onsdag 30. november 2011

Poetica:Vinternatt

                                   Vinternatt

Vinternatt stjernepryda og kald
utspent mellom skumring og morgongry               
mellom mismots gru og håpets mysterium

Inn i denne natta er det du ber ditt ja
gøymd så lenge i einsemd og tru
bore fram av nåde og lydnad

I denne natta vert svaret gjeve deg
ikkje som bilete av noko på den andre sida av havet
ikkje som ord om verda bak horisonten

Men som det livgjevande lyset
som eit nyfødd barn hjelpelaust og nake
la det skje meg som du har sagt.

(Advent 2008)

fredag 25. november 2011

Niels Steensen

I dag 25. november er minnedagen for den salige Niels Steensen(1638-1686)


Frå hans innleiingsforelesning i anatomi ,København 1673: "Skjønt er det vi ser, skjønnere er det vi erkjenner, men skjønnest er det vi ikke fatter. La oss defor ikke bli stående ved sansenes vitnesbyrd, men løfte vårt indre blikk gjennom våre legemlige øyne, som om de var vinduer i et herlig palass, omgitt av de vakreste landskap. La oss se hvilke omgivelser, hvilke blomster, hvilke bestanddeler og underverk som der finnes. . . . .

Anatomien kan derfor ikke ta æren hverken for oppdagelser eller bevis. Forskeren er bare Guds verktøy. Gud nøyer seg ikke med å betrakte sitt verk, det er han selv som utfører verket."

23.oktober  1988 vart Niels Steensen  eller Nicolaus Stenonis som han kalla seg, saligkåra av pave Johannes Paul som den første skandinav etter reformasjonen.Så vel krater på månen og Mars som det danske senteret for diabetes forskning er oppkalla etter han . Kven var så denne mannen som gjorde seg gjeldande på så mange område  og som kyrkja minnes i dag på dødsdagen hans 25. november ?
Niels Steensen vart fødd i København i 1638 som son av ein protestantisk gullsmed. Han viste seg tidleg svært evnerik, studerte medisin og tileigna seg dessutan mange språk flytande. Det siste kom ikkje minst til nytte i hans omflakkande liv mellom 1600 talets sentrale, europeiske  lærestadar. Niels Steensen vart ein av si tids store vitskapsmenn med banebrytande oppdagingar ikkje berre innan anatomi og medisinen, men også i geologi, paleontologi og krystallografi.Mellom anna kartla han kroppens kjertlar, hjernen og hjertets anatomi og han forstod at fossilar er restar etter levande organismar. Hans kompromisslause søking etter sanninga førte han frå vitskapen til religionen. I 1666 var han i Livorno og vart der vitne til prosesjonen på Kristi lekamsfest. For Steensen vart det klart at enten var dei som bøygde seg og æra sakramentet dårer eller så var dette Sanninga. Han valde Sanninga og vart teken opp i Kyrkja året etter. Dermed var kursen også lagt for ein geistleg karriere.  Han vart prestevia i 1675 og seinare utnemnd til biskop i Nord-Tyskland. Han fekk ry på seg som ein from og oppofrande man , men  endte sine dagar i stor fattigdom i Schwerin.  Storhertugen i Firenze, der han lenge hadde opphalde seg og der han og var prestevia, hadde ikkje gløymt han. Kista  vart ført til Medici familien gravplass i San Lorenzo katedralen  der han framleis ligg.
Niels Steensen er ein brubyggjar mellom tru og tanke, mellom vitskap og kristendom både i sine skifter og sine handlingar. Sånn sett er han ein viktig inspirator ikkje minst for katolikkar som arbeider i vitskap og helseteneste.









torsdag 24. november 2011

Santa Cecilia

22. november er minnedagen for Den heilage Cecilia av Roma som levde ca 200-230.
Ho er skytshelgen for kyrkjemusikken, for musikere,sangere og diktere, dessuten instrumentmakere og orgelbyggere.
Historisk er det lite ein veit om henne bortsett frå at ho fekk bygd ei kyrkje i bydelen Trastevere i Roma og at ho vart gravlagt på ein ærefull måte på Callistus kyrkjegarden. Legenden fortel at ho var av ein viktig romersk adelsfamilie, lova evig jomfrudom, tok seg av dei forfølgde kristne og døydde sjølv som martyr.
Iflg. tradisjonen  vart  ho flytta frå den opprinnelig gravstaden til kyrkja Santa Cecilia in Trastavere på 800 talet. Ho vart feira som helgen alt på 500 talet , og frå 1500 talet vart ho rekna som vernehelgen for musikarar. Ei rekkje komponistar har skreve musikk verk til henne, mest kjent er Henry Purcells " Hail bright
Cecilia". Mange biletkunstnarar har også framstilt Cecilia, hennar attributtar var eit orgel, ein lutt eller ei rose. I tidebønene er dagen markert med eigne antifoner til laudes og vesper.

Stefano Madernos marmorskulptur av St.Cecilia frå 1600 i Santa Cecilia in Trastavere i Roma.

Antifon til Magnificat denne dagen: "Cecilia bar alltid Kristi Evangelium i sitt hjerte: Dag og natt holdt hun ikke opp med å be og tale med Gud."

søndag 20. november 2011

Norge 1315

"Reisefører for Norge. Det Herrens år 1315" er tittelen på  teolog og idehistorikar Karl Gervins siste bok.
Han har tidlegare gjev ut bøker i samme genre såvel om reformasjonen i Norge som Cisterncienser ordenens historie. Alle absolutt lesverdige.
Denne boka er utforma som ei guidebok for ein reisande til Norge på byrjinga av 1300 tallet, ein orginal og spennande vri på ei historiebok. Dette var norsk høgmellomalder, Svartdauden og nedgongstidenen låg enno fleire tiår fram i tida. Håkon 5 hadde vore konge i 16 år og samla det meste av makta i sine hender, hovudstaden hadde han året før flytta frå Bjørgvin til Oslo, Akershus festning var under bygging. Kyrkja stod sterkt i Norge, både organisatorisk og i folks medvit. Kanskje  er det ein av dei største skilnadane frå vår tid, religionen var tilstades alltid og overalt såvel i den offisielle liturgiske feiringa som i det enkelte menneskes daglege handlemåtar. Kyrkjene låg tett og dominerte bybilete iallfall i Oslo, Bjørgvin og Nidaros.
Gervin legg orda i munnen til ein kannik, ein domkyrkjeprest,kanskje naturleg i og med at sjølv  i mange år har vore knytta til domkyrkja i Oslo. Kanniken gjev råd om reisemåte, innkvartering, mat og drikke, prisnivået i Norge, kva ein bør sjå og kva ein bør passa seg for.Reisa startar i Oslo og føl kysten heilt opp til det høge nord. Det var ikkje så lett å reisa i 1315 og dei fleste heldt seg nok på heimplassen heile livet, men mange var likevel på reise, ikkje minst kyrkjas folk.
Middelalderen sluttar aldri å fascinera.Spennande er det å sjå at Norge ikkje var nokon avkrok i verda, men eit velorganisert samfunn med tett kontakt med det øvrige Europa. Latin var fellesspråket og mange norske prestar var det som hadde studert teologi i Paris.
Dei daglegdagse problema var heller ikkje alltid så ulike frå vår tid, som til dømes bråk når skjenkestovene stengte for natta. Då sa bylova at vektaren skulle tala dei berusa til rettes og sørga for at dei kom seg heim.Dersom dei var så berusa at dei ikkje kunne gjera greie for seg skulle den som budde nærast ta dei inn i huset til dei hadde sove rusen ut !
Karls Gervin er ein kunnskapsrik og engasjerande formidlar av vår felles fortid vel verdt å lytta til.






onsdag 16. november 2011

Poetica:Haustbøn

               Haustbøn.


Mørkret er så nær oss
det er som det budde inst inne i oss
som om det kom derifrå
strøymande ut av djup
vi aldri skulle kunna kjenna

Mørkret fylt av regn
blanda uløyseleg i dette gjennomvåte
døden som eit anna ord
uforståeleg, lik ei fjern mumling
så - ei hand som stryk
varleg over den dogga ruta
eit ømt teikn
åleine – aldri åleine

Å Maria ! Du mor i regn og mørkre.
Du mor i død og natt.
Høyr nådig bønene vår.
Bønhøyr oss.

November 2006, gravferda til ein ung slektning.

Ikon måla av Solrun Nes.



torsdag 10. november 2011

Afften psalme




Afften Psalme.
1.

DAgen viger og gaar bort,
Lufften bliffver tyck og sort,
Solen har alt Dalet plat,
Det gaar ad den mørcke Nat.

2.

Tiden sagte lister sig,
Glaset rinder hastelig,
Døden os i Hælen gaar,
Evigheden forestaar.

3.

Nu een Dag jeg eldre bleff,
Det er som mit Tancke-Breff,
At jeg med min vandrings Staff,
Nærmer helder til min Graff.



Slik lyder dei tre første versa i Dorothe Engelbretsdatters "Afften psalme".  Salmen har totalt tjue vers og er eit typisk eksempel på hennar dikting både i form og innhald. Dorothe Engelsbretsdatter var fødd i Bergen i 1634 som datter til soknepresten i Bergen Domkirke, ho levde eit langt liv og døydde i 1716. Ho blir rekna som den første norske kvinnelege forfattaren, og som ein av dei store kvinnene i Bergen bys historie. Det mest av det ho skreiv var salmar og songar med religiøst innhald, men og rimbrev  og leilighetsdikt som kunne ha eit humoristisk preg. I 1678 fekk ho utgjeve "Siælens Sang-Offer" og i 1683 "Taare-Offer". Innhaldet her er prega av vissa om døden som alltid er nær i dette forgjengelege livet ,og vona om oppstoda og eit evig liv.
Det var også hennar personlege oppleving i livet, ho vart tidleg enke og sju av ni barn døydde før vaksen alder. Slik var nok livet for mange kvinner på 1600 tallet, men ingen andre Dorothe Engelbretsdatter sette seg ned og skreiv om det. Salmane og songane hennar vart populære både i samtida og ettertida og dei vart trykte i mange opplag. Ho fekk innvilga skattefritak av kongen og var sånn sett den første forfattar som fekk "diktargasje".  Forfattarskapen hennar er prega av barokkens bilete og uttrykksform og vil nok verka  framand på vår tid,  men her har vi ei einsleg kvinneleg røyst frå ei ukjent og mørk tid og det er i seg sjølv burde vera grunn til å lytta til henne. Eg tek difor også med dei siste versa av "Afften Psalme".

18.

At det er saaledis fat,
Jeg eengang den lange Nat
Skal iblandt de dødis Tal,
Soffve i den mørcke Dal.

19.

Fire Fiele er min pragt,
Hvor udi jeg bliffver lagt,
Med it Lagen og lit meer,
Eyer icke saa en Feer.

20.

Alle Verdslig Ting forgaar,
Jeg til Herlighed opstaar,
Naar Gud ved Basunens Lyd,
Kalder mig til Evig Fryd.

mandag 7. november 2011

Allehelgensdag


          Herren vara din  utgang og  din inngang.

No- ja no er dagen her
no er timen her
ljoset svinn for natta
varleg glir augneloka att
som dei har gjort i så mange år
når den vesle svevnen gjev kvile
til nye travle dagar
augene som skal opna seg igjen
mot morgonljoset i aust
men ikkje meir  aldri meir
no er den store svevnen her
kvelden løyser opp og tek farvel
inga uro inga tåre meir
noko let att døra lydlaust
avskjeden som bur i alt
helsar oss i dei siste solstrålene.
Ein stad ei omsorg
ein stad ei lengting
ein stad ein utgang og ein inngang
der alt blir teke vare på
inneslutta og omslutta
ei varm hand strekkjer seg frå den andre sida.
Kvar er då all vår redsle og uro ?
Kva har vi meir å frykta ?


(August 2009. Gravferda til svigermor. Salme 121)