torsdag 30. januar 2014

Paulus omvending

25. januar er minnedagen for apostelen Paulus omvending.
                                                                                                                                                           "Saulus rasa endå mot Herrens læresveinar og truga dei på livet. Han gjekk til øvstepresten  2 og bad om brev til synagogane i Damaskus, så han kunne finna dei som høyrde Vegen til, både menn og kvinner, og føra dei i lenkjer til Jerusalem.  3 Men då han var på veg og nærma seg Damaskus, stråla det brått eit lys frå himmelen omkring han.  4 Han stupte til jorda og høyrde ei røyst som sa: «Saul, Saul, kvifor forfølgjer du meg?»  5 «Kven er du, Herre?» spurde Saulus. Han svara: «Eg er Jesus, han som du forfølgjer.  6 Stå opp og gå inn i byen! Der skal dei seia deg kva du skal gjera.»  7 Mennene som følgde han, stod mållause; dei høyrde røysta, men såg ikkje nokon.  8 Saulus reiste seg opp, men då han opna auga, kunne han ikkje sjå. Så tok dei han i handa og leidde han inn til Damaskus.  9 I tre dagar sat han der utan å sjå noko, og han verken åt eller drakk.nedagen for apostelen Paulus omvending."


Apostelen Paulus som opprinneleg var den fanatiske Saulus som med stor iver forfølgde dei kristne.
"Men Saulus for hardt fram mot forsamlinga. Han trengde seg inn i hus etter hus og drog ut både menn og kvinner og fekk sett dei i fengsel." (Ap.gj 8.3)


På veg til Damaskus opplever han så det dramastiske møtet med den oppstandne Kristus som er skildra i Apostelgjerningane som attgjeve ovanfor. Det skulle koma til å uoverskuelege følgjer så vel for Paulus personleg som for utbreiinga av kristendomen i den grek-romerske verda.
Etter å ha koma fram til Damaskus vart Paulus døypt av læresveinen Ananias. I eit syn ber Herren
Ananias oppsøkja eit hus der Saulus frå Tarsos oppheld seg. Ananias vegrar seg for han har høyrt om Saulus brutale forfølgjing av dei kristne. Men han let seg overtala når Herren seier til han:" Berre gå du! Han er eit reiskap som eg har valt meg ut for å bera mamnet mitt fram for heidningefolk og kongar og for Israels folk."
Etter dåpen trekkjer Saulus som no er blitt apostelen Paulus, seg tilbake i den arabiske øydemarka i einsemd og bøn . Eit par år seinare er han klar for si omfattande misjonsverksemd .



Skytshelgen for den katolske presse, kvinnelige arbeidere, teologer og sjelesørgere, vevere, teppevevere, salmakere, teltmakere, seilere, kurvmakere, mot giftige slanger, øresykdommer, krampe og frykt for regn og hagl, for regn og markens grøde


Antifon til Benedictus: La oss feire apostelen Paulus omvendelse, for han som forfulgte Kirken, ble Guds utvalgte redskap.

mandag 27. januar 2014

Holocaustdagen

I dag 26. januar markerar vi den internasjonale holocaustdagen. Markeringa er eit FN initativ og grunnen til at denne dagen vart valt er at Sovjetunionens arme frigjorde konsentrasjonsleiren Auschwitz denne dagen i 1945. Det var då om lag 7000 attlevande fangar i leiren. Dagen er ein minnedag for alle som vart ramma av nazistanes brutale framferd, jødar, romfolk, homofile,funksjonshemma og politiske fangar. Dagen blir markert fleire stadar i Norge , mellom anna på Akershuskaien der norske jødar vart deporterte frå under krigen. Dagen er og ei markering mot diskriminering og hatefulle ytringar i dag.
Holocaustdagen er it FN initativ, difor er svært uheldig at FN organisasjonen  for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon, UNESCO, avlyser utstillinga " Folk, bok, land: Det jødiske folks relasjon til Det hellige land gjennom 2500 år."  Dette skjer etter sterkt på trykk frå  ei rekkje arabarstatar.
Den franske filosofen og forfattaren Bernard Henri Levy kallar det i ein kronikk ein skandale og ein "Skamløs behandling av jødene."
I Aftenposten er det nyleg publisert eit debattinnlegg av Monica Csango med tittelen "Skremt til stillhet". Her skriv ho om korleis ho vegrar seg for å stå fram med sin jødiske identitet, kvar åttande nordmann har fordomar mot jødar. Jødar er terrormål, skriv ho.
Dette er bare to bidrag i det som etterkvart har blitt eit tydeleg bilete på aukande antisemittisme i Europa. Holocaustdagen er  diverre meir aktuelle å markera enn nokon gong.

søndag 19. januar 2014

Poetica:Paulus i Efesos

På den tida vart det ei stor uro om Vegen. 24 Ein sølvsmed som heitte Demetrios, laga Artemis-tempel av sølv og hjelpte handverkarane til god inntekt. 25 Ein dag kalla han saman både dei og arbeidarane som dreiv med dette, og sa: «Godt folk! De veit at velstanden vår kjem frå dette arbeidet. 26 Men no kan de både sjå og høyra korleis denne Paulus overtalar menneske i store mengder og fører dei vill, ikkje berre her i Efesos, men i mest heile Asia. Han seier at gudar som er laga av menneskehender, ikkje er gudar. 27 Det er fare for at yrket vårt får dårleg ord på seg, men verre er det at tempelet til Artemis, den store gudinna vår, kan bli rekna for ingen ting, og at ho som heile Asia, ja, heile verda dyrkar, kan koma til å mista sitt velde.» 28 Då dei høyrde det, vart dei rasande og ropa: «Stor er efesargudinna Artemis!» 29 Uroa breidde seg over heile byen, og alle som ein storma av stad til teateret og drog med seg Gaius og Aristarkos, to makedonarar som hadde følgt Paulus på reisa. 30 Paulus ville gå inn i folkehopen, men læresveinane hindra han

Det gjer inntrykk å stå i Amfiteateret i Efesos og få lese opp desse versa fra 19. kapittel i Apostelgjerningane. Desse hendingane frå snart to tusen år tilbake blir brått så konkrete og nærverande. Dette var menneske av kjøt og blod som levde og verka akkurat her. Ropet fra folkemassen, Demetrios og Aleksander, Gaius og Aristarkos, og Paulus som motviljug let seg føra bort av læresveinane. Men då hadde alt forkynninga hans fått fotfeste i Efesos !





                Paulus i Efesos ( Ap.gj.19)

Om det var steinane som tala til oss

men så gjer dei ikkje det ?

berre turistanes høglydte tale

stig opp langs benkeradene i amfiteateret

mange røyster mange tungemål

mellom dei og røysta til Demetrios

sølvsmeden som støyper souvenirar

forseggjorde små Artemis-tempel i sølv

for dei tilreisande i kø framom salgsboda

Kven er så denne framande mannen

som  bryt  harmonien  i byen vår

som vågar  å øydeleggja handelen  ?

for stor er efesargudinna Artemis

ropet lyder i samfulle to timar

Paulus må motviljug venda ryggen til og gå

men i fotefara hans fell orda mot bakken

lik spirande såkorn.


lørdag 11. januar 2014

Efesos

Efesos i Anatolia i det noverande Tyrkia var ein av dei viktigaste byane i den antikke gresk-romerske verda, både kulturelt, religiøst og økonomisk. Byen hadde eit stort havneanlegg, Silkevegen starta her, Homer og Heraklit hadde tilknytning til byen, og her fann vi det storslåtte tempelet til gudinna Artemis som var eit viktig pilegrimsmål.  Kristendomen kom tidleg til Efesos med apostelen Paulus, og iflg. Apostelgjerningane kapittel 19. oppheldt han seg her i to år. Apostelen Johannes skal etter tradisjonen ha kome til Efesos og levde her den siste delen av livet sitt. Over grava hans vart det bygd ein storslått basilika.
Ein solfylt novemberdag står vi  i restane etter det som ein gong var den navngjetne Maria-basilikaen like utanfor hovedgata i Efesos. Basilikaen vart bygd tidleg på 400 talet, kanskje med tanke på konsilet som skulle haldast her seinare. På 500 talet vart basilikaen utvida og fekk monumentale dimensjonar. Etter kvart forfall Efesos og byen gjekk i gløymeboka inntil ein engelsk arkeolog oppdaga byen på nytt i 1877. I 1904 vart Maria-basilikaen utgravd.
Her samlast altså alle dei viktigaste kyrkjeleiarane til det tredje økumeniske konsilet sommaren 431.
Keisar Theodosius II kall inn til dette konsilet med tanke på å stadfesta dokumenta frå Nikea, men og for å koma til semje i spørsmålet om Kristi menneskeleg og guddomeleg natur. Konsilet kom på ingen måte til å bli eit harmonisk og samlande møte, tvert imot skulle ein i etterkant oppleva det første store skismaet i kyrkjehistoria i det dei austlege kyrkjene følgde den kjettarerklærte Nestorius og dermed braut med resten av kyrkja.

Her er rolegare og mindre turistar enn i hovedgata og Amfiteateret i Efesos, og fantasien kan vandra og førestilla seg kva som hende desse sikkert gloheite sommardagane i 431. Opptoga med biskopar og munkar frå havna og opp til byen, folkemengda utanfor basilikaen som med stort engasjement følgjer dei teologisk dikusjonane, dei egyptiske munkane som dreiv gatelangs og oppvigla borgarane med ropet "Theotokos!", fakkeltoget gjennom byen 22. juni etter at patriark Nestorios var erklært som kjettar av konsilfedrene med Kyrillos frå Alexandria i spissen. Kyrillos hadde då sett i gong konsilmøta før delegasjonen frå Antiokia med patriark Johannes i spissen hadde kome til byen. Då dei kom fire dagar seinare vart dei mektig forarga og sette i gong sitt eige motkonsil. Den omstridte Nestorios var i byen under vern av keisarens garde, han forskansa seg i sin residens og nekta å møta opp. Dette var altså menneske av kjøtt og blod, skrøpeleg og lunefulle akkurat som oss. Dei rei sine kjepphestar, her var intrigar og maktkamp, sannsynlegvis også fysiske konfrontasjonar. Slik har det nok vore i store delar av kristendomens historie, men heldigvis er Kyrkja bygd på eit meir solid fundament enn skrøpelege einskild menneske!
Konsilet i Efesos vert ikkje rekna mellom dei viktigaste, ingen nye dogmatiske definisjonar vart formulert. Men det er viktig å konstantera at frå og med Efesos vart dokumenta frå Nikea rekna som Kyrkjas klippefaste autoritet. Men diverre var det splid og strid som mest kom til å prega konsilet.
Nestorios som heldt på at Maria var "Christotokos" (Kristus føderske) i motsetning til "Theotokos"
(Gudsføderske) som resten av kyrkja heldt fast på, vart erklært som kjettar og utstøytt. Dette førte som sagt til av dei austlege kyrkjene etter kvart vart "nestorianske" og skilde frå dei vestlege. I dag er det bare små restar att av desse kyrkjesamfunna i Syria, Irak og Iran. Striden mellom Antiokia og Alexandria representert ved Johannes og Kyrillos prega og konsilet så vel som tida etterpå fram mot neste konsil som vart halde i Kalkedon i 451.
Etter å ha gått rundt i ruinane av Maria basilikaen ei stund kjennest alt dette likevel ikkje så fjernt.
Dette var menneske som oss, dei fatta avgjersler som fekk innverknad på ettertida like fram til i dag.
Mykje var kanskje og mest omgrepsmessige skilnadar heller enn teologisk? Og det er det aldri for seint å retta opp , sjølv etter 1600 år !
I 1994 vart det forfatta ein kristologisk felleserklæring mellom den Katolske kyrkja og Den Assyriske austleg kyrkja. Der vart det uttrykt ei felles fortståing av Kristi menneskeleg og guddomelege natur. Det er ikkje nokon motsetning mellom den assyriske formuleringa "Mor til Kristus, vår Gud og Frelsar" og den katolske "Guds mor og Kristi mor."


                                           
                                         Minneplate for pave Paul VI vitjing i Efesos 1967
                                           Dåpsbassenget

onsdag 8. januar 2014

Epifani

Då Jesus var fødd i Betlehem i Judea, i kong Herodes' dagar, kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem  2 og spurde: «Kvar er den jødekongen som no er fødd? Vi såg stjerna hans gå opp, og no er vi komne og vil hylla han.»  3 Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han.  4 Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket og spurde dei ut kvar Messias skulle bli fødd.  5 «I Betlehem i Judea», svara dei, «for slik står det skrive hos profeten:
         
   
 6  Du Betlehem i Juda land,
           blant fyrstane i Juda er du slett ikkje den ringaste.
           For frå deg skal det koma ein fyrste,
           ein hyrding for mitt folk Israel.»

6.januar feirar vi Epifani, Herrens openbaring.
Epifani tyder openbaring men og "lysande". Feiringa av dagen er eldre enn julefeiringa, og dagen vart feira alt på 250 talet som minne om både Jesu fødsel og dåp, seinare også bryllaupet i Kana. Etterkvart har dette og vorte ein minnedag for dei tre vismenn frå Austerland. Dei er bare omtala i Matteus evangeliet og der står ikkje noko om kor mange det var. Dei vart lenge rekna som tolv, det same antalet som læresveinane, kyrkjefaren Origenes meinte det var tre og det talet har vorte ståande.
Det greske ordet for vismennene er er magoi (latin magi-magus), det kjem frå persisk og refererar til prestekasten i den zoroastriske religionen. Dei var tradisjonelt stjernetydarar, astrologar.
Tradisjonen har gjeve dei navn: Melkior som var ein persisk vismann, Kaspar som var ein indisk vismann og Baltasar som var ein arabisk vismann. Slik sett representerar dei alle dei ikkje jødiske folkeslaga som kjem for å hylla Kristus.
Dei hadde med gåver, gull, røykelse og myrra, dette var gåver til ein konge. I følge Origenes har gåvene ei spirituell og symbolsk tyding. " Gull som til en konge, myrra som til en dødelig og røkelse som til en Gud."
Tradisjonen seier vidare at vismennene vart omvendte og bispevia av apostelen Thomas. St. Helena skal ha brakt relikviane deira til Europa der dei til slutt endte opp i Kølnerdomen.



Antifon til laudes: De bar frem sine gaver for Herren, gull, røkelse og myrra. Halleluja !

søndag 5. januar 2014

Det første minnet

"Eg høyrer heimsens
sogemeister skriv
mitt minne i si
ævebok, og skodar
um der er fleire
hende i mitt liv
som han maa berge
yve gløymslebaar-ar
naar tidsens djupe
dulheimshav fær spinne
sitt gløymslegann
kring mine kvardagsminne."

Slik skriv lyrikaren Olav Nygaard (1884-1924) i diktet "Minnevigsle". Nygaard gjer minna til noko nærast heilagt, og kanskje er dei og det, iallfall dei aller første minna. Kor tidleg kan vi minnast noko som helst ? Absolutt ikkje dei første to åra, til det er hjernen for umogen. Kanskje i 2-3 års alderen, men dei fleste har likevel ikkje konkrete minne før 4-5 års alderen. Men dei som har det eig noko verdifullt. Ei anna sak er at det er vanskeleg å tidsetja minna, hende dette då eg var 3-4 år eller var det mykje seinare ? Til det treng ein konkrete referansar, brua på biletet under er eit slikt ytre konkretisering av eit "hende i mitt liv."
Brua kryssar ein liten bekk ved enden av ein alle med lauvtre som strekk seg frå staden eg vaks opp og eit par hundre meter mot nord. Bekken fortset mot sjøen og føl vestsida av hagen vår, ei kjelde til leik og glede både sommar og vinter. Brua er kanskje ikkje så spesiell i seg sjølv, men det som er interessant for meg er årstalet då brua vart bygd og som er rissa inn på eine sida: 1960 !

Mi eit år yngre søster og eg går tur med bestemor gjennom alleen og opp til den vesle brua. Men det er ikkje brua frå 1960 som ligg der no, det er ei enkel trebru som held på å falla saman. Eg vågar meg utpå brua, men bestemor dreg meg attende og eg føl med motviljug. Så snur vi og går heim under dei store og lauvtunge trea.
Eit i Olav Nygaards språk "kvardagsminne", men likevel noko meir. Det er eit minne som årstalet hjelper meg til å tidfesta til 2-3 års alder, og såleis det første eg minnest etter at kom inn i verda frå det store ukjente. Difor vert det og så dyrebart, ein liten edelstein, nærast heilagt fordi det ligg så nær det mysteriet det er å verta fødd inn i verda. Det skal følgja meg vidare heilt fram til det siste minnet
når kvelden lukkar seg og eg vender tilbake til det store ukjente. Og heller ikkje då skal eg vera åleine.



fredag 3. januar 2014

Missa

Dei latinske messetekstane har vorte tonesatt mange gonger opp igjennom historia, men ikkje så mange har lik  lyrikaren  Knut Ødegård nytta dei som leietråd gjennom ei heil diktsamling. Diktsamlinga " Missa" som kom for 15 år sidan har seks kapittel, Salutatio, Kyrie, Gloria, Credo, Sanctus og Agnus Dei. Dikta er dels personlege, dels allmenne . Dei handlar om dei mørkare og sorgfulle sidene ved tilværet, ei sjuk dotter, ei dement mor, farens død og gravferd, men her finn vi og  det nære og dagligdagse. Alt dette blir omslutta av messas heilage tekstar og løfta fram mot fred og forsoning. For er ikkje evangeliet i sin kjerne ein song om Guds kjærleik til  jorda og alle som lever der, det vonde og det gode, lys og mørkre, liv og død ?
Messa fyller denne songen med bokstavar og tonar gjennom orda og  tekstane , gjennom dei heilage handlingane, sakramenta.
Her slutten og byrjinga på Agnus Dei delen av diktsamlinga:

"Agnus Dei, qui tollis peccata mundi,
miserere nobis.
Ja, miserere kling dei heilage messeorda gjennom skallen min
her eg står ved grava til far i bakkehellinga over ein mjølkekvit vestlandsfjord.
Det er seinhaust og tåke, men tid
for sauesanking i gamle dagar, far,

i dei ville Øygardsfjella. Det snødde i fjella i natt. Snart
dreg vinteren seg ned hit, mot fjorden.
Ei svak lukt av diesel
driv opp mot kyrkjegarden i kveldsmyrkret.
Du fekk ein skikkeleg gravstein, far, granitt
grovt tilhogd som du sjølv.
Eg legg røsslyng på grava di. Kjertlane mine kan framleis
framkalla smaken av lynghonning frå bikubene
dine. Og brått ser eg deg, i dine kvite birøktarklede
med ein sverm i lufta, lysande
kring hovudet ditt i kveldssola: Det må ha vore i august,
då sola stod i Løvens teikn på himmelkrinsen
over Molde by.
Agnus Dei, qui tollis peccata mundi,
miserere nobis. Det er sauebjeller i dei orda, far,
og haust. Røsslyng og lam. Honning.
Og mjølk. Du skjønar ikkje orda, og eg
skjønar ikkje gudsspråket som ringlar og kling i meg.
Så skjønar vi like lite, du som sym gjennom molda
under torva her, snart berre kranium og beingrind no, og eg
som står i hausttåka her oppe og framleis ventar på å symja med deg
gjennom jorda og fram mot ei veldig oppstode
der kroppane våre er avkledde all lidderleg lyst og avvaska
løgner og svik."


"Agnus Dei, qui tollis peccata mundi,
miserere nobis.Agnus Dei, qui tollis
peccata mundi, miserere nobis. Agnus Dei,
qui tollis peccata mundi,
dona nobis pacem. Ding dong, ved di
grav, far. Ding
dong
og Lammets fred åt oss alle.
Lammest fred.
Og over oske og røyk, glassplintrar, forvridde
andlet i speglane pacem pacem."