mandag 30. juni 2014

Linnea

Linnea (linnae borealis) er oppkalla etter Carl von Linne som systematiserte biologien. Det er og Sveriges nasjonalblom. Linnea veks på skogbotnen og blømer i juni, planten har ein karakteristisk vaniljeaktig lukt. På engelsk heiter linnea " Twin flower", på tysk "Moosgløckchen". Det engelske uttrykket karakteriserar linneas utsjånad, det er alltid to "tvilling blomar" på ein stengel. Det kan og nyttast symbolsk, ikkje minst i kjærleiksdikt. Poetar som Henrik Wergeland. Olaf Bull, Tor Jonsson,
Gunnar Ekeløf og Kolbein Falkeid har brukt linnea som bilete i dikta sine. Den kanskje mest ihuga   "linnea diktaren " er likevel Hans Børli. Han har nytta blomen som symbol i minst 14 dikt. Det vakraste er "En kvast linnea" som vi finn i diktsamlinga "Frosne tranebær"  frå 1984:


"Ennå bevarer jeg
minnet om deg, jente.
Du var så vakker,
du lyste som en villblomst
på dansegolvet i min ungdom.
Aldri turde jeg by deg opp,
jeg var for grov og grå,
hadde for store, dumme hender,
for snauslitt sjeviotdress.
Du danset ut med en annen
- og forsvant for meg
i årenes blå dis av avstand.
Men ennå bevarer jeg
det skjære minnet om deg
djupt i mitt skrukkete gamle sinn.
Det er som en kvast linnea
varsomt holdt i
en kvaesvart tømmerhogger-neve."



Apostlane Peter og Paulus

I går 29.juni var minnedagen for dei heilage apostlane Peter og Paulus. Dei er begge del av den grunnmuren Kyrkja kviler på. Paulus er misjonæren som som tok evangeliet med seg ut i verda. Peter er apostelen som Kristus gjev ei særskilt oppgåve ulik alle andre. Peter er klippa som Kyrkja kviler på, og vi har og ein trøstefull lovnad: dødsriket vil  aldri få makt over henne !
Dette les vi om i teksten for festdagens messe i Matteus 16:

Peters vedkjenning
13 Då Jesus kom til bygdene ved Cæsarea Filippi, spurde han læresveinane sine: «Kven seier folk at Menneskesonen er?» 14 Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia og atter andre Jeremia eller ein annan av profetane.» 15 «Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?» 16 Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.» 17 Jesus tok til orde og sa: «Sæl er du, Simon, son til Jona. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen. 18 Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. 19 Eg vil gje deg nøklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.» 20 Så forbaud han læresveinane strengt å seia til nokon at han var Messias.

I følge tradisjonen var Peter krossfesta  i Roma med hovudet ned . Her i kunstnaren Caravaggios versjon.

fredag 27. juni 2014

Fatima:Berlinmuren

Når ein står på plassen framom Basilikaen i Fatima vil ein på hø.side finna eit minnesmerke som blei reist på byrjinga av nittitalet. Det er ein nær seks tonn tung del av Berlinmuren som ble reve ned i samband med kommunismens fall i 1989.Ein portugisisk emigrant til Tyskland tok initativ til dette som ei påminning om bodskapet frå Fatima si innverknad på denne historiske hendinga. Mange katolikkar, ikkje minst pave Johannes Paul II , er av den oppfatninga at innviinga av Russland til Marias reine hjerte  betydde mykje for at  dei kommunistiske regima i Auts-Europa fall rundt 1990. Den andre løyndomen eller profetien som Maria kom med til dei tre borna og som Lucia seinare skreiv ned , gjekk ut på at Russland skulle innviast til hennar reine hjerte. Dersom det ikkje skjedde ville Russland spreia krig og forfølgjinga av  kristne i heile verda. I 1929 får Lucia som då er nonne, ei ny påminning om dette, og i 1940 får ho lov til å skriva til pave Pius XII og leggja det fram for han. Paven innviar verda til Marias reine hjerte i 1942, 1952 og 1967, men først i 1984 av Johannes Paul II saman med alle verdas katolske biskopar. Tre år tidlegare hadde paven mirakuløst overlevd attentatforsøket på Peters plassen 13. mai, dagen for openberringane i Fatima. 13.mai 1984 talar han til 50.000 pilegrimar på Petersplassen om bodskapet frå Fatima. På denne tida veks fagrørsla Solidaritet i Polen fram som den viktigaste opposisjonsgruppa mot det kommunistiske styret. Leia av den sterkt truande Lech Walesa og inspirert av pave Johannes Paul får Solidaritet ein heilt sentral innverknad på utviklinga i Polen. 20.sept.1987 deltek meir enn 100.000 arbeidarar med Solidaritet faner på pilegrimsreise til Den svarte Madonna i Chestochowa, Polens viktigaste heilagdom. Lech Walesa innviar Solidaritet til Marias reine hjerte. I 1989 uttaler Lucia at innviinga av Russland er gjennomført. 9.november dette året fell Berlinmuren. Alt 1.desember1989 reiser Mikail Gorbasjov til Vatikanet for å treffa pave Johannes Paul. Dei kjem godt overeins og paven fortel seinare at Gorbasjov uttrykte takksemd for pavens forbøn, og sa vidare at bøn symboliserte dei andelege verdiar han trengte. Gorbasjov og paven møtest igjen i 1991 og det vert oppretta diplomatisk samband med Vatikanet
8.des.1991, på Festen for Maria ubesmitta unnfaging  blir det kommunistiske Sovjet-Unionen oppløyst.12 dagar seinare møter president Jeltsin paven.
25.desember,1.juledag 1991 blir det kommunistiske flagget firt frå Kreml for siste gong.

Det er no over 20 år sidan dette skjedde men det følest enno nært. Utviklinga har nok ikkje gått heilt slik ein vona særleg i Russland og Ukraina, men Polen har utan tvil funne sin plass mellom verdas demokratiske land. Uansett kva ein tenkjer om openberringane og bodskapet frå Fatima er det ingen tvil om at den andelege kraft som ein ikkje minst såg i Solidaritet, var inspirert av Kyrkja og pave Johannes Paul og dermed og direkte eller indirekte av Fatima !





onsdag 25. juni 2014

Stefan Zweig: Verden av i går

"For min innerste oppgave, den som jeg i førti år hadde satt hele min overbevisnings kraft inn på, Europas fredelige forening, var forrådt." Slik skriv mellomkrigstidas store forfatter Stefan  Zweig på slutten av livet der han sit som landflyktig og desillusjonert i Rio de Janeiro. Andre verdskrig raser for fullt, og Zweig ser at alt det han trudde på rasar saman. Nasjonalisme, brutalitet og naivitet har tilsynelatande vunne over realisme, dialog og internasjonal solidaritet. Stefan Zweig ser inga von og vel å forlata livet med ein overdose. Kjærasten føl han inn i døden.
Like før hadde Stefan Zweig fullført det som kanskje er hans mest kjente verk "Verden av i går" (Die Welt von Gestern). Boka er ei personleg prega syn på europeisk historie frå hundreåsskiftet og fram til utbrotet av Den andre verdskrigen. Zweig var fødd inn i ein jødisk, velståande familie i Wien i 1881. Han skildrar oppvekst og skolegang fram mot Den første verdskrigen. Lik mange andre er han nok ikkje framand for patriotiske kjensler, men inspirert av forfattarvenen Romain Rolland blir han etterkvart overtydd pasifist. Klårare enn mange ser Zweig det meiningslause i krig og nasjonalisme.
"Verden av i går" er naturlegvis ei skildring av den tapte europeiske kulturen frå før katastrofen i 1914. Det er hans oppvekst, hans livselement og det ikkje utan eit nostalgisk preg i lys av det som følgde etter denne tida. Men han er og kritisk til mykje i den gamle kulturen, ikkje minst barneoppdragelse og skolesystemet.
"Verden av i går" er og ei skildring av europeisk kulturhistorie i første del av 1900 talet, kanskje ikkje så rart med Stefan Zweigs enorme nettverk av kulturpersonlegdomar. Det blir sagt at han skreiv eit dusin brev dagleg gjennom det meste av livet. I boka møter vi mellom anna Sigmund Freud, Rainer Maria Rilke, Auguste Rodin, Richard Strauss og  Romain Rolland. Ikkje minst Rolland kom til å inspirera han både litterært og i retning av antinasjonalisme og pasifisme.
Litterært spelte Zweig på mange strenger, han skreiv lyrikk, noveller, romanar, biografier og biografiske romanar, dessutan libretto til Richard Strauss sine operaer.
Stefan Zweig var europear i ordets eigentleg forstand, og undertittelen på "Verden av i går" er karakteristisk nok "En europeers erindringer." Etter krigen gjekk han i gløymeboka, men dei siste åra har litteraturen hans opplevd ein renessanse. Bøkene kjem i nye opplag, og mange opplever at han er aktuell også for vår tid.

Eit av dei mest inntrykkssterke delene av boka er skildringa av hans sist vitjing til heimbyen. Zweig ser klårare enn dei fleste kva for katastrofe som ventar og han veit at dette er siste gong.
"I disse siste to dagene i Wien så jeg med fortvilet og stumt "aldri mer" på hver enkelt av de velkejnte gatene, hver kirke, hver hage, hver gammel krok av den by der jeg er født. Jeg omfavnet min mor med det hemmelige "Det er siste gang". Jeg omfattet alt i byen og i landet med dette "aldri mer!", med bevisstheten om at det var en avskjed, avskjeden for alltid................ Og i det øyeblikk toget rullet over grensen, visste jeg med gamle fader Lot i Bibelen at alt bak meg var støv og aske, fortiden var stivnet til en saltstøtte."



søndag 22. juni 2014

Hans Børli: Alt som er uten bilde

Eg vender stadig tilbake til lyrikaren Hans Børli, han er så jordnær og ser samstundes mysteriet i dei små daglegdagse ting og hendingar som i diktet "Alt som er uten bilde."


"Et menneske uten gudsfølelse - nei,
det tror jeg ikke eksisterer.

Om du så bare soper
nysnøen bort fra trammen din en vintermorgen
når dompap fløyter saktmodig inni snaret og
du kjenner ståltrådvinningen på limeskaftet
ise mot de varme fingertuppene dine,
så er det en gudstjeneste, en bønn
foran livets nakne ikonflamme i brystet ditt
og alt som er uten bilde."

Eller i diktet "Guds hand":

" Mitt avsides lille liv:
En fyrstikkflamme
som blafrer skremt
inni hulhanda til Gud
i verdens blåsende netter.

Ja, i det redde skjæret av meg sjøl
har jeg sett innsida av
Guds hand.
Den var hard og ru,
slitt
lik handa til en bureiser
som står ved åkeren sin en kveld
og knuser et havrekorn for å se
om margen er god."

Fatima:Mater Dolorosa

"Og Simeon velsigna dei og sa til Maria, mor hans: Sjå han er sett til fall og oppreising for mange i Isarael og til eit teikn som blir motsagt - ja, og gjennom di eiga sjel skal det gå eit sverd. Slik skal dei tankane mange ber i hjartet koma fram i dagen." (Luk.2,34-35)

Etter at Simeon har prist Gud med barnet i armane sine kjem han med dette profetiske utsagnet til Maria, eit sverd skal gå igjennom hjertet hennar.  Ordet peikar fram mot den motstanden Jesus blir møtt med og som til sist fører fram til Golgata. Pave Benedikt utrykkjer det slik: " Jesus viser seg nettopp som det sanne Guds tegn ved at han tar motsigelsen mot Gud på seg, bærer den hele veien til korsets motsigelse."
Maria er den medlidande mora, Mater Dolorosa  som står ved korset der son hennar heng. Ho viser til ein Gud som ikkje har forlatt menneska, men som lir med dei. Når Maria talar til dei tre borna i Fatima er det og denne medlidande mora dei møter. Mora om lir med oss og som viser veg til den einaste  som kan løfta oss ut av lidinga.
Pave Bendikt skriv vidare(første bind av Jesus trilogien): "Hos kirkefedrene blir manglende følsomhet for andres lidelse ansett for å være typisk for hedenskapet. I motsetning til denne holdningen stiller kristendomen opp Gud som lider med menneskene og dermed drar oss inn i med-lidelsen. Mater Dolorosa, moren md sverdet i hjertet, er urbildet på denne kristentroens fundamentale innstilling."




                                         Juni 2014: Messe i Openberrings kapellet. Maria statua til venstre

fredag 20. juni 2014

Pave Tawadros II i Norge

Leiar for Den koptisk ortodokse kyrkja i Egypt pave Tawadros II vitjar i desse dagar Norge etter invitasjon frå Den norske kyrkja. Tawadros II vart vald til pave i 2012 etter Shenouda III, og har i løpet av desse to åra marker seg som ein uredd kyrkjeleiar. I 2012 kritiserte han president Mursis
grunnlovforslag  som ville medført auka islamisering av landet,og då Mursi vart avsett støtta han generalane som tok makta. Men Tawadros er primært kyrkjeleiar ikkje politikar, og han er ein kyrkjeleiar som preiker fred og forsoning. "Enhver egypters liv  er verdifullt. Blodsutgytelser blant sin egne er uakseptabelt" uttrykkjer han på twitter. Dette er ein vanskeleg balansegang i eit land der den kristne minoriteten er hard pressa av det muslimske fleirtalet.
Den koptiske kyrkja skilde seg frå resten av kyrkja under konsilet i Kalkedon i 451, stridsspørsmålet var Kristi menneskelege og guddommelege natur. I dag er vel dette meir eit teoretisk enn eit praktisk problem, og Den koptiske kyrkja har vist vilje til økumenisk samarbeid med såvel Den katolske kyrkja som dei ortodokse og protestantiske kyrkjesamfunna. Vitjinga i Norge må ein sjå i lys av dette. Det er ein åpen, forsonande og samarbeidsviljug kyrkjeleiar som søkjer kontakt med vestlege kristne, men det er og ein kyrkjeleiar som er stilt overfor store problem i heimlandet. Ikkje minst er han  ei påminning om dei trengselstider de kristne i Midt-Austen opplever i dag, særleg i Syria. Sånn sett treng  han all støtte og forbøn vi kan gje!

                                Pave Tawadros hadde samtalar med pave Frans i fjor.

tirsdag 17. juni 2014

Poetica:Fatima


     Mitt  Fatima

Lyset og dei tre borna

under eiketreet

Lucia, Jacinta og Francisco

lyttande til Marias ord

i dag kviler dei i katedralen

Lucia etter eit langt og tenande liv

Jacinta og Francisco reve ut av tida

midt i barndomens uskuld.

Bodskapen  er ikkje lik

halvt utviska  teikn

røyndomen svinn ikkje som

 skuggar i kveldsdisen

men gåta  opnar seg

ei glenne i skogen

der lyset fell over Berlinmuren

ei blokk sett ned i Portugals jord

når fridomen lever

under Marias vernande blikk.

             Fatima juni 2014.                                                                                         

 

                                          Grava til Lucia og Jacinta
                                          Grava til Francisco
                                              Dei tre visjonære borna 1917

 

 

søndag 15. juni 2014

Fatima:frå modell til nonne.

Ei vitjinga i Fatima gjer noko med ein uansett kva oppfatning ein har av openberringane. Bodskapen ser ut til å nå fram og røra ved dei som som kjem til pilegrimsstaden nord for Lisboa.  Så og med  den trettiseks årige spanske modellen og skodespelaren Olalla Oliveros. Både spanske og engelsktalande media slo nyleg opp at ho valgte å avbryta modellkarrieren for å bli nonne. Ho gjekk  inn i St.Mikaels orden, som er ein ny spansk orden grunnlagt i 2009. Ei vitjing i Fatima skal ha vore viktig for den avgjera Olalla tok.
I eit intervju seier ho: " The Lord is never wrong. He asked if I will follow him, and I could not refuse."

                               Søstre i St.Mikaels orden. Olalla Oliveros nr. to frå høgre.

Fatimas løyndomar

(forts.)
Maria skal ha gjeve barna i Fatima tre løyndomar eller profetiar. Dei vart seinare skreve ned av Lucia, den eldste og einaste attlevande av dei tre. Dei tre første vart offentleggjort i 1941 i eit dokument skreve av Lucia, det  siste av Johannes Paul II  i 2000 etter Lucias tekst frå 1944.
Dei tre løyndomane har skapt stort engasjement og kontrovers frå ulike hald.
Den første løyndomen er ein visjon av fortapinga, den omfatta også ei bøn om fred , på denne tida pågjekk framleis Den første verdskrigen.
Den andre løyndomen var meir kontroversiell. Krigen skulle snart ta slutt, men om ikkje lenge ville det bryta ut ein ny krig. I 1917 pågjekk den bolsjevikiske revolusjonen i Russland, og Maria bad spesielt om at Russland måtte innviast til hennar reine hjerte. Dersom Russland vart omvendt ville det bli fred, hvis ikkje ville landet spreia sine feil over heile verda, det ville bli krigar og omfattande forfølgjing av kyrkja.
Den siste løyndomen  vart offentleggjort i 2000, og var gjenstand for mykje spekulasjon både før og etter at løyndomen vart gjort kjent. Den handlar og om forfølgjing, men det som skapte mest spekulasjon er visjonen av attentatet på ein kvitkledd geisteleg. Dette har blitt knytta til drapsforsøket på Johannes Paul II 13.mai 1981. Tyrkiske Mehmet Ali Agca  fyrte av fire kuler som traff paven, den eine gjekk så vidt klar av pavens hovedpulsåre. Alt under sjukehusopphaldet som følgde byrja det  gå opp for paven at det var ein samanheng mellom openberringa i Fatima på dagen 64 år tidlegare og attentatforsøket som han så vidt overlevde. Året etter drog han på pilegrimsreise for å takka Vår Frue av Fatima for at han overlevde. Kula som vart fjerna frå kroppen hans vart plassert i Fatima.
Johannes Paul kom igjen il Fatima i 1991, ti år etter attentatet og ein sist gong i 2000 i samband  med saligkåringa av Francisco og Jacinta. Lucia levde då framleis og var til stades.

Korleis skal vi forhalda oss til desse løyndomane eller profetiane ? Kyrkja reknar det som private openberringar som kan vera nyttige, men som vi ikkje er forplikta på. Pave Benedikt uttrykkjer det nokså nøkternt og klart når han skriv at dette ikkje må oppfattast som spådomar om framtida, men som ei billedleg oppfordring til omvending og bot, særleg gjennom å dagleg fordjupa seg i bøn.

                                          Sr. Lucia og pave Johannes Paul 1991.


mandag 9. juni 2014

Fatima:Portugals alter

Fatima er blitt kalt " Portugals alter" eller landets religiøse hjerte. Den vesle byen som ligg vel ein og ein halv times kjøretur nord for Lisboa har i løpet av snart hundre år vorte ein av verdas viktigaste pilegrimsmål. Mange millionar kjem her kvart år med ein  topp på dei viktigaste minnedagane 13.mai og 13.oktober. Plassen framom basilikaen skal og visstnok ha plass til over ein million truande.
Fatima føyer seg i rekkja av Maria openberringar dei siste to hundre åra. Historia byrjar 13.mai 1917, tre barn gjeter familiens sauer ved Cova da Iria. Det er Lucia på ti år, og søskenbarna Francisco på ni år og Jacinta på sju år. Brått kom det eit kraftig lys og ei kvinne viste seg for dei tre små barna over eit eiketre. Kvinna fortalde barna at ho kom frå Himmelen og ho oppfordra dei til å be jevnleg. Dei fekk og beskjed om å koma tilbake den 13. i kvar månad framover så ville ho møta dei på nytt. Dette gjorde dei og kvinna viste seg på nytt kvar månad fram til oktober. Etter kvart spreidde ryktet seg, og 13.oktober var over sytti tusen menneske samla. Bare barna såg kvinna som tala til dei, men dei sytti tusen andre var vitne til merkelege lysfenomen. Mange mirakel skal ha skjedd.
Portugal hadde på denne tida eit sterkt antiklerikalt styre, og hendingane i Fatima skapte politisk oppstyr. Kyrkja vart klaga for å medvite ha fabrikert dette for å styrka sin popularitet.
Fatimas popularitet vist seg uansett å auka eksplosivt i åra som følgde. Etter å ha granska saka nøye valde Kyrkja i 1931 formelt å godkjenna openberrringane i Fatima. Pave Paul vitja byen i samband med 50 års jubileet i 1967, og pave Johannes Paul II var her tre gonger, sist i samband med helgenkåringa av  Francisco og Jacinta som døydde få år etter hendingane i 1917. Lucia levde då framleis etter eit langt liv som nonne. (forts..)

                                          Alteret i basilikaen der dei tre visjonære barna er gravlagt
                                          Basilikaen og litt av plassen framom
                                          Eiketreet der Jomfru Maria viste seg for barna.


Bøn som barna lærte: " Min Gud, jeg tror, håper og elsker deg. Jeg ber om miskunn for dem som ikke tror, ikke tilber, ikke håper og ikke elsker deg."