torsdag 29. desember 2011

Møte

                                   Møte

Vi kjørte langs frosne marker, tidlig.
En solrød vinge løftet seg av mørket.

Plutselig sprang en hare over veien
og en av oss slo ut med hånden.

For lenge siden. I dag lever
hverken haren eller han som pekte.

Elskede, hvor er de, hvor ble de av-
håndbevegelsen, harens hopp og gruset under den.

Jeg spør ikke av savn. jeg undres.


Czeslaw Milosz har skreve dette vesle diktet som er omsette til norsk av Paal Brekke. Milosz vart fødd i Lithauen i 1911, men levde det meste av livet i Frankrike og California. Sist som professor i slavisk litteratur ved University of California, Berkeley. Han fekk nobelprisen i 1980. Czeslaw Milosz kretsar ofte om metafysiske og historiefilosofiske tema i diktinga si. Dette vesle diktet illustrerar litt av tematikken hans. Det er ei stor einsemd og ei stor undring i det, kanskje også ei enno større lengting sjølv om han nektar for det i den siste linja. Men det kan vera at undring og lengting kjem ut på eit og det same ?

onsdag 28. desember 2011

Poetica:Now,O Now I Needs Must Part


Fråveret er stille
som frostrøyken over Øresund
tidleg vintermorgon
John Dowland går åleine
gjennom aude salar
tungsinnet strauk bort svevnen
så altfor brått
eller var det ein strofe
som kjempa seg opp frå draumen
for så å stryka over det iskalde golvet
mot lutten som ligg på bordet
over mot det nordre hjørnet
fingrane glir varsamt over strengane
forsiktig no noko lever her
lever vidare i mørke avstand og kjærleik
det som er meir enn eit hjarta kan eiga
now, o now I needs must part

John Dowland( 1563-1626) var frå 1598 ved hoffet til Kristian 4 i København. Få har som han skildra melankolien, sorga  og lengtinga i dette tilværet. Andreas Scholl har ei flott framføring av
"Now, O Now I Needs Must Part"                                                            http://www.youtube.com/watch?v=ezh1dxnwMWQ

"Now, O Now I needs must part. Parting though I absent mourn.While I live I needs must love. Love gives not when hope is gone. Absence can no joy impart. Joy once fled can not return. Now at last despair doth prove."

tirsdag 27. desember 2011

Advent i Rosendal

Julestemning Baroniet i Rosendal


Rosendal frå Skålafjellet. Adventstemning, men så kom regn og mildver til jul.

Myrdal og Gygrastol i bakgrunnen

Rorate Coeli

Rorate Coeli desuper et nubes pluant justum.



" Lat det drypa ovanfrå, du himmel ! Rettferd skal strøyma frå skyene. Jorda skal opna seg, gje frelse som frukt og la rettferd spira. Eg, Herren skaper dette." (Jesasja 45.8 .Omsetjinga frå 2011)

Det er grytidleg, mørk og regnvåt desembermorgon. Kyrkjerommet berre opplyst med levande lys. Vi syng Rorate Coeli  med utgongspunkt i Jesaja 45 kapittel, og knyter oss med det  til ein århundrelang adventstradisjon.

torsdag 15. desember 2011

Johannes av Korset

14. desember er minnedagen for Johannes av Korset (San Juan de la Cruz)
Johannes levde i Spania frå 1542-1591. Han var prest, munk i karmelittordenen, poet og mystikarar. Han vart helgenkåra i 1726 og to hundre år seinare vart han utnemnd til kyrkjelærar av pave Pius XI. Johannes er skytshelgen for mellom anna spanske forfattarar. Ikkje så unaturleg, han var sjølv ein av dei storei spansk litteratur. Men det er som reformator av karmelittordenen og som vegleiar på den indre bønas vanskelege veg han framom noko har sett spor etter seg. Johannes skrifter er for ein stor del kommentarar og forklaring
til hans poesi som i symbolmetta språk handlar om sjelas veg til Gud.

" Ei natt før mørkre vende,
då elskaren ikkje ville vika frå meg,
- å lykkelege hende ! -
då inkje vondt fekk nå meg,
og huset sov , og ingen kunne sjå meg,

ei løyntrapp vel eg kjende,
og smaug meg ut med tryllehetta på meg,
-å lykkelege hende,
då fritt eg kunne rå meg,
med huset sov, og ingen kunne sjå meg !

Eg sveiv i mørkret inne,
for langs min løynstig ingen på meg vørde,
og sjølv eg steig i blinde,
og inkje lys meg førde,
anna enn det mitt heite hjarta nørde.

------------------------

Bort veikna alt eg ville,
og med mitt andlet eg hans andlet gøymde,
og alle ting vart stille,
og bort meg sjølv eg drøymde,
og mellom liljer all mi sorg eg gøymde."

(Sigmund Skard si omsetjing)


Salvador Dalis bilete " Johannes av Korsets Kristus"

Ei rose er utsprungen

Michael Praetorius` julenatt.

Ha takk for mørkret

som favnar oss alle no
utan det ville ljosa som vert tent
berre vore ein bleik avglans
av solgylte seinsommardagar.

Ha takk for kulden
som ikkje synest å sleppa taket
når den først har grepe oss
uten den ville varmen frå heimkoma
berre vore som eit lite bål i skogkanten

Ha takk for rosa
som sprang ut i snødrevet
utan den ville vona
berre vore som minne frå draumen
kasta inn på morgonstranda

Ha takk for barnet
som vart oss gjeven
”Mitten im kalten Winter,
Wohl zu der halben Nacht“
utan det ville nåden
aldri tøygd seg mot oss
tolmodig ventande.







Michael Praetorius 1571 – 1621 :
”Es ist ein Ros entsprungen”

søndag 11. desember 2011

Den stumme

"Båten er ikkje lenger i naustet
Han er ute på vatnet ein stad
Han går langs strender
og passerar bratte berg
Snart er han langt ute på fjorden
Båten arbeider med tida
deler henne opp til stunder
som ikkje heng saman
Restar av bølgjer kjem
til folketome bukter
Ein dag skurer kjølen
mot land på den andre sida"

Diktet om båten innleiar andre del av diktsamlinga  " Den stumme" av Lars Amund Vaage som kom ut tidlegare i år. Lars Amund Vaager er frå Sunde i Kvinnherad, han debuterte i 1979 med romanen "Øvelse kald vinter" og har seinare gjeve ut både romanar, noveller, diktsamlingar og skodespel.
Årets diktsamling  er inndelt i to bolkar, den første med tittelen  "Den stumme", den siste med undertittelen
"Songar om døden og kjærleiken". Diktet om båten er henta frå denne siste delene med dikt prege av meir djupe eksistensielle tema. Dikta i den første delen rører seg i dimensjonen mellom det tause, ordlause  arbeidet og  det ordrike språket. Bileta som  blir brukt er frå det praktiske arbeidet på eit gardbruk dreve på den gamle måten der "Arbeidet kom før ordet/ Arbeidet var ordet."  "Den stumme " formidlar sin kunnskap ikkje med ord men ved å visa i praksis korleis ein skal gjera det. Notid og fortid møtes i vare bilete frå ein tid som ikkje er , frå ein barndom lang tilbake men som ber med seg desse ordlause bileta.

Som i dette diktet frå ei sanseleg og nær barndomsoppleving.

"Ho sat ved bakstebordet som sveva bort
Ho førte kjevlet over kakehimmelen
Bakstebordet stod i røyken av mjøl
og veden som brann i gruva
Eg kom inn i den låge, grå kjellaren
stod ei tid før eg visste
at eg kunne springa
etter meir ved
det var oppgåva eg hadde fått
av henne som sat
med varmen på den eine sida
og kulden på den andre
Eg henta den fine veden
i skjulet
Sprang over tunet
med den friske lufta i lungene
og smaken av nysteikt kake i munnen
sprang og sprang til ein hemmeleg stad"

torsdag 8. desember 2011

Conceptione Immaculata

I dag 8. desember feirar vi festen " In conceptione Immaculata Beatae Mariae Virginis"(Jomfru Marias uplettede unnfangelse)

Antifon til Magnificat: Fra nå av skal alle slekter prise meg salig. Store ting har han gjort mot meg, han den mektige.

 Theotokos Panachranta. Ikon frå 1100 talet.

Frå Matutin andre lesning. Bøn av den heilga Anselm ,erkebiskop av Canterbury:  Gud er altså far til alt som er skapt, og Maria er mor til alt som er gjenskapt. Gud er faderen og alt er blitt til ved ham, Maria er mor til alt som er gjenreist. For Gud gav liv til Sønnen, og ved Sønnen er alt blitt skapt. Maria fødte Sønnen, og ved
ham er alt blitt frelst. Gud gav liv til Sønnen, og absolutt intet er godt uten ved Sønnen. Maria fødte Sønnen, og absolutt intet er godt uten ved Sønnen. Ja, Herren er i sannhet med deg, for Herren gav deg en slik gave at hele naturen skylder å takke deg, deg og ham."