mandag 31. januar 2011

No man is an island

No man is an island, entire of itself; every man is a piece of the continent, a part of the main. If a clod be washed away by the sea, Europe is the less, as well as if a promontory were, as well as if a manor of thy friend's or of thine own were. Any man's death diminishes me because I am involved in mankind; and therefore never send to know for whom the bell tolls; it tolls for thee.
Dette er vel det mest kjende sitatet av den engelske diktaren John Donne(1572-1639). Det har blitt brukt i ulike samanhengar mellom anna av Ernest Hemingway i romanen "For whom the bell tolls"(Klokkene ringer for deg) med tema frå den spanske borgarkrigen, og av trappistmunk og forfattar Thomas Merton som har gjeve ein av bøkene sine om bøn og meditasjon tittelen "No man is an Island".
Begge bøkene vel verdt å lesa men det er og John Donnes lyrikk, rett nok litt vanskeleg tilgjengeleg for ein moderne norsk lesar, men no er det endeleg kome ut ei omsetjing til norsk av ei rekkje av dei mest sentral dikta. Lyrikar Åsmund Bjørnstad står for det og som rimeleg kan vera har boka tittelen "Eit menneske er inga øy", utgjeven av Aschehoug i fjor.Orginalteksten er trykt ved sida av Bjørnstads omsetjing og gjer at også dei utan kjennskap til engelsk 1600 talls lyrikk kan ha utbytte. Kven var så John Donne ? Prest, teolog, nyskapande lyrikar.Ein mann av si tid men samstundes ein som såg langt utover si tid. Hans tema var dei evig sentrale tema i lyrikken, kjærleik,erotikk, død, lengting, Gud. Ikkje minst dei to første , kjærleik og erotikk,
kjem han stadig attende til i dristige bilete og metaforar, som i diktet "The good morrow"(Den gode morgonen)




THE GOOD-MORROW.
by John Donne


I WONDER by my troth, what thou and I
Did, till we loved ? were we not wean'd till then ?
But suck'd on country pleasures, childishly ?
Or snorted we in the Seven Sleepers' den ?
'Twas so ; but this, all pleasures fancies be ;
If ever any beauty I did see,
Which I desired, and got, 'twas but a dream of thee.

And now good-morrow to our waking souls,
Which watch not one another out of fear ;
For love all love of other sights controls,
And makes one little room an everywhere.
Let sea-discoverers to new worlds have gone ;
Let maps to other, worlds on worlds have shown ;
Let us possess one world ; each hath one, and is one.

My face in thine eye, thine in mine appears,
And true plain hearts do in the faces rest ;
Where can we find two better hemispheres
Without sharp north, without declining west ?
Whatever dies, was not mix'd equally ;
If our two loves be one, or thou and I
Love so alike that none can slacken, none can die.


 Siste strofa i Åsmund Bjørnstad omsetjing:

                               " Mitt andlets ljos er du,og eg er ditt
                                 to hjarto kviler ut i våre drag.
                                 Som halvkuler er vi,av kostelege snitt,
                                 forutan vind frå nord og vestvend dag.
                                Alt det som døyr,var ujamnt samansett;
                                i likeverdig elskhug,djup og lett
                                så ingen trøytnar,døyr vi aldri,vi er eitt."

Eg vender tilbake til metaforen "no man is an island" som gjer han evig aktuelle ikkje minst for vår tid. Vi er alle del av det store fellesskapet , vi ber ein felles lagnad ,ei felles von.Eit menneske er inga øy,vi er ein del av kontinentet,ein del av fastlandet.

torsdag 27. januar 2011

Hélène Berre. Une vie confisquée

Holocaust dagen til minne om alle offera for nazismens utryddingsleirar.
Seks millionar jødar vart utrydda, eit tal som det er vanskeleg å forhalda seg til. Noko heilt anna er det når det kjem ned til einskild lagnadar. Ei Ruth Meyer, ei  Anne Frank eller fransk- jødiske Hélène Berr(1921-1945) som kanskje er mindre kjent for dei fleste.
Det er januar for eit år sidan  i eit vinterleg Paris, eg går rundt i Holocaust museet ”Le mémorial de la Shoah”. Minnesmerket for dei fransk-jødiske offera for nazismens herjingar.
Det er ein spesial utstilling akkurat då :”Hélène Berre. Une vie confisquée.” Familiebilete, brev og korte notat og så det vesentlege, dagboka som ho førte frå 1942 til 1944. Utan den ville også ho vore ein av dei seks millionar ukjente. No vert ho på ein underleg måte løfta ut av historiens mørke og inn i vår røyndom. Her finn vi også ei diktsamling av Paul Valéry med  dedikasjonen ”Frøken Hélène Berrs eksemplar” og den vakre verselinja:”Så mildt lyset er når vi våkner, og så vakkert det levende blå.” ( Au réveil , si douce la lumière, et si beau ce bleu vivant).
Dagboka vert innleia med at ho ein vakker vårdag i 1942 går for å henta denne diktsamlinga som ho har sendt til Paul Valéry,  i von om at han skal signera henne.  Lik denne vakre aprildagen er også resten av våren 1942 harmonisk , ho går på førelesningar,  konsertar med kjærasten, utflukter med familien. Kontrasten blir desto større til resten året. I juni vert det bestemt at alle jødar må gå med den gule stjerna godt synleg, Hélèn går og med stjerna ”fordi jeg vil sette motet mitt på prøve” som ho uttrykkjer det. Kort tid etter blir familien ramma av den første katastrofen, faren som er ein  kjent industrileiar og krigshelt frå Første verdskrig vert arrestert av det franske politiet , som utleverar han til Gestapo. Hélène er ei reflektert og engasjert ung kvinne som ikkje let seg knekka, ho melder seg friviljug som sosialassistent for å hjelpa dei internerte jødiske barna som er skilde frå foreldra på ein brutal måte. Desse barna er det forresten eit eige minnerom for i Holocaustmuseet, eit rom der er  det er hengt opp små fotografi av barn i alle aldrar. Dei heng tett i tett over alt, det gjer eit uhyre sterkt inntrykk som det  er vanskeleg å finna dekkande ord for.
Hélène Berre klarte lenge å sleppa unna arrestasjon og deportasjon, men i mars 1944 er det slutt. På sin 23 års dag blir ho deportert til Auschwitz saman med foreldrene sine. Ho døyr i Bergen-Belsen i januar 1945. Dagboka sirkulerar lenge i familien inntil niesa Mariette Job tek initativ til å gjera henne allment tilgjengeleg. I oktober 2007 blir ho utgjeven og er seinare oversett til fleire språk, også norsk. Hélène Berrs dagbok , lik Anne Franks og Ruth Meyers dagbøker, gjer  at Holcaust vert noko anna enn bare historiske fakta og statistikk. Denne katastrofen ramma einskild menneske som vi kan idenitifisera oss med, menneske med dei same tankar og draumar som oss. På omslaget til dagboka er det eit vakkert bilete av Hélène der ho ser inn i framtida ho aldri skal få oppleva. ”Une vie confisquée.” La oss derfor minnast henne og dei seks millionar ukjente døde på denne dagen 27. januar!

lørdag 22. januar 2011

Kongen av Bastøy

Filmen" Kongen av Bastøy" med regi av Marius Holst går for tida på norske kinoar. Det er ein realistisk og sterk historie basert på historiske hendingar ved "Bastøy guttehjem" i 1915. På byrjinga av 1900 talet vart det etablert ei rekkje "skolehjem"  basert på "vergerådslovene " frå 1896. Tanken bak var i utgongspunktet framsynt, ein skulle gripa inn mot barn og ungdom med oppdragande tiltak før dei endte opp i kriminalitet og asosial framferd.Dessverre vart desse institusjonane ofte fengselsliknande med ein beinhard disiplin og tilsvarande  strafferegime. Dette kjem tydeleg fram i filmen. I 1915 gjorde de innsette gutane på Bastøy opprør, noko som endte med at marinesoldatar vart sett inn for å slå ned opprøret. Filmen skildrar denne hendinga i bearbeidd versjon.Heldigvis er dette historie sjølv om  barn  framleis vert slått .Forskjellen  er bare den at i dag er ikkje dette ein allment akseptert del av barneoppdraginga som blir praktisert i alle eller iallfall dei fleste heimar, slik det var for hundre år tilbake.Kanskje er det eit av dei store framskritta , for barn som blir slått blir i neste omgang vaksne som slår eller redde og forbitra vaksne.
"Vi var alltid redde deg" seier Ingmar Bergman til den aldrande faren i filmen "Søndagsbarn" frå 1992. Filmen som har sjølvbiografisk manus av Bergman sjølv og regi av sonen Daniel vekslar mellom ein solfylt søndag i 1926 og eit vinterleg Stockholm i 1968 der Ingmar Bergman vitjar den døyandre faren. Sommardagen i 1926 er tilsynelatande avslappa og harmonisk, men like under ligg konflikten og angsten.Redselen for slag og uforutsigbart sinne. Faren er ikkje i stand til å forstå dette, barnets perspektiv er ikkje hans.
Kanskje er det noko av det viktigaste i begge filmane, barnet/ungdomens perspektiv og absolutte krav på respekt og forutsigbarheit!
Begge filmane vel verdt å sjå enten for første gong eller på nytt,til ettertanke og litt større innsikt.

fredag 21. januar 2011

Sandkorn

"Så lenge skal eg elska deg som tid og sandkorn renn." (Robert Burns 1759-1796)

Sigrid Terese Moldestad  opprinneleg frå Breim vart kåra til årets folkemusikar i 2010. Ho har tidlegare også vorte tildela Spelemannsprisen i 2007. Begge deler vel fortent. Ho spelar hardingfele og syng, på den siste plata "Sandkorn" som kom i fjor og fekk svært gode kritikk, bidreg ho og med eigen musikk og eigne tekstar.
I tillegg til eigne tekstar har ho nytta omsette dikt av skotske Robert Burns noko tittelen  "Sandkorn"viser til. Her er også det fine Jakob Sande diktet "Eg ser inn i augo dine" som innleiar plata.

"Eg ser inn i augo dine
det er som ein stjernekveld
dei strålar og skin mot mine
med glans av ein evig eld

Stjerner og sylvblank måne
lyser på djupblå kvelv
og stilt upp i eterblåne
står venus solklår og skjelv

Lysande vederbogar
eldskrift i rømdi dreg
himmelhøgt mot meg logar
å kor eg elskar deg."

Her er og "Vise til far", tekst og musikk av Sigrid Moldestad. Personleg og gjenkjennande for alle med aldrande foreldre. Det er ikkje alltid så lett " Når våre liv blir snudd opp og ned og eg skal vera den sterkaste"

onsdag 19. januar 2011

Og eg var sorg

Og eg var sorg

"Og eg var sorg og heldt til i ei hole.
Og eg var ovmod og bygde attum stjernone.
No byggjer eg i næraste treet,
og um morgonen når eg vaknar ,
trær fura gull på nåli."

Olav H. Hauge har lenge vore ein av favorittane mine. Utgåva av "Dikt i samling"  er blitt  sliten. Dei fleste av dikta hans er korte og konkrete, ofte med utgongspunkt i noko daglegdags.Men dei viser alltid utover det daglegdagse til det universelle, og dei knyter saman desse to aspekta ved tilværet. Her er mykje livsvisdom. Eg minnest og godt mitt første og einaste møte med diktaren. Det var i midten av mars 1976, siste året på gymnaset, rektor hadde invitert han til å lesa dikt i norsk timane. Eg hugsar ikkje kva han las,men eg ser han klårt for meg. Seinare fann eg til  mi store glede eit kort notat om denne skulevitjinga i dagbøkene hans som vart utgjevne for ein del år tilbake.


Det er ein kald juni kveld i 2010. Valkyrien All Stars har konsert. Folkemusikk i ny versjon men med gamle tekstar, norsk lyrikk og stev.Mellom dei tekstar av Olav H. Hauge. "Tåre du tarv ikkje falle" frå samlinga
"Under bergfall" frå 1951.



Tåre ,du tarv ikkje falla

"Det var lite for deg
men mykje for meg:
Eit smil når det galdt
og eit handtrykk var alt.

Tåre,
du tarv ikkje falla,
eg veit du er salt."

tirsdag 18. januar 2011

Nova

Forige helg viste NRK Paul Mc Cartneys konsert i New York nylig. Stort for alle hans fans.
Eg har lyst å ta fram ei anna side av Paul Mc Cartney. I 2000 kom " A Garland for Linda", minne CD om Linda Mc Cartney som døydde av kreft i 1998. Her er det bidrag av sentrale aktørar i britisk musikkliv slik som John Tavener,  Judith Bingham, John Ruttter,  David Matthews, Roxanna Panufnik, Michael Berkeley og Giles Swayne.Innleiinga er Ralph Vaughan Williams,Storbritannias store komponist på  første halvdel av 1900 tallet,sitt vakre "Silence and Music."
Paul Mc Cartney, nylig enkemann, bidreg sjølv med tekst og musikk til det vakre korverket " Nova".

"Are You there?
God where are You?
Are You hiding in Your Heaven ?
Or beneath your deepest sea?
Was there something in our past imperfect ?
Is it something that we should have known ?
God where are You?
Are You hiding in the rain?
Are You hiding?
Are You there?
I am here
I am here in every song you sing
In the wings of a rising lark
Through the darkness to the morning lighet
I am here as first a new born babe opens eye on
 the universe.
I am here.
I am here now.
I am with you:
I am here as ev`ry flake of snow
Washing white on the countryside.
As each green blade streches for the sun.
I am here watching over them.
I am here as first a new born babe opens eyes on
  the universe.
With each step I`ll be that arm that guides
Now and then `til the end of time.
Amen."




mandag 17. januar 2011

Øyeblikk av åpen

"Øyeblikk av åpen" er Anne Samuelsens, ven frå felleskapet i Karmels tredje orden, andre diktsamlinga.
Korte , minimalistiske nesten haiku liknande dikt, men med desto større djup mellom linjene og med ein stor og vid himmel over.

"Vannlilje
i vann

ikke som før
knute
av uforløste
kronblad

for
tiden er kommet

strålende
bar"

Det får meg til å tenka på Claude Monet sine vannliljer der himmelen speglar seg i vannlilje dammen og ein opplever at noko er større enn ein sjølv, noko peikar utover mot det uendelege, det varige ,det himmelske om ein vil. Og no er tida her, noe er augneblinken der ein grip etter dette andre og blir grepen.

Denne opplevinga av å vera open, klar til å ta i mot Den som kjem ein til møtes.


"Stemmer
strengene mellom
Deg og min avgrunn

og jeg er øyeblikk
av åpen"


Takk skal du ha Anne !

Diktsamlinga har kome ut på Efrem forlag. Følg link nederst på bloggen.

søndag 16. januar 2011

Poetica:Filosofi

Eit filosofisk sidesprang: 

                       Filosofi
Intensjonalitet-
du smaker på ordet
veg det, luktar på det
let det gli fram og attende
prøver å riva det frå kvarandre
for så å setja det saman att
men lukkast ikkje heilt
noko manglar

Det mørke skummande ølet friskar opp i pausen

Men du stiller ikkje spørsmål etterpå
språket synest å ha ramla utanfor si grense
og er blitt mållaust
utan at intensjonaliteten ser ut til å bry seg
det minste om det.

Angels sing

Eg lyttar igjen til Roxanna Panufniks CD frå 2007: Angels sing.
Roxanna Panufnik (f. 1968) er dei siste åra blitt ein av dei mest populære komponistane i Storbritannia.
Dotter av komponisten Andrzej Panufnik som flykta frå det kommunistiske Polen på femti tallet, mora  var jødisk. Foreldrene hadde eit agnostisk livssyn og ho vaks ikkje opp med religiøs påverknad, likevel valde ho katolisismen som 21 åring. Ho tok utdanning i komposisjon ved London`s Royal Academy of Music.Alt som 16 åring fekk ho sitt første verk framført, Sarah`s Requiem til minne om ei ung kusine som døydde tragisk. Roxanna har seinare markert seg som ein svært produktiv artist, ho har skreve opera, ballett, messer, korverk, kammer musikk og musikk for film og TV. Hennar mest kjente verk er kanskje Westminster Mass, som ho skreiv til kardinal Humes 75 års dag i 1998." Angels Sing" inneheld denne messa i tillegg til ei anna messe "Douai Missa Brevis" og fleire kortare verk. Ein av dei er den vakre julesongen "The Christmas life" med tekst av  Wendy Cope.
Den er som det meste av det ho skaper prega av hennar livssyn.


The Christmas life

Bring in a tree, a young Norwegian spruce
Bring hyacinths that rooted in the cold.
Bring winter jasmine as its buds unfold
Bring the Christmas life into this house

Bring red and green and gold, bring things that shine,
Bring candlesticks and music, food and wine
Bring in your memories of Christmas past.
Bring in your tears for all that you have lost.

Bring in the sheperd boy, the ox and ass,
Bring in the stillness of an icy night
Bring in a birth,of hope and love and light.
Bring the Christmas life into this house.




For meir informasjon om Roxanna Panufnik

http://www.roxannapanufnik.com/

lørdag 15. januar 2011

Salt and light

"Salt and light" er Kenneth Stevens diktsamling fra 2007. Dikta er nære og konkrete men med ein vid himmel over.


Frilsham

We go to break bread and drink wine
In the early March sunlight of morning.

A church so old its walls might once have grown
Like strange stone roots up from the ground itself.

The story is a woman fled here once, so long ago
Her life is thin as parchment, was whispered down-

A few frail fragments from daughter to daughter
She found water in the earth, a pure source

That gave healing. The water sang out of deep
        earth-
A living thing, full of the mystery of God.

Eight souls go to the communion rail,
Slow and old and grey.

Light falls in a golden cup:
Blesses their heads where they kneel.

I go outside, into the day where the yellow daffodils
      are breaking
In a jostling of young and yellow heads

And I hear it, I hear it clearly-
The bright chink, the jewellery, of spring water.


torsdag 13. januar 2011

Iona

St.Columba skal ha grunnlagt eit kloster på øya Iona på Den skotske vestkysten alt på 500 tallet. Klosteret forfall etter Reformasjonen men i det siste er det igjen blitt eit pilgrimsmål og det er ein økumenisk kommunitet der. Iona står heilt sentralt i skotsk historie og religiøsitet.
Forfattaren Kenneth Steven  (f. 1968) si femte diktsamling har tittelen "Iona". Dikta er inspirert av Den skotske vestkysten generelt og Iona spesielt. Dikta  ber preg av at dette landskapet, menneska som bur der, og historia deira like frå St. Columbas tid har ei heilt spesiell betydning for forfattaren.Her er vakre barndomsskildringar, bilete av det skotske landskapet ein ikkje så seint gløymer, menneske og dyr som høyrer heime her og over det heile ein spirituelle heilskap,konkret og djup forankra i den tidlegaste skotske tradisjonen og historia. Kenneth Steven er ein populær forfattar i Skotland, han skriv lyrikk, essay, barnebøker og omset norsk litteratur.Etter å ha budd fleire år i Norge er han godt kjent med norsk kultur og språk.

I "Iona" er det eit kort dikt med same tittel. Eg opplever at det uttrykkjer noko av det sentrale i hans forfattarskap.

Iona

Is this place really nearer to God ?
Is the wall thin between our whispers
And his listening? I only know
The world grows less and less
Here what matters is conquering the wind
Coming home dryshod ,getting the fire lit.
I am not sure whether there is no time here
Or more time,whether the light is stronger
Or just easier to see. That is why
I keep returning,thirsty, to this place
That is older than my understanding,
Younger than my broken spirit.

tirsdag 11. januar 2011

St.Columba

Bøn tilskreve den irske helgenen St. Columba (521-597):

"Be thou a smooth way before me,
 Be thou a guiding star above me,
 Be thou a keen eye behind me,
      This day, for ever."


søndag 9. januar 2011

Diktet løper som en by

"Diktet løper som en by" er tittelen på Erling Kittelsens siste bok. Det er ein diktsyklus over 9 deler og 266 vers som tar oss frå Norden ut i Europa, vidare til Kaukasus, Afrika, Kairo, Mexico, vidare til Kina for til slutt å enda på forfattarens fødestad på Sørlandet. Det er ein spennande diktsyklus som  ber preg av forfattarens store innsikt så vel i mytologi og poesi frå delar av verda vi til daglig ikkje viser så stor interesse for. Erling Kittelsen er vel heller ikkje den forfattaren som har fått mest spalteplass i media, men så har han også rørt seg fjernt frå "bestselgerlitteraturen" heilt frå debuten med samlinga "Ville fugler" i 1970. Etter det har det kome ei rekke bøker, dikt, dramtikk, romanar, barnebøker og ikkje minst gjendiktingar av poesi frå mellom anna latvisk, persisk, koreansk og norrønt.Sånn sett har han vore ein vegvisar ut frå den "lokale andedammen" og ut i den rike kulturen ein kan finna også i fjerne og ukjente deler av verda.Han  hadde absolutt  fortent mange fleire lesarar enn han får.
"Diktet løper som en by" er ei lesaroppleving. Både form og innhald skifter etter som vi rører oss frå stad til stad, frå verdsdel til verdsdel. Det gjer at det blir ein spenning i poesien som heile tida driv oss framover.
Framover ja, men samstundes  med ei djup forankring i landet, byen, jorda og alle dei eldgamle mytene som lever vidare også i mange av våre dagligdagse forestillingar.

Eksempel frå det første verset:

"Da de gamle kom til landet
og de unge hadde reist
kvinnene var lukket inne
mennene var sprunget ut
i en åpen kløft sto dampen
fra en fallen meteor
barna moret seg på kanten
kvinnene var lukket inne."

Og på slutten er han tilbake i fødestaden Vennesla.

"Dro jeg til mitt fødested
alt var revet opp med rota
hus, fabrikk og hengebruer
elva gikk i andre løp
stranda uten rullesteiner
i en bakevje lå sentrum
solte sin forstand i skyggen
elva gikk i andre løp."

I mange år har Erling Kittelsen arrangert kulturelle treffe heime hos seg sjølv på "loftet" i Oslo sentrum.
Ein fredagskveld i månaden har han invitert kjente og ukjente med interesse for poesi og kultur. Vi er takknemlege for å ha kunne ha delteke ved eit par høve sist i november i fjor.

lørdag 8. januar 2011

Pustegynge

Pustegynge (Atemschaukel)
Tysk-rumenske Herta Mὔller (f. 1953) fekk Nobelprisen i litteratur i 2009. Ho vaks opp i det tyske samfunnet i Romania men flykta i 1987 frå Ceauscescus dikatur til Vest-Tyskland. Hennar siste bok ”Atemschaukel” kom på norsk i fjor med tittelen ”Pustegynge”. Den tyske tittelen er eit konstruert ord som synes nærmast umogleg å omsetja men ”pustegynge” er godt kome på av omsetjaren Kjell Olaf Jensen. Den engelske omsetjaren har ikke funne noko alternativ og nyttar den første linja i romanen som tittel:”Alt jeg har, bærer jeg med meg”.  Noko som med få ord oppsummerar hovudpersonens lagnad.      
”Pustegynge” er ei fascinerande bok som på mange måtar er ulik noko anna eg har lese kanskje bortsett fra ”Hjertedyr” som er ein av dei tre andre av Herta Mὔllers bøker som har kome i norsk omsetjing.
Romania var under andre verdskrigen eit fascistisk diktatur alliert med Nazi-Tyskland. Sommaren 1944 rykka den Raude Arme inn i landet og Romania kapitulerte. Året etter krevde Stalin at alle tysk-rumenarar mellom 17 og 45 år skulle ta del i gjenoppbygginga av Sovjet Unionen, og dermed vart alle kvinner og menn i denne aldersgruppa deportert til sovjetiske arbeidsleirar. Dei fleste slapp fri i 1950 men mange døydde under umenneskelege forhald. Ein av dei deporterte var mor til forfattaren. Opphaldet i arbeidsleiren  var eit tabu tema som aldri vart nevnt, det låg der berre som angstfylte antydningar under oppveksten hennar. I 2001 begynte hos systematisk å notera ned samtalar med tidlegare deporterte frå sin eigen landsby. Oskar Pastior vart hennar viktigste informant og ho planla å skriva boka i lag med han, men han døydde brått i 2006.
I ”Pustegynge” føl vi den 17 årige Leopold Auberg frå han vert deportert ved krigsslutt til han slepp fri i 1950, men også livet hans etter på vert på ein avgjerande måte prega av dei fem åra i arbeidsleir. Det er ein dagleg kamp for å overleva med hard arbeid, konstant svolt, isande kulde om vinteren og hete om sommaren. Det er skreve mykje om livet i arbeidsleirar og konsentrasjonsleirar tidlegare men vel ikkje med Herta Mὔllers heilt særegne språk. Det er eit konkret og realistisk språk men samstundes poetisk og symbolsk. Her er ei rekkje nykonstruerte ord som nok må ha sett omsetjaren på prøve.” Pustegynge” er eit, ”sultengel” eit anna som stadig går igjen. I det heile er skildringa av hovudpersonens vedvarande svolt noko av det som gjer sterkast inntrykk. Ein stad skriv ho om korleis han fantaserar om potetene heime etter å ha stapp i seg frose potetskrell frå søppeldynga. ”Sultengelen leter etter spor som ikke lar seg slukke, og slukker spor som ikke lar seg holde på. Potetjordene drar gjennom hjernen min, de skråttliggende parsellene mellom engene med høy i Wench, fjellpoteter hjemmefra. De første runde, bleke nypotetene, de glassblå, krumme, sammentrykte senpotetene, de knyttenevetykke, gulsøte melpotetene med lærskall, de slanke, glatthudede, senkokte, ovale rosepotetene.” Det er som ein kjenner smaken medan ein les.
”Pustegynge” er ei viktig bok både som litterært verk men og som  dokumentasjon av ein liten ukjent del av Europas historie.

Epifania

06.hanuar
Epifania, Theofania, Heilage trekongersfest, Herrens åpenbaring.

Antifon til Magnificat for dagen:
"Denne store dag skal folkene holde hellig:I dag førte stjernen de vise menn til stallen.I dag er vann blitt vin til bryllupsfesten. I dag ville Kristus la seg døpe i Jordan til vår frelse. Halleluja!"


Dei Heilage trekonger eller vismenn kom frå austerlanda. Etter legenden vart dei kristna av apostelen Thomas
I  desse dagar opplever vi at  dei kristne blir forfølgde og drept i mange av "Austerlanda".
La derfor Epifania bli ein dag der vi spesielt tenkjer på og går i forbøn for kyrkjene i Pakistan, Irak og Egypt!





tirsdag 4. januar 2011

Poetica:Laudes

                                                 Laudes


Å stå opp
langt inne i november
mørkret er vått og glinsande
byen vaknar nølande
søstrene går stille til laudes
”Herre løys mi tunge
så min munn kan forkynna
din pris.”
rommet fyllest heilt
av levande røyster
orda breier seg utover
lik ringar i stille vatn
prøver å finna gliper i natta
små sprekker inn til dagen
der dei kan pressa seg igjennom
leva vidare  langs gatene
i trappene, rundt husa
over rundkjøringane
legga seg over uroen
eit vernande dekke
bremsar hastverket
dempar forvirringa
saboterar travelheten
løyser lengtinga.
Byen er vaken no
hastige og målretta skritt
men ein stad er det nokon
som stoppar opp
stryk tåra frå kinnet
ein stad er det nokon
som løftar lykta i skumringa
ein stad er det nokon
som støttar foten over glatte steinar.




Inspirert av Karmelitt nonnene i Tromsø, skreve i februar 2010, publisert i Vårt Land  hausten 2010

lørdag 1. januar 2011

Om guder og mennesker

Godt nytt år !

"Eg har sagt: De er gudar, søner åt den høgste er de alle. Men som menneske skal de døy, som ein av fyrstane skal de falla." (Salme 82)

"Des Hommes et des Dieux"(Om Guder og Mennesker)


Den franske filmen "Om guder og mennesker" av Xavier Beauvois gjer eit sterkt inntrykk både som eit filmatisk mesterverk og avdi historia i seg sjølv er så engasjerande.Den er basert på ei verkeleg hending.I 1996 blir sju trappist munkar frå klosteret Monastere de Tibhirine i Atlas fjella i Algerie drepne av islamistiske terroristar. Klosteret vart etablert i 1938 og munkane hadde levd i fredeleg sameksistens og i djup respekt for sine muslimske naboar i landsbyen like ved. Dei bidrog både med praktisk og medisinsk hjelp, noko som også kjem fram i filmen på ein fin måte.Situasjonen i Algerie på nittitallet er svært vanskeleg, det er borgarkrigsliknande tilstandar på bakgrunn av aukande islamistisk terrorisme. Munkane opplever å bli truga på livet og blir sett under sterkt press for å dra tilbake til Frankrike. Dei opplever eit svært vanskeleg dilemma, skal dei bli trugne mot sitt kall og bli verande i klosteret og dermed risikera martyrdøden eller skal dei flykta og dermed redda livet men kankje oppleva at dei svik kallet og gjev etter for vondsskapens krefter. Filmen klarer å uttrykkja dette dilemmaet på ein måte som gjer at vi kan ana litt av den indre kampen melom tvil og von som går føre seg i kvar enkelt av munkane og i den felles diskusjonen før dei  avgjer at dei skal bli verande uansett kva som skjer. Trua sigrar over tvilen, vona over vonløysa. Munkane blir drepne av muslimske ekstremistar, men dette er ikkje ein film og konfrontasjon mellom kristendom og islam.Tvertimot gjev munkanes relasjon til lokalbefolkninga eit bilete av fredeleg sameksistens og gjensidig respekt mellom kristne og muslimar. Tankane går då og til ein annan fransk munk,
http://www.ignatiusinsight.com/features2005/vs_cdefoucauld_nov05.asp,                                         Charles de Foucauld som og slo seg ned blant den muslimske lokalbefolkninga i Algerie og der møtte martyrdøden på byrjinga av nitten hundretalet. Både han og trappist munkane frå Tibhirine kan stå som eksempel på at det går an å ha respekt og kjærleik også til dei som har eit anna religiøst syn eller eit anna livssyn utan dermed å gå på akkord med si eiga overtyding.
Je te demand en ce jour
le grace de devenir serviteur
et de donner ma vie ici
en rancon pour la paix
en rancon pour la vie
Jesus attire moi en ta
joie d`amour crucifie.

Fr. Christoph Lebreton