tirsdag 29. november 2016

Den gode røver

"Og han sa: Jesus kom meg i hug når du kjem i ditt rike!. Jesus svara: Sanneleg, eg seier deg: I dag skal du vera med meg i paradis." ( Luk 23, 42-43)

Eit sterkt uttrykk frå evangeliet om nåde og tilgjeving uansett kor stor syndar ein har vore. Av og til dukkar det opp historiar som vitnemål om dette også i vår tid. Trappistmunken bror Gregoire ( Jean Bernier 1917 - 2002) er eit døme på det, frå å ha levd eit liv som brutal kriminell snudde han heilt om og dei siste 45 år av livet sitt levde han som munk i trappistklosteret  L`Abbaye Sainte-Marie-du-desert eit stykke utanfor Toulouse. Lagnaden hans er blitt kjent gjennom  Robert Massons bok " C`etait un larron - Du banditisme a la Trappe", på norsk " Den gode røver - fra fengselsmunk til trappistmunk", eit vitnesbyrd utanom det vanlege. Dette kan ikkje bare vera menneske verk ?

Ein maidag i 1957 vert den  snart førtiårige Jean Bernier møtt på perrongen av  Dom Jean de la Croix, den unge abbeden i trappistklosteret Sainte-Marie-du-desert, han har bedt om å få bu hos brødrene ein periode etter at han har slept ut frå fengselet på Il de Re. Jean er i det kriminelle miljøet kjent som "Le Grand Jacques", ein tøff kriminell som til no i livet har sona femten år bak fengselsmurane. Han har rett nok aldri teke livet av nokon, forsynet har forskåna ha frå det. men ellers har han gjort det meste av det som bryt med lover og normer. Ingenting tyder på at dette skal gå bra, og fleire gonger er han iferd med å gje opp, men Jean har i fengselet høyrt ei indre stemme som ikkje slepp taket. Han har begynt å lesa i Bibelen og gått til messe og kommunion, det er ingen heilt uførebudd fange som kjem til klosteret. Men at han skal bli der til sin dødsdag 22.august 2002 er det nok ingen utan vår Herre som hadde kunna førestilla seg. Jean finn sin plass i klosteret, han arbeider, ber og deltek i liturgien, ein dag spør han abbeden om det er mulig at han kan bli munk, ja er svaret men det blir ikkje lett. Røvaren "Le Grand Jacques" blir gradvis den fromme trappistmunken  bror Gregoire, han gjev sine første løfter, han får tilbake sine borgarettar som han vart fradømt, og han avlegg til slutt sine løfter for resten av livet.

Som trappistmunk har han teke navnet Gregoire etter Gregor av Nazianz (330-390)ein  av dei såkalla kappadokiske fedre, og  han har nok blitt inspirert av denne store teologen, men det viser seg at det er frå eit anna hald han etterkvart hentar sin sterkaste inspirasjon, nemleg Karmels helgenar: Johannes av Korset og Therese av Lisieux ( av Jesusbarnet).Han er og ikkje uventa, prega av ein sterk vørnad for Jomfru Maria. Det er ikkje ulogisk at det er desse karmelittiske helgenar som bror Gregoire kjenner seg igjen i, og som han særleg mot slutten av livet fordjupar seg i. Når Johannes talar om "sjelens mørke natt" forstår  nok Gregoire dette reint intuitivt, han har sjølv gått igjennom den mørkaste natt i sin "fortid med djevelen", men som i "sjelens mørke natt" var kanskje Gud tilstades også i dette kriminelle mørket?  Mot slutten av livet ser han som Johannes at "Kjærligheten er nå min eneste øvelse"(Åndelig sang).
Når bror Gregoire blir eldre, sjuk og skrøpeleg kallar han Therese "kvinnen i sitt liv". I sitt tidlegare liv hadde han mange kvinner, men i sitt nye liv  ser han at berre Therese har formulert det som dei største syndarane kan trøsta seg til, Guds ufortjente nåde. Therese hadde ingenting å møta Gud med bortsett frå eit barns  grenselause tillit til sin far. "Le Grand Jacques" har bare ei mørk fortid å visa fram ellers absolutt ingenting.

"Hva tjener munkens liv til?"  -  "Ingenting", svarer broder Gregoire, "det tjener Gud". Munkene forlater ikke verden, de blir stående ved inngangsporten, viet til å prise Gud og til det broder  Christian fra Tibhrine (klosteret i Algerie der munkane vart drept av islamistar i 1996) kalte "det uovervinnelige håp."



 " Mitt aktive liv må, enten det er i klosteret eller utadrettet, hele tiden være en forlengelse av mitt bønneliv. Jeg er kristen på heltid. Jesus er hele tiden til stede i meg, han virker i meg, under alle forhold, både når jeg lovpriser han under kommunitetens fellesbønn, og når jeg tar meg av mitt materielle arbeid."


                                                     L`Abbaye Sainte-Marie-du-Desert

søndag 27. november 2016

Adventstida

Vi feirar første søndag i advent. Lik fastetida før påskefeiringa er adventstida ei tid for ettertanke og førebuing. Vi ventar Kristi komme, både den første og andre gongen. Advent av latin adventus som tyder komme. Dei første vitnesbyrd om feiring av advent finn vi på 300 talet, på 400 talet er det i Ravenna i Nord-Italia spor etter  ein liturgi for adventstida. Adventstida fekk tidleg ein bots og fastekarakter, i messa var den liturgiske fargen fiolett og Gloria satsen utgjekk.
Adventstida har teologisk eit dobbelt aspekt, den første tida har eit eskatologisk preg der ein ser fram mot at Kristus skal koma igjen, i den andre delen er fokus retta mot inkarnasjonen  Gud vart menneske fødd av Jomfru Maria i Betlehem. Det er også markert i liturgien i det tredje søndag i advent, Gaudete-søndag (av gaudere= glede seg) har rosa som liturgisk farge. ei blanding av den fiolette botsfargen og den kvite høgtidsfargen. Uttrykk for gleda finn vi i inngongsverset (introitus) for dagen henta frå  Fil 4, 4-5 (sjå under bilete).Vi gleder oss over det som skal koma. Dette dobbelte fokus gjev seg også uttrykk i tekstrekkja, i dag er det tekstar som skildrar Kristi komme på den ytste dag, neste søndag er det fokus på Johannes døyparen og fjerde søndag er det naturleg at Jesus mor Maria er i fokus.

                                       "Gaudete in Domino,semper: iterum dico, gaudete"
                   (Gled dykk i alltid i Herren ! Endå ein gong vil eg seia:Gled dykk!) Fil 4, 4-5

tirsdag 22. november 2016

Poetica: Josef tømmermannen

   

Josef Tømmermannen


Dagslyset kverv men du er enno ikkje ferdig
tilmålte bord ligg klar
alt skal skøytast saman
oppdragsmannen ventar men ikkje i tolmod.
Du ropar på guten og han kjem:
"Hineni  - her er eg!"
Det blafrande lyset stødig i barnehender
du bøyer deg over det krossforma boret
som glir gjennom glatt trevirke
der naglene kan skyvast på plass
og du minnest engelens ord:
"Ver ikkje redd for å ta henne heim til deg, Josef !"
Draum eller røyndom, aldri nølande
Du lydige.


(til Georges de la Tours måleri "Josef tømmermannen")



fredag 11. november 2016

Leonard Cohen in memoriam

Eg kjøpte akkurat Leonard Cohen siste CD " You want it darker". Det vart også det siste han fekk gjort, eit verdig punktum for ein fantastisk produksjon av musikk og lyrikk over 60 år. I natt gjekk den 82 årige artisten ut av tida og inn i det store ukjente. Men vi kan heldigvis gleda oss lenge over det han har skreve og komponert.
Leonard Cohens tematikk spenner over det meste, men det er dei store spørsmåla i tilværet som stadig dukkar opp i tekstane hans: meininga med livet, døden, kjærleiken  og hat,erotikk og einsemd, mørke og lys, von og miskunn, tru og tvil. Han gjev aldri eintydige svar, her er alltid fleire spørsmål enn svar slik det ofte er i jødisk tradisjon. Hans jødiske bakgrunn kjem også klart fram i dei mange referansane til bibelske sitat og metaforar. "You want it darker" er eit klart døme på dette. Uttrykket "Hineni" er hebraisk for "Her er eg". I 1. Samuelsbok 3., Herren ropar på Samuel om natta, han trur det er Eli som ropar på han han og spring inn til Eli med svaret "Hineni!". "I am ready my lord" seier Leonard Cohen, i dag verkar det som eit nærast profetisk utsagn.

"You Want It Darker"

If you are the dealer, I'm out of the game
If you are the healer, it means I'm broken and lame
If thine is the glory then mine must be the shame
You want it darker
We kill the flame

Magnified, sanctified, be thy holy name
Vilified, crucified, in the human frame
A million candles burning for the help that never came
You want it darker

Hineni, hineni
I'm ready, my lord

There's a lover in the story
But the story's still the same
There's a lullaby for suffering
And a paradox to blame
But it's written in the scriptures
And it's not some idle claim
You want it darker
We kill the flame

They're lining up the prisoners
And the guards are taking aim
I struggled with some demons
They were middle class and tame
I didn't know I had permission to murder and to maim
You want it darker

Hineni, hineni
I'm ready, my lord

Magnified, sanctified, be thy holy name
Vilified, crucified, in the human frame
A million candles burning for the love that never came
You want it darker
We kill the flame

If you are the dealer, let me out of the game
If you are the healer, I'm broken and lame
If thine is the glory, mine must be the shame
You want it darker

Hineni, hineni
Hineni, hineni
I'm ready, my lord

Hineni
Hineni, hineni
Hineni







torsdag 10. november 2016

Ditt nærvær er min glede

"Ditt nærvær er min glede" med undertetittelen "Elisabeth av Dijons liv og budskap" av Koen de Mester kom på norsk på Efrem forlag for eit par år sidan. Det er ein kort biografi om denne  fascinerande kvinna som hadde ein bodskap som godt kan oppsummerast i tittelen på boka. Siste delen av boka har tittelen "Å tilbe Den Treenige Gud. Retrett med Elisabeth av Treenigheten" av den svenske biskopen Anders Arborelius som lik Elisabeth høyrer til karmelittordenen. Mitt eksemplar er signert av biskop Anders: "In Laudem Gloriae. I bønens enhet! 27.11.2010. Anders Arborelius ocd."
Vi feira akkurat minnedagen for Elisabeth 8. november og i år er ho særleg aktuell i det Kyrkja 16. oktober offisielt gav henne ein plass mellom dei heilage. 32 år etter at ho vart erklært salig av pave Johannes Pauls vart ho erklært som heilag av pave Frans. Vi er så takksame for at vi også i år fekk ein ny helgen i Karmel !
Elisabeth av Dijon (fødd Catez), også kjent med klosternavnet sitt Elisabeth av Treenigheten (Elisabeth de la Trinite Dijon) vart fødd 18.juli 1880 i ein fransk offiserfamilie, Faren døydde tidleg og ho vaks opp saman med mora og den tre år yngre søstera Marguerite. Elisabeth hadde eit stort musikalsk talent, og mora såg for seg ein karriere som konsertpianist for henne. Særleg glad var ho i Chopin og Schumann.
Alt tidleg i tenåra kjente Elisabeth eit kall til klosterlivet, men lydig mot mora venta ho til fylte 21 år.
I 1901 slutta ho seg til Karmel i Dijon og i 1903 kunne ho avlegga sine første løfter. Elisabeth fekk ikkje mange år i Karmel, 9. november 1906 døydde ho av binyresvikt, Addisons sjukdom som ein på den tida ikkje hadde behandling for.
Elisabeth etterlet seg ikkje mykje skrifteleg, kanskje er det livet ho levde som er hennar viktigaste bodskap?
Biskop Anders oppsummerar det slik: " Elisabeth ønsker å hjelpe oss på reisen innover. Men husk, reisen innover skjer her og nå, - ikke i et vakuum. Det finnes alltid en risiko for at vi splitter det ytre fra det indre. Elisabeth er veldig konkret og praktisk. Hun vil hjelpe oss til å se at vår livsreise, vår frelseshistorie er et konstant møte med den Gud som har vært med fra første stund. Treenigheten som lever i oss. Det er hennes gave og hennes budskap til oss alle, at vi har denne indre himmel i oss alllerede nå. Midt i det vanlige livet vi lever,  kan vi forsøke å bli værende i kontinuerlig tilbedelse og lovsang."


Allehelgensdag 1906 har ho få dagar igjen å leva, ho mottek komunionen for siste gong. Til sin medsøstre seier ho følgjande: " Alt forgår! Ved dette livets aften er det bare kjærligheten alene som forblir. Vi må gjøre alt av kjærlighet. Vi må hele tiden glemme oss selv. Vår Herre vil så gjerne at vi glemmer oss selv... Å, om jeg bare alltid hadde gjort det!...."



mandag 7. november 2016

Jag dör inte, jag träder in i livet

Boka med tittelen "Jag dör inte, jag träder in i livet"  av karmelittmunk Wilfrid Stinissen kom ut i 2001. Her tek han opp dei store spørsmåla i livet og døden. "Vad är det som händer när vi dör ? Vad är det som skrämmer oss så med döden ? Finns det något sätt att leva i vänskap med döden utan at sluta älska livet ? "
Tittelen på boka er henta frå Therese av Lisieux sitt kjende utsagn då ho  var stilt overfor døden 24 år gammal. Ho var ramma av tuberkulose og gjennomgjekk store kroppslege lidingar, men vel så ille var det andelege mørkre ho opplevde desse siste månadane av livet sitt. "Han tillot at min sjel ble invadert av det tetteste mørket, og at tanken på himmelen, som for meg var så vidunderlig, nå kun ble gjenstand for kamp og kvaler..."
Therese har sitt perspektiv retta mot det hinsidige, men ho er også eit barn av si tid, det sekulære og rasjonelle 1800 talet. Sånn sett fryktar ho at døden bare er inngongen til eit evig mørkre, det er ikkje noko bak dødens forheng, bare natt og tomhet. " Du drømmer om lyset, om et land fylt av salige følelser, du drømmer om evig å få eie Skaperen av alle disse underverk. Du tror at du en dag skal få slippe bort fra tåken som omgir deg! Bare fortsett, bare fortsett, bare gled deg du, til det som døden vil bringe deg, ikke det du håper på, men en enda mørkere natt, intethetens natt!"
Tidlegare tiders menneske ville ikkje ha tenkt uttrykt seg slik, at det var noko bak døden var så sjølvsagt at til dømes middelalder-menneska aldri stilte spørsmål ved dette. Det dei eventuelt frykta var fortapinga, det å ikkje verta ein del av den flokken som til sist fekk sleppa inn i himmelen. I dei sekulære vestlege samfunna er det fleire og fleire som ikkje reknar med noko  liv etter døden, vi har dette livet og det er alt. Samstundes skjer det som br.Wilfrid karakteriserar som ei fortrenging og banalisering av dødens realitet. På spørsmålet om dei fryktar døden svarar mange at dei ikkje fryktar døden i seg sjølv, men dei kroppslege og psykiske smertene som kan koma i tida før døden. Eg trur kanskje dei ikkje er heilt ærlege når dei svarar slik ? Døden er det store ukjente som ingen av oss veit noko om, er det ikkje naturleg å vera redd for  det ukjente som vi aldri vender tilbake frå? Også Jesus var fylt av angst stilt overfor døden, "Han vart gripen av angst og gru." ( Mark. 14:33) Kanskje eit av dei klaraste uttrykka for at han også var sant menneske med same frykt og uro for det ukjente som oss.
Br.Wilfrid siterar Dostsojevskij i "Brødrene Karamazov" der ei kvinne oppsøkjer staretsen Zosima og uttrykkjer sin angst og uro for døden. Eg døyr og så er det brått ingenting. Kva skal eg gjera for å få mi tru tilbake spør ho den vise staretsen. Han svarar henne at det kan ho bare få gjennom å utøva aktiv kjærleik overfor sine medmenneske.  Bare kjærleiken kan overtyda oss om at sjela er udødeleg. "Å elska noko er å seia: du kjem aldri til å døy" seier filosofen Gabriel Marcel. Kjærleiken har alltid ein evighetsdimensjon, kjærleiken er ikkje innelåst i tida men strekker seg ut der tida ikkje er. Dette kan vi sjølvsagt ikkje sjå isolert frå den absolutte største kjærleiksgjerininga, å døy for andre slik Kristus gjorde for oss alle på Golgata. For kjærleiken er før tida og over døden, Therese tapte aldri dette perspektivet sjølv i det djupaste sjelelege mørkret. "Med evig kjærleik har eg elska deg, jomfru Israel" (Jer 31:3).
Alle døyr einsame blir det sagt! Det kan nok vera sant i mange tilfelle, ikkje minst i vår tid. Vi høyrer om folk som døyr på sjukehus og sjukeheimar utan at det er nokon der i den siste stunda, og vi høyrer om menneske  som ligg døde i bustaden sin i lang tid utan at nokon merkar det. Tidlegare tiders død skal vi vera forsiktig med å romantisera, det var mykje angst og liding knytta til dødsleia i førmoderne tid.Men akkurat på dette punktet var dei nok  flinkare enn oss, nesten alle døydde heime omgjevne av sine næraste, dei var ikkje åleine langt borte fra det kjære og kjente. Når døden nærma seg kom presten, ikkje nødvendigvis med trøstande ord men med det som trøstar og styrkjar meir enn ord: sakramenta ! Skriftemålet, sjukesalvinga og Viaticum, vandringsbrødet, det einaste måltidet som held utover både liv og død. Til sist bønene, i Ave Maria heiter det " Be for oss syndarar no og i vår dødsstund". Det heiter ikkje "Be for meg syndar", det er ein viktig skilnad!






tirsdag 1. november 2016

Messe i Qaraqosh

Den irakiske byen Qaraqosh ligg ca 3 mil frå storbyen Mosul. Byen hadde før krigen 50.000 innbyggjarar, dei fleste kristne. Då IS inntok byen for omlag to år siden fekk dei kristne tre valg: å betala eit stort beløp i skatt til IS, omvenda seg til islam eller bli drept ved sverdet. Så godt som alle flykta til dei nærliggjande kurdiske områda. Nyleg klarte dei irakiske regjeringsstyrkane å driva islamistane ut av byen, dermed kunne prestar frå den syrisk-katolske kyrkja igjen ta seg inn til sine gudshus i byen. Det var eit sørgeleg syn som møtte dei, islamistane hadde systematisk øydelagt alt som kunne minna om kristen gudsdyrking. Likevel  kunne fire prestar sist søndag feira messe i den raserte og brannskada katedralen i Qaraqosh. Det var ei viktig hending med stor symbolverdi for dei kristne innbyggjarane. Men framtida er usikker, mykje er øydelagt og det er usikkert om det nokon gong blir trygt å venda tilbake. Meir enn nokon gong treng dei kristne i Irak både materiell støtte og forbøn !

                             
                                 Feiring av messe i den brannherja katedralen i Qaraqosh


                                Ein irakisk soldat tenner lys og ber.