søndag 31. juli 2016

Et bål på tundraen

"Et bål på tundraen " Arnold Eidslotts dikt i utvalg utgjeve på Gyldendal forlag i samband med at forfattaren nyleg fylte 90 år. Forord  ved Jan inge Sørbø og etterord av Arnold Eidslotts son og barnebarn, Guttorm og Eivind Eidslott.
"Et bål på tundraen" er eit av Eidslotts mest kjente dikt som  handlar om det å bli inspirert og skrive lyrikk, eg  har tidlegare har skreve om  det på denne bloggen. Boka innheld eit lite utvalg av Eidslotts store lyriske produksjon, og forlaget burde  kanskje snart gje ut hans samla dikt ! Men ein skal ikkje sjå bort frå at det enno kjem  diktsamlingar frå den aldrande men enno oppegåande og skriveføre poeten ?

Krig og store slag i eit eksistensielt perspektiv er eit hyppig tema hos Eidslott. Eg held på å lesa den danske historikaren Nils Arne Sørensen framifrå  bok om Den første verdskrigen "Den store krigen", og det er difor naturleg å sitera diktet "Alte Kameraden":

"Disse glatte panner
unge menn som alle tror
at døden bare tar de andre

Disse ennå ikke fedre
hvor mange sønner vil bli borte
når slaget ryker under horisontene

De ufødtes portretter lyser
i tusmørket når hæren rykker frem
mot døpefonten hvor hodene skal knuses"

Døden, den store uløyselege gåta skildrar Eidslott i mange dikt, eit av dei finaste er "Det gamle gravstedet". Hans grunnfesta gudstru kjem ikkje så klårt fram her, men  desto sterkare undringa og spørsmåla vi ikkje får svar på i dette livet!

" En  jernplate
Oline Olavsdatter
død anno Domini 1807

Hvor er du
Seilende i galaksene
eller i det bleke gresset

Er du moseteppet
Eller denne bekken
Dette gråtende barnet

Falken den høye
eller sirklende svale
Syrinen eller denne rosen

Rød eller hvit
En ånd i de syv hav
eller en strofe i himmelen

Stoff eller ånd
Min Gud hvem er vi
Hva er vi min Gud du tause"


                                                     
                                                            Eidsborg stavkyrkje

lørdag 30. juli 2016

Verdens største trosfest

Dagens hovudoppslag i Vårt Land over heile framsida og med seks sider reportasje inne i avisa er  Verdsungdomsdagane i Krakow i Polen. Dette var svært prisverdig då  dette  kjempestore arrangementet  ellers  får lite fokus i norske media. World Youth Day samlar 300-400.000 katolske ungdomar frå heile verda til ei veke med religiøse og kulturelle aktivitetar. Pave Frans deltek naturlegvis og ein reknar med at 1,5 millionar katolikkar vil delta på den avsluttande messa i morgon.
World Youth Day vart første gong arrangert i 1986 etter initativ frå pave Johannes Paul II, og har seinare vorte arrangerte kvar 2-3. år.
Mange ungommar kjem igjen gong etter gong, dette er stort for mange, særleg opplevinga av å vera ein del av eit verdensvidt trusfellesskap. "Troen blir sterkere når man skjønner at man er en del av et stort fellesskap " uttaler Pål Bratbak som er med som prest for dei norske ungdommane, til Vårt Land.



Julian av Norwich: Alt skal bli godt

" På grunn av Herrens ømme kjærlighet til alle dem som skal bli frelst, er han rask til å trøste dem og si:" Grunnen til all denne smerte er synd. Men alt skal bli godt, alt skal bli godt, alt av alle slag skal bli godt." Disse ordene ble sagt så vennlig og uten snev av bebreidelse mot meg eller noen annen som skal bli frelst. Hvor urettferdig ville det ikke være av meg å bebreide Gud at han tillater min synd så lenge han ikke bebreider meg for å falle i den. 

I disse ordene så jeg Guds dype og høye mysterium som han vil vise oss i himmelen. Da skal vi forstå hvorfor han tillot synd. Og når vi vet dette, skal vi ha en uendelig glede i Gud.


Helgenene i himmelen vender viljen bort fra alt annet enn det Gud vil de skal kjenne til....

Og det skulle også være vår vilje,."

Dette korte utdraget frå Julian av Norwich "Revelations of Divine Love" er eit av det meste kjente og hyppigaste siterte av det ho skreiv. Det er karakteristisk for hennar grenselause tillit til Guds kjærleik og nåde. Alt skal ein gong bli godt !
Kven var denne Julian som i dag vert rekna som den første kvinna som skreiv eit verk på det engelske språket ? Lite er kjent om hennar liv utover det ho sjølv skreiv. Ho budde heile livet i Norwich, sannsynlegvis var ho fødd i 1342 og døydde i 1416. Den sentrale hendinga i livet hennar fann stad 8. mai 1373, Julian var då alvorleg sjuk og ein rekna med at ho ikkje kom til å overleva, Ved daggry vart ein prest tilkalla for å gje henne  sakramenta, Då han heldt opp eit krusifiks ffor augo hennar opplevde Julian seksten openberringar der Gud tala direkte til henne. Ho  kom seg av sjukdomen og levde til ho vart ei gammal kvinne. Julian skreiv kort tid etter ein kort versjon av dei seksten openberringane, tjue år seinare forfatta ho ein lengre og meir teologisk utfyllande versjon som vi i dag kjenner som "Revelations of Divine Love" og som gjer at ho vert rekna som ein av Englands viktigaste mystikarar  og første kvinnelege forfattar !
Ein vert roleg og oppløfta av å lesa Julian sine ord. Teksten er prega ro, harmoni og ei kjensle av at vi er absolutt trygge i Guds omsorg. Karakteristisk nok nyttar ho kvinnelege metaforar: "Like sant som Gud er vår far er han vår mor" og seinare "Men vår sanne mor Jesus, som er bare kjærlighet, fører oss til glede og evig liv."  Sannsynlegvis skulle det gå seks hundre år før nokon  igjen uttrykte seg teologisk på denne måten?

Eit lite utvalg av Julian av Norwich sine tekstar kom på St. Olav forlag i 1986, omsett av Jan Erik Rekdal. Den fullstendige engelske teksten er mellom anna å få som Penguin classics.
 
"Han viste meg en liten ting på størrelse med en hasselnøtt i håndflaten min. Den var rund som en ball. Jeg betraktet den med mitt indre øye og tenkte: " Hva kan dette  være ?" Og svar  kom: " Det er alt som er skapt." Jeg undret meg over at den kunne bestå for det syntes som den kunne smuldre sammen til ingenting, så liten var den. Og svaret kom: " Den består og vil alltid bestå fordi Gud elsker den." Alt har sitt liv gjennom Guds kjærlighet."

fredag 29. juli 2016

Fader Jacques Hamel

Den franske presten Jacques Hamel vart drept av islamistiske terroristar medan han feira messa i kyrkja St. Etienne-du- Rouvray som ligg i ein forstad til Rouen. Det er ikkje første gong geistlege har vorte martyrar framom alteret, dei mest kjende er Thomas Becket i Canterbury og Oscar Romero i San Salvador.  Drapet sendte sjokkbølger  utover Frankrike som det siste året har vorte ramma av ei rekkje brutale islamistisk inspirerte terroraksjonar. Jacques Hamel var fødd i 1930 og prestevia i 1958, han kom til den noverande soknet i 2000, Sjølv om han vart pensjonist  i 2005 verka han framleis som vikar prest, Fader Hamel var ein svært godt likt prest, og han var og ein mann  som arbeidde for dialog med muslimar og forsvarte deira religiøse rettar, sånn sett var det ekstra tragisk at  akkurat han skulle rammast av islamistisk terror.

Kyrkjeleiarar og muslimske leiarar har dei siste åra lagt mykje arbeid i religionsdialog både på internasjonalt, nasjonalt og lokalt nivå. Ho oss har dette mellom anna blitt kanalisert gjennom Samarbeidsrådet for tro og livssyn med lokalavdelingar i form av Forum for tro og livssyn. Prestedrapet vil ikkje gjera dette arbeidet lettare, og det er nok og noko av hensikten frå islamistanes side, får dei framprovosert ein religionskonflikt har dei oppnådd det dei vil. Dialog er difor viktigare enn nokon gong, alternativet er ei aukande polarisering med meir vald, og i siste instans masedrap og etnisk rensing.
Men det er og eit anna aspekt ved dette som mellom anna skribenten Usman Rana peikar på i ein kronikk i Aftenposten: " Lenge har muslimer sagt: ekstremisme har ikke noe med islam å gjøre. Men det holder ikke i møte med mennesker som blant annet henter sin inspirasjon fra religiøse tekster. Man må argumentere på et dypere plan, og erkjenne at terrorister rettferdiggjør noe av det de gjør med teologi". Muslimske leiarar må ta dette på alvor og erkjenna at religionen har eit problematisk forhold både til  vald, demokrati og menneskerettar, Det er ein forutsetning for vidare dialog og  samarbeid i eit multireligiøst og multikulturelt Europa.


                               Må englene føre deg til Paradiset
                               må martyrene komme deg i møte.

Olsok 2016

"Og ikke slo han seg til ro med sin egen frelse, men ha forsøkte med stor iver å omvende til troen de folkeslag han ved Guds forsyn var blitt satt til å lede. Etter  den nye tingenes orden tok kongen på seg apostlenes verv, og høvdingen forkynte Kristi ords nåde overalt og for alle. De var ikke få den forkynnelsens nåde som var utgytt på hans lepper, førte fra å dyrke onde demoner til å anerkjenne og ære sin skaper".

Slik står det i erkebiskop Eystein Erlendssons "Den salige Olavs lidelse og mirakler". Olsok er minnedagen for Olavs død i slaget på Stiklestad. Det er ikkje den brutale vikingkongen vi minnest, for  kong Olav var eit barn av si tid, men martyren og kongen som innførte kristenretten og dermed la grunnlaget for det siviliserte samfunnet vi lever i idag. Det var ein dramatisk overgang frå eit ættestyrt samfunn til eit lovsstyrt samfunn. Under si styringstid frå 1015 til 1028 innførte Olav ei rekkje lover som seinare lovtekster kaller "kristenretten". Heidenske skikkar vart forbode, dei døde skulle  begravast i vigsla jord, søndagen skulle haldast heilag. Med det kanskje viktigaste var den oppvurderinga av dei svakaste i samfunnet dette representerte, trellehald vart forbode, det var ikkje lenger lov å setja nyfødte ut i skogen for å døy, kvinnene måtte gje sitt frviljuge "ja" i samband med giftarmål. Ekteskapet var eit sakrament ikkje berre ein avtale mellom to ætter. Sånn sett representerte dette i tråd med kristen praksis ei oppvurdering  av individets sjølvstendige verdi og livet som gudgjeve og sånn sett ukrenkeleg. Forandringane skjedde naturlegvis ikkje over natta, men St. Olavs liv og død la grunnlaget og førte fram til det samfunnet vi har i dag. Når vi i dag feirar minnet om helgenkongen er det viktig å ha dette perspektivet klårt ,og vera på vakt mot alt som trugar individets rettar, ikkje minst retten til leva fram til livet får ein naturlege avslutning.


                                                  Olsokspelet på Stiklestad 2013


mandag 18. juli 2016

Elie Wiesel in memoriam

Det er etter kvart ikkje mange igjen som opplevde holocaust, overlevde mot alle odds og var istand til å fortelja om det etterpå. Samuel Steinmann den siste av dei 32 norske jødane som overlevde dødsleirane,døydde i fjor. 2.juli i år døydde så han som vel internasjonalt var den mest kjende overlevande frå holocaust, nemleg Elie Wiesel. I heile etterkrigstida har han vore ein markert forkjempar for fred, forsoning og menneskeverd. Tilgje, ja, men aldri gløyma det forferdelege som skjedde for over sytti år sidan. For det motsatte av kjærleik er ikkje hat men likesæle!

Elie Wiesel var rumensk jøde, fødd i byen  Sighet i Transilvania i 1928. Lik så mange europeiske jødar vart han og hans familie deportert til nazistanes dødsleirar, Elie var berre 16 år då han opplevde at mor og søsken  vart sendt rett i gasskammeret. Elie og faren vart plassert i arbeidsleir, der han på mirakuløst vis overlevde, men faren døydde like før frigjeringa. Etter krigen kom han til Frankrike der han studerte litteratur og filosofi ved Sorbonne. I utgangspunktet var han innstilt på å teia om sine erfaringar frå dødsleirane, men forfattaren Francois Mauriac overtydde han om at hans kall var å skriva, og etterkvart kom romantrilogien "Natten", "Daggry" og "Dagen" men tema frå holocaust. Seinare har det kome ei rad bøker og artiklar frå Elie Wiesels hand. Etterkvart markerte han seg som ein uredd forkjempar for menneskeverd og forsoning, og han  var ein mann statsleiarar lytta til. Så seint som i 2009 var han i Buchenwald saman med Barack Obama og Angela Merkel. Han  fekk ei rad prisar og æresbevis, viktigast kanskje Nobelsfredspris i 1986. Elie Wiesel var aktiv i ei rekkje humanitære organisasjonar, og stifta sjølv "Elie Wiesel Foundation for Humanity".
Ein raud tråd i livet  hans var  å tilgje men aldri gløyma, og når han no er borte frå ei verd som er meir prega av hat og vald  enn på lenge, er det viktig at denne raude tråden ikkje vert broten. Vi må aldri gløyma Elie Wiesel og det han stod for!




lørdag 9. juli 2016

Å sovne

Kva er det med augneblinken ein  slappar av, gjev seg over og sovnar for natta ? Broder Wilfrid skriv om dette i "När natten faller på ":
"Ögonblicken före insomnandet er mycket dyrbara, och den som inte ger akt på dem fölorar mycket. Att somna in är att slappna av, att släppa taget om sig själv. Överlåtelse. Till vem ? För den som tror: till Gud. "I dina händer, Herre, befaller jag min ande." " Om sömnen börjar så", skriver Karl Rahner (1904-84) i en artikel, " altså om man inte som en oförnuftig varelse låter sig överväldigas av den fysiologiske mekanismen utan i en helt mänsklig akt, fritt och förtröstansfullt mottar den, då är ett sådant insomnande egentlig besläktat med bönens indre struktur, vilken ju också är att släppa taget om sig själv och förtro sin egen verklighet til Guds skickelse, mottagen som kärlek." Och samtidigt är ett sådant insomnande en daglig övning i att dö: också i döden överlämnar människan sig, men då definitivt."



                  Slik kan vi kan vi altså la det å gå inn i natta med tillit bli ein del av den indre böna.

søndag 3. juli 2016

Poetica:Syn

                    Syn


Bølge mot glattskura svaberg
ein drope salt sjø mot leppa mi
eit lys over det som eingong var
ospelauv skjelvande i solgangsbris
ei vindflage i håret
eit glimt av det som kjem oss i møte.