søndag 23. februar 2014

Agostino Steffanis Stabat Mater

Komponisten Agostino Steffani (1654 - 1728) var svært populær i si samtid, men vart seinare så godt som gløymt. Vi kjenner Bach, Handel, Vivaldi, Purcell kanskje og Caldara og Pergolesi, men kven har høyrt om Steffani ? Steffani var produktiv, totalt 18 operaer, mange kammermusikkverk, dessutan motettar og orgelverk. Og heilt til slutt eit Stabat Mater som han sjølv såg som sitt meisterverk, og han var nok og klar over at det var det siste han kom til å komponera. Berre ein månad etter at det var fullført døydde han 74 år gammal. Agostino Steffani var ein mann prega av Maria fromheit og det var difor ikkje så ulogisk at Stabat Mater sette punktum for eit langt komponist liv. Lik Vivaldi var Steffani geistleg, han vart prestevia i 1680, etter kvart  vart han utnemd til titulær biskop og apostolisk vikar i Nord-Tyskland.
Den italienske operastjerna Cecilia Bartoli har gjort mykje for å dra Steffanis musikk fram frå gløymsla, no sist med ei innspeling på Decca med Stabat Mater og seks kortare sakrale verk.
Dette er stor musikk og framifrå framføring( det må det bli med min favoritt Cecilia Bartoli)
Musikk til å blir from og oppløfta av !

Stabat Mater dolorosa                                     Standande i gråt og kvida
juxta crucem lacrimosa                                   Herrens mor ser Sonen lida
dum pendebat Filius                                        høgt på kross og skjemdartre.

-----------------

Quando Corpus morietur                                 Ja, når moldi av skal siga
Fac ut animae donetur                                     lat då sjæli upp få stiga
Paradisi gloria !                                               til ditt sæle Paradis !


Lenke til Steffanis Stabat Mater med Cecilia Bartoli og I Barocchisti Fasolis

http://www.youtube.com/watch?v=ArogHzpCvms

lørdag 22. februar 2014

Paulus i Tyrkia

"Skund deg og kom til meg så fort du kan. For Demas gjekk frå meg fordi han fekk denne verda kjær. Han har reist til Tessalonika. Kreskens har reist til Galatia, Titus til Dalmatia. Berre Lukas er hos meg. Ta med deg Markus når du kjem; han er til stor hjelp for meg i tenesta. Tykikos har eg sendt til Efesos. Når du kjem, så ta med deg kappa eg let vera att i Troas hos Karpas, og bøkene framfor alt pergamentrullane." ( 2.Tim 4.9-13)

Slik skriv Paulus mot slutten i andre brev til Timoteus. Brevet er truleg skreve i Roma, kanskje like før han vert henretta. I så fall er den siste setninga forvirrande. Er det slik at han her skriv om ei seinare vitjing i Tyrkia etter " det første " fangenskapet i Roma ? Og kvifor la han igjen kappa og bøkene sine i Troas ? Måtte han dra i all hast ?  I verset etter skriv han: " Koparsmeden Aleksander har gjort meg mykje vondt. Herren skal gje han att etter hans gjerningar. Pass deg for han, du og, for han har gått hardt imot forkynninga vår ." Eit nærliggande spørsmål er om det var denne Aleksander
som har angjeve Paulus og dermed ført til at han no sit i fangenskap i Roma og snart skal henrettas ?
Dette og mykje anna er det dominikanarpatar Aage Hauken tek opp i si siste bok "Paulus i Tyrkia" som kom ut på St. Olav forlag i fjor. Tidlegare har han skreve om Paulus i Hellas, men no tek han for seg apostelen sine misjonsreiser i det tyrkiske landskapet. Han reiser sjølv i Paulus fotefar og dette er dels ei reiseskilding dels ei utlegning av Apostelgjerningane og Paulus brev. Det gjer at bok er lettlest og spennande, mange nye opplysningar dukkar opp slik som det eg refererar i inneliinga ovanfor. Ofte blir det fleire spørsmål enn svar. Det er kanskje ikkje alltid like tilfredsstillande, men sjølv om vi ikkje veit alt i kvantitativ forstand (Paulus biografi), veit vi nok i kvalitativ forstand( meininga med livet hans).
Og som forfattaren skriv: " NT er også et dokument for de nysgjerrige og reiselystne, viser det seg, for de som liker å gå på oppdagelsesferd, de som elsker spørsmål mer enn svar." Interessa og reiselysta blir ikkje mindre etter å ha lese Aage Haukens bok.
Historia om Paulus overgår det meste og hans bidrag til at kristendomen fekk eit varig fotfeste i den gresk-romerske kulturen kan ikkje overvurderast.
I etterordet oppsummerar  pater Aage Hauken:                                                                                         "En verden i Gud var den tro han hadde mottatt fra sine forfedre - ikke en verden full av guder.
En menneskehet i Kristus var den tro han hadde mottatt av de første kristne - ikke et eksklusivt og utvalgt folk blant folkeslagene.
Disse to kombinert ble et praktisk misjonsprogram. Det førte ham middelhavsverdenen rundt og fortjente ham tittelen "hedningenes apostel".


onsdag 19. februar 2014

Pave Johannes Paul og Karmel


Pave Johannes Paul (1920-2005) vil saman med sin forgjengar pave Johannes XXIII bli helgenåra 27.april i år. Johannes Paul vil gå inn i historia som ein av dei store personlegdomar på slutten av 1900 talet uavhengig av om ein delar trua hans eller ikkje. Johannes Paul var ein karismatisk, klartenkt og visjonær leiar av Kyrkja som nådde ut til menneske over heile verda. Men han hadde og eit rikt indre liv, Johannes Paul var   framfor alt ein mann med ei djup forankring i Kyrkjas  kontemplative bønetradisjon generelt, og den karmelittiske tradisjonen spesielt.  Etter at han vart prestevia i 1946 ønskte han å tre inn i Karmelittordenen, men fekk avslag av sine overordna og vart sendt til Roma for vidare teologisk studiar. Det resulterte mellom anna i ei doktoravhandling om eit svært så karmelittisk tema, tittelen var ” Trosproblem i Den hellige Johannes av Korsets verker.” Johannes sitt omgrep ” sjelens mørke natt” var nok sentralt for Johannes Paul forstått som den ørkenvanding vi må gå igjennom for å ta i mot Kristus på eit djupare plan, men kanskje såg han her og ein parallell til dei mørke åra både hans heimland Polen og store delar av Europa måtte gå igjennom under nazismen og kommunismens ondskap ?

To andre av Karmels store helgenar  var og viktige for Johannes Paul, nemleg
Thérèse frå Lisieux (av Jesusbarnet) og jødiske Edith Stein. Lik mange andre i Kyrkja såg  Johannes Paul at Thérèse hadde forstått det sentrale i evangeliet og ho kom til å prega 1900 talet kanskje meir enn nokon annan helgen. Denne unike karmelittnonna som døydde bare 24 år gammal vart naturleg nok utropt til kyrkjelærar av pave Johannes Paul.

Heilt frå oppveksten i Wadowice i Polen hadde Johannes Paul eit nært forhold til  byens jødar, og han skreiv seinare om dette i ”Brev til ein jødisk venn”. Som pave gjorde han og mykje for å få be om tilgjeving og få til ei forsoning med jødedomen. Karmelittordenen har med sine røter frå Karmel berget og profeten Elias ein nærare tilknytning til jødisk tradisjon enn andre retningar, og kanskje er det ikkje tilfeldig at Johannes Paul her fann inspirasjon for sitt engasjement for jødane? Eit høgdepunkt vart nok  helgenkåringa av Edith Stein, jøde, filosof , karmelittnonne og Auschwitz-martyr. Eit naturleg neste steg var å utnevna henne til skytshelgen for Europa saman med to andre store kvinner, Katarina av Siena og svenske Birgitta av Vadstena.

I Edith Stein blir arven  frå Johannes av Korset knytt saman med den jødiske tradisjonen, samstundes som kvinnenes sentral plass i Kyrkja blir framheva.

Maria-vørdnaden har ein spesiell plass i karmelittiske spiritualitet, skapularet som alle karmelittar ber er eit ytre tegn på at ein lik helgenen Simon Stock har vigd seg til ”Vår frue av Karmelberget.” Johannes Paul  hadde kontakt med Karmel alt som barn og han fortalde følgjande på slutten av livet.” Eg ber enno skapularet akkurat slik eg tok i mot det av karmelittane ved ti års alder.”

Han må altså han fått med seg den karmelittiske andelege tradisjonen og spesielt Maria-vørdnaden alt frå barndomen. Som pave tok han valgspråket ”Totus Tuus” (Heilt din) som eit uttrykk for at han hadde vigd seg til Guds mor slik at ho kunne føra han inn i eit stadig djupare fellesskap med Kristus. Karmelitt og biskop Anders Arborelius skriv ein innsiktsfull artikkel om Johannes Paul og Karmel der han oppsummerar dette : ”Sedan sin barndom hadde han burit Karmels skapular som just vill uttrycka denna vår vigning til Maria, under vars beskydd vi ställer oss för att vi vid henne hand skal föras fram til Jesus och få del av hans frälsning och nåd.”

Pave Johannes Paul hadde nok mange andelege inspirasjonskjelder, men det er nok ikkje å ta for stekt i å hevda  at Karmels tradisjon i stor grad kom til å prega både hans ytre liv i verda men i enno større grad hans bøneliv. Anders Arborelius skriv at alle som møtte han vart slått av at han såg ut til å be heile tida. ”Be uavlateleg!”  oppfordrar Paulus i første brev til Tessalonikarane.

I ”En russisk pilegrims beretning” er dette bibelverset utgongspunktet for hovudpersons  pilegrimsreise,det store spørsmålet blir: korleis leva i bøna og be uavlateleg. Pave Johannes Paul såg ut til å ha funne svaret.

 


 Biskop Anders Arborelius  overrekkjer eit ikon til pave Johannes Paul i 2001.

 

 

søndag 9. februar 2014

Jordi Savall: musikk og historie

"Music allows you to travel anywhere. It is a time machine." seier den den spansk-katalanske musikaren, musikkvitaren og orkesterleiaren Jordi Savall i eit intervju i det siste nummeret av BBC Music.  Det har og vore den raude tråden i hans liv som musikar, å knyta saman musikk og historie, ulike epokar og kulturar. Musikk og historie er uløyseleg knytt saman. Kunstmusikk veks ut av musikken som  har levd i folkedjupet og blitt overført frå generasjon til generasjon.
Jordi Savall vart fødd i Igualada i Katalonia i 1941, han fekk si musikkutdanning i Barcelona og Basel. I 1974 skipa han orkesteret Hesperion XX(XXI) som etter kvart har vorte ein av dei leiande innan framføring av tidleg musikk i Europa. Seinare har han og leia orkesteret Le Concert des Nations som hovudsakleg framfører musikk frå barokken. Jordi Savall var gift med sopranen Montserrat Figueras og dei samarbeidde tett om ulike musikkprosjekt fram til ho døydde i 2011.Det var eit stort slag for Jordi Savall, i eit minneord skriv han vakkert:"I have had the great privilege of sharing 45 years of intense, fruitful life with Montserrat. She was friend, companion, lover, mother, muse, teacher and an exceptional source of wisdom throughout our life together." Ei trøyst må dette det vera at begge barna, Arianna og Ferran har gått i foreldras fotspor.

Eit av Jordi Savalls store prosjekt har vore å få fram til no ukjent musikk frå  historias djup og på den måten få oss til å forstå litt av tidlegare tiders store rikdom, og at vi byggjer på forfedrenes erfaring.
Jødisk (sefardisk) musikk frå den iberiske halvøya, keltisk muiskk, og sjølvsagt katalonsk musikk har vore nokre av Savalls prosjekt. I det siste har han og støtta og fått fram musikarar frå krigs og kriseområde, for ein del år tilbake var det Balkan, i dag er det Syria. I løpet av 2014 planlegg han konsertar med musikarar som har flykta frå krigen i Syria og fått med seg instrumenta sine, og no får spela saman med Savalls ensemble Hesperion XXI. Eit lite men viktig bidrag til fred og forsoning.

Eg lyttar til  Jordi Savalls "Jeanne d`Arc Batailles et Prisons" som kom i 2012. To CD med musikk frå Jeanne si tid og ei bok med tekstar og illustrasjonar. Nærare kjem ein ikkje byrjinga av 1400 talet med hundreårskrigen og denne tenåringsjenta som drog ut i krigen og leia den franske hæren mot engelskmennene. For så å bli klaga for hekseri og brent på bålet, men enda opp som Frankrikes nasjonal helgen. Savall let det bli levande for oss som ein "tidsmaskin".
                                         Jordi Savall og Montserrat Figueras i lukkelegare tider.

Konsertopptak med tidleg spansk musikk der Arianna Sarvall og norske Rolf Lislevand medverkar:

http://www.youtube.com/watch?v=rB2pOGaaHAY

fredag 7. februar 2014

Poetica:Orda


                   Orda

Orda skrumpar gradvis inn

setningane vert kortare og fattige

stadfestande her og no

berre her og no

framtida er ikkje lenger ein visjon

fortida oppløyst i fragment og fraser.

Om ord kunne investerast

og takast ut med renter etter mange år

då hadde du vore velståande i dag

du som hadde lest så mykje

og  hadde så mange og så kloke ord.

    Om orda som gradvis vart mindre etter inngongen til det tiande decenniet   
                                     
             
                       
 

Bruce Springsteen:High hopes

"Give me help, give me strength
Give a soul a night of fearless sleep
Give me love, give me Peace
Don`t you know these days you pay for everything
Got high hopes, got high hopes, I got high hopes,
got high hopes."

Slik avsluttar tittelsporet på Bruce Springsteens siste album "High Hopes" som kom i midten av januar. Håpefullt, for kanskje er det ikkje slik at "they`re gonna smother love, they`re gonna shoot your hopes" ?  Sjølv om mange av tekstane hans kan verka mørke og tragiske  trur eg absolutt det er dette  håpet han er ute etter å få fram for oss alle!
Dette er Bruce Springsteens attande album, i over ein mannsalder har han dominert rockemusikken og blitt enormt populær ikkje minst her i landet. "High Hopes" har fått litt varierande annmeldingar,
eg er ikkje samd i at dette er eit "kvileskjær", her er mykje å bli begeistra over. "High Hopes" er sett saman av coverlåtar, spor som ikkje kom med på tidlegare album og nye utgåver av tidlegare utgjeven musikk slik som "The Ghost of Tom Joad." Det betyr på ingen måte at det er andrehands låtar. Gitaristen Tom Morello har teke Steven van Zandts plass i bandet til Bruce Springsteen, den siste nemnde har blitt "kidnappa av nordmennene" og spelar som kjent mafiaboss i serien "Lilyhammer." Tom Morello er definitivt med på å løfta albumet.
Det er nok dei rolege balladane eg set mest pris på, ikkje minst den vakre "Dream Baby Dream" som avsluttar albumet, men og "Hunter of Invisible Game" med sine klare bibelske referansar.

" Now pray for youself that you may not fall
When the hour of deliverance comes on us all
When our hope and faith and courage and trust
Can rise or vanish like dust into dust
There`s Kingdom of love waiting to be reclaimed
I am the hunter of invisible game."




https://www.youtube.com/watch?v=U-3-Wri4HY8

mandag 3. februar 2014

Poetica:Vengjer


                          Vengjer

Sein ettermiddag i januar

eg stoppar opp i skumringstimen

gnir liv i stivfrosne fingrar

medan lufta fylles av drivande snøfnugg

og suset frå vinden i tretoppane

i furua bak meg ein stor orrfugl

vender seg mot lyden

for så å strekkja vengjene

nesten lydlaust glir han

lågt gjennom vinterskogen

når vinden løyer

er det som eit sus frå større vengjer

og så stille, heilt stille

som den heilage augneblinken

like etter at den siste kyrkjeklokka

tonar ut.


Meg eier ingen

Den svenske filmen "Meg eier ingen " som for tid går på norske kinoar er eit drama som grip tak i ein og ikkje let ein sitja att urørt. Regien er ved Kjell-Åke Andersson, hovudrolla som den alkoholiserte industriarbeidaren  Hasse med dattera Lisa er mesterleg spelt av Mikael Persbrandt.
"Meg eier ingen" er basert på forfattar og kulturredaktør Åsa Linderborgs sjølvbiografiske roman med same tittel som kom for eit par år sidan, og som fekk stor publisitet. Boka vart ein bestselgar både i Sverige og Norge, og forfattaren vart brått ein media kjendis. Rett nok hadde ho også tidlegare markert seg offentleg både som historikar med ei oppskrytt doktoravhandling om svensk sosialdemokratis historiefortolkning, og som forfattar og kulturredaktør i Aftonbladet. Men det var med denne djupt personeleg boka ho fekk sitt gjennombrot. Åsa var datter av industriarbeidar Leif B. Andersson og halvt russiske Tanja Linderborg som  har markert seg som politikar på venstresida. I 1972 då ho var fire år forlet mora familien, og Åsa vaks opp saman med faren fram til tenåra. Min barndom var absolutt annleis skriv ho i boka, faren hadde på ingen måte orden på dagleglivet, og hans aukande alkoholmisbruk gjorde det meir og meir komplisert for Åsa. I dag ville nok barnevernet grepe inn for lengst. Men dette er på ingen måte ein svart-kvitt historie, Åsa opplever og gjennom heile barndommen farens grenselause kjærleik og omsorg for henne. Når han blir funnen død åleine i leiligheten sin vel 60 år gammal opplever Åsa Linderborg at ho er uendeleg takksam og stolt over faren sin. "Jeg ønsket at jeg kunne fortalt han og hele verden hvor stolt jeg var over pappaen min. At jeg kom til å sakne han. Sakne han så forbannet."
I "Meg eier ingen" (Tittelen er henta frå eit GunnarEkeløf dikt: Meg eier ingen/Ikke engang jeg selv)
er det naturleg nok det nær og personlege som ber historien, men her er og eit anna og vidare perspektiv. Historikaren Åsa Lindeborg skildrar og ein tidsepoke med klår og analytisk observasjonsevne. Faren er industriarbeidar, proletar og har er stolt av det, men samstundes  hemma og kua. Den tradisjonelle industriarbeidaren er på veg ut, sosialdemokratiet som har vore berande i etterkrigstida er i krise, mange engasjerar seg på ytterste venstrefløy også Åsa og mora hennar. Dette er sånn sett også ei politisk bok og ikkje minst ei bok om ei "klassereise", frå arbeidarklasse oppveksten til den intelektuelle forfattaren og akademikaren i samfunnets øverst skikt.

Eg kjøpte boka på flyplassen i Stockholm for fire år sidan og las henne  i eit strekk på veg heim. Ofte blir ein skuffa over filmversjonen av ei bok ein set høgt, men sånn sett ikkje i dette tilfellet. Eg opplever at filmen får fram bodskapen og kjenslene i filmen sjølv om Åsa Linderborg ikkje var like fornøgd med film versjonen. Personane i film er og omforma frå Leif og Åsa til Hasse og Lisa.
Filmen sluttar og byrjar med Lisas doktordisputas, faren er ikkje innbydt men han har sendt ein konvolutt med 500 kroner og Lisas kallenavn "Tussigull" utanpå. Det blir veldig sterkt !
Åsa Linderborg set sjølv ord på dette når ho på siste side i boka lurer på korleis ho skal kunna forklara dette store spriket i livet  for sine to barn: " Hvordan skal jeg kunne forklare hvordan det føles å sovne ved siden av en utslitt kropp som lukter både svette, øl og ensomhet, i tillegg til en trassig drøm om solidaritet og rettferdighet."   
                                                                                                                                                                            Livet er aldri bare svart eller kvitt, det som utanpå kan synast trist og håplaust kan ha eit stort rom     med kjærleik og varme !



                                          Hasse og Lisa i første del av filmen.

søndag 2. februar 2014

Kyndelsmesse

Vi feirar i dag Kyndelsmesse til minne om at Jesu som barn vart framboren i tempelet.
Simeons lovsong blir kvar kveld nytta i dagens siste tidebøn, kompletorium som  til alle tider har blitt bedt i alle kloster før inngong til natta, den fredelegaste delen av døgnet.
Kyndelmesse er ein lysfest som vert feira 40 dagar etter jul og eigentleg er ikkje jula over før Kyndelsmesse!
Etter tradisjonen samla menigheten seg utanfor kyrkja med utente lys denne dagen, så gjekk dei inn i prosesjon, lysa vart velsigna og tent.

  25 I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon; han var ein rettvis og gudfryktig mann som venta på Israels trøyst. Den heilage ande var over han, 26 og Anden hadde late han få vita at han ikkje skulle sjå døden før han hadde sett han som Herren har salva. 27 No kom han opp til tempelet, driven av Anden. Og då foreldra kom med Jesusbarnet for å gjera med han som skikk og bruk var etter lova, 28 tok Simeon barnet i armane sine. Han lova Gud og sa:
Simeons lovsong
    29 «Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred,
          slik som du har lova.
      
   
30 For mine auge har sett di frelse,
      
   
31 som du har gjort i stand like for andletet på alle folk,
      
   
32 eit lys til openberring for heidningane
          og til ære for folket ditt, Israel.»
        
33 Far hans og mor hans undra seg over det som vart sagt om han.
34 Og Simeon velsigna dei og sa til Maria, mor hans: «Sjå, han er sett til fall og oppreising for mange i Israel og til eit teikn som blir motsagt 35 – ja, òg gjennom di eiga sjel skal det gå eit sverd. Slik skal dei tankane mange ber i hjartet, koma fram i dagen.»


                                           Utsnitt av ei tidebønebok frå 1400 talet.

Antifon til vesper: Den Hellige Ånd hadde latt Simeon vite at han ikke skulle dø før han hadde sett Herren