torsdag 31. januar 2019

Kyndelsmesse

2.februar feirar vi Herrens framstilling i tempelet, dagen er best kjent som Kyndelsmesse på norsk, av kyndill - lys på norrønt. Dagen blir og kalla  Missa Candelarun - lysmesse, eller Maria lysmesse, det latinske navnet på dagen er Presentatio Domini.

Dette er det første store kristne høgtida etter julefeiringa som vart avslutta med Epifani Og Herrens dåp. Bakgrunnen for dagen finn vi i Lukas  2.22-39 der Jesu rituelle framstilling i tempelet vert skildra. Tradisjonen har sin bakgrunn i  2.Mosebok.

Sentralt skildringa står møtet med den gudfryktige Simeon og profetinna Anna. Begge lovpriste Gud då dei såg Jesusbarnet.
 Simeons lovsang - Nunc dimittis -  blir framført i alle kloster som ein del av dagens siste tidebøn - kompletorium.


Simeons lovsong 
    29 «Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred,
          slik som du har lova.
          
   
 30 For mine auge har sett di frelse,
          
   
 31 som du har gjort i stand like for andletet på alle folk,
          
   
 32 eit lys til openberring for heidningane
          og til ære for folket ditt, Israel.»


Alt i dei første hundreåra vart det vanleg å høgtida dagen med lysprosesjon, av det følgjer navnet Kyndelsmesse eller Lysmesse. Seinare vart det og vanleg å velsigna alle lys som skulle nyttast resten av året denne dagen. Dagen er nær knytta til julefeiringa. og inkarnasjonen. Tidlegare vart julefeiringa avslutta med Kyndelsmesse, etter liturgireformen er det Epifani som er den liturgiske avslutninga .
Den tyske teologen Adolf Adam  kallar Kyndelmesse for "Julefest utanfor Juletida".

                                    Georgisk ikon  frå 1000 talet som viser Jesu framstilling i tempelet





søndag 27. januar 2019

Feite rettar og søt vin

Dagens første lesning var frå Nehemjas bok, der det mellom anna står i kapittel 8 vers 9-12:


"9 Statthaldaren Nehemja, presten Esra, den skriftlærde, og levittane som underviste folket, sa då til folkemengda: «Denne dagen er heilag for Herren dykkar Gud. De skal ikkje sørgja og ikkje gråta!» For heile folket gret då dei høyrde det som stod i lova. 10 Han sa så til dei: «Gå og et feite retter og drikk søt vin, og send mat som gåver til dei som ikkje har noko! For denne dagen er heilag for vår Herre. Ver ikkje fylte av sorg! For gleda i Herren er dykkar styrke.» 11 Levittane roa folkemengda og sa: «Ver stille, for dette er ein heilag dag. Ver ikkje fylte av sorg!»12 Då gjekk alt folket for å eta og drikka og senda gåver. Dei laga ein stor fest, for dei hadde skjøna det som vart sagt dei. "


Vi blir altså oppmoda til å gleda oss og nyta god mat og god vin, men ein stor del av gleda er å dela med dei som ikkje har!

Mange klosterordenar produserar eksklusiv mat og drikke som likør frå karteusarane, vin, øl og ost frå trappistane.
Cisterciensarklosteret på Munkeby  i Trøndelag har profilert seg med sin ost skapt av lokal mjølk og fransk tradisjon frå moderklosteret i Citeaux.
Heilt i tråd med dagens tekst frå Nehemja !






lørdag 26. januar 2019

Remembrance - minne

Kva hadde vi vore utan minne frå fortida vår ? Kan vi tenkas oss eit liv utan minne om fortida, like lite som von om framtida ? Redningslaust kasta rundt i bølger av glimtvise augneblink utan samanheng ?

Men minna spelar oss stadig puss, var det slik eller slik ? Den tyske  forfattaren W.G. Sebald  busett i England, er ein av dei som har lodda djupast i fortida og minnene i bøkenene sine. Merkelege bøker med korte og lange historiar om eigne og andres opplevingar, illustrert med gamle postkort, brev og bilete. Det gjev ei heilt særegen stemning å lesa Sebald.
Kanskje er ikkje fortida slik vi trudde , i "Vertigo "skriv han : " Jo flere bilder jeg samler fra fortiden, desto mer usannsynlig forekommer det meg at fortiden skal ha utspilt seg på denne måten, for det er ingenting ved den som kan kallest normalt, derimot er det aller meste latterlig, og når det ikke er latterlig, er det skremmende."  Hovudpersonen har vendt tilbake til barndomens landsby i Alpene og samtalar med ein person der om personar og hendingar i fortida, Det er ikkje slik ein har tenkt, minna forandrar seg med tida, minne legg seg på  minne og det er bare den siste versjonen vi ser for oss.

For Johannes av Korset (1542-91) er minne saman med med intellekt og vilje ein av dei tre rasjonelle sjelsevnene. Viljen som sjelas styrande prinsipp, det som gjev oss retninga. Minnet  er erfaring og kunnskap vi har opparbeidd oss gjennom livet, og som konstituerar vår identitet. Men det er likevel meir enn  bare våre private erfaringar.
Trappistmunk og abbed Erik Varden skriv om dette i den nyleg utgjevne boka "The Shattering of Loneliness":
" We remember what we have been, what  has made us who we are.  At the same time, we become what we remember. Our remembering is never confined to just experience, be it narrow or broad. We discover - if we dare - that memory is more than a stagnant pool of private recollection. To remember, really remember, is to slip our moorings and set sail on the open sea, with all that entails of peril and exhilaration."





Eutanasi

Eutanasi - eller aktiv dødshjelpe dukkar med jamne mellomrom opp som tema i den offentlege ordskifte. I det siste har det vore enkelte partis ungdomgrupper som har teke til orde for å legalisera dette, og det har vore meningsmålingar som har vist at eit fleirtal av dei spurte ønskjer ei liberalisering. Ei undersøkjingar mellom 3050 personar i 2015 viste at 76 prosent var litt eller heilt enige i at legeassistert sjølvmord bør vera lovleg, 68 prosent meinte at eutanasi bør tillatast. Dette er i skarp kontrast til kva helsepersonell og dei fleste politikarar står for. Såvel  Den norske legeforening og Norsk sjukepleiarforbund står for ei restriktiv linje, og politisk har ikkje dette vore eit debatt tema.
Men det kan sjå ut som det også her er ein trend mot ei meir liberal linje, i ein nyleg publisert studie i Tidsskrift for den norske legeforening seier 30,7 prosent av legane seg einig i at dødshjelp bør vera lovleg ved dødelege sjukdom med kort forventa levetid, 12,7 prosent er einig i at det også skal vera lov ved alvorleg kronisk sjukdom. Sjølv om eit stort fleirtal framleis tek sterk avstand frå aktiv dødshjelp, er det ei utvikling frå 1990 talet mot større aksept for dette også blant legar.
Sjølv om måten spørsmåla er stilt på kan innverka på resultatet og gjera ei samanlikning med tidlegare studiar vanskeleg , tolkar artikkelforfattarane det som at det er ein trend mot eit meir liberalt syn også mellom helsepersonell.(Tidskrift dnlf 2019. 1. 31-35)

Dette er og den utviklinga vi har sette internasjonalt, Nederland var det første landet som legalisert eutanasi, deretter følgde Belgia og Luxembourg og no sist Canada og Colombia. I tillegg er legeassistett sjølvmord lovleg i Sveits og fleire delstatar i USA og Victoria i Australia. Men utviklinga har nok ikkje gått så raskt som mange frykta, illustrert ved at eit lovforslag i England og Skotland vart nedstemt.

I Nederland og Belgia har vi sett at grensene for kven som kan få aktiv dødshjelp har vorte utvida til også å gjeld mindreårige og personar med psykiske sjukdomar. Det blir debattert om at også "å vera leia av livet" skal vera ein grunn til å få dødshjelp !

Trenden er altså utan tvil mot ei legalisering av dødshjelp kanskje føste og fremst som legeassistert sjølvmord lik tilbodet i Sveits som også nordmenn har nytta seg av. Det blir ikkje aktuelt i vårt land til neste år, heller ikkje om fem år eller ti år, men det vil før eller seinare dukka opp som eit krav og i eit femti års perspektiv vil det nok bli ein realitet. For når det ikkje lenger er eit objektiv moralsk grunnsyn som seier at livet er ukrenkeleg er ei slik utvikling logisk. Det vil setja helsepersonell på prøve, og sjølv om dei i Nederland og Belgia kan resevera seg er det ikkje sikkert at det blir situasjonen i framtida. Fastlegen skal ikkje kunna reserver seg mot det som er pasientrettar, og er det nokon grunn til at ikkje også skulle omfatta ein lovfesta rett til legeassistert sjølvmord eller eutanasi til dei som ikkje klarer det sjølv ?







lørdag 19. januar 2019

Bilder fra en utstilling

"Bilder fra en utstilling" er komponisten Modest Musorgskijs minnesmerke  over sin avdøde ven kunstnaren  Viktor Hartmann, det vart skreve på kort tid i 1874, opprinneleg i ein klaverversjon. Verket føl ti bilete i ein mnneutstilling over Hartmann der  Musorgskijs illustrerar bileta musikalsk på ein genial måte. Innimellom får vi eit gjennomgangstema, ein promenade, som er blitt ein klassiker. Den vanlegaste framførte versjonen er Ravels orkestrering frå 1922, og så har popgruppa Emerson Lake and Palmer sin versjon frå 1971 !

Modest Musorgskij vart fødd inn i ein adeleg familie i 1831, han utmerka seg musikalsk alt som barn ,men faren hadde tiltenkt han ein militær karriere. Det gjennomførte han og i fleire år, og det var vel heller ikkje musikalsk bortkasta i det Alexander Borodin tenestegjorde i same regiment som Musorgskij. Seinare vart han kjent med og inspirert av andre store russiske komponistar som Balakirev, Glinka og Rimskij-Korsakov.
Han døydde i 1881 av alkoholisme bare 42 år gammal. Han etterlet seg fleire ufullførte verk, men og mange fullførte som har gått inn i det klassiske repertoaret, dei mest kjende er operaen "Boris  Goudonov" og pianosuiten "Bilder fra en utstilling".

Flott framføring i Kilden med Kristiansand Symfoniokester og dirigent Julian Rachlin frå Litauen.

Lenke til  Chicago Symphony Orchestra sin versjon:

https://www.youtube.com/watch?v=DXy50exHjes




Det siste bilete i utstillinga er "Den store porten i Kiev". Det gjer musikkstykket enno meir aktuelt med tanke på dagens konfliktfylte Ukraina.

onsdag 16. januar 2019

Gunnel Vallquist

"Hon förenade tankens klarhet med djup fromhet" skreiv pinsepastoren og forfattaren Peter Halldorf i eit minneord om katolikken Gunnel Vallquist . Ho ville fylt hundre år i fjor, men döydde 97 år gammal i 2016. Gunnel Vallquist var forfattar, journalist, oversetjar og  aktiv samfunnsdebattant i store delar av nittenhundretalet. Ho skreiv i mange aviser og tidsskrift men hovudsakleg var ho kulturskribent i Svenska Dagbladet. I eit sekulært og sosialdemokratisk Sverige der religiøs tru var noko som høyrde heime i privatlivet og ikkje i det offentlege ordskiftet, var ho eit frimodig unntak. Gunnel Vallquist var klar i sitt livssyn og vart respektert for det, alt som ung hadde ho konvertert til Den katolske kyrkja. Men ho var ein sterkt økumenisk orientert katolikk, som kunne samarbeida med såvel pinsevenner som Peter Halldorf og ortodokse truande i Frankrike. Det andre Vatikankonsilets reformar både internt og i relasjon til andre kyrkjesamfunn ønskte ho difor velkomen. Ho kjende konsilet frå innsida som ein av dei få kvinnelege observatørar. Dette skildra ho seinare i "Dagbok fra Rom."

Gunnel Vallquist var orientert mot fransk og italiensk kultur, ho budde lenge i begge landa, og hadde kontakt med såvel teologar som kulturpersonlegdomar. I 1978 fullføte ho sitt store verk, ei omsetjing av Marcel Proust store verk "På sporet av den tapte tid." Det var nok sterkt medverkande til at ho vart vald inn i Svenska Akademien i 1982.

Gunnel Vallquist var ein offentleg person  som var klar i sin meiningar , men ho hadde ei anna og vel så viktig side, ho var ein from og bedande katolikk. Ho søkte det indre livet, "den indre samling som gör en lydhör for Guds tilltal." Sånn sett var ho ein andeleg slektning av ein annan stor svenske nemleg Dag Hammerskjöld, han kombinerte også eit svært aktivt liv i verdssamfunnet med eit rikt indre liv. Kyrkjehistoria er ellers full av eksempel på dette, det  treng ikkje vera nokon motsetning mellom samstundes å vera gudvendt mystikar og verdsvendt leiar eller organisator!


                            "Hunger och törst efter Gud var den enda religion jag kände."

onsdag 9. januar 2019

Den heilage Basilios den store

2. januar feirar vi minnedagen for ein av dei viktigaste kyrkjefedrene De heilage Basilios den store. Same dagar markerar vi og hans ven og samtidige Gregor frå  Nazianz. Saman med Basilios bror Gregor av Nyssa vert desse tre karakterisert som dei kappadokiske fedre. Nokon reknar også Baslios søster Macrina  som den fjerde kappadokier.

Basilios vart fødd inn i ein from og velståande familie i 330. Han fekk si utdanning i Caesarea, Konstantinopel og Athen, i Athen vart han ven og studiekamerat med Gregor frå Nazianz. Basilios levde lenge eit strengt monastisk liv , i det følgde han søstera, Den heilage Macrinas, eksempel.
Men Basilios hadde eit vidare oppdrag for kyrkja, han vart etterkvart via til diakon, vidare til prest og til slutt utnemnd til biskop i Caesarea i Kappadokia i året 370. Som biskop engasjerte han seg såvel i tidas store teologiske disputtar som i diakonal omsorg for sjuke og trengande. På det siste området var han ein foregangsmann, han grunnla så vel hospital, barneheimar og herberge for dei trengande.  Han grunnla ein heil liten by, Basiliade, med hospital og hospits for sjuke og fattige, og han blir ofte sett på som grunnleggjar av ideen om  kristne diakonale institusjonar.
Pave Benedikt karakteriserar han som ein av fedrene bak Kyrkjas sosiallære.

Basilios den store var altså ein praktisk organisator som fekk store innverknad på ettertida både når det gjeld Kyrkjas og klostervesenets organisering, og ikkje minst den diakonale tenesta. Men han var og ein skarp teolog som særleg var oppteken av Treeininga og  Den heilage Ande. På denne tida stod arianismen som nekta for Kristi guddom, sterkt, Basilios var ein av denne retningas mest engasjerte motstandarar. Kristus er sann Gud og sant menneske, "Den Hellige Ånd må telles med blant Faderen og Sønnen og tilbes sammen med dem" proklamerte han.

Han la og stor vekt på eukaristien som naudsynt næring for å halda liv i vår kjærleik til Gud og medmenneske. "Det er en god og nyttig ting å gå daglig til kommunion for å motta Kristi hellige legeme og blod. For han selv sier til oss: Den som spiser mitt legeme og drikker mitt blod har evig liv. Hvem kan derfor tvile på at stadig deltakelse i livet er det samme som å leve til fulle."

Basilios den store døydde i 379, ikkje fullt 50 år gammal, og vart innan kort tid heidra som ein heilag mann. Han blir rekna som den mest sentrale av dei kappadokiske fedre.

Pave Benedikt : " Kjære brødre og søstre, jeg tror man kan si at denne kirkefaderen fra en fjern fortid også taler til oss og forteller oss noe viktig. Først og fremst lærer han oss å ha en våken, kritisk og kreativ deltakelse i den samtidige kulturen. Dernest lærer han oss sosialt ansvar. I vår tids globaliserte verden er selv de folk som geografisk sett er langt borte fra oss i sannhet vår neste. Han lærer oss derfor vennskap med Kristus, Gud med det menneskelige ansikt. Til sist taler han til oss om kunnskap om og annerkjennelse av Gud Skaperen, vår alles Far."

tirsdag 8. januar 2019

Ny koptisk katedral i Kairo

Egypt har den største kristne minoriteten i Midt-Austen, kanskje rundt ti prosent høyrer til den koptisk ortodokse kyrkja leia av pave Tawadros II. Dei siste åra har  media stort sett hatt negative nyhende om denne diskriminerte minoriteten. Ei rekkje brutale terroråtak har ramma koptarane, og sidan 2016 er meir enn hundre koptarar blitt drept i slike åtak.
President Abdel Fattah al-Sisi er ingen demokrat, men han innser nok at det er viktig å dempa motsetningane i landet. Sist søndag, på den koptiske julefeiringa, var han tilstades under opninga av den nybygde katedralen i landets nye administrasjonssentrum utanfor Kairo. For å skapa balanse vart det samstundes opna ein ny moske. Dette blir sett på som eit aktivt tiltak for å dempa motsetningar mellom Egypts kristne og muslimske folkegrupper.

Katedralen blir den største i Midt-Austen og har plass til over 8000 truande. Navnet samsvarar med opninga i julehøgtida: Kristi fødsels kyrkje .
Vi må vona og be om at dette blir til velsigning for Egypts hard pressa kristne minoritet.

                     Pave Tawadros II og president al-Sisi under innviinga av den nye katedralen

søndag 6. januar 2019

Epifani

I dag feirar vi Epifani , Herrens openberring eller Heilage tre kongerskveld.  Dette er den opprinneleg feiring der både Kristi fødsel, dåp og dei tre vise menn frå Austerland vart feira. Etter kvart vart Jesu fødsel lagt til 25. desember og Herrens dåp lagt til søndagen etter Epifani. I dag feirar vi då  dei tre vise menn, etter tradisjonen Caspar, Melchior og Baltazar, som kom for å tilbe Jesusbarnet og vart leia av Betlehemsstjerna. Dei kom frå Austerland, sannsynlegvis Babylonia og blir eit bilete på at Kristus kom for å frelsa alle verdens folk ikkje berre Israelsfolket.

Frå dagens lesning i Jesaja 60.:

  5 Då skal du sjå det og stråla,
          hjartet skal skjelva og svulma.
          For havsens skattar blir dine,
          rikdomen til folkeslaga kjem til deg.
          
   
  6 Kamelar i mengd dekkjer deg,
          kamelfolar frå Midjan og Efa.
          Alle frå Saba kjem,
          gull og røykjelse har dei med seg,
          dei forkynner Herrens pris.





                                    Julekrybber i St. Ansgar


St. Therese: " Que chaqun s`apprete.......... L`Etoile s`arrete! ......
Entrons tous en fete, adorons L`enfant !....

( At vi alle gjer oss klare .... Stjerna stoppar opp ........La oss gå inn til festen og tilbe barnet)

onsdag 2. januar 2019

Theotokos

1.januar er også ein Maria-dag, ein dag der vi feirar hennar viktigaste tittel- Theotokos dvs. "Gudføderske" men vanlegvis oversatt som "Guds mor". Ordet er samansett av to greske ord
Theo- Gud og tokos - fødsel. Dette er naturlegvis ikkje å forstå slik at Maria er Guds mor frå opphavet, men det er ein referanse til Jesu fødsel og sånn sett ei vidare feiring av inkarnasjon - Gud vart menneske - som vi alt har feira i jula.

Den bibelske referansen til dette finn vi i Lukas 1.43 der Elisabeth helsar Maria: " Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg ?"

Den kyrkjehistoriske referansen finn vi på konsilet i Efesos i 431. Nestorius var erkebiskop/patriark av Konstantinopel, han representerte den antiokiske retninga   som tenderte til å skilja Kristi guddommeleg og menneskeleg natur frå kvarandre. Difor kunne han ikkje kalla Maria Theotokos berre Khristotokos (den som fødte Kristus). Mot dette synet stod patriark Kyrillos frå Alexandria. Hans teologi framheva den dynamiske einkapen mellom Kristi to naturar.
Kyrillos sitt syn vann fram i Efesos , Maria vart erklært som Theotokos fordi Kristus er ein person med både ein menneskeleg og guddomeleg natur. Nestorius trakk seg tilbake til sitt kloster og døydde seinare i eksil i Egypt. Då han døydde hadde også han akseptert tittelen Theotokos.

Feiringa av Maria 1. januar er altså ei feiring av at Kristus er sann Gud og sant menneske fødd inn i verda av Jomfru Maria.
Maria gjer berre det same  ho gjorde i bryllaupet i Kana, ho peikar  på Sonen og ber oss gjera som han seier !



                        




Det gjorde inntrykk å stå på den staden der konsilfedrene i 431 proklamerte dogmet om  Jomfru Maria som Theotokos.