søndag 16. juli 2023

Vår Frue av Karmelberget

 I dag 16 juli feirar vi minnedagen for Jomfru Maria av Karmelberget eller Vår Frue av Karmelberget som dagen og vert kalla. Opphavet til dagen må vi gå tilbake til 1251 for å finna. 16. juli det året skal Den heilage Simon Stock ha hatt ein visjon av Jomfru Maria der ho gav han eit brunt skapular. Skapularet ( scapula - skulder) er eit langt skulderstykke som blir bore som ein del av den karmelittiske ordensdrakta. Simon Stock grunnla eit brorskap som seinare utvikla seg til den karmelittiske tredje orden, i dag kjent som det sekular- karmelittiske fellesskapet. Sekular- karmelittane ber eit enklare form for skapular, to små tøylappar med bilete bunde saman med ei snor. Det blir vanlegvis bore under dei vanlege kleda. Skapularet er ei påminning om at vi i dåpen er blitt ikledd Kristus og er blitt frelst,  men det er og eit vitnesbyrd om at Karmels orden på ein særskilt måte står under Jomfru Marias vern.


Skapularet på bilete frå ei Karmelitt kloster ved Karmelberget. Gåve frå ein ven.


lørdag 15. juli 2023

Minne om St.Thérèse i Nice.

Pendant un vacance dans Nice j’ai trouvé cet inscription à mémoire de Sainte Thérèse!

Avec son père et sa soeur Cèline elle a participé un pilegrimage à Rome.

A leur retour ils ont passé un nuit dans Hôtel Beau Rivage de Nice. Avec le train ils ont parti de Gênes et arrive à Nice 18 heures le meme jour. Le jour prochain a 7 heures de matin ils ont continué le voyage vers Marseille, Lyon et Paris.le 2 décembre  finalement retour a Lisieux et leur maison Le Buissonnets.

Thérèse n’ai pas écrit quelque chose sur Nice ou Marseille, mai le nature a sans doute faites un grand impression sur cet future sainte!

« Ah!quelle poésie remplissait mon ame  à la vue de toutes ces choses que je regardais pour la première et la dernière fois de ma vie!… »


(Innlegg på facebook gruppe om St.Thérèse)



Plakett på eit hotell i Nice til minne om at Thérèse, faren Louise og søstera Cèline overnatta her på veg heim etter pilegrimsreisa til Roma.Dei kom her om kvelden 28. november og drog vidare kl sju neste morgon. Turen gjekk vidare via Marseille til Paris og så heim til Lisieux. Ho har ikkje skreve noko om akkurat dette men har ellers skildra denne turen med glød og engasjement. Thérèse blir poetisk når ho skildrar det vakre landskapet dei køyrer gjennom, me ho er og klar  over at ho ser det for første og siste gong i livet!



søndag 9. juli 2023

Seljumannamesse

 8. juni og vi markerar Seljumannamesse til minne om Den heilage Sunniva og hennar ledsagarar over havet frå Irland til Nord- vestlandet. Historien om Sunniva og seljumennene fekk stor innverknad på kristendomens vekst i tidleg Mellomalder. Selja var eit av dei tre første bispedøma ved sida av Oslo og Nidaros. Bispedøma fekk då kvar sin helgen, Olav, Hallvard og Sunniva. Er dette historie eller legende? Det får vi ikkje noko endeleg svar på, legende  bygd opp rundt historiske hendingar er kanskje det mest nærliggjande? Kanhende er det heller ikkje så viktig, for legenden kan også nyttast for utbreia Evangeliet! Den avsides liggjande øya Selja vart eit senter i den tidlege kyrkja, men kanskje ikkje så avsides når ein ser at sjøen var den tids viktigaste transportveg. Her vart bygd eit benediktinar kloster som forsvann etter Reformasjonen,men som ein enno finn restar av. Like ovanfor klosterruinane ligg grotta der Sunniva skal ha blitt funnen og lagt i eit skrin som på 1100 talet vart plassert i Kristkyrkja i Bjørgvin. Grotta er kanskje eit av dei tidlegaste kyrkjerom i Norge? Det er ei særeigen stemning her inne som eg prøver å skildra i diktet under.Det heilage er like i nærleiken, ein kan kanskje bare strekka ut handa og bli møtt frå den andre sida !


                                 Selja

Ikkje vindkast og uroleg sjø mot Stadt

men havet krystallklårt og speglande

som ei flate vi kunne stiga ut på

gje oss på vandring mot horisonten

og gå dei i møte dei som kom over Nordsjøen

for over tusen år sidan

bore fram av trua og bølgjene

Den heilage Sunniva og Seljumennene

steig i land og vart verande

næra av vona og nåden

himmelen vida seg ut over dei

og over stormen, havet og fjella

heilt til det uskapte ljoset

braut igjennom og viste veg

for alle dei som kom etter

over havet eller langs ulendte stiar

for å æra skrinet med Sunnivas lekam

det som bar i fem hundre år

for så å dekkast med gløymsle

i fem hundre nye år

berre ein og annan vandringsmann

kom her i kuling eller solgylt sommardag

drakk av kjelda og det var nok

men så ein dag skulle det uskapte ljoset

på ny bryta igjennom og visa veg

til mysteriet så nært så levande

at  vi berre kunne strekkja ut handa

og verta møtt av gjennombora hender

frå den andre sida

som eit forsiktig kjærteikn

som ein lovnad som ber gjennom natt og einsemd

aldri åleine den lange vegen heim.

 

 





Selja ein vakker sommardag i 2012.

 


onsdag 5. juli 2023

Poetica: Corpus Christi

 

Corpus Christi

Lys av junihimmel før solkverv

grønt stig av mørk jord

med spirande aks

raudt av solmodne druer

blått som klednaden hennar.

Dette mettande tilstades

nesten gjennomskinleg

der det vert bore ut til gatene

til portrom og bygningar

over travle sollyste torg

inn til parkar i skuggen av

store kvilande bøketre.

Omskapande oss og dagane våre

grenselaust no og for alltid.