tirsdag 30. mai 2023

Pilegrimsvandring til Chartres

 Frankrike er kanskje eit svært sekulært land, likevel skriv så vel franske Aleteia som britiske Catholic Herald om rekordmange  deltakarar i årets pilegrimsvandring frå Paris til Chartres. 16.000 , dei fleste ungdomar deltok i år, det har i det siste vore ein jamn auke frå år til år. President i Notre- Dame de Chretiente som organiserar pilegrimsvandringa opplyser at det var ein auke på over 30 prosent i år!

Pilegrimsvandringa starta fredag 26 mai frå kyrkja Saint Sulpice i påvente av at Notre- Dame  er ferdig oppbygd etter brannen. Gjennom Paris gater og vidare vestover mot Chartres, det tek tre dagar over omlag 100 kilometer så det er lange dagsmarsjerer. Men dei sluttar seg med det til ein nær tusenårig tradisjon, i Mellomalderen var det første etappe på  Camino de Santiago, og alt frå 800 talet kom pilegrimar til Chartres. Katedralen i Chartres vart bygd i  tida 1194 - 1220, og var med sine fantastiske glassmåleri eit naturleg mål, men katedralen hadde og ein heilt spesiell relikvie, Jomfru Marias slør. Katedralen har og er framleis eit pilegrimsmål for dei som ærar Maria og ber om hennar forbøn. Relikviet var dessverre delvis øydelagt under Den franske revolusjonen, men ein liten del er framleis i Chartres.

Ei rekkje kjente personar har kome til pilegrimsmålet Chartres, helgenar som Vincent av Paul, Frans av Sales, Louise og Zelie Martin, pave Johannes Paul, og ikkje minst poet, aktivist,nasjonalist og krigshelt Charles Peguy. Han gjekk som pilegrim frå Paris til Chartres i 1912, to år før han fall i slaget ved Marne.Han ville be om Marias forbøn for sin sjuke son, mens hans initativ fekk betydning langt utover det personlege og gav ein sterk stimulans til Chartres som pilegrimsmål!

Pilegrimsvandringa vart avslutta med messe i katedralen, det gjorde inntrykk å sjå gruppe etter gruppe av ungdomar med flagg og faner i spissen på veg inn i katedralen. Det er naturligvis messe, bøn og song undervegs. Ein deltakar seier det slik: «  Nå vi vandrar er vi av og til stille, av og til synger vi , vi ber og vi har tid til å prata med kvarandre. Det er eit fint høve til å møta Kristus, og til å sjå på eins eige liv og avgjera kva ein kunne gjort betre…. kva ønskjer Gud  at eg skal bruka livet mitt til?»





fredag 26. mai 2023

Maria og pinse

 Vi står ved inngangen til den tredje kristne høgtida, Pinse, festen for Den Heilage Andes kome til apostlane men og til heile Kyrkja. Men Den Heilage Ande var tilstades frå opphavet, og var verksam gjennom heile historia omtala i bøkene i Det gamle testamentet. Anden svevar over vatnet som det står i første Mosebok. Men ingen stadar er Anden så tilstades som i Maria, ho er som forma av Den Heilage Ande som det står i Lumen Genitum. Eg har fordjupa meg i tekstar som omtalar Maria som ledd i førebuing til konvertitt undervisning. Det slo meg korleis ho frå første stund er ein lydig reiskap for Den Heilage Ande! Mest tydeleg ser vi dette i Lukas evangeliets skildring av engelen Gabriels bodskap til Maria. « Vær hilset du som har fått nåde! Herren er med deg!» Maria er nådefylt, i den greske teksten står ordet i perfektum og viser til at Maria frå unnfanging er fylt med nåde, dvs. ho er etter katolsk tru ikkje underlagt arvesynda. Marias svar : « Se jeg er Herrens tjenestekvinne.La det skje meg som du har sagt!» Wifrid Stinissen skriv om dette: « Den dialog mellom engelen og Maria er uten tvil den viktigste dialog som noensinne har funnet sted. Hele den gamle pakten er en forberedelse til denne samtalen, og den nye pakten er bare blitt mulig gjennom Marias ja i denne dialogen.» 

Om Marias pinse skriv han korleis relasjonen mellom Maria og Anden er dynamisk, i Marias liv er det tersklar som blir overskrede. Engelens bodskap er den første av desse, pinsa er den andre og avgjerande terskelen. For disiplane er pinsa avgjerande, men Marias situasjon er eineståande. « Ved bebudelsen gjorde Ånden henne til Guds Sønns mor. På pinsedagen gjør han henne til kirkens mor, og mer enn det; til et urbilde for kirken.»

Maria er eit førebilete i det ho alltid verkar for andre. I Kyrkjas sentrum er ho det kvinnelege element som skaper balanse; Peter og Maria utfyller kvarandre. « Peter representerer embetet, Maria er enheten og kjærligheten……… Peter er kirkens ufeilbarhet, Maria er dens hellighet.»

Maria kaller til bøn og er ein læremeister i bøn. Wilfrid Stinissen peiker igjen på korleis tre bøner frå Maria  utgjer ein komplett bøneskole:

«Skje meg som du har sagt!»

« Min sjel forkynner  Herrens storhet!»

«De har ikke mer vin!»

  

Velsigna pinsefeiring!


mandag 15. mai 2023

Min tro

 Eg les Pascals " Tanker", og ser på noko eg skreiv i august 2003 om Mauriac og Pascal.

No varmar sola meg og eg er ferdig med Francois Mauriaca "Min tro". Boka er eit vitnesbyrd om kvifor han har halde fast ved trua, eller kanskje heller kvifor nåden har halde fast ved han. Ikkje minst understrekar han kva betydning Blaise Pascal har hatt for hans religiøse utvikling. Han uttrykkjer det slik:" Ilden fra en eneste natt i Pascals liv er nok til å opplyse oss hele livet igjennom og i likhet med barnet  som nattlampen beroliger i et rom fullt av skygger, kommer vi til å sove uten frykt takket være denne ild."  Han siktar her til Pascals oppleving om natta 23. november 1654 då han møtte  Gud i ekstatisk glede, og som han seinare bar med seg resten av livet, nedskreve på ein lapp sydd inn i foret på jakka. Er det det same « Memorial» som talar til oss i dagen tvers igjennom alle seinare tiders rasjonalisme og blinde vitskapstru ? Ja, for dette er det peronlege møtet, det er ingen moralisme, ingen dogmatisk spissfindigheit, men opplevinga av at nokon har funne oss. " Du ville ikke søkt meg om jeg ikke alt hadde funnet deg." 

Mauriac skreiv "Min tro" på byrjinga av sekstitalet, han er ein gammal mann. Mot slutten kjem han med ei bøn som eg opplevde som sentral for oss som leitar etter freden, og kanskje tvilar på det evige livet! "Gi meg min Gud å samle meg i freden fra ditt nærver, så jeg når tiden er inne, ved en nesten umerkelig overgang vandrer fra deg til deg. Fra deg, livets og menneskenes brød, til deg, den levende  kjærlighet som alt eies av dem blant mine kjære som før meg er hensovet i din barmhjertighet. Amen."



søndag 14. mai 2023

En tyskers historie

 Eg les " En tyskers historie. Erindringer 1914 - 1933" " (  Geschichte eines Deutschen. Die Erinnerungen 1914 - 1933) av forfattar og journalist Sebastian Haffner (1907 - 1999). Haffner var fødd i Berlin i 1907 og utdanna seg til jurist. Hans eigentlege navn var Raimund Pretzel, Haffner tok han som pseudonym då han reiste frå Nazi-Tyskland til England i 1938. Han var journalist i engelske aviser og etterkvart i tyske etter at han vendt tilbake i 1954. Han skreiv og ei rekkje bøker hovudsakleg om historiske tema. "En tyskers historie" er hans mest personlege bok , og den han er mest kjend for. Boka vart skreve i 1939 og vart nok ikkje fullført, manuskriftet vart liggjande i ei skuff til etter hans død. Sonen Oliver Pretzel fekk samla dei manglande kapittela, og fekke henne utgjev. Boka vart straks ein stor suksess i Tyskland, og etterhvert omsett til ei rekkje ndre språk.

Første del av boka er barndoms-erindringar  frå tida under og etter første verdskrigen. Den unge gutens reaksjon på krigen står i kontrast til sommarferiane på eit gods i Bakpommern. "Avreise" er der det verste ordet han kan tenka seg! Største delen av boka handlar om året 1933 med den gradvise nazifiseringa av  samfunnet. Haffner er ung jusstudent , men innser snart at han ikkje kan fungera som jurist og dommar i nazisystemet. Det som gjer sterkast inntrykk er hans skilding av den gryande antisemittismen., der jødar først får forbod mot å halda fram i sine jobbar, også dei som tilsett i rettssystemet som dommarar. Enkelte ser for seg at det vil bli stadig verre og forlet landet, dei fletse gjer ikkje det, dei kjenner seg som tyskarar, Tyskland er deira fedreland.

Det er dei små detaljane som gjer innstrykk, som når han sit med kjærasten som er jødisk,  i skogen ein vakker vårdag og ein skuleklasse marsjerar forbi. Dei ropar i kor: "Juda kreper!" Haffner refelkterar over det absurde i situasjonen: " Der satt jeg "i det grønne", med armen rundt en levende og pen liten pike som jeg kysset og kjærtegnet, og igjen og igjen kom muntre gutter vandrende forbi og oppfordret oss til å krepere. Imidlertid gjorde vi ikke noe slikt, og de gikk også bare rolig videre, likeglade om vi kreperte eller ikke. Et surrealistisk billede."

Haffner reflekterar over " Tysklands selvødeleggelse ved hjelp av landets sykelige nasjonalisme..." Korleis kan det ha seg at denne nasjonalismen dreper det som Haffner ser som "grunnverdiene i nasjonalkarakteren" ?  Han ser nasjonalismen som "en farlig sinnssykdom som er istand til å forvrenge en nasjons ansikt og gjøre det stygt.."  Vidare skriv han at i ingen andre land har denne sjukdomen  " en så omdartet og ødeleggende karakter som nettopp i Tyskland."  Han ser det slik at i Tyskland i motsetnad til andre land er det sjølve nasjonalkarakteren  som blir øydelagt. For Tysklands "innerste vesen er vidsyn, åpenhet, allsidighet, ja i en viss forstand, uselviskhet."  I etterkant veit både Haffner og vi korleis det gjekk, Tyskland låg i 1945 i ruinar, men eit nytt og demokratisk  land vart bygd i tida etter krigen. Kanskje hadde den nye generasjon hausta ein dyrekjøpt lærdom ? Vi får tru det, men i flg. Haffner går Tysklands "sykelige nasjonalisme" mykje lenger tilbake enn 1933!



fredag 12. mai 2023

Relikviar

 Innlegg i ordskifte om relikviar i Vårt Land. Vart ikkje trykt.


I ordskiftet om relikviar er det eit viktig poeng som ikkje har kome heilt klårt fram. I den antikke verda var det dominerande synet dualistisk, materien og dermed kroppen var mindreverdig og heilt skild frå det andelege. Når Gud går inn i materien og blir menneske bryt det fundamentalt med dette synet. Gjennom  inkarnasjonen, innstiftinga av nattverden, krossfestinga og Kristi oppstode får vi ei heilt ny verdsetjing av materien generelt og den menneskelege lekamen spesielt. Det har gjennom heile kyrkehistoria vore ein fare for å havna i ei andeleggjort vranglære (gnostisisme) der det kroppslege kjem i bakgrunnen. Relikviar har hatt ein plass i gudsdyrkinga like frå aposteltida ( Apostelgj. 19.12), og i urkyrkja slik det er referert om biskop Polycarp av Smyrna. Han lei martyrdøden på bålet i år 155, i etterkant samla dei truande opp oska. Relikviar er kroppsrestar av heilage kvinner og menn, og sjølv om vi  finn relikviedyrking i andre religionar, er det nærliggjande å sjå den kristne vørdnaden for relikviar som ein følgje av den frelseshistoriske oppgraderinga av kroppen. Relikviar er ikkje magiske amulettar som vi kan tilbe, men teikn som vi viser ære og dermed hjelper oss i  den hårfine balansen mellom det andelege og det kroppslege, for  slik  ikkje å enda  opp i ein gnostisk prega  kristendom!



lørdag 6. mai 2023

Gabriel Faures Requiem

 Kilden i går kveld med Kristiansand symfoniorkester, Kilden vokalensemble og dirigent Eivind Aadland. Først Rameaus Les Indes Galantes som for meg er kjent musikk, og Ravels hylling av Couperin, Le Tombeau de Couperin. Etter pausen det som var hovudverket , Gabriel Faures Requiem, parallelt med den fascinerande filmen « Sky Burial» av Mat Collishaw. Det vart ei stor forestilling som gjorde inntrykk. Faures Requiem kjenner vi godt, det er vel kanskje det mest populære Requiem etter Mozarts? Det er hans opus 48 som han arbeidde med mellom 1887 og 1890, men som fekk si endelege form i 1900. Det vart første gong framført i 1888. Bakgrunnen for verket er ukjent, kanskje var det dødsfallet til komponistens foreldre få år tidlegare. Faure som verka som organist store delar av livet, skreiv både sakral og verdsleg musikk, men hans Requiem er utan tvil det mest spelte og verdsette verket. Det er basert på den katolske dødsmessa, men Faure gjorde ein del forandringar i høve til den latinske orginalteksten. Mest tydeleg er det at Dies Irae delen er bytta ut med Pie Jesu, den kanskje vakraste og mest « himmelske» delen av musikkverket. I går strålande framført av sopranen Guro Utne Salvesen! 

«Pie Jesu, Domine, dona eis requiem

dona eis requiem sempiternam requiem»

Så føl vi samstundes Mat Collishaws film om døden, ritualer, ånd og natur. Inngangsporten er eit forfallent leilighetsbygg, vi dukkar gjentekne gonger inn i bygget til soverom der det ligg ein eldre døyande person omgjeven av sørgande pårørande. Kamera fokuserar på andletet til den døyande, det verkar fredeleg og forsona. Så er vi brått over i eit harmonisk naturlandskap, elver som buktar seg gjennom grøne sletter med ei nedgåande sol i bakgrunn. Så tilbake til dødscenen, der den eldre døyande har gått over grensa inn der tida ikkje lenger finst. Dei pårørande sørger, men det er vakkert, roleg, naturleg og vakkert. Slik vi også opplevde det for tre år sidan då min gamle far etter fleire år på sjukeheim sovna roleg inn. Det opplevdest fint, ikkje minst på bakgrunn av at eit oldebarn hadde kome til verda like før!

Kontrasten er stor til avslutninga på filmen, parallelt med Faures «Libera me» og « In Paradisum». Sky burial som tittelen refererar til er den eldgamle skikken vi finn hovudsakleg i det buddhistiske Tibet. Jhator er navnet på denne unike skikken der den døde lekamen blir bore opp på ein høgtliggande plass , delt opp for så å bli konsumert av gribber! Det verkar makabert på oss, slik det siste animerte innslaget i filmen nok gjorde på dei fleste i salen. Men skikken er forståeleg utifrå buddhistisk tankegong, og på grunn av at dette var eit naudsynt alternativ når det ikkje er nok trevarer for kremering, og det er tele i jorda heile året! Det slår meg kor ulikt det buddhistiske synet på lekam og sjel er frå det kristne som representerar ei radikal oppgradering av materien generelt og den menneskelege lekamen spesielt. Men det er likevel noko fint i desse kontrastane, vi er materie, vi er ein  del av den store naturen, men vi er og ånd og von om Paradis og oppstode.

« In Paradisum  deucant Angeli in tuo

Adventu suscipiant te Martyres

et perducant te in civitatem sanctam Jerusalem»

( Må englene føre deg til paradiset, må martyrene ta imot deg når du kommer og føre deg til den hellige byen Jerusalem)