fredag 29. april 2011

Poetica:Trieste

Trieste våren 2009.

                                                     Trieste

Morgonsol på hustaka
høgt over alle trange smug
mjauande bakgårdskattar
og fargerik klestørk
no kan vi drikka morgonlufta
smaken av historie, poesi
og fjern uforløyst kjærleik
langt bak mot ganen
den litt beiske smaken
av språk og grenser
som møtest og skillest
møtest og skillest igjen
og så den søte smaken
av sollyset som fell skrått
gjennom lauvverket til
den store platanlønnen
ved inngongen til byparken
der kjærasteparet på benken
under treet møtest
i eit kyss som aldri tek slutt
eller kjennest det bare slik
men det tek slutt likevel
berre havet har ingen ende
og den salte smaken
av Adriaterhavet som også
Rainer Maria Rilke kjente
der han gjekk langs klippene
ute ved Duino borga
og klagesongane vaks i han
ord for det gåtefulle
det uforklarlege ved livet
det sanne livet vi ikkje forstår
og som heller ikkje Rilke forstod
men han rørte ved det
med bleike, tunne hender
og noko vart gjeve vidare
smaken av livet, havet og lengtinga
smaken av Trieste.

Duino borga utanfor Trieste der Rainer Maria Rilke oppheldt seg i periodar.

torsdag 21. april 2011

Poetica:Påske

               Påske

          Ardennerskogen
splintra trestammer og bombekrater
avrevne kroppsdelar i snøen
men ikkje berre dette
ikkje åleine nazismens krampetrekningar
no bur ein stor og uforståeleg ro her
klosterklokkene bryt stilla
lyden som stig oppover
gjennom påskenattas mørkre
for til slutt å kleba seg til
dei store våte snøflaka
tungt fallande mot jorda
føl med ned og legg seg  på bakken
ser vi nøye etter kan vi sjå dei
under trestammene
i vått rotnande fjorårslauv
lyttar vi nøye er lyden der enno
lenge etter at klokkene tagna
ein stad mellom minne og dikting
bakanfor teikna og orda
aldri åleine.
 Clervaux,Luxembourg.Påske 1978

Skjærtorsdag

Laudes.Antifon til Benedictus:
Inderlig har jeg lengtet etter å spise dette påskemåltidet med dere før jeg lider.

Vesper.Antifon til Maginificat:Mens de holdt måltid tok Jesus et brød, velsignet det, brøt det og gav det til sin disipler

torsdag 14. april 2011

Hieronymus Bosch

Madrid i april. Sommarvarme,  det er fint å nyta bylivet frå ein fortauskafe. Prado museet vil eg få med meg, det er stort så eg konsentrerar meg om eit par kunstnarar: Goya, El Greco, Durer og Bosch.(sjå link under)
Hieronymus Bosch( c.1450-1516), denne merkelege nederlandske målaren frå fjortenhundretalet som er rikt representert i Prado museet etter at kong Philip II kjøpte inn kunst på 1600 tallet.
Bileta er visjonære og mytiske med ein ekstrem detaljrikdom som tildels verkar surrealistisk.Eit eksempel på det er triptykonet "Lystenes hage" som er det første ein kjem til, til venstre Paradis med Adam og Eva, i midten jorda med mennesker prega av synd og lyst, til høgre ein visjon av helvetet. Kanskje er dei også moraliserande som i biletet "De sju dødssynder" som ligg på  eit bord midt i salen. I midten eit auge omgjeve av illustrasjonar av dei sju dødssyndene, og i kvart hjørne død, dom, himmel og fortaping. Eller bilete av høyvogna, omgjeven av kravlande og kjempande menneske  blanda med bisarre fantasivesen.
Bosch har vorte oppfatta ulikt dels som kjettar men det var han  visstnok absolutt ikkje. Kanskje er alt dette bare eit uttrykk for 1400 talets oppfatning av tilværet forma av ein mester med større innsyn i både detaljar og heilskap enn dei fleste andre ?
Så kan ein roleg gå ut i Madrid våren ?
                                                      "Lystenes hage"
                                                           "De sju dødssynder"



tirsdag 12. april 2011

Poetica:Elite Hotel

Det er 04.juli tidleg på åttitalet. Vi køyrer gjennom villmarka på veg til Grand Canyon. På bilradioen stort sett
patriotiske innslag, USA er framleis stort. Og så spelar dei frå "Elite Hotel", Emmylou Harris andre album, etter " Pieces of the sky", utgjeven i 1975. Klassikarar som "Amarillo", "Together gain", " One of these days", "Here,there and everywhere". Det gjer inntrykk og bit seg fast.Og så mange år etter kjem dei som CD med eit par bonus spor. Året er 2004 og eg må bare ha den CD`en.
På omslaget ei ung Emmylou Harris med langt, svart hår og mørke støvlettar på trappa framfor Elite Hotel.
I konsertfilmen  med Neil Young som kom for eit par år siden syng ho i bakgrunnen, og brått ser ein at tre tiår går veldig fort.Det hjelper lite å spela "Blue Kentucky girl" frå 1979( som heller ikkje er like bra.) Men Grand Canyon og ørkenen ligg der, ventande og  uforandra.

      ” One of these days”
         (Elite hotel 1975)
Ikkje i dag eller i morgen 
heller ikkje i går
ein annan gong
ein av desse dagane
du aldri ville kunna skilja
frå alle dei andre
du vaknar til
varm vind og støv
som svir i augene
du sit midt i trappa
jeans og lange brune støvlettar
det lange mørke håret
fell  lett framover
løyner halvvegs blikket ditt
spørjande…
vi skulle snart til å gå forbi.

tirsdag 5. april 2011

Meditasjonar over Georges de La Tour

Lyrikaren Paal Helge Haugen kom med diktsamlinga "Meditasjonar over Georges de La Tour." i 1990.
Samlinga innheld dikt som direkte eller indirekte er inspirert av den franske målaren Georges de La Tour som levde fra  1593-1652. Bileta hans gjorde eit sterkt inntrykk på forfattaren, "eg har alltid kjent Georges de La Tour" skriv han i etterordet. Han byrja å skriva boka som bilet beskrivande tekstar, men noko stritta mot. Sakte kom andre tekstar fram, tekstar som låg under dei bilet beskrivande. Dei knyter seg kanskje enno sterkare til den franske 1600 talls kunstaren.
Som i dette om tømmarmannen Josef.

Så kjem den,til sist
rislande ned over hovudet
hals hender
umerkeleg veksande straum
av nåde, ufortent
for den tørste som aldri
kan sløkkast

Vaskar bort den silande oska
frå nedbrende dagar
som rann mellom fingrane

Ei flodbølgje gjennom brakkvatn
forlist meining, rekved

Kom møt den, du som kan
Kom la deg fylle
før verden igjen blir stein
før du kverv inn
og under



Eller dette  om Maria Magdalena ved spegelen.

Freistar gjere seg fri
frå denne morgonens fostersekk
famlande, for å gi seg over
til støvet

Ein omn, brølande full av minne
Ei esse der tida blir glødande
seigtflytande materie
før slaga fell

Vanitas.Dei tomme augneholene
skallens sprø takkuppel, luft.
Desse gamle bein og denne lamme
innsikt, visnande til sist, vanitas



Og til sist opplevinga av tid og samanheng

Sein sundagsettermiddag:
dette streif av ufortent lykke
som bryt seg ut av tida
som vengeslag  med dyreaugo
med eit elska andlet gjennom den store
stilla lagt til ro bak steinar
smeltande snø  barnerøyster
Sein sundagsettermiddag
nokre sekund


Eg les dikta og dei legg seg til ro som små varmande steinar, så går eg på leiting i fransk galleri og kjenner ei stor glede over å få ta inn til meg desse måleri som  kjennest nærare enn mykje frå vår tid.