søndag 7. april 2013

Poetica:Nær ved no


             

                    Nær ved no

Marssola skal til å krypa bak åsen i vest

når eg stoppar ved eit gammalt vindskeivt furutre

tek av skia og let handa stryka over solvermd bork

snart skal nattekulden brenna i kinna

og fullmånen lysa veg attende

nær ved no, nær ved skiljet mellom dag og natt

lys og mørkre, tid og æve

men likevel berre ved byrjinga til meg sjølv.

 

 


 

 

1 kommentar:

  1. Eit nydeleg dikt.

    ..ved byrjinga til meg sjølv.

    mvh Marie

    SvarSlett