mandag 30. september 2013

The Syro Malabar Catholic Church

Aylesford i Kent 21.september: Southwark Syro Malabar Pilgrimage. Brått får vi eit lite innblikk i noko nytt og ukjent, for oss nytt men med ein eldgammal tradisjon bak seg.  Dei syro malabariske katolikkane feirar  sin helgen St.Alphonsa (1910-46), forma er eksotisk og framand men innhaldet er gjenkjenneleg, vi opplever ei levande og ekte tru og eit sterkt fellesskap. Prosesjon med helgenstatuar, vimplar, fargerike parasollar og trommer, alle borna har ballongar med påskrift: "Pray for us St. Alphonsa". Liturgien på malyalam er framand men likevel katolsk. Instrument og song er er frå heimstaden Kerala på det indiske kontinentet. Eg blir ståande fascinert og fjetra, det er noko her som gjer eit uvanleg sterkt inntrykk på meg. Er det opplevinga av tru som har overlevd hundreåra og er like levande ? At dei fleste av syro malabarane er unge familiar med born understrekar det optimistiske og levande ved feiringa.
"The Syro Malabar Catholic Church" er ein av dei 22 austlege kyrkjene som er unert med Den katolske kyrkja, dei er formelt underlagt paven i Roma men har sin eigen tradisjon og sin eigen liturgi som blir kalla "Heilag Qurban". I liturgien  nyttar dei det gamle syriske språket  Suryani, Kerala - språket  Malyalam eller engelsk. Dei syro malabariske kristne hevdar at det var apostelen Thomas som kom med evangeliet til dei i år 52, av den grunn vert dei også  ofte kalla "Thomas-kristne" Meir sannsynleg er det at kristendomen kom til Kerala frå Persia på 200-300 talet. Dei var  nær knytta til Den assyriske kyrkja og fekk lenge sine biskopar derifra. På 1500 talet kom portugisarane til India og oppdaga til si overrasking at her hadde vore misjonærar før dei. Dei vart vel teke i mot men etterkvart gjekk ikkje samarbeidet så knirkefritt. På 1600 talet vart dei fleste kristne i Kerala formelt underlagt paven, dei resterande vart splitta opp i fleire mindre kyrkjesamfunn som heldt på sin opprinnelege syriske teologi, tradisjon og liturgi. Dei vert ofte kalla jakobittar. I dag utgjer " The Syro Malabar Catholic Church" om lag halvparten av dei "Thomas-kristne", totalt om lag 4 millionar truande, dei fleste i India men og mange i USA og Storbritannia.

St.Alphonsa som dei feirar i dag er den første syro malabariske helgen som formelt er kanonisert. Pave Benedikt gjorde henne til helgen i 2008. Marth Alphonsa var ei from fransikanernonne som levde på første halvdel av 1900 talet. Fleire mirakel skal ha skjedd på  hennar forbøn og støtta opp om den endelege kanoniseringsprosessen.
No spring dei festekledde små, syro malabariske borna rundt denne vakre haustdagen, dei viftar med sin fargerike ballongar, nokon mistar grepet og ballongen forsvinn mot skyene. "Pray for us St. Alphonsa", be for oss og  alle syro malabariske familiar.





torsdag 26. september 2013

The Friars Aylesford

September 2013, The Friars Aylesford i Kent. Vi kjem med forventning og litt uro og reiser med glede og fred.
The Friars like ved den vesle landsbyen Aylesford i Kent, ein times tid med tog frå London er eit karmelittkloster som kan føra si historie like tilbake til 1200 talet då dei først karmelittmunkane kom frå Det heilage landet til Europa. I 1242 gav krossfararen Richard de Grey eit lite landområde til munkane, og her grunnla dei sitt første kloster. I 1247 vart ordenens første generalkapittel halde her, og på dei neste femti åra vart det grunnlagt over 30 kloster i England. Den heilage Simon Stock som var generalprior og ein av ordenens tidlegaste helgenar skal i flg. tradisjonen ha fått skapularet av Jomfru Maria her ( sjå mitt innlegg "Skapularet"). I dag finn vi hans relikviar i "The relic chapel" i klosteret. Etter reformasjonen vart munkane fordrevne og klosteret hadde ulike eigarar fram til Karmelittordenen fekk kjøpt det tilbake i 1949. Den første prioren Fr. Malachy Lynch restaurerte bygningsmassen, og bygde opp det som i dag ikkje berre er eit kloster men eit pilegrimsmål med fleire hundretusen besøkande i året. Dei mange kapella og den utendøres "Rosenkransvegen" har ei rik utsmykking hovudsakleg av den tidlegare polske krigsfangen og kunstnaren Adam Kossowski. Å festa blikket på hans kunstverk hjelper til å løfta sinnet mot det som gjev  fred og glede.
The Friars tilbyr retrettar gjennom heile år og er ein plass å koma i grupper eller åleine for dei som søkjer ro, stille og andeleg fordjupning. Nesten kvar helg i sommar halvåret er her organiserte pilegrimsarrangement ofte i regi av nasjonale grupper frå f.eks Polen; Nigeria, Fillipinene osv.
Då vi var der feira dei syromalabariske kristne frå Kerala sin lokale helgen St. Alphonsa. (meir om det seinare).
The Friars Aylesford, ein stad å reisa frå med djup indre fred og med ønskje om å koma att.

                                         Adam Kossowski sine utsmykkingar
                                          Syromalabariske helgenfest
                                         Søndagsmesse. Relikvieskrinet for Simon Stock i bakgrunnen
                                          St. Therese i klosterhagen
                                          Farvel til The Friars

søndag 15. september 2013

"Syngja" - Nei til sortering

Forfattaren Lars Amund Vaage fekk i 2012 Brageprisen for romanen "Syngja". Strålande kritikk i dei fleste media og vel verdt ein pris. "Syngja" er ein sterk og vakker roman, eit djupt personleg verk om å leva med ei sterkt funksjonshemma dotter. Dottera, som i romanen berre vert kalla G., lir av autisme og bur som vaksen på institusjon. I romanen får vi innblikk i dei påkjenningar der er å leva med eit sterkt funksjonshemma barn, dei mange motstridande kjensler og reaksjonar. Det gjer inntrykk når forfattaren skriv om sorga han ber på, i periodar orkar han ikkje å sjå på friske born, å gå på vitjing til vener som har born på same alder som G. "Syngja" er og eit poetisk verk men mange sterke og kjenslefylte passasjar som når han skildrar voggesongen: " Eg løfta  barnet opp, heldt det og song, den rolege songen, "Byssan lull". Barnet snudde seg mot meg. Eg song "Byssan lull", og barnet stakk i å gråta. Eg slutta å syngja, men det hjelpte ikkje. Eg song ikkje meir, men barnet gret. Tårene rann. Barnet sprang ikkje meir. Det hadde songen i seg. Songen stoppa ikkje. Eg hadde tagd for lenge sidan. Men barnet song, utan tone, utan ord, og gret og gret."
Syngja er og ei bok med kritikk så vel av behandlingsapparatet som av måten samfunnet generelt møter dei svakast. Alt innleiingsvis i boka stiller han dei grunnleggjande spørsmåla: " Korleis såg samfunnet på slik som G ? Korleis såg samfunnet på seg sjølv når samfunnet blei gjennomlyst av G ?
Korleis svara dei på hennar spørsmål? Ho som ikkje hadde noko anna enn tiltru. Tiltru like ved avgrunnen. Blind tiltru, for all kritisk evne var tatt ifrå henne."
Han er og kritisk til fagfolka som ikkje alltid ser at " foreldre var ekspertar på eigne barn".
Han ser klårt faren i at fagfolk og ekspertar " trur at dei har forstått seg sjølv og tilværet litt for godt"
Då kan dei koma opp i store vanskar. Ei svært viktig påminning.

Lars Amund Vaage hadde lenge tenkt å skriva ei bok om G, men var ikkje klar for det før ha sjølv var over 60 år og G godt opp i tredve åra. Kanskje er det og eit anna aspekt ved at boka kjem akkurat no,
iallfall opplver eg boka som eit sterkt innlegg i den pågåande debatten om fosterdiagnostikk. Det får eg og stadfesta når eg les forfattaren sitt innlegg på nettsida "Nei til sortering."
Her skreiv han nyleg: " Mange gonger har eg tenkt at eg fekk eit funksjonshemma barn og det var ille, men holdningane til folk kjendest ofte som eit større problem. Eg trur at tidleg fosterdiagnostikk vil forsterka holdningar som alt er der, og som er problematiske. Dette at ein kan sortera ut vil gjera samfunnet hardare. Utfordringa med å godta det som er avvikande, annleis, vil lettare kunna
unngåast."

Klåre og sterke ord frå ein som har meir innsikt enn dei fleste i dette. Og ei sterkt oppfordring til å kjempa vidare for menneskeverdet til dei svakaste.

Les meir på linke til nettsida "Nei til sortering":
http://neitilsortering.no/

lørdag 14. september 2013

Krossmesse:forbøn for Maloula

I dag 14. september feirar vi festen for Den heilage krossen ( Korsets opphøyelse/Exaltatio Sanctae Crucis). I gammal norsk tradisjon vart dagen kalla Krossmesse om hausten og på primstaven var merke naturleg nok ein kross.
Innbyggjarane i den syriske byen Maloula har tradisjonelt feira dagen med eit stort bål på fjellet over byen. Det kan dei nok ikkje i år, den hovudsakleg kristne byen har dei siste dagane vore under hardt åtak frå dei ekstreme muslimane i Al- Nusra fronten som er nær knytte til Al-Qaida. Maloula ligg 56 km nord for Damaskus  i ei fjellside 1500 meter over havet. Byen er ein av dei få stadane i verda der det framleis blir tala ein arameisk dialekt, språket Jesus tala. I byen er det to store kloster, eit gresk katolsk og eit gresk ortodoks. Mar Tekla klosteret ligg i ei kløft som iflg. legenden opna seg for Den heilage Tekla då ho vart forfølgd av romerske soldatar. Tekla levde i det første hundreåret og skal ha vore elev av Paulus. Tradisjonelt har kristne og muslimar levd fredeleg saman i Maloula. Erling Rimehaug i Vårt Land skriv om då han vitja byen og klostret, og var vitne til at lokale muslimar stod i kø for å få del i det lækjande vatnet frå Den heilage Teklas kjelde i klosteret. Dei siste dagars hendingar er bare djupt tragiske og gjer vondt langt inn i sjela. Er det von eller bare mørkre? Små ljospunkt kanskje, som appellen eg har gjeve att under bilete. Den er forfatta av den muslimske professoren Tarif Khalidi for eit par dagar sidan, og er ei sterk oppmoding til alle muslimar om å ta vare på den kristen arven i Midt-Austen. Han kallar forføljinga av  dei kristne eit heidensk åtak på alt det som  den muslimske sivilisasjonen står for. La oss be om at han når fram !



                                          Mar Tekla klosteret i Maloula.
                                          

An Appeal to Muslim Clerics and Rulers: Save Our Christian Heritage!

An appeal to Muslim clerics and rulers, women and men:

What is happening today in Maloula and other Christian cities and areas in Syria, Egypt, and other Arab countries transcends any political opinions about what is going on in this or that tormented country, whether the opinions oppose or support the political regime in those countries. The repeated assaults on Christian holy sites that are happening today and the forced expulsion of Christians is a flagrant assault on our Islamic heritage itself and on the precedent of our venerable Prophet, his noble hadith, his life, and the lives of those followed him in doing good. The destruction of churches and Christian holy sites that we are witnessing is a barbaric, pagan assault on our Islamic civilization  which, over the ages, has given a central place to Jesus son of Mary and his virgin mother (peace be upon them) at the heart of our teaching, rooted in the long and glorious history of coexistance and love between Islam and Christianity, this coexistance that is one of our greatest point of pride when we express our pride among civilizations.

Any attack on these holy places is part of a campaign against Islam, aiming to disfigure this love and coexistence. This campaign is now being waged by those who have been overcome first of all by ignorance, then by blind prejudice, then by rejection of the other, even when this other is "the closest in affection to those who believed." In light of all the above and before it is too late, we call upon Muslim clerics and rulers, women and men, to join their voices with this cry, that perhaps someone may heed it in the lands of Arabity and Islam... "O mankind! Be careful of your duty to your Lord Who created you from a single soul."Tarif Khalidi is a Palestinian academic and professor at the American University of Beirut.

Frå antifon til dagens vesper: Vi tilber deg Kristus og lovpriser deg, for ved ditt kors har du forløst verden

torsdag 12. september 2013

Forbøn for koptarane

Den koptiske kyrkja i Egypt har i det siste blitt fokusert i media i samband med den politisk turbulente situasjonen i landet. I kjølvatnet av militærkuppet mot president Morsi i sommar skulda islamistane dei kristne for å støtta kuppet, det førte til ei rekkje blodige samanstøyt. Koptiske kyrkjer og eigedomar vart angrepne og brent av fanatiske muslimar.  " Dei egyptisk kristnes krystallnatt" var omgrep som enkelte nytta om desse hendingane. Dei koptisk kristne har lenge vorte handsama som annanrangs borgarar i Egypt, men det er lenge sidan dei har vorte utsett for så åpenlys forfølgjing som dei siste åra og særleg den siste månaden.
Dei koptiske kristne utgjer kanskje 10% av Egypts over 80 millionar innbyggjarar og er det største kristne kyrkjesamfunnet i Midt-Austen. Dei kan føra si historie tilbake til dei første hundreåra, i følgje legendene var det Markus som førte kristendomen til Egypt like etter Kristi Himmelfart. Dei braut teologisk med Den ortodokse kyrkja etter konsilet i Kalkedon i 451, men har i det siste nærma seg så vel Den romersk katolske som dei ortodokse kyrkjesamfunna.
Koptarane har sin eigen pave, då den populære Shenouda III av Aleksandria døydde i mars i fjor vart
Tawadros valt til pave (sjå mitt tidlegare blogg innlegg om dette). Han har av Det muslimske brorsskapet vorte skulda for å støtta dei militære kuppmakarane, og dei ytterliggåande kreftene vil sånn sett gjera han til syndebukk.
Det kan sjå mørkt ut for dei kristne i Egypt slik det lenge har gjort i Irak og Syria. Likevel er det glimt av von, som når muslimske nabolag fleira stadar slo ring om kyrkjebygg som var truga av islamistar. I Kairo er det også god kontakt mellom leiaren  i Al Anzhar moskeen og koptiske biskopar med sikte ein felles front mot religiøse forfølgjingar. Offisielt har også leiarane i Det muslimske broskapet teke avstand frå angrep på kyrkjebygg og forfølgjing av kristne.
Norge har lenge støtta tiltak som tek sikte på å verna minoritetar i Midt-Austen, eit av verkemiddela
er bygging av nettverk for dialog på tvers av religiøse skillelinjer. Den koptiske biskopen Thomas har i ei årrekkje hatt nær kontakt med kyrkjelege miljø i Norge og arbeidd for forsoning.





"Vi ber om  vern og støtte for dei forfølgde koptarane i Egypt, og fred og forsoning i  landet"

onsdag 4. september 2013

"Melkepiken"

Rijksmuseum i Amsterdam er nyleg opna etter fleire års restaurering. Som dei fleste store kunstmuseum er det fullt med estetiske opplevingar, ein må bare ta seg litt god tid. Ønskjer ein å fordjupa seg i flamsk 1600 talls kunst er nok dette staden å gå. Rembrandt naturlegvis, dessutan Hals, Steen, Avercamp og mange mindre kjente. Høgdepunktet blir likevel Johannes Vermeer, i Rikjsmuseum finn vi "Het melkmeisje"(Melkepiken) eit av hans kanskje mest kjente meisterverk.
Johannes Vermeer ( 1632 - 1675) vart fødd og levde heile livet i Delft. Der døydde han og i stor fattigdom, ellers er relativt lite  kjent om livet hans. Vermeer arbeidde seint og detaljert, og etterlet seg ein  liten produksjon. Lenge var han gløymt, men mot slutten av 1800 talet  kom kunsten hans på ny fram i ljoset. Mange forbind  nok Vermeer med romanen "Pike med perløredobb" av Tracy Chevalier, som vart filmatisert av Peter Welber i 2003 med Scarlet Johansson og Colin Firth i hovudrollene. Roman og film var inspirert av Vermeers portrett frå ca 1665 med same navn og førte utan tvil til fornya interesse for kunsten hans.
Kva er det med desse bileta som gjer så sterkt inntrykk ? Det er naturlegvis det teknisk perfeksjonerte, hans utrulege grep om ljos og perspektiv og den nesten fotografiske presisjonen og detaljrikdomen. Mange av bileta framstiller personar i heilt daglegdagse situasjonar som å hella opp mjelk, lesa eit brev, spela eit musikkinstrument. Samstundes er dei fylte med symbolikk, gjerne med moralske eller erotiske undertonar. Ofte nyttar han ein "bilete i bilete" teknikk der ein finn kart eller bilete inne i bileta. Kanskje er det denne kombinasjonen av kvardagsscenar med underliggande symbolikk utført med teknisk perfeksjonisme som gjer så sterkt inntrykk. Brått blir vi løfta ut av tida og står ansikt til ansikt med desse 1600 talls menneska som kanskje likevel ikkje var så ulike oss. Eller kanskje dei var det ?

"Melkepiken" framstiller ei tenestejente som heller opp mjelk frå ei mugge. Ulike tolkningar har blitt tillagt bilete, men kanskje er dette bare ei genial skildring av ei heilt kvardagsleg scene ? Uansett eit høgdepunkt i Rijksmuseum.  

                                            "Pike med perløredobb" som inspirerte roman og film med same navn.