tirsdag 31. juli 2018

Cisterciensarane på Hovedøya

Med båten frå Rådhusbrygga tar det bare få minutt over til Hovedøya, i dag rekreasjonsområde for Oslo og kulturminne, men i firehundre år eit kulturelt og religiøst sentrum. Vi kjem der ein vakker og varm julidag på veg til badeplassen på sørsida går vi forbi ruinane etter klosteret og på veg tilbake tek vi ein nærare kikk på dei, og prøvar å sjå for oss  munkane som arbeidde, bad tidebøner og feira messe her kvar dag i nær firehundre år.

Cisterciensarorden vart grunnlagt i Citeaux i Frankrike i 1098, og på svært kort tid spreidde denne velorganiserte ordenen seg til store delar av Europa. Alt etter tjue år var dei på plass i England, og det var herfrå dei skulle etablera seg i Norge i løpet av 1100 talet. I 1146 grunnla munkar frå Fountains  klosteret det første datterklosteret i vårt land ved Lyse utanfor Bergen etter oppmoding frå biskop Sigurd frå Bergen. Alt året etter kom tolv munkar under leiing av abbed Philippus frå KIrkstead i Lincolnshire til Hovedøya utanfor Oslo. Då dei steig i land her 18. mai var det alt ei kyrkje på øya vigd til Edmund martyren, og munkane tok i bruk denne, og bygd etterkvart eit klosteranlegg i tilknytning til kyrkja i tråd med cisterciensarordenens  krav . Klosterkyrkja vart vigd til Jomfru Maria og Sankt Edmund. Klosteret på Hovedøya vart etterkvart ikkje bare eit andeleg sentrum men også økonomisk stod dei seg bra med over fire hundre eigedomar rundt Oslofjorden, tømmeranlegg og fiskeri. Men på femtenhundretalet var det slutt, alt eit par år før Reformasjonen  vart klosteret plyndra og brent, etter Reformasjonen vart eigedomane overteke av kongen og steinrestane vart mellom anna brukt til Akershus festning.

Det skulle gå 467 år før cisterciensarordenen kom tilbake til Norge, rett nok ikkje Hovedøya men Tautra og etterkvart Munkeby i Trøndelag. Her er det no levande klostersamfunn som lever i tråd med ordenens tusen årige regel og tradisjon.











Den heilage Ignatius av Loyola

I dag feirar vi minnedagen for Ignatius av Loyola (1491 - 1556), helgen og ordensgrunnleggjar. Han er skytshelgen for retrettar og retretthus, for soldatar og gravide kvinner.
Ignatius var av adelig familie og valgte ein militær karriere, men etter å ha blitt alvorleg såra opplevde han ei sterk omvending. Som eg tidlegare har skreve om  oppsøkte han klosteret på Montserrat med den svarte Madonna som ligg like utanfor Barcelona. I etterkant oppheldt han seg i Manresa ikkje langt frå Montserrat, og det var her han fekk inspirasjon  til å forfatta si veiledning i det andelege livet - Exercitia Spiritualia, eit skrift som  har inspirert kristne langt utanfor Den katolske kyrkja.  Frå Spania drog han til Roma og vidare på pilegrimsreise til Jerusalem. I utgangspunktet hadde han ikkje som hensikt å stifta ein ny orden, men han vart gradvis overtydd om sitt kall. Han studerte teologi i Paris og vart prestevigd i 1538.

Ei gradvis veksande gruppe vener og medarbeidarar samla seg rundt Ignatius, og planan om ein orden vaks fram, i 1540 godkjente pave Paul III ordenen som fekk det ofisielle navnet Societas Jesu - Jesu selskap. På folkemunne vart dei kalla jesuittar av dei to latiske orda Jesu og Ite, dvs. gå til Jesus som var bodskapen dei forkynte. Ignatius orden var ein misjonsorden som raskt spreidde seg til Sør-Amerika, Afrika og Asia. Ordenens første store misjonær var Franciscus Xavier som verka i India, Fillipinene, Indonesia og Japan, der han førte mange til trua.

Ignatius av Loyola var omstridt i si samtid og vart fleire gonger klaga for kjetteri, men det lukkast ikkje å finna grunnlag for kjettersk lære hos han. På same måte har Jesuittordenen vore omstridt, det er nok å minna om at ordenen på slutten av 1700 talet vart forboden, og i Norge hadde ikkje jesuittar tilgang før i 1956. Kanskje er noko av grunnen til det at dei dyktigaste og mest initativrike unge menn med prestekall fann seg til rette her. Jesuittane har utmerka seg såvel i drift av skular og universitet som i vitskapeleg arbeid, mange har kompetanse i naturvitskapeleg fag i tillegg til teologi. Pave Frans er i så måte eit typisk døme, i det han har utdanning i kjemi og har undervist i dette faget.
Men det er nok som misjonsorden at  Jesu Selskap har sett dei sterkaste spora.

                                     Ad Majorem Dei Gloriam -  For Guds større ære

mandag 16. juli 2018

Vår Frue av Karmelberget

I dag  16.juli er minnedagen for Vår Frue av Karmelberget (Jomfru Maria av Karmelberget) som er Karmelittordenens vernehelg. Alle karmelittar stiller seg under hennar vern. Minnedagen viser til Karmelberget der ordenen oppstod på 1100 talet, og den første ordenesgeneralen Simon Stock som i 1251 skal ha hatt ein visjon av Gud mor der ho gjev han det heilage skapularet som eit teikn på forbundet med Gud!


søndag 15. juli 2018

Poetica: Det ho viser oss


Det ho viser oss

Eg forstår ikkje alt rett som det er må eg slå opp i den fransk-norske ordboka for Thérèse har eit rikt språk som ho velviljug delar med oss souvenirbutikken i Les Buissonnets seks euro og vel verdt det ein kort tekst for alle årets dagar regnfulle haustmorgonar sludd og vinterkalde kveldar klare vårdagar med fuglesong varm og blømande sommartid vi finn ikkje alltid spora som viser den vesle vegen men Thérèse gjev oss små teikn om bodskapen utover tid og rom Takk du som lova å spre roser og som held alle lovnadar. Du for alltid trufaste.




søndag 1. juli 2018

Den indre borgen

" Vi kan betrakte sjelen som en borg helt og holdent av diamant eller meget klart krystall; inne i den er det mange rom, likesom det i himmelen er mange boliger."

Slik innleiar Teresa av Avila  første kapittel i " Den indre borgen" som ho skreiv i 1577 fem år før ho døydde. Boka vart utgjeve  første gong i 1588, og så i år 441  år etter at ho vart skreve kjem boka i norsk omsetjing ved Olaug Berdal, utgjeve på Efrem forlag. Tidlegare har sjøvbiografien "Boken om mitt liv" vorte omsett til norsk.  Begge bøkene  er sentrale  verk i kristen mystikk.

Teresa av Avila (1515 - 1582) er den store reformator og klostergrunnleggjar i Karmelittordenen, og vegleiar i indre bøn såvel for dei nonnene ho hadde ansvar for på 1500 talet som for dei som også i dag søkjer den indre bønas veg.
"Din indre borgen" vart skreve på få månadar i eit for Teresa svært vanskeleg år, ho var nyleg blitt forhøyrt av inkvisisjonen, ho vart motarbeidd av  ordensgeneralen og Johannes av Korset  hennar medreformator og nære samarbeidspartnar, var  teke til fange og plassert i eincelle anklaga for å vera opprørar av sine motstandarar i ordenen. Ho nevner ikkje noko av dette i boka, Teresa konsentrerar seg om den indre vegen ho har gått. Det var usikkert om "Boken om mitt liv" var gått tapt og Teresas skriftefar påla henne å skriva ein sjølvbiografi på nytt. Resultatet blei dette mesterverket i andelege vegleiing. Boka er skreve til nonnene i ordnenen og er prega av ein uformell og munnleg stil, ho skriv slik ho talar. Dette er heller ikkje ein telogisk sytematisk innføring i temaet, her er fullt med sidesprang og gjentakingar og den raude tråden går på kryss og tvers, men det raude tråden er der heile tida.

Teresa nyttar eit rikt biletspråk både frå naturen og dagleg livet i skriftene sine.Her er sommarfuglar og silkeormar, vinmarker og kjelder, kanskje mest kjent er hennar bileta av indre bøn som ulike måtar å vatna ein hage på .  I "Den indre borgen" er det sjela som ei borg med mange  rom eller bustadar som er den sentrale symbolikken. Vi går innover  frå rom til rom  til ein kjem til den sjuande og siste bustaden. "Vi må ikke betrakte sjelen som noe bortgjemt og begrenset, men som en indre verden hvor det er plass til alle disse herlige boliger som dere har sett, Og det er riktig at det er slik, ettersom det inne i sjelen finnes en bolig for Gud selv."  Vi blir ført gradvis innover, det er ei andeleg reise Gud leiar oss på. Kva skal til for å gå denne vegen?  "O ydmykhet, ydmykhet ! "  skriv Teresa (3.6), framfor alt å bøya seg audmjukt for Guds vilje. Og litt seinare i same kapittel gjentek ho: "Om vi ennå ikke er kommet  dit hen, gjentar jeg: ydmykhet ! Det er selve salven på våre sår. For om vi er sant ydmyke, vil kirurgen - som er Gud - komme og gjøre oss friske, selv om han kan la vente på seg."

Kva sit ein igjen med etter å ha lese heile "Den indre borgen" ?  Den raude tråden går som sagt litt på kryss og tvers men her er så mange gullkorn at ein stadig må fram med blyanten og streka under.  Mykje å ta fram igjen og meditera over. Kanskje er det likevel total inntrykket som er viktigaste, Teresa er så positiv, det nyttar, Gud er alltid viljug til å koma oss i møte.

Teresa var ikkje ein verdsfjern mystikar, tvert imot var ho praktisk og handlekraftig. Det uttrykkjer ho og klart  når ho under den sjuande bustaden skriv: " Tro meg, Marta og Maria må stå sammen når de skal ta imot Herren som sin gjest og beholde han hos seg."  Når ein tekjer på alle klostera ho grunnla tildels med stor mostand er ikkje dette så rart!

Bøna må heller ikkje bli ei tvangstrøye som ein ikkje kan vika av frå når det trengst, Teresa gjer klar beskjed om prioritering stilt overfor andres nød: "Nei, søstre, nei Herren krever gjerninger. Ser du en som er syk og som du kan gi en viss lindring, da skal du glemme hele andakten og vise at du lider med den syke."   Bøn fører til handling og handling inspirerar til å halda fram på den indre vegen !