tirsdag 31. januar 2017

Poetica: Etter musikken

Etter musikken

Etter musikken latteren
og din elleville komikk
som gjev gjenlyd gjennom hundreåra
forviklingane får ein lukkeleg slutt
når sceneteppet går ned etter sluttarien
og du kan snu deg mot den gråtande mora
tonerekkja bøyer seg stille under sorga.
Giovanni Battista Pergolesi
berre tjueseks år i tida
men også navnet ditt som musikk
når det er kort tid før kvelden
og du skriv og skriv som om vi ikkje
skulle kunna kjenna dette
tårene,ja og latteren
til slutt berre det evige smilet
Kom så sorg!
Kom no glede!


(Giovanni Battista Pergolesi:Stabat Mater)


tirsdag 24. januar 2017

Lyset fra Wergeland

Lyrikaren Arnold Eidslott kan ein stadig venda  tilbake til. Lyrikken hans er ei utømeleg kjelde til innsikt og visdom. Han debuterte i 1953 og skriv framleis, no over nitti år gammal.
Her to dikt som handlar om dei store spørsmål i tilværet
Først diktet "Lyset fra Wergeland"  frå  " Under San Marcos murer" som kom i 1991:

"Det vesentlige sies ikke
Men et ekko kan bli hørt
i utvelgelsen når den ene
når den ene røst åpenbares
Pusjkins bror Wergeland sa
Skapelsen mennesket Messias
er det eviges gåte og livets
sum er tilbedelse og derfor
er hjertets rop det høyeste
det vesentligste for i dette
ropet etter et svar åpenbares
menneskets ånd som Guds bilde
Den som vil forstå dette står
undrende foran mysteriets port
Lenger kan han ikke nå i denne
dimensjon i Guds evige hushold"


Og "Marskalkene ved graven" fra " Den tause ambassadør" 1980:

"Hva blir tilbake
når han fires ned til ormene

Vårt liv må være
forankret i en annen grunn

Denne husholdning
kan et menneske ikke forstå

Newton beviser ikke
meningen med dette forfall

Vi stanser her
og fryser i det kalde rommet"










søndag 22. januar 2017

Giovanni Battista Pergolesi

Den dansk-armenske fiolinisten Loussine Azizian (F. 1986) framfører Giovanni Battista Pergolesis(1710-36) fiolinkonsert i B-dur i Kilden konserthus. Ikkje hans meste kjende musikk men stemningsfullt og vakkert. Før det har vi høyrt frå Stravinskys ballett Pulcinella inspirert av Pergolesi eller det Stravinsky trudde var Pergolesis musikk, men som viste seg hovudsakleg å vera frå andre mindre kjente musikkskaparar i barokken.

Den italienske komponisten og musikaren Giovanni Battista Pergolesi vart fødd Draghi men tok etternavnet Pergolesi som var eit kallenavn. Han vart berre 26 år gammal då han døydde av tuberkulose, men han klarte i sitt korte liv å skriva seg inn i musikkhistorien. Han er kjend for to ting den sakrale musikken og operamusikk. Han var ein tidleg representant for "opera buffa", den komiske italienske operaen i motsetnad til Lully og Rameaus meir seriøse franske opera. Pergolesis mest kjende opera er "La serva Padrone" som er ein ellevill komedie.
Men det er utan tvil eit sakralt verk som han er mest kjend for nemleg "Stabat Mater" som han skreiv i dødsåret 1736 og som har blitt enormt populært også i vår tid med ei mengde innspelingar.
Men i dag er det fiolinkonserten vi kan gleda oss over:
https://www.youtube.com/watch?v=r7Fn6iSReds



lørdag 21. januar 2017

Kropp og medvit

Eg vender tilbake til Henry Marsh og boka "Do no harm" der han har eit kapittel med tittelen "Akinetic mutism" som handlar om pasientar med alvorleg hjerneskade og som blir liggjande i ein vegetativ tilstand i årevis. Han innleiar med sitt synspunkt på kropp og sjel: " Neuroscience tells us that it is highly improbable that we have souls, as everything we think and feel is no more or no less than than electrochemical chatter of our nerve cells. Our sense of self, our feelings and our thoughts, our love for others, our hopes and ambitions, our hates and fears all die when our brain die."
Mange vil oppfatta dette som ei reduksjonistisk tilnærming, vi gjev slepp på tanken om eit liv uavhengig av kroppen og medvitet blir redusert til celler, synapser og biokjemiske signal. Henry Marsh ser ikke dette som reduksjonisme, men ei oppgradering av materien  "into something infinitely mysterious." Han har eit poeng her for vi anar ikkje kva medvit er for noko, har kvar celle litt medvit i seg, eller kor mange nevroner(hjerneceller) skal det til for å skape eit sinn medvite om seg sjølv ? Det er eit mysterium uansett om eit reknar med noko utanfor materien eller ikkje!

Henry Marsh blir kontakta av ein nevrologkollega som har tilsyn med ein pleieheim for pasientar med alvorleg hjerneskade. Ei kvinne som Marsh opererte for ei misdanning i kartreet mange år tidlegare ligg her, ho fekk ein livstrugande blødning og vakna aldri opp igjen. Nevrologen vil at Henry Marsh skal sjekka om slangen som avlastar trykket i hjernen fungerar. Han køyrer ut til denne pleieheimen ein haustkveld, og det går relativt greit å sjekka at den trykkavlastande slangen fungerar. Det som gjer inntrykk er at denne kvinna som tilsynelatande er i koma kan røra på ein finger og kommuniserar med ein slags "morsekode", ho takkar han og ønskjer han  godkveld. Ho ser altså ut til å ha tankar og rasjonelt medvit trass i ein tilsynelatande vegetativ tilstand! Vi har tidlegare fått eit sterkt inntrykk av dette gjennom den franske redaktøren som var fullstendig lamma etter hjerneslag og skreiv boka "Dykkerdrakt og sommerfugl" ved å blinka med det eine auget.( det er også lagd ein film om dette med same navn, Kan tilrådast!)
Det andre som gjer inntrykk er navneskilta på dørene, Marsh kjenner igjen mange av sine tidlegare pasientar,der operasjonen var mislukka og dei enda opp som permanent pleietrengande. Igjen den hårdfine balansen mellom triumf og tragedie. Marsh har tenkt på seg sjølv som ein lege som ikkje berre hugsar sine triumfar, men også sine tabbar, men her var "several patients I had already forgotten." Vi gløymer kanskje våre feil og tabbar for å kunna gå vidare i livet ?

Sjølv om han ikkje reknar med nokon realitet utover det materielle gjer personalet på pleieheimen som blir dreva av ein katolsk nonneorden, inntrykk på han, dei "were very caring and friendly."  Vidare skriv han med respekt og beundring: " The devout Catholic staff did not accept the grave lesson of neurosience - that everything we are depends upon the physical integrity of our brains. Instead, their ancient faith in an immaterial human soul meant that they could create a kind and caring home for these vegetative patients and their families."







søndag 15. januar 2017

Blekk og blod

Walid al-Kubaisi (f. 1958 i Bagdad) kom til Norge som politisk flyktning i 1986. Han har etter kvart etablert seg som ein viktig samfunnsdebattant og forfattar. Han har  gjeve ut fleire bøker og har fast spalte i vekavisa  "Dag og tid "  der han skriv på nynorsk. I fjor kom han med boka "Blekk og blod" med undertittel "Ei familiekrønike frå Midtausten og Noreg" på Dreyer forlag. Det er si eiga og slektas dramatiske og tildels blodige historie han skildrar i denne boka. Han kjem frå ein kjent og mektig familie i Irak, men dei fall i unåde under Saddam sitt styre  og mange vart avretta på slutten av 1970 talet. Sjølv måtte han flykta under krigen mot Iran på byrjinga av 1980 talet, via Syria og Libanon kom han til Norge og fekk asyl her. Han kjem ikkje tilbake og får møta familien før fleire tiår seinare, då er faren død men mora lever, ho lever i vona om å ein dag å få sjå sonen att! Men det er eit anna Irak han kjem tilbake til, eit utrygt og lovlaust Irak, prega av vilkårleg og sekterisk vald. 
Sterkt intrykk gjer det å lesa skildringa av barndomen der ein av hans beste vener var Nasir som var kristen, dei gjekk ut og inn av heimen til kvarandre. Legen som tek seg av han er jødisk, jødane utgjorde i si tid ein tredje del av folkesetnaden i Bagdad. I dag er dette historie og alt er tilsynelatande utan von ! Jødane har forlengst forlete Irak. dei fleste kristen har flykta frå  landet etter den siste Gulfkrigen. Kvinnene går tildekka, det gjorde dei ikkje då Walid vaks opp,

Walid møter igjen barndomsvenen Nasir, dei har ein lange samtale og Nasir avsluttar: " Eg hugsar grannelaget, Walid! Hugsar du? Der kristne, muslimar , mandearar , kurdarar , sunniar, sjiaer og turkmenarar budde i lag. Dei hadde sosiale gnissingar, dei var usamde, dei diskuterte og krangla, men dei skapte eit velfungerande samfunn. Ingen av desse ulike folka drog våpen og drap som i dag. Det var den gongen."

           På bokomslaget er bryllaupsbilete til Walids foreldre som gifte seg i Bagdad i 1955.

Eit stev

Brått dukkar det opp noko eg skreiv for lenge sidan etter ein tur i heia

"No speglar vatnet ein solfylt song
at eg får trø her enno ein gong
no leikar ljoset øver hei og li
og talar til oss om ei anna tid.

Dei lett bylgjer slår inn mot strand
og lengten står til eit anna land
når solfylt dag går mot stille natt
gjev eg må koma med draumar att."



torsdag 12. januar 2017

Do no harm

Eg har tidlegare skreve om den engelske nevrokirurgen Henry Marsh i blogginnlegget "The English Surgeon" basert på filmen med denne tittelen som fokuserar på hans arbeid i Ukraina. Henry Marsh vart for alvor kjent utanfor sitt fagmiljø gjennom boka "Do no harm" med undertittelen "Stories of Life, Death and  Brain Surgery". Boka har fått fantastisk kritikk og har vorte ein bestselgar, ho kom i fjor også  i norsk omsetjing. Kva er det som gjer denne boka så spesiell ? For det første skriv Henry Marsh godt, ein blir reven med i hans skildringar av livet som nevrokirurg i London, den hårfine balansegangen mellom triumf og tragedie, mellom liv og død. For dette er ikkje bare triumf, det er og tragedie, det fatale som når han på slutten av ein komplisert operasjon skader ei blodåre som fører til at pasienten ender opp i ein vegetativ tilstand. Dette skildrar han i kapittelet "Hubris", der det skjer ein fatal feil på slutten av inngrepet, Marsh innser at han burde avslutta litt før. Det er og gjennomgangstonen i boka, forfattaren er så absolutt  ærleg når han utleverar seg sjølv og sine feil. Sjølv om ein gjer sitt beste går det likevel av og til galt, det er ein del av livet og det er ikkje minst ein del av medisinen. Det er likevel ingen tvil om at Henry Marsh er ein dyktig kirurg, ikkje minst kjem dette fram i skildringane av dei vanskelege samtalane med pasientar om kompliserte inngrep med stor risiko.
Kvart kapittel i boka har ein diagnose som tittel, men dette er ikkje bare ei skildring av alvorlege sjukdomar i nervesystemet. Marsh skildrar det daglege sjukehuslivet med underbemanning, for få senger og eit vaksande helsebyråkrati, han er frittalande og  kritisk og kjem i konflikt med leiinga i det offentlege helsevesenet. Klagesaker er eit anna tema han skildrar utfrå personleg oppleving, det stressmonentet dette fører med seg er det nok mange kollegaer som kjenner seg igjen i.  Sterkt inntrykk gjer det når han blir svært personleg og skildrar eigen sjukdom og skade. Det er ikkje så enkelt å omstilla seg frå lege til pasient, han får det fram på ein ærleg og humoristisk måte. Som lege trur ein seg usårbar, "Illness is something that happens only to patients. This is an important lesson you learn early on as a medical student" skriv han innleiingsvis i kapittelet "Photopsia" der han fortel om då han vart ramma av netthinneløsning. Legar neglisjerar ofte symptom og bagatellisarar i det lengste, " So when doctors fall ill themselves they tend to dismiss their initial symptoms and find it hard to escape the doctor-patient relationship, to become mere patients themselves." Han har alltid vore redd for å bli pasient sjølv, men når det skjer går det likevel greit. Han må bare overlata alt til sin augekirurg kollega, og ein blir definitivt ikkje ein dårlegare lege etter å ha sett helsevesenet frå pasientens synsvinkel!
Det er ikkje alltid lett å forhalda seg til krevjande pårørande, det erfarar alle som arbeider som helsepersonell. Marsh har sett også denne sida, difor forstår han  betre dei pårørandes situasjon. Som nyutdanna lege opplever han at sonen får ein hjernetumor(det går bra), og som godt vaksen opplever han moras kreftsjukdom og død( ein god død heime). "Anxious and angry relatives are a burden all doctors must bear, but having been one myself was an important part of my medical education. Doctors, I tell my trainees with a laugh, can`t suffer enough."

"Every doctor should read this book" skriv Marsh om kollega  Paul Kalanithis bok " When breath becomes air", Det gjeld definitivt også Henry Marsh bok,. Men ikkje bare kollegaer, her er kloke ord for alle som møter sjukdom og død og det gjer vi alle før eller seinare. Ikkje så rart at dette har vorte ein bestselgar. Her i landet har Karl Ove Knausgård vorte fascinert av Henry Marsh bok, og han oppsøkte han under eit oppdrag i Tirana og skreiv ein lengre poetisk artikkel om nevrokirurgi!





søndag 8. januar 2017

Herrens dåp

I dag feirar vi minnedagen for Jesu dåp av døyparen Johannes i Jordan elva.  For to dagar sidan feira vi Herrens openberring, Epifani eller Heilage tre kongers kveld. Tidlegare var dette same festdagen,som vart feira på ein søndag.  Etter siste liturgireform vert Epifani feira 6. januar og Herrens dåp søndagen etter. Med det er juletida slutt og vi går inn i første del av det allmenne kyrkjeåret! Men snart er det fastetid og påskeførebuing!

Dagens tekst i Matteus evangeliet tredje kapittel:


13 Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han. 14 Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?»15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16 Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. 17 Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»


                      Jesu dåp av Sandro Botticelli (1445 - 1510)

lørdag 7. januar 2017

When breath becomes air

" I began to realize that coming in such close contact with my own mortality had changed both nothing and everything. Before my cancer was diagnosed, I knew that someday I would die, but I didn`t know when. After the diagnosis. I knew that someday I would die, but I didn`t know when. But now I knew it acutely. The problem wasn`t really a scientific one. The fact of death is unsettling. Yet there is no other way to live."

Slik skriv den 36 årige Paul Kalanithi stilt overfor sin eigen dødelege sjukdom. Før han døyr klarar han å formidla sin historie og sitt bodskap gjennom den nesten fullførte boka "When breath becomes air" som kom ut i USA på nyåret 2016 og på kort tid vart ein bestselgar. Paul hadde då vore død i snart eit år, men alt medan han levde hadde han fått enorm respons på sine artiklar i New York Times og Washington Post. Han skreiv om det som angår oss om alle, om liv og død, om ikkje minst den dramatiske omveltninga han opplevde i sitt eige liv: å gå frå å vera kirurgen som lækte og redda liv til å bli pasient med ein dødelege sjukdom. "How long have I got left? " skriev han i New York Times i februar 2014 og fekk ein enorm respons.
Paul Kalanithi var ein ung mann med foreldre som var innvandrara frå India, oppvaksen i ein liten by i Arizona der faren var kardiolog. Han studerte først litteratur, historie og filosofi, men klarer ikkje å slo seg til ro med det reint teoretisk og byrjar på medisinstudiet. Han vel å spesialisera seg i det kanskje  vanskelegaste og mest krevjande faget, nevrokirurgi. Han er nesten ferdig spesialist då diagnosen lungekreft blir stilt(den typen som ikkje røykarar får), Han har lenge følt seg dårleg og har mistenkt at noko ikkje er som det skal, men han har stått på i arbeidet til det siste. Kanskje ikkje så uvanleg for legar, eigen sjukdom  vert ofte fortrengt. Boka byrjar med at han ser igjennom sine eigne CT billeder, det er dramatisk, både lunger, skjelett og lever er gjennomsådd av kreftsvulstar. Han har eit par dagar før gjennomført lange og krevjande kirurgiske inngrep(rett nok på smertestillande), men no er alt snudd oppned. Livet og karrieren han hadde planlagt må omvurderast. Prognosen er dårleg. rett nok har han effekt av behandlinga som vert gjeve, og han kjem ein periode tilbake i arbeid, men kreftsvulstane kjem tilbake og Paul Kalanithi  døyr i 2015 37 år gammal.
Med sin humanistiske grunnutdanning har han alltid hatt lyst til å skriva bøker, og i det han stirrar døden i kvitauga går han laus på denne oppgåva. Han er ærleg, modig og reflektert , velformulert og belest og har eit tema som angår alle, difor vert dette så bra, difor er det så mykje vi kan læra av denne unge døyande legen.
Ein kollega av Paul nevrokirurgen Henry Marsh som og skriv bøker, kommenterar boka slik: " Every doctor should read this book... it helps us understand and overcome the barriers we all erect between ourselves and our patients." ( sjå ellers mitt blogginnlegg The English Surgeon). Henry Marsh skriv forresten like ærleg og sjølvutleverande som Paul Kalanithi! (Do No Harm som nyleg kom på norsk og som Karl Ove Knuagård skriv begeistra om i Morgenbladet og Financial times)
Her er kjelde til ny innsikt ikkje berre for kollegaer av Henry og Paul, men for alle som innser at før eller seinare vert vi alle ramma av sjukdom og død. Det er sjølve grunnvilkåret i menneskelivet!
Kollega Abraham Verghese har ein fint forord til Pauls bok, og kona Lucy som også er lege har eit gripande etterord. Ho sit att med dottera Cady som dei valde å få sjølv om Pauls var dødssjuk.



Tittelen på boka er henta frå diktet "Caelica 83"av den engelske 1500 talls poeten  Baron Brooke Fulke Greville.

"You that seek what life is in death,
Now find it air that once was breath,
New names unknown, old names gone:
Till times end bodies, but souls none.
       Reader ! then make time, while you be,
       But steps to your eternity."

tirsdag 3. januar 2017

Sie werden aus Saba alle kommen

Vi feirar snart Epifani - Herrens openberring. I den austlege kyrkja er dette julefeiringa.
Johann Sebastian Bach skreiv kantater for alle årets søndagar  og alle høgtidsdagar. For Epifani har han fleire kantater, "Sie werden aus Saba alle kommen" ( Dei skal alle koma frå Saba) vart skreve i Leipzig i 1724.
Teksten er frå Jesaja 60. kapittel:" Alle frå¨Saba kjem, gull og røykelse har dei med seg, dei forkynner Herrens pris."

Her lenke til framføring frå 2000 med John Eliot Gardiner:
https://www.youtube.com/watch?v=dtgTDyK6Ae0


                                     Luis Tristan de Escamilla: Vismennenes tilbeding frå 1616.

Antifon til Magnificat:
"Da vismennene så stjernen, sa de til hverandre: Dette er den store  Konges tegn. La oss gå og finne ham og hylle ham med gaver, gull, røkelse og myrra."