torsdag 11. april 2013

"...forutan dagklåre visse"




" Det kom ei bråglede: Dreyers forlag vil gjeva  ut ei bok med dikta eg hadde valt i Dag og Tid. Dei ynskte ei samling på toogfemti dikt med kommentarar." skriv Asbjørn Aarnes i føreordet til den siste boka han rakk å få ferdig før han døydde nær 90 år gammal . Eg har tidlegare skreve eit lite minneord om han på  denne bloggen.
"Til minne om Emil Boyson - og i takksemd til Kåre Tveter" står det under innhaldslista, men boka vert og eit minne om Asbjørn Aarnes. Boka spenner vidt, like frå Henrik Wergeland til nolevande lyrikarar som Erik Bystad og Synne Lea. Det er likevel ingen tvil om at det er Emil Boyson som er den store inspirasjonskjelda,  i over tjue år var han og Aarnes vener og samarbeidspartnarar. Saman redigerte dei antologien "Norsk poesi" som kom i 1961. Asbjørn Aarnes sin antologi er klart inspirert av denne. Begge har dei vald dikt som " kan fylla ein tom tagnad."
"Rast ved rinnende vann " er eit slik Emil Boyson dikt:

"Trett er vårt hjerte ikke,
men dagen er blitt kveld.
Vi stanser. Gjennem vor taushet
toner vannenes væll.

Vi hører i elve-susen
at evigheten er nær.
Vi fødtes til jorden. Vi møttes.
Vi hadde hinannen kjær.

Om litt kan vi intet høre
- dette er Alt vi vet.
Vannet skal videre bruse
gjennem all evighet."


Tittelen på boka "...forutan dagklår visse " er henta frå Tor Jonssons "Så stig då i meg, einsemd" som han skreiv like før han valde å forlata livet. Livet som vart så tung for han, men som han likevel hadde ein draum om at han aldri, aldri skulle misse.
Det er likevel ein annan nynorsk diktar som kanskje både Aarnes og underteikna set aller høgast, nemleg Olav Nygaard. Aarnes har teke med det vesle diktet "Svevn" som han og las opp og framheva i eit radioprogram som nyleg gjekk på P2.

"Svevn, du hev ei
himels vogge, -
kan du voke-
verken stogge ?
Dagen hev til
mergen hogge
sine tenner
i min barm.

Ber meg inn i
soldraumsblaane
austan sol
og vestan maane,
lat meg draume-
vengjer laane
so eg vaknar
heil og varm."

Mange av dikta har illustrasjonar av kunstnaren Kåre Tveter. Det er med på å gje eit heilskapsinntrykk som varer ved også etter at ein har lagt boka frå seg. Ei bråglede, ja absolutt ei bråglede å få denne boka i hendene !



"Vegen som førar vidare, og snart er det haust."


















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar