lørdag 23. september 2017

Gregor av Nyssa

Eg skreiv nyleg om Oscar Romero som talte klart om vårt ansvar for å kjemp mot all urettferd. Ein av dei han nok var inspirert av var kyrkjefaren Gregor av Nyssa (ca 330-395) som og talte klart om nestekjærleik og vårt ansvar for dei fattige.

"Forakt ikke de som ligger nede, som om de av den grunn ikke skulle være noe verdt. Tenk over hvem de er, så vil du oppdage hvor deres verdighet er å finne: Disse menneskene representerer Frelseren for oss. Og slik er det: For i sin godhet gir Herren dem sin egen person, slik at de som er harde av hjertet og fiender av de fattige, ved dem skal bli rørt til medlidenhet."

"Men hva gagner det deg å faste og å avstå fra kjøtt, om du deretter med din ondskap ikke gjør annet enn å ta en bit fra din bror? Hvilken vinning får du i Guds øyne ved ikke å spise av din egen mat, om du handler urettferdig og snapper fra den fattiges hender det som er hans?"

Den heilage Gregor av Nyssa blir rekna som ein av dei kappadokiske fedre saman med hans eldre bror Basilios den store og Gregor av Nazianz. Han vart fødd inn i ein sterkt religiøs familie der fleire blir rekna som helgenar. Han vart sterkt påverka av sin eldre bror og det fromme  søstera Macrina. Gregor utdanna seg i retorikk og filosofi i Aten og underviste i det ein periode før han vart prestevia av broren Basilios og etterkvart utnemnt til biskop i brorens erkebispedømme. Gregor var ingen suksess som administrator, det er som djuppløyande teologisk tenkar han blir hugsa. Han deltok på konsilet i Konstantinopel i 381 og var sentral i utforminga av læra om Treeininga. På denne tida stod vranglæra arianisme sterkt; Gregor kjem innbitt mot denne retninga og for den ortodokse læra.
Sentralt i hans tekning er forestillinga om menneskets verdigheit, vi er med Guds kraft kalla til å bli fullkomne. Han talar om oppstigninga til Gud i bøn, men like viktig er oppstigninga til Gud gjennom nestekjærleik. Sånn sett er han evig aktuell, vi er kalla til fordjupning og indre bøn men og til å gå ut og handla i nestekjærleik. Her er det ingen motsetning, dette er to sider som utfyller kvarandre.







onsdag 20. september 2017

Karmel Tromsø

"Flos Carmeli
vitus florigera
splendor coeli
Virgo puerpera singularis

..........

Mater dulcis
Carmeli domina
plebem tuam reple laetitia
qua bearis. Amen"

(O du Karmels blomst
vingårdsfrukt vil bringe
himlenes skjønnhet
mor og barselkvinne
ene du er.
...........
Moder gode
Karmels herskerinne
ditt evige eie
La ditt folk det finne
lykksalighet. Amen)

Flos Carmeli er ein hymne tilskrevet Simon Stock på 1200 talet, på slutten av 1600 talet vart hymnen nytta i feiringa av Vår Frue av Karmelberget  16. juli. Framleis blir hymnen nytta i Karmelittkloster og sunge til Marias ære av søstre og brødre. Karmel har større fokus på Maria enn dei fleste andre ordenar og retningar innen katolisismen. Vi har det i vissa om at Maria bare gjentek det ho gjorde i bryllaupet i Kana, ho vender seg til Sonen:"Dei har ikkje meir vin!"

Det er vakre septemberdagar med sol frå blå himmel når vi kjem Karmelittklosteret Totus Tuus (Heilt din) i Tromsø. Retrett og fordjupning i vår andelege tradisjon. Messe, tidebøner, indre bøn, samtale og måltid i stillhet. Samver med dei som ein deler det grunnleggjande i tilveret med.
Eg kjem litt før, går turar på fjellet og føler eg legg det hektiske bak meg og fell til ro. Det er eit og eit halvt år sidan sist eg var her, det kjennest ikkje så lenge i vissa om at vi er velkomne.

                       Guro Giskes vakre Maria bilete i klosterkyrkja i karmelittklosteret









                                         Maria Regina mundi
                                         Maria Mater Eccelsiae
                                         tibi assumes tui memores
                                         Vigilamus vigilamus
                                         
                                         (Maria verdens dronning
                                          Maria kirkens mor
                                          Våkende står vi foran deg
                                          Våkende kommer vi deg i hu)
                                       


tirsdag 5. september 2017

Pilegrimsmålet Montserrat

Vel ein times tid frå storbyen Barcelona møter vi fjellkjeda Montserrat som med sin karakteristiske sagtakka utsjånad strekk seg over vel ei mils lengde og ei halv mils breidde. Naturen her er unik, og området vart i 1987 gjort til nasjonalpark. Sjølv om naturen trekk mange til Montserrat er det som pilegrimsmål plassen er mest kjent, gjennom hundreåra har ein jamn straum av  pilegrimar kome til La Moreneta - Den svarte Madonna for å be om hennar forbøn.
La Moreneta er ei statue av Maria og Jesusbarnet som hundreåra har gjeve ein svart farge( ikkje tresorten eller maling), etter legenden vart statua funne i ei grotte på 800 talet. Den første skriftelege dokumentasjon om Montserrat er frå slutten av 800 talet, sannsynlegvis  var det då ei gruppe einebuarar som heldt til i fjella. Klosteret vart grunnlagt i 1025 og vart utover i Mellomalderen eit viktig pilegrimsmål. Det kan nevnast at Ignatius av Loyola kom her i 1552. Ein av munkane vart med Columbus til Amerika, og øya Montserrat fekk navn etter pilegrimsmålet.

Under Napoleonskriget 1811-12 vart klosteret øydelagt av den franske hæren, munkane kom tilbake i 1844 og byrja gjenoppbygginga av klosteret. I 1881 vart Den svarte Madonna erklært som skytshelgen for Katalonia og Montserrat fekk  etterkvart igjen sin status som viktig pilegrimsmål. Under borgarkrigen 1936 -39 vart klosteret på nytt utsett for åtak, og 23 munkar lei martyrdøden. I 2013 vart dei saligkåra av pave Benedikt.

Montserrat i dag er i dag pilegrimsmål med klosteret med basilikane med La Moreneta tronande over koret som sentrum, men det er og ein viktig turistattraksjon og utgangspunkt for vandreturar i fjellet og eit eldorado for fjellklatrarar. Uansett motivasjon får dei kanskje alle med seg litt av den sterke andelege påverknaden som Montserrat har. Dei fleste tar nok ein tur innom basilikane og får med seg ein av tidebønene til benediktinarmunkane, eller det fantastiske gutekoret som kl. 13 kvar dag  syng Salve Regina og Montserrat-hymnen  Virolai. Etter tidebønene Laudes eller Vesper kan ein gå ut av basilikaen  og via det store atriet til høgre og følga straumen av pilegrimar( eller nesten åleine dersom det er tidleg eller seint) opp til det rikt utsmykka rommet med La Moreneta. Statua er dekka av ein glassvegg, men ein kan røra ved den høgre handa som held ei kule samstundes sim ein opnar den andre handa mot Jesusbarnet som ho held på fanget. Etterpå kan ein setta seg ned i kapellet bak La Moreneta før ein føl Cami de l`Ave Maria ut til atriet. Her er det tent hundrevis av lys som teikn på alle dei forbønene La Moreneta ber fra til Kristus for oss.














fredag 1. september 2017

Montserrat:vesper

Etter kongress i Barcelona tar vi toget ein times tid i retning fjellformasjonen Montserrat. Til slutt ein kort tur med taubanen og så er vi der, klosteret grunnlagt for snart tusen år sidan med Den svarte Madonna - La Moreneta, Katalonias viktigast heilagdom og mål for mange pilegrimar.
Etter å ha sjekka inn på hotellet Abat Cisneros skundar vi oss over La placa  de Santa Maria og når kveldens vesper i basilikaen. Eit tjuetalls benediktinar munkar finn sin plass i koret og akkompangert av orgelet innleiar dei med ein latinsk hymne før Davidssalmar og Magnifikat på katalansk. Når ein er van med å  be vesper kjennest det fort like naturleg på katalansk som norsk. Til slutt høgdepunktet Salve Regina med klosterets fantastiske gutekor. Utruleg vakkert!
Vi sit ei stund og let det heile siga inn over oss slik at vi får den nødvendige roen før  møtet med La Moreneta. Blikket fall på henne med det same vi steig inn i basilikaen der ho tronar øverst i koret.
Vi føl pilegrimane opp trappene bak koret og rører kort ved kula ho held i den høgre handa, den venstre peikar på Jesusbarnet. Det er kort, men vi har høve til å koma tilbake seinare. Trappa fører ned til Cami de l`Ave Maria, der dei truande tenner lys og ber om La Morenetas forbønn. Vi  kan delta i det same ritualet, tenna lys og legga fram dei bøner vi har fått med oss. Det kjennest godt, ein er del av noko større,  ein av dei  mange som har kome her gjennom tusen .






                                       Santa Maria de Montserrat pregueu per nosaltres