East, that happened in 1916, being repeated now ?
At that time it was a political issue and innocent people paid for it. It is apparent that there are sinfully, cunning people dividing Iraq now. In 1916, we lost seven of  our sisters, many Christians died, and more were scattered. Is it just circumstance we face this division again, or is it deliberate?"
skriv sr. Maria Hanna OP, vidare skildrar ho detaljar mellom anna korleis klosterbygningar er gjort om til hovudkvarter for terroristane. Bilete og statuar er øydelagt, kors reve ned frå kyrkjetaka.

Landsbyane Tel Isqof og Batnaya nord for Musil der fundamentalistane hadde kontroll, vart nyleg erobra tilbake av kurdiske styrkar. Byane var plyndra og alle kors på kyrkjene reve ned. Innbyggjarane har byrja opprydningsarbeidet, og  noko av det første dei gjorde var å på ny reisa korsa på kyrkjetaka i landsbyen !

                                      Korset vert sett opp att på  ei kyrkje i Tel Isqof

fredag 29. august 2014

Poetica:Glør




                   Glør

Det er sein augustkveld

båten dregen opp på stranda

vassflata stille og mørk

bålet som held på å brenna ned

eg triv ei furugrein

rakar glør av oska

bålet blussar opp gneistar løsnar

stig mot natt og kverv

som dette draumespelet

der søsken, vener ikkje eingong vart

der mørkre veks og veks

og einsemds glør mot naken hud

det svir det brenn

og aldri skal det slokna ut.

 



onsdag 27. august 2014

Ved dette teiknet skal vi sigra





               Dette teiknet (Irak 2014)

Såre og sprukne barnelepper

som lydlause bøner om kaldt vatn

små føter med blemmer og sår

etter milevis langs støvete vegar

denne lammande uvissa

denne mørke vonløysa

næra av døde naboar

og kyrkjeklokkene knust mot gata heime

men ein stad under dei trøtte stega

lyser krossen i ørkensanden

ved dette teiknet er det vi som eingong

skal sigra.

 


tirsdag 26. august 2014

Eg skal føra deg ut i ørkenen

Kva meiner vi  med "ørken"? spør karmelitt Roeland Van Meerssche. Han listar opp tre ulike oppfatningar, for det første den reint geografisk og materielle ørkenen som vi nok primært tenkjer på, Sahara-ørkenen, Sinai-ørkenen. Men ørken kan og vera ei hending i tida, ein naudsynt periode med fordjupning der ein skjermar seg frå verdas mange inntrykk. Den tredje og siste meininga til ordet ørken er andeleg og mystisk. Ørken er ikkje ein stad , men ein indre prosess. Det handlar ikkje om ein stad eg kan slå meg ned og ta det med ro, men ei indre forandring som rører ved grunnen i heile mitt vesen.
Van Meerssche forklarar vidare kva som ligg i dette med utgongspunkt i profeten Elia. " Som forbillede i Karmel er gjeve oss profeten Elia, møtets profet, ørkenens mann. Vi kallar han "vår far og leiar" , pater et dux. Elia levde i ei tid då folket hadde falle frå Herren........... Dei hadde falle i den verste verste av alle farer: avguderiet. Mot denne fare vart Elia sendt, som ein ny Mosos måtte han fri sitt folk frå det verste av alle slaveri, avgudsdyrkinga, og på det viset fornya sambandet med Herren."
Men først blir han ført ut i ørkenen, der må han bli som eit verktøy i Guds hender. Han talar så til kong Achab og spår at landet ikkje meir skal få regn. Han er ein talsmann for den levande Gud. Etter dette talar anden på ny til han og han får beskjed om å gå bort og gøyma seg ved bekken Kerit (1.Kong 17.3). I Karmelittordenen har Elias tilhald ved bekken Kerit alltid vorte sett på som eit bilete på den mystiske livet, å vera open for Herren i det indre, å la seg næra av det guddomelege livet. Elia blir her både sendebud og førebilete, den indre ørkenvegen han går er og alle kontemplative kalt til å gå.
"Den ørkenen vi opplever er ein truas og kjærleikens ørken. Denne ørkenen må gjerast innvendig. Det er ein prosess som handlar om å sleppa taket, tapa all menneskeleg støtte, for til slutt å setta vår ein og fulle tillit til Gud åleine. Den karmelittiske ørken er ein mystisk ørken."
Men tilhaldet i denne ørkenen er ingen flukt frå fellesskapet, tvert imot er frukta av dette kjærleiksmøtet at det og set sitt preg på relasjonen til andre menneske. "Ørkenens einsemd er ikkje å dra seg vekk frå fellesskapet, men derimot ein andeleg prosess som frigjer oss frå oss sjølve og våre eigne interesser og frå alt som ikkje er Gud. Difor fører ørkenen oss tilbake til våre brødre og søstre, for at vi frigjorde frå oss sjølve, skal kunna sameinast med hans kjærleik."
Slik blir ørkenen ikkje noko goldt og livlaust men noko som gjev oss liv !





onsdag 20. august 2014

Vår jødiske reise

Anne Sender (F.1956) kom i fjor med boka  "Vår jødiske reise" på Cappelen Damm. Boka har fått god kritikk som eit nyansert innlegg i debatten om antisemittisme og konflikten i Midt-Austen. Anne Sender er konvertitt til jødedomen, og boka er og ei personleg prega historie om møtet med jødedomen og hennar jødiske svigerfamilie. Anne Sender har ein mangesidig bakgrunn som danser, pedagog og bistandsarbeider i Flyktningehjelpen, men det er i si tid som forstander i Det mosaiske trussamfunnet at ho også vart kjent som ein uredd deltakar i det offentlege. Ho har markert seg som ein talsperson for dialog og samarbeid på tvers av etniske og religiøse skillelinjer,og ho har difor fortjent blitt tildelt "Brobyggerprisen" i 2013 og "Fritt Ords pris" i 2014. Ho har mellom anna vore ein av drivkreftene i "Samarbeidsrådet for Tro- og Livssynssamfunn" der både ulike religiøse samfunn og humanetikarar har møttest til diskusjon.
"Vår jødiske reise" er som sagt ei personleg prega bok, men det er hovudsakeleg ei bok om jødisk historie i Norge frå Henrik Wergelands kamp for jødane og fram til 2013. Naturleg nok legg ho mest vekt på dei siste åra og tida ho fungerte som forstandar i den jødiske synagogen i Oslo (2005-2011). Ho er klar og uredd i si skildring av aukande antisemittisme som også norske jødar har vorte utsett for.For ein del år tilbake vart det skote mot synagogen i Oslo, demonstrasjonane i samband med Gaza-krigen i 2009 hadde klare antisemittiske utslag. Granskingar har vist at kvar tredje jødiske skoleelev har opplevd hets og mobbing frå både medelevar og lærarar, halvparten av jødane i Norge opplyser at dei har vorte utsett for antisemittisme og det har vore ein auke dei siste ti åra. Interessant nok viste det seg og at norske jødar hadde eit meir postivt syn på muslimar enn nordmenn flest !
Antisemittismen har nok ikkje blitt teke alvorleg nok, og Anne Sender sleit med å få forståing for dei problem den jødiske minoriteten stod ovanfor. Tragikomisk blir det når ho ber om vakthald ved synagogen etter skyteepisoden, og blir møtt med motsspørsmål frå ein tilsynelatande oppegåande statssekretær om ikkje jødanes eigen ambassade (den israelske) kunne sørga for vakthaldet.
Anne Sender har evne til å sjå konfliktar frå fleire sider, dette gjeld naturlegvis særleg Israel-Palestina konflikten der ho har uttrykt forståing for dei palestinaranes vanskelege situasjon."Jeg skrev at okkupasjonen forsterket Israel-hatet og foret antijødiske holdninger."  " Hvis Jerusalem skal være til velsignelse for jødene, kan det ikke være til fornedrelse for andre." Ho fekk mykje kritikk for slike utsagn både frå sine eigne og ikkje minst frå dei såkalla "kristen sionistane" i Norge som ser meir unyansert på konflikten enn mange jødar.
Anne Sender evner å sjå insiktsfullt og nyansert og formidla det på ein klår måte !    

"Vår jødiske reise " er ei bok å få innsikt og toleranse av. Ein evnar å forstå den jødiske minoriteten i Norge sin situasjon og dei vanskar dei møter og har møtt. Ein får og formidla at ingen konflikt har berre ei side.
Anne sender skriv: " I jødisk tradisjon sies det at enhver sak skal sees fra minst syv sider før man kan tro at man har et helt bilde. Denne boken er en side av fortellingen. Jeg ønsker andre velkommen."


"Derfor følger jeg til sist jødisk tradisjon og avslutter med ordene vi gir hverandre og omverdenen i alle livets sammenhenger, det livsbejaende "Le Cahim"  - til livet."

tirsdag 19. august 2014

Dei forfølgde i Irak og Syria

          Sjølv om dei forfølgde i Irak og Syria  forsvinn ut av medias søkelys må vi aldri halda opp
          å  minna på dei lidingar dei vert utsett for  i desse dagar. Dei bibelske salmane er 
          skrevne for fleire tusen år sidan, men går likevel rett inn i dagens situasjon. Særleg salme
          74 set ord på det som skjer i Irak og Syria ! " Dei brende alle Guds samlingsstader i landet."
          "Dei sette eld på din heilagdom"

         Salme 74


       
          Gud, kvifor har du støytt oss bort for alltid?
          Kvifor flammar din vreide mot dei du gjeter?
         
   
       Kom i hug flokken du vann deg i gammal tid,
          din eigen stamme som du fria ut,
          Sion-fjellet der du slo deg ned.
         
   
       Gå opp til ruinen som ligg knust for alltid!
          I heilagdomen har fienden øydelagt alt.
         
   
       Motstandarane brølte der du samlar ditt folk.
          Sine eigne hærmerke sette dei opp.
         
   
       Det var som når ein lyfter øksar i tjukke skogen.
         
   
       Slik slo dei sund alt det utskorne
          med øks og med brekkstong.
         
   
       Dei sette eld på din heilagdom,
          dei vanhelga og reiv ned
          staden der namnet ditt bur.
          
   
       Dei tenkte: «Vi underkuar dei alle saman!»
          Dei brende alle Guds samlingsstader i landet.
         
   
       Vi ser ikkje våre eigne merke.
          Profetar finst ikkje lenger.
          Ingen hos oss veit
          kor lenge dette skal vara.
         
        
 Kor lenge, Gud, skal fienden spotta?
          Skal motstandaren forakta ditt namn for alltid?
         
   
       Kvifor held du høgre handa tilbake?
          Lyft handa frå fanget
          og gjer slutt på dette!
         
   
       Men Gud, min konge frå gammal tid,
          du som gjer frelsesverk på jorda,
         
   
       du kløyvde havet med di makt
          og krasa hovuda til uhyra i vatnet.
         
        
 Du slo sund hovuda til Leviatan
          og gav han til føde for folket i ørkenen.
         
   
       Du braut veg for kjelder og bekker,
          du tørka ut mektige elvar.
         
   
       Din er dagen, og di er natta,
          du sette himmellysa og sola på plass.
         
        
 Du fastsette alle grenser på jorda,
          sommar og vinter er det du som har skapt.
         
         
Hugs dette: Fienden spottar Herren,
          eit folk av dårar foraktar ditt namn.
         
         
Gjev ikkje turteldua di til villdyr,
          gløym aldri dine armingars liv!
         
   
       Vend blikket mot di pakt!
          Landet er fullt av mørke stader
          der valden bur.
         
        
 Lat ikkje den undertrykte gå bort med skam,
          lat dei fattige og hjelpelause prisa ditt namn!
         
   
       Reis deg, Gud, og før di sak!
          Hugs at du blir spotta av dårar dagen lang.
         
        
 Gløym ikkje ropet frå dine fiendar,
          larmen som alltid stig
          frå dei som står deg imot.

 
 Islamistane merkar dei kristne som nazistane merka jødane. Alle totalitære ideologiar, same om dei kallar seg islamistar, nazistar, kommunistar eller fascistar spring ut av den same grunnleggjande vondskap.

 

søndag 17. august 2014

Father Stephen om materalistisk livssyn

"Glory to God for All Things" er bloggen til den ortodokse presten Father Stephen. Her skriv han om religiøse og kulturelle tema ut frå ein ortodoks synsstad. Det meste kan ein ta til seg sjølv om ein ikkje tilhøyrer ein av dei ortodokse kyrkjene.
Nyleg skreiv han ein lesverdig artikkel "Orthodoxy Versus Christian Materialism", der han tek for seg ulike område der mange kristne har ei oppfatning prega av sekulær materialisme.
Han reknar opp fem punkt der eit ortodoks syn, eit klassisk kristent syn for den saks skuld, skil seg frå eit sekulært materialistisk syn. For det første vil materialisten hevda at ting eksisterar i seg sjølv, dei er ikkje avhegngig av noko utanforståande for å eksistera, for det andre vil han hevda at relasjonar bare dreier seg om psykologi. Punkt tre dreier seg om meining i større forstand, det er berre ein tanke hos mennesket, det fjerde punktet dreier seg om tid og årsak-verknad, det siste er moralfilosofisk og slår fast at godt og vondt bare er uttrykk for ulike handlingsmønster.

Det meste interessante punktet er det som dreier seg om relasjonar. Frå ein materalistisk synsstad er relasjonar mellom menneske, eller mellom Gud og menneske, basert på kva ein  føler til ei kvar tid, eller kanskje at ein har ein  felles genetisk basis eller medlemskap i den same organisasjonen. Dermed blir relasjonar tidsbundne og skjøre,( " out of mind, out of existence - "Now you are just somebody that I used to know") Tilsvarande psykologisk relasjonar har vi relasjonar basert på gjensidig kontrakt.
Father Stephen tek "modern marriages" eller samboarskap som døme. Det heile er basert på kjensler og psykologi og kan brytast opp når vi finn det for godt/ikkje har dei same kjenslene lenger.
Han hevdar at dette ofte og pregar gudsforholdet til mange kristne, det blir lett prega av psykologi og kjensler, og sårleis skjørt og lett kullkasta av det sekulære samfunnet vi lever i-

I motsetning til dette set han eit ortodoks eller klassisk kristent syn. Relasjonar er ontologiske, dei har sin basis i vår "væren" og eksistens ( actual being and existence ie. ontology). Relasjonen til Gud er grunn og årsak til heile vår eksistens. Det er rettare å sei at noko er ein relasjon enn at det har ein relasjon. Vi eksisterar ikkje i og av oss sjølve.
Father Stephen tek så for seg Treeininga som døme på kva relasjonar går ut på. Faderen kan ikkje vera "Fader" utan som "Fader til". "Sonen" er eit relasjonelt ord - det står ikkje åleine. Det same er tilfellet med Anden. Faderen gjev opphav til , Sonen har sitt opphav i og Anden utgår.
"In the very core of our understanding of the revealed God we find relationship. There is no "God" behind thje Father, Son and Holy Spirit. We know no other God."
Å reflektera over at Treeininga er den grunnleggjande relasjonen set og eigne relasjonar til medmenneska i eit heilt nytt lys. Det er noko som står grunnleggjande fast, heilt uavhengig av kjensler og tidsand !

Når vi ser utover fjorden denne kveldsstunda må vi ikkje gløyma  forbøn for dei forfølgde i Irak og Syria.

fredag 15. august 2014

Marias forbøn for kristne i Irak

Dagen i dag 15.august feirar  vi Kyrkjas viktigaste Maria-festdag, minnedagen for Marias opptaking til himmelen, Marias Himmelfartsdag eller Assumptio Beatae Mariae. Maria har spesiell omsorg for alle forfølgde og difor passer det i dag  å be om Marias  forbøn for alle forfølgde i Irak, kristne men og yezidiar og andre minoritetar.
"Memorare" er ein av Kyrkjas gamle Mariabøner tilskreve Den heilage Berhard av Clairvaux.:
"Kom ihu, du nådefulle Jomfru Maria, at det aldri er blitt hørt at den som tar sin tilflukt til deg, kaller på din hjelp og ber om din forbønn er blitt forlatt. Full av tillit søker jeg derfor tilflukt til deg. Jomfru over alle jomfruer, min mor. Til deg kommer jeg , foran deg står jeg, i sorg over min synd. Du, det evige Ords mor, ringeakt ikke mine ord, men i din miskunn bønnhør meg"

Maria, på denne minnedagen  ber vi om di  forbøn for alle forfølgde i Midtausten generelt og i Irak spesielt !

torsdag 14. august 2014

Appell mot vald og forfølging i Irak

Det pavelige råd for interreligiøs dialog kom 12.august med ei skarp fordømming av terrorgruppa ISIL, og ber religiøse leiarar, spesielt muslimske leiarar, koma med "tydelege og modige standpunkter" mot organisasjonen. ISILs terrorvelde er "barbarisk" og  ein "skam for menneskeheten". Å støtta terrorgruppa økonomisk eller militært er forkasteleg, understrekar  Vatikanet  i ei erklæring signert av kardinal Jean-Louis Tauran.
Hjelpeorganisasjonen Caritas og katolske biskopar i Norge føl opp med ein appell om solidaritet med ofra for vald og forfølging i Irak." Kristne, yezidiar og andre minoriteter blir utsett for grove overgrep og trenger vår støtte.Minst 200.000 irakere har måttet flykte bare den siste uken. I Erbil har minst 180.000 søkt tilflukt. Vi fordømmer forfølgelsen av både enkeltindivider og religiøse grupper".
I VG har forfattar og journalist Lars Akerhaug ein kronikk med tittelen:"Stille natt i Midtøsten" der han tek eit oppgjer med norske myndigheters manglande engasjement i det som i dag skjer i Irak.
"Kristne og andre minoriteter er i ferd med å fordrives fra Midtøsten. Det skjer uten noe synlig norsk engasjement", skriv han innleiingsvis. Utenriksdepartementet har hatt ei oppfatning av at ei open støtte til minoritetar bare gjer desse meir sårbare for overgrep. Børge Brende snakkar om politiske løysingar, dette gjev liten meining når islamske terroristar henrettar barn på grunn av deira tru skriv Akerhaug vidare.
"Tiden for "stor diskresjon" bør ugjenkallelig være forbi. Verdensamfunnet må umiddelbart gripe inn for å stanse folkemordet på etniske minoriteter."

Dette er ein av dei viktigaste sakene i verda akkurat no og heldigvis byrjar både politikarar og vanlege folk rundt i verda å få augene opp for det som skjer. Humanitær hjelp er viktig men, som andre verdskrig lærte oss, av og til er det viktig og rett å møta  det vonde med våpenmakt!

tirsdag 12. august 2014

Dei siste kristne i Irak ?

Situasjonen i Nord-Irak tilspissar seg for kvar dag.Islamistanes overgrep mot kristne og andre minoritetar er utanfor vår fatteevne. Men dette er ikkje noko nytt, det einaste nye er at dette fangar heile verdas merksemd. Det gjorde det ikkje ved alle tidlegare overgrep og massakrar i dette området.
Det er viktig å sjå dette i ein større historisk samanheng. Kristendomen spreidde seg til Assyria, Babylon og Persia alt i det første hundreåret etter Kristus. I flg. Tradisjonen var det Thomas, Taddeus og Bartolomeus som grunnla kyrkja her. I 1.Peters brev er det på slutten ein referanse til dei kristne i Babylon (5:13), altså var det kristne grupper her svært tidleg. Denne austlege kyrkja fjerna seg etterkvart frå den vestlege , og på konsilet i Efesus i 431 kom det til eit endeleg brot. Bakgrunnen for det var biskop Nestorius  teologi som avveik frå det vestlege synet på Kristi guddommelege og menneskelege natur. Dei truande i Aust-Kyrkja har difor ofte vorte kalla nestorianarar, dei vert og kalla assyrisk kristne eller aust-syriske kristne. Kristendomen  spreidde seg etterkvart utover heile Sentral-Asia like til Kina. På 1400 talet rykka den mongolske herskeren Timur fram og fortrengte dei kristne. Det er historiar om korleis han halshogde 90.000 kristne i Bagdad og 70.000 i Tikrit. Sjølv om dei assyrisk kristne vart trengt tilbake til sitt kjerneområde i det som no er Nord-Irak klarte dei å føra sin tradisjon og si tru vidare til nye generasjonar. På midten av 1500 talet kom det til i skisma i Den assyriske kyrkja, i det ein del av kyrkja under patriark Sulaqa slutta seg til Den romersk katolske kyrkja, og vart det vi kjenner som Den kaldeiske kyrkja. Den gjenverande delen vart verande eit eige kyrkjesamfunn, og er det vi i dag kjenner som Den assyriske kyrkja. Det er dei kaldeiske kristne som utgjer størsteparten av dei irakiske kristne i dag. Dei har hatt sitt tyngdepunkt i Mosul der dei no er fordrevne frå. Begge desse kyrkjene har same aust-syriske liturgi og språk, og har i det siste kome over tidlegare motsetningar.
Mellom mongolanes overgrep på 1400 talet og ISIL's overgrep i dag, har dei kristne i Irak vorte forfølge ei rekkje gonger. På 1800 talet vart dei angripne av kurdarar, i 1914 erklærte tyrkiske Enver Pasha heilag krig mot dei kristne og mange vart drepne. Nye massakrar følgde i 1933, denne gongen utført av den irakiske hæren. Situasjonen under Saddam Hussein var heller ingen dans på roser for dei kristne, men samanlikna med det som følgde var det som å koma frå oska til elden. Stadige bombeåtek, attentat og bortføringar har kulminert i det som no ser ut som etnisk-religiøs rensing på den meste bestialske måten. Før Golf-krigen var det ca 1,5 millionar kristne i Irak( ca 5% av folkemengda), i dag er det bare eit par hundretusen att. Dei fleste av desse vil nok og flykta, alternativt møta martyrdøden.
Kyrkjene i Irak har reist seg etter overgrep frå mongolar, tyrkarar, kurdarar, irakiske militære, men i dag ser det mørkare uten enn nokon gong. For første gong på snart to tusen år vert den heilage messa ikkje feira i Mosul. Ein ser for seg eit kristent kjerneområde utan kristne. Ein kan protestera, vona og be og kanskje støtta seg til Kristi ord til Peter.
    Kaldeiske irakarar feirar jul i eksil.

 Då sa Peter til han: «Herre, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vatnet.»  «Kom!» sa Jesus. Peter steig ut av båten og gjekk på vatnet bort til Jesus.  Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd. Han tok til å søkka, og ropa: «Herre, berg meg!»  Med det same rette Jesus ut handa og greip han og sa: «Du lite truande – kvifor tvila du?»  Så steig dei opp i båten, og vinden stilna.  Men dei som var i båten, tilbad han og sa: «Du er sanneleg Guds Son!»
(evangelieteksten frå sist søndagsmesse i Matteus 14.)


mandag 11. august 2014

Den heilage Edith Stein:forbøn for dei forfølgde.

8.august er minnedagen for ein av forige hundreårs viktigaste helgenar, nemleg Den heilage Edith Stein (1891-1942). Ho er også kjent under klosternavnet Teresa Benedicta av Korset som ho tok då ho vart karmelittnonne. For alle oss i Karmelittordenen er ho førebilete, inspirator og forbedar. Edith Stein vart kanonisert i 1998 og utnemd til skytshelgen for Europa. I desse dagar vel eg og å sjå på henne som skytshelgen for alle forfølgde minoritetar. Edith Stein kom frå ein jødisk familie og var sånn sett alt i utgangspunktet ein del av ein forfølgd minoritet. Som konvertitt til kristendomen og seinare nonne vart ho minoritet i dobbel og kanskje tredobbel forstand. Eg trur ho hadde særleg omtanke for alle forfølgde. Edith Stein enda livet sitt som martyr i gasskammeret i Auschwitz. Den same lagnaden møter dessverre mange forfølgde i dag.

I desse dagar er vi vitne til brutal forfølging av religiøse og etniske minoritetar særleg i Midt-Austen.
Media full av skrekkhistoriar om islamistane i ISIL si brutale framferd mot både kristen og  den religiøse minoriteten yezidiene. Det er funne massegraver og  mange er stranda på Sinjar fjellet utan mat og drikke. Eg må vedgå at eg som sikkert mange andre knapt hadde høyrt om denne folkegruppa. Yezidiane er ei kurdisk talande folkegruppe som har halde til i Midt-Austen sidan lenge før både islam og kristendom oppstod. Dei praktiserar ein blandingsreligion med røter tilbake til det gamle Mesopotamia. Religionen deira har teke opp i seg element frå både zoroastrisk religion, jødedom, islam og kristendom. Dei har vorte forfølgde opp igjennom historia, men har på mirakuløst vis overlevd til no, men sannsynlegvis er det bare eit par hundretusen igjen. Mange har og for lengst flykta til Vesten, i Norge er det omløag 300-400 yezidiar. I dag er dei meir trua enn nokon gong, islamistane har som klart mål å utrydda desse "vantru." Som dei kristne i Irak treng dei alle mulig støtte, både militært, humanitært og i form av  forbøn.

                         Den kaldeiske biskopen Hanna Qullo helsar yezidiprinsen Khayri Beg.

Edith Stein: " Dess mørkare det blir rundt oss, dess meir må vi opna oss for lyset ovanfrå."

onsdag 6. august 2014

Forbøn for Mosul

I forige månad rykka den islamistiske terrororganisasjonen ISIL fram i Nord-Irak og tok over storbyen Mosul. Det førte til ein dramatisk forverra situasjon for alle, men særleg for ikkje sunni muslimske truande. Særleg gjekk det utover den kristne minoriteten som har levd i Mosul sidan dei første hundreåra etter Kristus. Før den amerikanske invasjonen var det omlag 60.000 kristne i Mosul, i dag er det knapt nokon att. Den kaldeisk-katolske patriarken Louis Raphael Sako opplyste  at for første gong på over seksten hundre år vart det i juni ikkje feira messe i Mosul. Byen er tømt for kristne,dei  fekk valget mellom å konvertera til islam, betala ein urimeleg skatt til terrorregimet, flykta eller bli drepne. Så godt som alle valgte å flykta. Patriark Sako ba islamistane om nåde, men det hjelpte lite.Dei kristne sine hus og eigedomar vart konfiskert, kors reve ned og kyrkjene plyndra. Ikkje bare kyrkjer men også moskear vart øydelagt mellom anna moskeen bygd over profeten Jonas grav. Iflg. islamistane hadde dette vorte ein plass for frafall ikkje bøn. Moskeen var eit historisk monument og øydelegginga var eit slag for alle Mosuls innbyggjarar som no lever under eit strengt islamistisk styre.
Erobringa av Mosul var ein førebels topp i forfølgjinga av Midt-Austens kristne som har gått føre seg over langt tid. Koptarane i Egypt har lenge vore pressa men har det nok likevel betre enn i Nord-Irak og Syria der situasjonen er desperat. Krisa i Gaza er ille nok, men ser ut til å overskygga det som skjer i resten av Midt-Austen. Er det slik at media har blikk for bare ein konflikt om gongen ?  ISIL er sannsynlegvis verre enn vi kan førestilla oss, verre enn både Taliban, Al-Qaida og Hamas?
Sister Maria Hanna  OP, Sisters of Saint Catherine of Siena som er eit nonnekloster i kriseområdet i Irak skriv til sine medsøstre i Europa om situasjonen, og ho avsluttar  med ein apell til verda utanfor Irak:

"We are surprised that some countries of the world are silent about what is happening. We hope that there would be stronger international approach toward Iraq, and Christians in Iraq in general. "

Søstrene held fram sitt arbeid trass i den islamistiske framrykkinga.

"We have had our annual retreat on the 20th of July. That gave us opportunity to pray for Iraq and our Christian community during this time of peril."
La oss ta det siste som ei oppmoding om meir engasjement og meir forbøn for dei førfølgde i Irak!

Grafitti på ei kyrkje i Mosul som seier at dette er eigedomen til den islamske staten. Under er det ein
"N" som står for "Nassarah", koranens uttrykk for kristne. Islamistane merkar dei kristne slik nazistane merka jødane. Det er med på å understreka at islamisme, nazisme/fascisme og ein kan og legge til kommunisme er  tre ulik uttrykk for den same grunnleggjande ondskap.

mandag 4. august 2014

Wislawa Szymborska

Wislawa Szymborska (1923-2012) er blitt kalt poesiens superbestemor eller og verdenspoesiens grand old lady. Kanskje ikkje ufortjent då ho var aktiv som forfattar like opp til sin død for to år sidan nesten nitti år gammal. Wislawa Szymborska levde det meste av livet i Krakow, ho markerte seg hovudsakleg som lyrikar, men og som essaysist og omsetjar av fransk litteratur til polsk. I ungdomen var ho inspirert av sosialismen, men forlet partiet i 1966 og hadde seinare kontakt med dissidentar. I 1966 fekk ho nobelprisen i litteratur.
Szymborskas tema er menneskelivet i alle sine fasettar, ho skriv med utgongspunkt både i den store kosmiske synsvinkel og den vesle daglegdagse. Livet er vilkårleg og til låns, ingenting er gjev på førehand, men vi har likevel grunn til å vera takksame for å vera til. Ofte dreg ho inn naturvitskap som ho heile livet var levande interessert i, i dette ligg det både ei sterk sansande naturoppleving, men også eit engasjement for det miljøet vi alle er avhengig av.
Utvalg av dikt frå 2002-2012 kom i fjor på Tiden forlag omsett av Christian Kjelstrup som og har intervjua henne før ho døydde i 2012.

Notat


Livet er den eneste måten
å dekkes med løv på,
hive etter pusten i sanden,
stige til værs på vinger;

å være en hund,
eller stryke den over den varme pelsen;

å skille smerte
fra alt som ikke er det:

å komme seg på innsiden av det som skjer,
se noe fra flest mulig synsvinkler,                                                                     
å strebe etter å trå minst mulig feil;

En enestående sjanse
til et øyeblikk å erindre
en samtale som fant sted
med lampen slått av:

og i det minste en gang
snuble i en stein,
bli dyvåt når det bøtter ned med regn,
legge fra seg nøklene i gresset;

og å følge en gnist i vinden med øynene;

og uten stans fortsette med å gå glipp av
noe viktig.



Tre høyst merkverdige ord


I det jeg uttaler ordet Framtid,
tilhører den første stavelsen allerede fortiden.

I det jeg uttaler ordet Taushet,
bryter jeg den.

I det jeg uttaler ordet Ingenting
skaper jeg noe som ikke kan rommes av noe tomrom