tirsdag 28. oktober 2014

Santa Maria Maggiore

Roma i slutten av oktober. Santa Maria Maggiore, kanskje den vakreste kyrkja i Roma ?  Navnet har kyrkja fått avdi ho er den største av Romas 26 kyrkjer vigde til Jomfru Maria. Tidlegare har kyrkja hatt andre navn som alle avspeglar den spennande historia: Santa Maria della Neve( av snøen), Santa Maria Liberiana(etter pave Liberius), Santa Maria del Presepe (av krybba) .
I følge tradisjonen var det pave Liberius som grunnla kyrkja på midten av 300 talet. Jomfru Maria skal ha vist seg for han på Esquilin høgda i august  356 og gjev han beskjed om å byggja kyrkja på ein stad der det vart funne snø. Ei sjeldan hending i Roma og iallfall i den varmaste  månaden august. Om morgonen 5 august vart det likevel funne snø her, omrisset av kyrkjes grunnplanet var dekka av snø. Seinare har dette blitt minna kvart år denne dagen som festen for "Vår Frue av Snøen". Under festegudstenesta blir det slept ned kvite blomar over forsamlinga for å forestille snø. Kanskje og eit bilete på Maria som den syndfrie ( den ubesmitta unnfanging)
Sannsynlegvis vart den opprinnelege kyrkja bygd på 400 talet, trass i fleire seinare øydeleggingar og ombyggingen er ein del av det opprinneleg framleis der. Det gjeld ikkje minst mosaikkar med bibelske motiv som vi finn langs kyrkjeskipet. Eit høgdepunkt er apsismosaikken frå 1200 talet som viser Jomfru Marias kroningen i himmelen. I koret finn vi og ikonet "Salus Populi Romania"( det romerske folkets helse) og er til minne om at byen vart spart for pest på Maria forbøn.
Pave Johannes Paul skal ha innført at det heile tida brenn ein oljelampe ved dette ikonet.
Til venstre for hovedinngongen finn vi og døra som vert opna kvart heilage år, som det er 25 år imellom. På døra finn vi ei innskripsjon om konsilet i Efesus der det vart endeleg selge fast
at Maria er Theotokos - Guds Mor.
Å koma inn i Santa Maria Maggiore gjer Kristendomens 2000 årige historie levande, og ikkje minst minner det oss på den viktige rolla Maria spelar i Frelseshistoria !


L'angelo del Signore porto l'annunzio a Maria.  
Ed ella concepi per opera della Spirito Santo.
Eccomi , sono la serva del Signore.
Si compia in me la tua parola.
E il verbo si fete carne.
E venne da abitare in mezzo a noi.
Prega per noi, Santa Madre di Dio.
Perche siamo resi degni delle promesse di Christo.



onsdag 22. oktober 2014

Jøde - eit skjellsord ?

" Sammen med "homo" og "hore" er "jøde" det vanligste skjellsordet i norske skolegårder", seier forstandar i Det mosaiske trussamfunnet Ervin Kohn i eit intervju med Aftenposten. Det var det neppe for få år sidan og avspeglar vel den aukande antisemittismen vi opplever i heile Europa i dag, Norge ikkje unnateke.
Svært mange jødiske skolebarn vågar i dag ikkje å visa at dei er jødar, det gjeld ikkje bare i Polen, Ungarn og Belgia men og i Norge. Ei undersøkjing for eit par år sidan viste at ein av tre jødiske ungdomsskoleelevar i Oslo vart mobba og opplevde å få slengt "jøde" etter seg som skjellsord. Mange lærarar bagatelliserte dette, ein rektor hevda at det ikkje var forskjell på å bli kalla "en jævla jøde" og "en jævla vestlending".
Ei fersk undersøkjing frå  Anti-Defamation League viste at 15% av nordmenn har klare antisemittiske
oppfatningar. Det utgjer meir enn ein halv million menneske, langt mindre enn i land som Frankrike, Poelen og Ungarn men meir enn i Sverige og Danmark. I 2006 vart det løsna skot mot synagogen i Oslo, det viser seg at 4% av nordmenn forsvarar denne handlinga. Desse personane trur ofte på  konspirasjonsteoriar og stereotypiar om at jødane styrer verdas finansmarknadar og etter kvart vil ta over verdsherredømet. I dette biletet blandar ein og inn israelsk politikk og dei siste krigshandlingane i Gaza. Mykje av dette svarar til det som over hundre år sidan vart uttrykt i "Siona vises protokoller", ei bok som i dag  er populær i mange land, ikkje minst i Midt-Austen.
Frå fleire hald vert det hevda at muslimsk innvandring har ført til auka antisemittisme. Ervin Kohn går i rette med denne forklaringa, men han innrømmer og at antisemittisme er utbreidd i mange muslimske miljø. Malmø er ein til dømes ein by jødar flyttar frå avdi dei føler seg sterkt pressa av muslimske grupper. Men dessverre er det slik at jødehatet har følgd den vestlege verda i over 2000 år, lenge før vi fekk muslimske innvandrarar. Jødehat treng heller ikkje jødar for å haldast levande, Polen er eit døme på det.
Kva lærer norske elevar om antisemittisme ?  Harald Syse ved Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL senteret) har gått igjennom norske lærebøker både for ungdomsskolen og vidaregåande som vart teke i bruk etter Kunnskapsløftet i 2006. Han fann at antisemittisme for det meste vert framstilt som nazistisk rasehat. Han oppsummerar det slik:" En svakhet ved alle læreverkene er at alt så å si stopper ved Auschwitz. Etterpå er det bare et stort vakuum."
Historikar Guri Hjeltnes finn og at antisemittisme er noko som høyrer heime i historiefaget, og ikkje i samfunnsfag eller  RLE fag.
Det viktigaste middelet mot fordomar og konspirasjonsteoriar er sakleg og oppdatert kunnskap. Vi må naturlegvis halda minnet om Holocaust levande, men vi må og får fram at jødehatet definitivt ikkje er noko som bare  høyrer historia til. Oppdaterte lærebøker og lærarar som tek dette på alvor bør vera ein sjølsagt del av dette arbeidet.

tirsdag 14. oktober 2014

Tautra

Eg har skreve om cistercienserklosteret på Tautra tidlegare. Då kom vi berre på ein kort dagsvisitt, denne gongen fekk vi høve til å vera her fleire haustdagar, og roen kunne siga inn over oss. Sancta Maria de Tuta Insula, Mariaklosteret på den trygge øya, slik såg munkane i middelalderen det då dei kom her og grunnla det første klosteret  Maria bodskapsdag 25. mars  1207. Tautra var cistercienserkloster nr. 552, det betyr at i løpet av 109 år frå ordenen vart oppretta vart det grunnlagt 552 kloster over heile Europa. Ein fantastisk ekspansjon ! I dei neste hundreåra var klosteret eit andeleg sentrum i Trøndelag, men  i tråd med cisterciensk tradisjon også eit felleskap som bar med seg praktisk kunnskap om jordbruk, fruktdyrking og fiskeri, og formidla det til lokalsamfunnet. I 1531 etter reformasjonen vart klosteret nedlagt ,og i dag er det berre ruinane etter klosterkyrkja som står att.
Så skjer det utrulege at etter 468 år kjem cisterciensarane attende til den trygge øya, Tautra. Sju nonner frå Mississippi Abbey i USA kjem i februar 1999 til Tautra og grunnlegg eit nytt Mariakloster her. Først bur dei i tre vanlege hus, men i 2007 står det nye klosteranlegget ferdig. Det er eit spesielt bygg som har fått fleire arkitektoniske prisar. Bygget framhevar lyset og naturen her ute. Klosterets kyrkje har bak alteret ein glassvegg der in ser mot naturen og fjorden utanfor. Det er ei fantastisk oppleving å sitja her i dei tidlege morgontimane, og sjå på stormen som piskar bølgene på fjorden der ute, medan søstrene syng sine tidebøner.
Brødrene og søstrene i cistercienserordenen praktiserar tidebønene strengare enn dei fleste andre ordenar. Sju tidebøner  frå vigilien kl 04.20 til dagens avslutning med kompletorium kl 1930. Dagen er inneslutta i dei liturgiske bønene ved sida av det pratiske arbeidet som på Tautra er produksjon av såper, hudkremar og oljer.
Det er godt å vera her; å stå opp grytidleg i mørkret og vinden til vigilie, å gå langs stranda i regn og storm til dei gamle klosterruinane, å kjenna på ein levande snart tusenårig tradisjon, og ikkje minst sjå fram til neste vitjing til den trygge øya i Trondheimsfjorden.

                                          Ruinane av den gamle klosterkyrkja på Tautra
                                          Inngongspartiet til det nye klosteret
                                         Klosterkyrkja

mandag 13. oktober 2014

Sergej Rachmaninovs vigilie

Innleiinga på Sergej Rachamaninovs Vigilie for heile natta som og  noko feilaktig blir kalla Vesper.

"The fourfold call to worship: each invocation begins with the marmoreal sound of full loud Russian chorus and dies away to a reverent hush.
Amin’.
Priiditye, poklonimsya Tsarevi nashemu Bogu.
Priiditye, poklonimsya i pripadyom
Khristu Tsarevi nashemu Bogu.
Priiditye, poklonimsya i pripadyom

samomu Khristu Tsarevi i Bogu nashemu.
Priiditye, poklonimsya i pripadyom Yemu.

Amen.
O come, let us worship before the Lord our Maker.
O come, let us worship and fall down
before the Lord Christ, our God and Maker.
O come, let us worship and fall down
and kneel before the Very Christ,
our God and Maker.
O come, let us worship and fall down before Him."

Eg lyttar til Sergej Rachmaninovs Vigilie for heile natta ( russisk: vsjenoshchnoe bdeniye, gresk:agrypnia, latin: vigilie) som han komponerte over to veker våren 1915. Såvel tekst og tonar er basert på den ortodokse liturgien, vigilien som blir framført gjennom heile natta før store festdagar. Det er ved sida av pianokonsertane og den andre symfonien dei meste kjende verka hans.
Sergej Rachmaninov vart fødd inn i ein velståande godseigar familie i nærleiken av Novgorod i 1873 og døydde i California i 1943 nær sytti år gammal.
Fødselsåret 1873 gjev meg assosiasjonar, då vart ved sida av min eigen bestefar også to andre personar fødd som har hatt stor innverknad på meg, nemleg den franske forfattaren Charles Peguy og karmelittnonna og helgenen Therese frå Lisieux. Så kan eg knyta enno ein viktig person til dette årstalet !
Farens dårlige pengedisposisjonar førte til at familien vart tvungne til å selga godset og flytta til St.Petersburg. Det kullkasta farens planar for Sergejs karriere ,og han fekk høve til å dra til Moskva og studera komposisjon. Hans første symfoni vart ingen suksess og Rachamaninovs fekk ein psykisk knekk, men han kom seg på fote igjen takka vera psykoanalytikaren Nikolaj Dahl, som han takk ved å tileigna han den andre klaverkonserten.
Rachmaninovs vigilie vart framført i Moskva i våren 1915 og vart ein suksess, men revolusjonen to år seinare førte til at den vart forbode å framføra.
I 1917 drog Sergej Rachmaninov med familien frå Russland til Skandinavia og året etter kom dei seg til USA på eit norsk skip, der vart han verande resten av livet bare avbrote av turnear i Vest-Europa.
Det meste av det han komponerte vart til i tida før han forlet Russland, og lik mange andre som har forlete heimlandet vart livet prega av lengting og nostalgi. "Bare ett sted er stengt for meg og det er mitt eget hjemland - Russland" , seier han i et intervju i 1930.

Vigilien, nattsongen har hatt sin plass i den kristne liturgien frå midten av den andre hundreåret. Natta var ei god tid for bøn, det vart mørkt og lettare å konsentrera seg og unngå alle distraksjonar som dagen førte med seg. Praksisen har også sitt klare bibelske føredøme: " I dei dagane gjekk han ein gong opp i fjellet og ville be, og han vart der heile natta i bøn til Gud." (Luk.6.12)
Vigilien i ortodoks tradisjon vart sunge natta før dei store festdagane, men og til dels frå laurdag til søndag før eukaristi feiringa. Rachmaninov kjente alt frå barndomen til den ortodokse liturgien, og var inspirert av den  både i  vigilien, men og i den storslagne Johannes Krysostomos liturgien som han komponerte i 1910. Verket som noko feilaktig vert kalla vesper utgjer 15 delar.Berre den første delen er henta frå den ortodokse kveldsbøna, vesper. Høgdepunktet kjem mot slutten, mot morgonen er det to tropariar til Oppstoda og til sist ein kontakion til Theotokos, Guds Mor. Som i all ortodoks liturgi er det ein raud tråd, tilbedinga av Kristus som har overvunne døden og stått opp igjen.


Lenke til Rachmaninovs vesper framført av St.Petersburg kammerkor.

https://www.youtube.com/watch?v=VIxQ_B3Wpzg

tirsdag 7. oktober 2014

Morgonskodda lettar

Det er tidleg morgon i slutten av september, sola held på å bryta gjennom skodda som har lagt seg i løpet av haustnatta. Eg ser det som eit bilete på døden, døden ikkje som solnedgong men som soloppgong, når lyset bryt igjenom morgonskodda slik Sigrid Undet har skildra det så vakkert på slutten av "Kristin Lavransdatter". Kristin har kome til Nidaros og er blitt smitta av pesten, ho ligg med brennande feber og blodstyrtingar, og glir ut og inn av medvitet. Sira Eliv har gjeve henne sakramenta som skal styrka henne på den siste reisa, sjukesalvinga og viaticum. Så følgjer den vakraste skildringa i heile verket:

"En gang så hun Munans ansikt - den lille sønnen hennes kikket på henne ut av en dørgløtt. Så trakk han hodet til seg igjen, og moren lå og stirret på døren, om gutten skulle titte ut igjen. Men i stedet kom fru Ragnhild og strøk henne over ansiktet med en våt klut og det også gjorde godt . - Så ble allting borte i en mørkerød skodde og en dur, som først tok til skremmelig, men så døde duren smått om senn, og den røde tåken ble tynnere og lysere, og sist var det som en fin morgenskodde, før solen bryter igjennom, og det var aldeles lydløst, og hun visste, at nå døde hun - .

torsdag 2. oktober 2014

Vigilie


               Vigilie

Klokka er fire

og mørkret er på det djupaste

når eg stig ut

i regnet, i vinden

bølgene mot stranda

tek siste rest av draumen

når søstrene opnar

ei lysande glipe i natta

eg går inn

undrande, audmjuk

fullenda i takksemd.

                                        Vigilie Tautra Mariakloster september 2014.

Vi er hans folk, den hjord han vokter.

La oss anbefale oss selv og hele Guds folk til Marias forbøn.
Hellige Guds Mor, Maria du evige rene jomfru gå i forbøn for oss til Kristus, vår Herre og vår Frelser.
La oss prise Herren.
Gud være lovet.

onsdag 1. oktober 2014

Haren med øyne av rav

Dokumentarromanen "Haren med øyne av rav" (The Hare with Amber Eyes) som kom i 2010, og i norsk oversetjing same året, vart ein enorm suksess både i England og internasjonalt. Forfattaren Edmund de Waal er eigentleg keramisk kunstnar, og dette var hans bok debut. "Haren med øye av rav" er ei djupt personleg bok der han går inn i eiga livshistorie, men hovudsakleg historia til slekta frå 1800 talet og fram til i dag. Edmund de Waal høyrer til den jødiske Ephrussi familien som opprinneleg kom frå Odessa, men slo seg ned i Wien og Paris. Dei var uvanleg dyktige forretningsfolk og bygde på kort tid opp eit av Europas store finansdynasti med kontor i Paris, Wien, London, St.Petersburg og Odessa. Fallet vart enormt då nazistane i 1938 tok i frå dei absolutt alt.
Den raude tråden i denne boka, og som og tittelen spelar på, er ein samling av 264 japanske miniatyr figurar, såkalla netsukar. De Waal føl netsukane sin veg gjennom familiehistoria frå Charles Ephrussi kjøper dei billeg på 1800 talet til ha sjølv får dei av sin grandonkel Iggie som har slege seg ned i japan etter krigen. De Waal spør seg kven dei var desse forfedrene hans som hadde eigd eller rørt ved netsukane, og for han vert det ei reise bakover i slektshistoria, men samstundes ei reise i 18 og 19 hundre talets europeiske historie. Ikkje minst antisemittismen han får innblikk i gjer eit sterkt inntrykk, det gjeld naturlegvis den tyske antisemittismen, men og den franske som fekk sitt mest groteske uttrykk i Dreyfuss saka på 1890 talet. Hjerteskjærande er og familiens forsøk etter krigen  på å få tilbake det som rettmessig tilhøyrte dei. Dei opplevde det same som mange jødiske familiar, ansvarsfråskriving og eit ugjennomtrengeleg byråkrati.
Trass i desse tragiske hendingane er det framfor alt ei bok om det vakre, kunsten, musikken, litteraturen, og estetikken vi møter i iventar, bygningar, klede og utsmykningar. Vi møter fleire av tidas store personlegdomar. Charles Ephrussi kjenner så vel Degas, Renoir, Manet som Marcel Proust og Jules Laforgues. Eit høgdepunkt er det når Edmunds bestemor Elisabeth prøver seg som lyrikar og sender sine dikt til Rainer Maria Rilke og ei stund etter får eit langt brev tilbake. Han gjev henne kritikk og oppmuntring, og legg ved ein av sine "Sonetter til Oreus og eit dikt av Paul Valery.
Tenåringen Elisabeth er himmelfallen: " Det er som et eventyr. jeg kan ikke tro at det tilhører meg."
Så vakkert å sjå for seg denne unge jenta som opnar brevet frå sitt store idol, Europas kanskje største poet ! Dei brevvekslar ei stund og avtalar og eit møte i Paris, men Rilke vert sjuk og døyr kort tid etter.
"Haren med øyne av rav" er sjølvsagt og ei bok om å høyra til i ein samanheng, om å vera ein del av ei slektshistorie og bli forma av denne historia.
I eit intervju oppsummerar Edmund de Waal dette slik: " Boka er tilegnet både faren og barna mine, og det er her bokas kjernetematikk ligger, hvordan vi formes som individer av familiehistorien vår. Det handler om det foreldrene dine forteller deg, og det du selv forteller barna din."



                                Den  japanske netsuken som boktittelen viser til ( ein av 264)

Minnedagen for Therese av Lisieux

Thérèse av Jesusbarnet); skytshelgen for misjonen (1927) Frankrike (1944), karmelittnonner, blomsterhandlere og blomsterdyrkere.
I dag feirar vi minnedagen for Therese av Jesusbarnet (av Lisieux) som levde frå 1873 til 1897.
For alle i Karmel  og for mange andre er Therese den store inspirator, førebilete og forbedar.

"The only way to advance rapidly in the path of love is to remain always very little.That is what I did, and now I can sing with our holy Father St.john of the Cross: Then I abased myself so low, so very low, that I ascended to such heights, such heights indeed, that I did overtake the prey I chased."


Antifon til Benedictus for dagen i dag: Sannelig sier jeg dere: Uten at dere vender om og blir som barn, kommer dere ikke inn i himlenes rike.