tirsdag 25. juni 2013

Karmel og profeten Elia

Profeten Elia er ein sentral person i den eldste karmelittiske tradisjonen. Ein nøkkeltekst for å forstå dette finn vi i 1.Kongebok 17, 2-4: "Då kom Herrens ord til Elia: "Far bort herifrå, ta vegen mot aust og gøym deg ved bekken Kerit, aust for Jordan! der skal du drikka av bekken, og eg har sagt frå til ramnane at dei skal syta for mat til deg."  Ved sida av Regelen er det såkalla "Instituttet" ( Liber de Institutione primorum Monachorum)  det eldste dokumentet som omhandlar denne tidlege tradisjonen i Karmel. Det vart sannsynlegvis forfatta av Felip Ribot, provinsprior i den katalanske provinsen, omkring 1370. Dokumentet  omhandlar sentrale aspekt ved den karmelittiske spiritualiteten, tilknytning til Kristus, å vera open for skriftene, sansen for stilla og det udelte hjertet. Første del omhandlar profeten Elia som ein modell for ordenslivet og som ein konsekvens av det eit eksempel for alle karmelittar.Elia blir oppfatta som munkanes første leiar. Forfattaren ber oss vidare reflektera over teksten i 1.Kongebok for å forstå den djupare mystiske meininga. Med det meinar han å visa korleis profeten og så også lesaren kan bli omdanna i kjærleik. Vi må prøva å oppnå eit reinte hjerte, men for å nå der må ein følga fire trinn for å vera i stand til å "drikka av bekken." Det første trinnet er å gje avkall på jordiske ting, det andre å gje avkall på synd og eigenvilje, det tredje er stillheit, avsondring og sølibat, og til sist det fjerde trinnet som er vekst i kjærleik.
Prior i Aylesford klosteret i England Wilfrid McGreal skriv om dette." Disse fire trinnene bør bringe oss til erfaringen av den fullkomne kjærlighet. Denne erfaringen blir beskrevet som å drikke av bekken. Det blir mulig når vi er renset og ikke har noen motstand i vårt hjerte mot foreningen med Gud.. Denne nærhet til Gud er ikke ment å være en kontinuerlig tilstand - den er en gave og en nåde. Bevisstheten om at Gud er nær, vil komme og gå, slik at vi ikke blir selvtilfredse. men det er snarere slik at jo mer vi lengter etter denne nærheten, desto mer intens vil foreningen, selve erfaringen bli. I de mellomliggende perioder vil vi så bli næret av Guds ord gjennom hans profeter. I dette avsnittet er det mulig å se såkorn for Johannes av Korsets lære om den mørke natten - i den mening at vi er kalt til et lys bortenfor de lys vi har kjent."



fredag 14. juni 2013

Det heilage hjertet

Festen for Jesu  heilage hjerte eller Jesu Hjertefest som den og blir kalla, blir markert fredag nitten dagar etter pinsesøndag( forige fredag). Ei andaktsform som knyter seg til  Jesu heilage hjerte kan førast tilbake til Mellomalderen og særleg dei benediktinske og cistercienske klostera (Bernhard av Clervaux og Anselm av Canterbury). Mystikarar på 15-1600 hadde visjonar knytta til Jesu hjerte, og i 1856 innførte Pius IX ein festdag for heile Kyrkja som populært  har vorte kalla kalla Jesu Hjertefest. Det mest synlege uttrykket for denne andaktsforma finn vi i dag på Montmartre i Paris, der synet av den kvite Basilique du Sacre-Coeur (heilage hjerte) strålar mot oss.
Også i Karmelittordenen  har Jesu heilage hjerte hatt ein viktig plass.
Legkarmelitt  Johan Bergstrøm-Allen skriv: " Den karmelittiske innsikt i det menneskelege hjertets  plass i Guds plan for verda er mange hundre år gammal. Eit av dei viktigaste dokument i Karmels spiritualitet," Dei ti bøkene" ( som inkluderar den mest kjende delen: Dei første munkanes bok), vart skreve av ein karmelittbror, Felip Ribot, omkring år 1385. I  begynnelsen av teksten slår han fast:" Dette livet har eit tosidig mål. Det eine kan vi, med hjelpe av Guds nåde, oppnå gjennom eigne anstrengningar og eit rettvist levesett. Det inneber at vi tilbyr Gud eit reint og heilagt hjerte, fritt frå alle slags synd. Eremittlivets andre mål er noko som vi bare kan få som ei rein gåve frå Gud. Det betyr at vi, ikkje først etter vår død men alt i dette dødelege livet, i vårt hjerte får smaka noko av Guds nærvers kraft og den himmelske herlegdomens gode, og dessutan får erfare dette i vår ande. I Ribots tankegong er menneskets hjerte staden  for relasjonen til Gud og samarbeidet med Han."

Karmels store helgen  Therese av Lisieux skriv og om dette i eit dikt til Jesu  hjerte frå 1895:
"Jeg trenger et hjerte som brenner av ømhet
Som alltid er en støtte for meg
Som elsker alt i meg, også min svakhet....
Og ikke forlater meg, hverken dag eller natt
Jeg kan ikke finne noe skapt vesen
Som elsker meg for alltid, som aldri kommer til å dø
Jeg trenger en Gud som tar på seg min natur
Som blir min egen bror og kan lide som meg."






torsdag 6. juni 2013

Glenne

"Dagen fell djupare inn.
Kryp gjennom steinstøe gjerde.

Strøyer lutrygg og bøn langs tråkka.
Kastar lys over stega med tek

mot oppbrot.

Rekna i rom og tru
-analytiske sprang.

Rekna i tvil og råme
-rullande bordar av røynsle.

Teikna som årsak i nevar
som verknad i dradde andlet

som glimt av ømheit."

Diktet "Glenne" er titteldiktet i Terje Tørrisplass siste diktsamling. Han har bakgrunn som skogsarbeidar i Hallingdal og debuterte i 2010. Både bakgrunnen og dikta kan gje assosiasjonar til Hans Børli som han nokså sikkert er inspirert av. Men her er orginale og spennande formuleringar, fin symbolikk frå dagleglivet
på bygda, arbeidet i skogen og inntrykk frå fjellnaturen. Her er og sterkt personleg prega dikt , " To augustkveldar på setra og ei glipe dag imellom" er kanskje høgdepunktet i boka. Her skildrar diktaren på ein var og nær måte korleis han som åtteåring opplevde tapet av ein eldre bror.
Glenne er eit vakkert ord, det tyder vanlegvis ein open grasvaksen plass i skogen men det kan og tyda ei klår stripe mellom skyene. Begge delar gjev optimistiske og gode assosiasjonar. Ein ser for seg ein grøn flate midt i den tette skogen og så bryt sola igjennom. Det er godt å setta seg ned og kvila.



Ein del av boka har undertittelen "Høgfjell", her finn vi korte dikt med skildring av landskap og flora.

"Fjellfloraens vilje til eksistens.
Grunnen røtene jagar i. Tindeeggen.
Fjellets ryggmerg. Nervebanen til substans.
Hjernens utpostar - dei usikre stega igjennom
namnet Gud.Ytst på kanten av frøets vilkår:
-Issoleie! deg skal eg aldri plukke."

Reservasjonsrett for fastlegar

Helsepersonells reservasjonsrett medfører ein juridisk nedfelt rett til å avstå frå å bidra med helsehjelp som strider mot eiga overtyding. Dette er konkretisert i abortlova med forskrifter, og gjeld her helsepersonell som direkte er innvolvert i abortingrepet. Norske allmennlegar har sidan abortlova kom hatt høve til å reservera seg mot henvisning til abort sjølv om dette ikkje er direkte uttrykt i forskriftene. Dette er ei ordning som i praksis har fungert godt i dei fleste kommunar, dei legane det gjeld har sørga for at dei abortsøkande får time hos ein kollega som ikkje har reservert seg. Så vidt eg veit har det ikkje kome pasientklager på denne ordninga. I 2011 sender så Helse og omsorgsdepratementet (HOD) ut eit rundskriv som fratok fastlegane retten til å reservera seg mot å henvisa til svangerskapsavbrot og assistert befruktning. Det førte til heftig debatt i media, HOD stod steilt på sitt og Legeforeninga støtta heller ikkje reservasjonsretten for fastlegar.
Norges kristelige legeforening argumentert sterkt for reservasjonsretten, og ei rekkje profilerte allmennlegar som sjølv ikkje hadde reserverte seg, forsvarte retten utfrå eit allmenn-etisk synspunkt med vekt på moralsk
integritet og samvitsfridom. Nyleg ser det og ut som legeforeningen er litt på glid i det Sentralstyret opnar for
fastlegars reservasjonsrett i samvitsspørsmål.
Kvifor er dette ei så viktig sak ? Kan ikkje desse legane bare senda henvisninga, det er uansett ikkje dei som står for sjølve inngrepet ? Dei som er motstandarar av reservasjonsretten hevdar at det er ein avgjerande forskjell mellom å utføra ei handling og å henvisa til denne. Men henvisning kan og sjåast som ein integrert del i ei årsakskjede der alle ledd innber same intensjon. For dei som  opplever dette som eit samvitsdilemma ligg formålet abort alt i henvisninga, og denne kan ikkje skiljast frå resten av handlingsgangen. Dette går altså på den einskilde leges moralske integritet og samvitsfridom. HOD har tilsynelatande ingen forståing for dette.
World Medical Association som Den norske legeforening er medlem av, har fleire gonger understreka at legeetikken må gå framfor nasjonal lovgivning, og at legar må kunna reservera seg dersom ein annan kvalifisert kollega overtek ansvaret for pasienten. Europarådets resolusjon  1763/2010 seier prinsipielt det same.I legeforenings etiske reglar står det og: " En lege kan avslå å ta en pasient under behandling, såfremt denne har rimelig anledning til å få hjelp av en annen lege." Ein kan naturlegvis ta med  punktet om tanke og samvistfridom i FNs menneskerettserklæring. Her er altså sterke referansar som kan nyttast i argumentasjonen for reservasjonsrett og samvitsfridom !
Kva ønskjer HOD med denne lite fleksible og arrogante haldninga overfor fastlegar ?  Er det ein ønskje om å forma alle etter det som i dag er "politisk korrekt" ?  Vil ein ikkje lenger ha legar som er etisk reflekterte og som tek sitt samvit og sin moralske integritet på alvor ?
Kampen for retten til å reservera seg er ikkje tapt, det viser mellom anna at Sentralstyret i Legforeninga  er på glid. Det er og ein svært viktig kamp med tanke på dei bioetiske utfordringane vi vil bli stilt overfor i den nære framtida og den meir fjerne framtida. I den nære framtida er det er det mest aktuelle fosterdiagnostikk med tanke på å finna foster med avvik, i den meir fjerne framtida er det eutanasi som vil bli aktuelt.
Skal ein også bli forplikta til å henvisa til fosterdiagnostikk for å påvisa kromosomavvik, og seinare også til eutanasi dersom ein ikkje sjølv vil utføra ?
Meir enn noko gong treng vi fagpersonar med eit høgt etisk refleksjonsnivå som har mot til å stå opp mot
det  sentrale aktørar (HOD og andre), tilsynelatande støtta av majoriteten, vil pressa igjennom !

lørdag 1. juni 2013

Maria og Elisabet

31. mai feirar vi minnedagen for jomfru Marias gjesting hos Elisabet

Antifon: Maria skyndte seg opp i fjellene til en by i Judea.

"Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til den byen i Judea der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne. Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande og ropa høgt. "Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er barnet i ditt morsliv. Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg ? For då lyden av helsinga di nådde øyret mitt, spraka barnet i magen min av fryd. Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast" (Luk.1.39-45)

Antifon: Da Elisabet hørte Marias hilsen sparket fosteret i hennes liv og hun ble fylt av Den Hellige Ånd.



Antifon: Salig er Maria som trodde , for Herrens løfte til henne skal gå i oppfyllelse.