søndag 28. august 2016

Karmelittklosteret i Aleppo

Aleppo er stadig  i medias søkelys som følge av den brutale borgarkrigen i Syria, og beleiringa av byen som pågår i desse dagar  med store lidingar for sivilbefolkninga. Byen har tradisjonelt hatt ein relativt stor kristen minoritet frå mange ulike kyrkjesamfunn, ikke minst er her mange armenarar som er etterkomarar av dei som flykta frå det tyrkiske folkemordet for hundre år sidan. Inntil nyleg har  dei kristne levd relativt fredeleg saman med den muslimske majoriteten, men dette har forandra seg drastisk i det siste.Av 160.000 kristne reknar ein med at bare eit par titusen er att i byen. Dei som er att er dei fattigaste og mest resursvake, dei andre har for lengst flykta. Nyleg var det eit mediaoppslag om karmelittsøstrene i Aleppo som valde å bli i byen i solidaritet med den lidande befolkninga ! Karmel har eit kloster i utkanten av byen som vart grunnlagt i 1964, men ordenen har ein lang historie i Aleppo, alt på byrjinga av 1600 talet kom ei gruppe karmelittbrødre til byen. I dag er det fire syriske og to franske nonner  igjen i klosteret "Vår frue av Syria".

Ein av dei franske nonnene Sr Anne Francoise seier til media:" Korleis kan vi reisa i frå desse menneska midt i deira liding ? Vitnemålet ved at vi er tilstades er viktig for dei.  Vi får styrke og mot frå våre bøner, det er vårt vern. Diplomatiske løysingar har ikkje ført fram. No kan vi bare be til Herren om at denne krigen vil ta slutt."



Forbøn for Karmel i Aleppo !

Lenke til bilete frå ei betre tid i "Moniales Carmelites Dechaussees d`Alep" :

https://plus.google.com/+DebThurston/posts/HSbT9AWNGXG

torsdag 25. august 2016

August

Slutten av august, siste rest av sommar før hausten lar alt falla til ro. Poeten Stein Mehren har gjeve ut diktsamlingar sidan 1960, han har mange dikt om naturen og årstider også eit med tittelen 29.august.

"Barna som lekte her i sommer
har begynt på skolen, hvert ansikt er
tydeligere nu, nesten høstlig, plutselig
ett år eldre, styrtet ut av juli
og inn i årstidene igjen

Det er sent i august
og luften tung, hvert eple gløder
som sol i dis, før det faller, faller til
jorden så den synger under fotbladene
Du sensommersvimle

Du sommerblå hav, ennu
slår du solharpen din så mykt
inn i løvhenget at morgenen dirrer
Og fra nært og fjernt, klinger ennu
åretak og sommerstemmer ut av deg

For det er ikke høst, ennu
Men ekornet som titter frem bak en stamme
klatrer lynrapt rundt sommeren. Og forsvinner
Og stjernene henger i klaser, høyt over
rognebærtreet"


Og så "Høsten" frå den same samlinga "Det trettende stjernebilde" som kom i 1977.

"En kirke som ringer i jorden
ringer mykt og stille, ringer med bleke
blomsterblader, klokkene av tunge
sorgfulle tårn, Nu visner i denne dødens
fortrolige, ord faller stengrunn på
stengrunn, hvirvler blader strømmer i
lukkede kretsløp lidenskap, styrtede
fugler sirkler ned gjennom skyggenes rike
Når klinger så blekt høsten, da 
som dør, Nu som skal gjenoppstå, gjenoppstå"




torsdag 18. august 2016

Poetica:Kom vi likevel til Roma ?

Du tala alltid om Roma
femti- og sekstiårsdagen kom og gjekk
utan Roma-tur,
men du kom dit til slutt
som livsfrisk syttiåring,
den evige stad under sju høgder
og eit handtrykk frå pave som varer
heilt til alle minna forsvinn
inn i aldringas grå dis.
Når mysteriet er løyst
tek Wallander sin kunstnar-far med til Roma,
der eg går åleine over Piazza Navona
drikk låg novembersol frå Berninis fire floder
tenner lys hos St.Agnese in Agone
og ventar på Ingeborg Bachmanns vippehuske
som til natta skal ta meg opp
over Romas sju høgder og kanskje ned igjen
til Campo de`Fiori.
Vi kom aldri til Roma saman,
men kanskje kan vi likevel møtast på halvvegen
ein tidleg septembermorgon på Aventinarhøgda
når sola varlege løftar kuppelen frå Peterskyrkja.



                                                Åleine på Piazza Navona ein dag i november.

søndag 14. august 2016

Den store krigen

Det er 100 år sidan Europa vart herja av ein brutal og meiningslaus krig som vi kjenner som den først verdskrigen, men i mange europeiske land er dette "Den store krigen" (The great war) Det var ein katastrofe som kullkasta heile det gamle Europa kartet, imperium gjekk under og nye land oppstod. Krigen kasta sin skuggar over heile det tjuande hundreåret  like fram til vår tid.(Balkan, Tyrkia, Midt-Austen). Den andre verdskrigen var ein direkte følge av den første, og mange historikarar ser på dette som ein moderne tredveårs krig med ei tjueårs våpenkvile. For den menige soldat var første verdskrig ei ekstremt brutal oppleving med meinigslaust store tap av menneskeliv. Krigen vart ført på gammeldagsvis med moderne våpen, bataljon etter bataljon  kraup  opp av skyttergravene, storma gjennom ingenmannsland og vart møtt av granater og mitraljøseeld. Slaget ved Somme som tok til 1. juli for nøyaktig hundre år sidan er kanskje det beste eksempelet på dette. Storbritannia og Frankrike sette i gang ein storstilt offensiv mot tyskarane ved elva Somme i Nord-Frankrike. Etter intenst bombardement av tyske stillingar vart bølge etter bølge med soldatar sendt mot dei tyske stillingane , det enda med ein meningslaus massaker der Storbritania tapte 60.000 mann den første dagen av slaget. Då slaget ved Somme omsider var over var 420.000 britar og 200.000 franskmenn drept eller såra. Ein heil generasjon unge menn forsvann i det inferno som den første verdskrigen utvikla seg til, i Storbritannia prega det nesten alle familiar og alle lokalsamfunn for lang tid framover. Slaget ved Somme er skildra i detalj mellom anna av den britiske militærhistorikaren John Keegan. Dersom ein ønskjer ei lettlest og grundig innføring i denne historiske epoken er den danske historikaren Nils Arne Sørensens verk "Den store krigen" som nyleg kom i norske utgåve på Dreyer forlag, sterkt å tilrå. Han tek for seg bakgrunnen for krigen, krigens utvikling og ikkje minst krigen sette frå den vanlege soldaten sin synsvinkel og dessutan det sivile samfunnet under krigen. Dei to siste delene av boka tek for seg "Et nytt europakart" og "Krigen etter krigen", det gjev innsikt til å forstå  heile det tjuande hundreårets historiske utvikling. Interessant er det å lesa om minnekulturen etter krigen med dei mange minnesmerka, krigsgravplassene og minnemarkeringane. Det avsluttane bilete viser Angela Merkel og Nicolas Sarkozy under ei felles fransk tyske markering i 2009 ! Vi har heldigvis kome eit stykke vidare på 100 år.
Krigen er skildra ikkje berre av historikarar, men og av forfattar og kunstnarar som sjølv deltok. Eg har tidlegare skreve om kunstnaren Paul Nash som skildra det krigsherja landskapet i bileta sine. Den kanskje best kjende krisgskildraren er poeten Wilfred Owen (1893-1918), han skriv krigspoesi utfrå eigen erfaring som offiser frå 1916 til han fall like før krigsslutt i 1918.Owen skriv realistisk og brutalt om soldatlivet i skyttergravene, her er lite igjen av samtidas glorifisering av den "ærefulle" kampen for fedrelandet ! Han er kritisk til leiarane, dei som sette i gang krigen og dreiv den framover i eit meiningslaust blodbad, men han er varm og omsorgsfull i skildringa av kameratskapet ved og bak slagmarka.

Hymne for fordømt ugdom

"Hvilke gravferdsklokker for dem som dør som kveg ?
-Bare kanonenes avsindige drønn.
Bare kaklende rifler med helvetes preg
kan harke og stamme fram bønn på bønn.
Ingen spotter dem nå, ingen messe eller klokkeklang
Og ingen sørgesang, men bare kor
av skingrende granathyls syke sang,
og trompeter som kaller fra sorgfull fedrejord.

Hvilke lys kan løftes så de ledes til sin krans ?
Ikke i guttenes hender, men i øynene likevel
vil skinne en hellig gløds farvel.
Likkledet deres, pikepannenes bleke glans;
blomstene langmodige sjelers ømme smil,
hver langsom skumring en gardin som lukkes til."

                                                            Somme 1916

tirsdag 9. august 2016

Minnedagen for Teresa Benedikta av Korset

I dag  9.august feirar vi minnedagen for Den heilage Teresa Benedikta av Korset kanskje betre kjent under sitt jødiske navn Edith Stein. Sannsynlegvis er dette dagen ho saman med søstera Rosa vart ført inn i gasskammeret i Auschwitz i 1942. "Kom, vi går for vårt folk" er dei ord ho skal ha trøsta søstera med då dei vart henta av gestapo i klosteret i Echt i Nederland. Edith Stein,den lynande intelligente jødiske kvinna, fødd i Breslau i ein sekulær jødisk familie i 1891, filosofen og Edmund Husserl eleven, ateisten som fann sanninga i katolisismen, og gjekk vegen heilt til endes då ho valde livet som karmelittnonne. Til sist martyr og sanningsvitne, og som eit høgdepunkt skytshelgen for Europa frå år 2000.
Tereresa Benedicta skreiv heile livet og etterlet seg ei rekkje filosofisk-teologiske verk som har hatt påverknad langt utover Den katolske kyrkja, og som blir diskutert av fagfilosofar også i dag.
"Kreuzewissenschaft"(Korsvitenskap) er hennar skarpsindige analyse av ein annan stor karmelitt, Johannes av Korset. Eg tek med ein liten tekst om messeofferet henta frå dette verket:

"Å dø med Kristus på korset og gjenoppstå med han blir virkelig for enhver troende, og især for enhver prest, i det hellige messseofferet, som ifølge troslæren er fornyelsen av korsofferet. For den som bærer det frem, eller tar del i det med levende tro,skjer det samme som skjedde på Golgata. Johannes ministrerte under messen allerede som barn, og uten tvil i klosteret etter han ble presteviet. Vi vet utfra beretningen om hans liv at bare det å betrakte et krusifiks kunne hensette ham i ekstase. Hvordan må da ikke det virkelige fullbyrdede offer ha grepet ham - allerede som tjenende deltager, og enda mer senere når han selv frembar det!"



mandag 8. august 2016

Sinjar to år etter

I desse dagar er det to år sidan IS inntok store delar av nordvestre Irak og dermed dreiv hundretusenar på flukt. Det gjekk særleg utover minoritetar som kristne og jesidiar. Jesidiane tilhøyrer ein eigen religion, og har halde til i dette området i årtusen. Islamistane viser eit særleg hat mot denne minoriteten som har vorte utsett for forfølging ei rekkje gonger opp igjennom historien. Den siste massakren utført av IS skal  vera den 74 som rammar den utsette gruppa.
Sinjar er eit fjellmassiv som ligg tett opp til den syriske grensa men det er og ein by i dette området som før IS sitt åtak hadde ei blanda befolkning med både kristne, muslimar og jesidiar. Nær 5000 jesidiar skal ha blitt massakrert desse augustdagane og 40.000  flykta opp på Sinjar fjellet der dei vart utsett for umenneskelege lidingar. Mange kom seg etterkvart nordover og enda i tyrkiske flyktningeleirar, men framleis bur 15.000 i teltleirar under fjellet i påventa av at IS skal drivast tilbake. Byen Sinjar vart teke tilbake i november i fjor, men ligg i ruinar inkludert byens to kyrkjer.
Sinjar hadde før åtaket 80.000 innbyggjarar og eit par hundre har kome tilbake i det sist, men dei står overfor eit formidabelt oppbyggingsarbeid og føler seg heller ikkje trygge med islamistar ikkje så langt borte.
I sommar var det 20 år sidan massakren i Srebrenica og to år sidan  massakren i Sinjar. Det er lett å gløyma,men viktigare enn nokon gong å ikkje gløyma korkje dei døde eller dei som overlevde !
Jesidiane er på mange måtar dei mest utsette av dei utsette i Midt-Austen, og det er ingen grunn til å tru at hatet mot dei vert mindre i framtida. La ikkje verda gløyma dei !

                                                       Jesidi barn i flyktningeleir

mandag 1. august 2016

Ingeborg Bachmann

"I motsetningen mellom det umulige og det mulige utvider vi våre muligheter" konkluderar forfattaren Ingeborg Bachmann ( 1926-73) i eit foredrag ho heldt i 1959.  Å utvida våre muligheter betyr å overskrida "grensene" som er eit sentralt omgrep hos Bachmann. Ho snakkar om grenser i vid forstand, dei filosofisk , intelektuelle og språklege grensene, men og grenser skapt av konvensjonar, kultur, tradisjon og samfunnsforhold. Grensene er til for å overskridast, brytast for å nå fram til menneskets sanne eksistens, ein slags utopi. "Blikket", eit anna sentralt omgrep hos Bachmann, er retta utover grensene, mot det sant menneskelege. Blikket viser retning og veg mot dette som som er vårt sanne mål.
Her frå eit tidleg dikt med tittelen "Grenser":

"Tenner du lys
og store bål
med gyllenskjær
uten ende.

Kaster du slikkende fakler
inn i slør av røyk
strør du fra øyne og hjerte
det du har.

Alltid er det bare forsøk
famlende vei
alltid bare ditt bilde
som du trekker fram i lyset."

Ingeborg Bachmann vart fødd i Klagenfurt i Østerrike i 1926 og døydde i ein brann i Roma i 1973. I desse dagar ville ho fylt 90 år dersom ho hadde fått leva ! Ho vert rekna som ein av dei sentrale forfattarane i landet i etterkrigstida ved sida av mellom Peter Handke og Thomas Bernhard, sistnemde rakka ned på alt og alle i Østerrike med unntak av Ingeborg Bachmann som han skriv om som "dikterinnen Maria" i romanen " Utslettelse".
Ho studerte psykologi og filosofi og skreiv ein avhandling med kritikk av Heideggers eksistensfilosofi med basis i Wittgensteins språkfilosofi. Ho var påverka av mellom anna forfattaren Robert Musil og psykologen Viktor Frankl som begge sette ord på våre store eksistensielle dilemma.
Etter kvart kom ho inn i det litterære og kulturelle miljøet og var knytta til sentrale forfattarar som Max Frisch og Paul Celan, dessutan komponisten Hans Werner Henze. Lyrikarar som Nelly Sachs og Anna Akhmatova sette ho høgt, og ho skreiv dikt dedikert til desse to som skildra ondskapen  i nazismen og kommunismen i det tjuande hundreåret!
Ingeborg Bachmann skreiv noveller, skodespel og romanar, men det er som lyrikar ho har ein sentral plass i etterkrigstidas tysk språklege litteratur. Ho skreiv i ein modernistisk stil med ofte bisarre bilete,om enn ikkje så bisarre som hennar kollega og ven Paul Celan som strekte språket til yttergrensene, og er kanskje ikkje så lett tilgjengeleg. Er det ein slags idealisme og tru på kjærleiken i dikta hennar ?  Ja, men kanskje ikkje alltid så lett å  finna. Det er i allefall ein appell om å ha blikket retta utover grensene, ut mot utopien og kanskje kan vi møtast der ? Som i eit sitat av den persiske diktaren Rumi: " Bortenfor tanken om hvem som har rett og hvem som har feil, finnes det en slette. Jeg møter deg der."

Sannelig

Til Anna Akhmatove

"Til den ordet aldri slo ut
og jeg sier dere,
den som kun vet å hjelpe seg
og med ordene -

den er ikke til å hjelpe.
Ikke på den smale
og ikke på den brede vei.

Å gjøre en eneste setning holdbar,
holde ut i klingklangen av ord.

En slik setning skriver ingen
uten å skrive under."