torsdag 20. august 2026

August

 Alt godt over midten av august, slutt på ferie for dei fleste, og eit nytt skuleår for borna. Sol og finver hos oss på Sørlandet om enn ikkje i vest og nord. Fleire poetar har skildra august, denne overgangen med mørkare kveldar og eit streif av vemod over at den korte sommaren er over. Ein analogi til livet vår,barndom, ungdom, vaksen og brått eldre om ikkje gammal. Poeten Einar Skjæraasen skildrar august som det mjukaste han kjenner,mjukt som sorg og kjærleik:

AUGUST

August er det mykeste myke jeg kjenner,
denne skjelvende streng mellom sommer og høst,
denne dugg av avskjed i mine hender.

Dette hemmelige milde inn over jorden,
denne lyende stilhet:
Tal Herre, tal!
dette lyset som hviler
på modningens høyde,
dveler
og synker mot visningens dal.

Disse kvelder da trær
er som skygger i skyggen.
Denne etterårsfred over sted og forstand.
Jeg har drømt at jeg seilte mot evigheten,
og en kveld i august var den første
besynderlig duse kjenning av land.

Jeg vet midt i alt det jeg ikke vet:
August er det mykeste myke jeg kjenner,
myk som sorg og som kjærlighet.


Poeten Eldrid Lunden opplever at sommaren blir lys og slitt på begge sider:

Milde mørke seinsommarnetter, det er varmt

nok nå, og mørkt, sirissar og eit

kjølig drag om leggene


Ein vegg av varme, der ute over sjøen,ein

stad i det sommaren er i ferd med å bli

lys og slitt på begge sider






mandag 17. august 2026

Knudaheio

 Eg har hatt fokus på forfattaren Arne Garborg ei stund, og det var naturleg å vitja hytta hans på Knudaheio og Garborgheimen der han vaks opp, men  ikkje var lukkeleg. Garborg budde på Austlandet, men vitja Jæren fleire gonger på 1890talet, og då han skreiv Haugtussa i 1895 byrja han å sjå seg om etter ei tomt, og i 1898 kjøpte han tomta der hytta stod ferdig i 1899. Hytta var spartansk, men han følte likevel at ho vart for stor og dyr. Seinare skreiv han: « Det er ikkje mykje eg er so nøgd med i verda som fjellstova mi.» Her kunne han sitja å sjå utover Jærlandskapet og henta glede og inspirasjon kvar sommar fram til 1924, året før han døydde.Kanskje kunne han og skimta barndomsheimen  som no og er museum.Kona Hulda var med nokre gonger, men ho skal ha følt det var for primitivt å overnatta her. Garborg vart kremert etter ei storslått offisiell gravferd.Den kyrkjelege gravferda var nok ikkje etter Huldas ønskje. Ho sytte for at han seinare vart hauglagt på Knudaheio, og ho fann sjølv sin kvilestad her ti år seinare. 

« Til deg ,du hei og bleike myr

med bukkeblad,

der hegre stig og heilo flyr

eg gjev mitt kvad.»

Vi går den korte vegen frå parkeringsplassen opp til Garborgs hytte, og får ei utbytterik orientering av den unge guiden. Før det har  vi og sett Steinansiktet « All denne fagre utsyn » av Hugo Wathne.Eit fint høgdepunkt i mi fordjupning i denne store forfattaren.












lørdag 15. august 2026

Maria opptagelse i Himmelen

 

Marias opptagelse i Himmelen

15. august feirer vi minnet om Jomfru Marias opptagelse i Himmelen. Det er en viktig høgtidsdag i det liturgiske året, og i mange katolske land også en offentlig fridag. Kirken lærer at Jesu Mor Maria ble tatt opp i Himmelen med både kropp og sjel, dvs. med hele sin personlighet, hele sitt vesen. Ingenting er gått tapt, hele hennes vesen er blitt forflyttet til Himmelen. Dette er ikke en skjebne som bare angår Maria, som hele menneskehetens mor viser hun hva vi alle kan håpe på. Troen på Marias opptagelse skriver seg fra Kirkens først tid, men ble først fastslått som dogme i1950 av pave Pius 12. Så godt som hele Kirkens bispekollegium støttet opp om dette. Dette dogme henger nøye sammen med de øvrige dogmene, Maria som Gudføderske og Marias ubesmittede unnfangelse. Hun er Kirkens Mor, vår forbederske og støtte, som alltid viser til Sønnen slik hun gjorde i bryllupet i Kana.

Hellige Maria be for våre prester og vår menighet!




onsdag 5. august 2026

Santa Maria Maggiore

 I dag feirer vi vigslingsfesten for basilikaen Santa Maria Maggiore. Basilikaen skal ha blitt vigsla av pave Liberius 5. august 366. Iflg. tradisjonen skal Jomfru Maria ha vist seg på Esquilin høgda i Roma  eit par år før. Hennar bodskap var at det skulle byggast ei kyrkje til hennar ære ein stad der det hadde falt snø. Basilikaen blir difor også kalla Maria av snøen (Santa Maria ad Nives). Det blir kvart år markert ved  at det blir slept ned kvite roseblad over hovudalteret.Ved sida av Roma blir denne festen særskilt markert i La Palma på Mallorca. Santa Maria Maggiore er ein av Romas fire hovudkyrkjer , dei andre er  Lateranbasilikaen, St. Peterskyrkja og St. Paulus utanfor murane. 26. april i fjor vart pave Frans gravlagt i Santa Maria Maggiore etter eige ønskje.


Pave Leo i bøn ved pave Frans grav i Santa Maria Maggiore

Foto:EWTN