fredag 5. april 2013

Lumen Christi - Kristi lys

Det er ei stor sorg som strøymer igjennom  dette tilværet. Ei sorg som rommar all lengting etter det som vart borte og alt det som det aldri vart noko av. Denne sorga, denne tristheten og melankolien ligg alltid like under den sorglause overflata. Som når vi langfredag i år ser mora bøygd over det døde, vesle barnet. "Vakne, vakne opp no vesle skatt!" Det aktualiserar det to tusenårige dramaet vi minnest denne dagen, Stabat Mater, den lidande og sorgfulle mora." Det er nødt til å vera noko etterpå, ellers kan vi ikkje halde ut mødrenes gråt over dei døde barna."
Men vi må leva med dette, vi må bera lengtinga og melankolien over livet som er så kort, over alle avskjeder
både kortvarige og endelege, over alt det vi ikkje fekk til og oppnådde i livet, over den vi elska og som aldri vart vår. Når vi går gjennom påskenatta blir alt dette så mykje lettare. Det store påskelyset blir tent ut i nattkulden og bore inn til påskenattsliturgien. "Lumen Christi - Deo Gratias", tre gonger gjentek vi dette urgamle vitnesbyrdet. Dei mange små lysa blir tent frå det ein store, eit talande bilete på det som skal bera så mykje lenger enn sorga og vonløysa.
 Påskenatt, rundt det store påskelyset står dei som snart skal ta del i Kyrkjas fulle fellesskap

1 kommentar:

  1. Ja, vi må leve med alt dette. Lengten og melankolien går hand i hand. Godt om ein då ser lysa.

    Mvh Marie

    SvarSlett