torsdag 31. januar 2013

Poetica:Tabula rasa


             Tabula rasa
Fingrane grip om krittet
skrapar mot den svarte, slitte tavla
du som rissar bokstavar, ord og tal
små bitar frå ei djup fortid
det som ein gong var og skulle strykast ut
av deg sjølv eller ein av dei andre
med langsame sirkelrørsler dreg de
ein våt svamp over tavla
for så å byrja om igjen
som å gli utover den glatte, blanke flata
tilgjeven, oppreist
skeisespor på blank stålis
store sirklar og lange skrådrag
djupet der ned og skuggen din
mellom kveldssolas skrå stråler
men djupare ein annan.





Lenke til Arvo Parts "Tabula Rasa"

onsdag 30. januar 2013

Elisabeth om indre bøn

Den salige Elisabeth Catez (av Treeninigheten) gjev følgjande råd til si mor: ""tre bønner a fem minutter."  Kanskje tenkte ho at mora ikkje  klarte meir, og det er uansett ikkje tida det kjem an på.Men som karmelittnonne vier ho sjølv to timer dagleg til indre bøn ved sida av kommunitetens felles tidebøner og dei liturgiske bøner. Men Elisabeth ønskjer å gjera all verksemd gjennom dagen til bøn. "Alt ligg i intensjonene" seier ho ein stad. "Vi kan hellige de minste ting, og det mest hverdagslige handlinger kan vi forvandles til gudommelige verk." Men ho poengterar likevel at ei lengre stund med indre bøn  fremjar ein djupare kontakt med Herren. Det kvardagslege kjem på avstand, sinnet fell til ro slik at bøna blir "en hvile og en avspenning."
Ifølge Elisabeth har bøna to sentrale element som i praksis ofte er samanfallande. Det første er medvitet om Gud er nær. Han som er over alt og alltid tilstades for oss. Det gjeld bare å stilla seg "i Hans nærver", "under Hans blikk" som ho uttrykkjer det. For Elisabeth "bor i Treenigheten". "Trenigheten , det er vår bolig, der vi hører hjemme, vårt faderhus som vi aldri bør forlate."
Når ei har stilt seg under  "Guds nærver", er den andre grunnleggjande rørsla å gå inn i ein direkte samtale med Han. "Bring din sjel til han." Det kan ein gjera med ord, som takk, lovprisning eller forbøn. Å halda medmennesket opp i lyset frå Guds andlet. Ein kan henvenda seg til ein av dei tre Personane eller til heile Treeinigheten. Men ein kan og be utan ord, " i en fullstendig dyp stillhet." Elisabeth lyttar til Han i tru og ser på Han med eit " blikk fylt kjærlighet" og gjev Han si kjærleiksfulle merksemd. Ei lengre bønestund inneber ofte ei rørsle fram og tilbake mellom merksemd og fråver. Det er noko ein må akseptera. Men så snart ein blir medviten om fråveret kan ein la distraksjonen falla som ein stein, eller ein kan gjera også distraksjonen til bøn. Ein må bare hugsa å venda deg til Gud igjen, han som uansett ikkje har lete oss vera åleine trass i tankar, fråver eller ytre distraksjonar. Dersom ein ikkje finn eigne ord eller distraksjonane blir overveldande kan ein nytta Kyrkjas faste bøner, andeleg lesning  eller rådet ho gav til si yngre søster:" Ta ditt krusifiks, betrakt og lytt."
For Elisabeth er bøna  eit andedrett, ein vedvarande kommunion. Og det er ikkje bare for dei som har klosterkallet, Elisabeth meiner at dette er mogleg også for alle som lever og rører seg midt i verda. For den indre bøna er ein nåde  som ikkje blir nekta den som gjennom tru ber om det. Gløym heller ikkje at Jesus ber i det aller djupaste av ditt hjerte. Til slutt, ver ikkje forundra over Guds gåver. Den Heilage Ande kan gje,  når han vil  og kor lenge. Det fyller deg med lukke og nærver som du aldri kunna ha framkalt med eigne krefter.

"Å mine Tre, mitt alt, min salighet, uendelige Ensomhet, Umåtelighet der jeg mister meg selv, som et bytte overgir jeg meg i deg. Skjul deg dypt i meg, slik at også jeg blir skjult dypt i deg , mens jeg venter på at jeg i ditt lys, skal få skue din storjhets umåtelige dyp."

fredag 25. januar 2013

In Laudem Gloriae

Då Anders Arborelius i 1998 blei katolsk biskop i Sverige valgte han "In Laudem Gloriae" (lovsong til Guds herlegdom) som sitt valgspråk. Utgangspunktet er Ef. 1.12: " Så vi som alt har sett vår von til Kristus skal vera til lov og pris for hans herlegdom."
Anders Arborelius hadde då  vore karmelittmunk i 27 år, han hadde skreve ei rekkje bøker om karmelittisk spiritualitet og om Karmels store helgenar. Likevel var det valgspråket til ei mindre kjent karmelittnonne som han  gjorde til sitt, nemleg Elisabeth Catez(1880-1906), betre kjent under sitt klosternavnet " Elisabeth av Treenigheten." I 1984 vart ho saligkåra av pave Johannes Paul II, han uttrykte då følgjande: "Vi våger i dag å presentere henne for verden. Den salige Elisabeth stråler som et nytt lys for oss. En sikker og pålitelig veileder stiller seg til vår tjeneste." Kva er det med denne unge nonna som døydde for over hundreår sidan som kan inspirera oss også i dag ?
I 2009 kom det ei lita bok om henne på Efrem forlag, oversett til norsk av legkarmelitt Anne Samuelsen. Boka har tittelen "Ditt nærver er min glede", første delen er ein kort biografi om Elisabeth forfatta av Koen De Meester, andre del innheld fire foredrag av Anders Arborelius med utgongspunkt i Elisabeth sitt liv og hennar skrifter. Mitt eksemplar av boka er signert av biskop Anders, "In Laudem Gloriae. i bønens enhet" har han skreve til meg. Det inspirerar naturleg nok til å gå inn i Elisabeths liv og tankar. Kanskje kan dei oppsummerat i denne gleda over Guds herlegdom som ein uttrykkjer i den indre bønas stille tilbeding.

Det er mange parallellar mellom Elisabeth og den nesten samtidige og meir kjende Therese frå Lisieux,men det er og forskjellar. Elisabeth vart fødd inn i ein offisersfamilie i Bourges i Frankrike, ho vaks opp i Dijon der ho også gjekk inn i karmelklosteret 21 år gammal. På same måte som Therese følte ho tidleg eit sterkt kall til Karmel, mora sette seg lenge imot dette men ho fekk til slutt viljen sin. Karmel var hennar kall ikkje ekteskap og musikkarriere.Ho døydde fem år seinare sannsynlegvis av tuberkulose i binyrene. Desse fem åra var utan store ytre hendingar, Elisabeths liv var dei daglege rutinane i klosteret. "Menein" er eit gresk ord frå Johannesevangeliet som uttrykkjer å forbli eller bli verande i Gud. Det er og dette  verande som er kjelda til Elisabeths glede og fred. "Også midt iverden kan man lytte til Ham i den stillhet som finnes i et hjerte som ikke vil noe annet enn å tilhøre Ham." Elisabeth er ein vegvisar inn i dette mysteriet, inn i dette som er å bli verande i lovprisinga og tilbedinga.
Den Treeinige Gud står i sentrum for Elisabeths liv, det vart hennar klosternavn og det er og tema i den bøna hennar som har gjort henne  meste kjent:

"Å min Gud, Treenighet, jeg tilber deg! Hjelp meg å fullstendig gelmme meg selv, slik at jeg stille og fredfullt kan slå meg til ro i deg, som om min sjel allerede befant seg i evigheten. La ingenting forstyrre min fred, ingenting fjerne meg fra deg, å du min uforanderlige, men la hvert øyeblikk føre meg lengre iog dypere inn i ditt Mysterium!"


lørdag 19. januar 2013

Om musiken vid tystnadens gräns

Det er sagt om Arvo Pärts komposisjoner at  ” Musiken växer ur stillheten och rör sig utefter tystnadens gräns.”   Det er også  utgongspunktet for  den svenske kulturskribenten Torsten Kälvemarks biografi om Pärt  som kom for ein del år sidan, og som har tittelen ”Om musiken vid tystnadens gräns”. Kanskje  ein god karakteristikk av musikk som har nådd langt utover dei få som interesserar seg for samtidsmusikk generelt og sakral musikk spesielt. Kva er det som har gjort Arvo Pärt  så populær?  Musikken hans er enkel, ja ofte ekstremt enkelt, sjølv seier han at det er nok å spela bare ein enkelt tone vakkert. Samstundes er dette musikk med eit stort alvor  i seg , det er musikk full av andeleg lengt og med eit siktepunkt mot det uendeleg og det ævelege.
Arvo Pärts  utgongspunkt og viktigaste inspirasjonskjelde  er Den ortodokse kyrkjas kristendom. Den ortodokse trua har vore avgjerande både for hans musikalske og personlege utvikling. På ein journalist sitt  litt naive spørsmål om kva som er filosofien bak musikken hans svarar Pärt: ” Den som vil förstå mig måste lyssna til min musikk, om någon vill lära känna min ”filosofi” kan han läsa hvilken kyrkofader som helst.”  Men han har og henta inspirasjon frå den vestlege musikk tradisjonen, dei store klassikarane, seinmiddelalderen og renessansen, men framfor alt den gregorianske songen. Karakteristisk nok har Pärt tonesett sentrale katolske tekstar som Magnificat , Te Deum og Salve Regina.
Arvo Pärt  vart fødd i 1935  litt sør for Tallin i Estland der han fekk sin musikalske utdanning. Dei første verka hans frå 1960 talet var eksperimenterande og   prega av collageteknikk og tolvtonemusikk, nokså fjern frå det som ein seinare assosierar han med. Han var   taus i mange år, men frå midten av 1970 talet fekk vi ei rad verk som er karakteristiske for hans no så kjente minimalistiske uttryksform. I mellomtida hadde Arvo Pärt gått igjennom ei andeleg utvikling som kulminerte i 1972 då han og kona Nora konverterte til Den ortodokse kyrkja.  Musikk inspirert av ortodoks kristendom samsvarte dårleg med offisiell sovjetisk kulturpolitikk, han vart oppfordra til å immigrera ,og han og Nora slo seg etterkvart  ned i Wien, seinare i Berlin. Tida framover vart svært produktiv, kvart år kom det nye verk, sist ”Adams lament ” i 2009 og ”Vater unser” i 2011.
Kva er det med  ”tystnaden og stillheten” ?  Spring musikken ut av stillheten, må ein tia før ein talar ?  ”Med tystnad mener jag det intet från vilken Gud skapade världen. Därför er från en idemässig synspunkt stillheten helig.” skriv han ein stad. Kanskje er dette lettare å forstå utfrå ein austleg, ortodoks  ståstad enn frå vår  språk og formuleringsfikserte vestlege kultur.  Dei djupaste sanningane kan ikkje fangast i språket, men vi kan ana dei gjennom musikken og (ikon)kunsten. Det er ikkje logikkens og dogmatikkens språk, men derimot mystikkens.  Arvo Pärts musikk må forståast i ein slik samanheng der bodskapet ikkje kan gripast  med hjernen men med hjarta.
Og musikken er der lenge før noko skriv ned notar, framfører og let andre lytta.
”Allt det som vi med förvåning upptäcker i världen har alltid funnits, styrt av samma lagar. Det som är har varit så sedan tusentals år, långt före Einstein og Newton. Det gäller också musiken. Någonstans finns alltid musiken. En dag kommer någon, lyssnar och skriver ner. Det är så det är.”
 Heldigvis gjer Arvo Pärt det for alle oss som ikkje kan lytta og skriva ned , men som likevel anar ei lita opning mot den andre røyndomen gjennom musikken hans.
 



Arvo Pärt


Treklangens tre tonar er som klokker, difor har Arvo Pärts musikk vorte kalla
”Tinntinnabuli”, latinsk for små klokker.

torsdag 17. januar 2013

Asbjørn Aarnes in memoriam

Professor i europeisk litteraturhistorie Asbjørn Aarnes døydde  08. januar i år 89 år gammal.
Det fekk meg til å tenkja på eit lite minne eg har om han, eit takkekort frå mange år tilbake. Eg hadde skreve ei bokmelding av biografien hans om Olav Nygard som kom i 2004, "Poesien hos Olav Nygard.Et dikteralbum." Det seier mykje om Asbjørn Aarnes som menneske at han tok seg bryet med å senda eit personleg, handskreve  takkekort til ein ukjent anmeldar i eit lite tidsskrift. Eg hugsar at eg sette svært stor pris på at kommenterte mi forståing av det han ville formidla i boka.
Asbjørn Aarnes vaks opp på Nordmøre men var det meste av livet tilsett ved undiversitetet i Oslo. Hans spesialområde var fransk og norsk litteratur, men han hadde eit interesseområde som gjekk langt utover dette. Doktorgraden tok han på den franske poeten Gerard de Nerval. I heile etterkrigstida var han ein sentral aktør både i den faglege, og den offentlege debatten i Norge.
Asbjørn Aarnes var framom alt ein formidlar av kultur generelt og litteraturhistorie spesielt. Han omsette mange litterære verk, hovudsakleg frå fransk, ei lang rekke artiklar, essays og bøker bar hans signatur. I mange år var han redaktør for Thorleif  Dahsl kulturbibliotek, og formidla dermed europeisk kultur som ellers ikkje hadde vore tilgjengeleg på norsk.
Aarnes var ein europeisk humanist i ordets eigentlege forstand. På slutten av livet var det særleg ein sentral nyare europeisk filosof som opptok, og som han møtte og hadde samtalar med fleire gonger, nemleg lithauisk-franske Emmanuel Levinas. Sentral i filosofien hans stod omgrepet "andletet til den andre." Aarnes seier dette om Levinas sine tankar i eit intervju for eit par år tilbake: " Du er ikke henvist til tenkningen og abstraksjonen. Du har et vitne foran deg, og det er medmenneskets ansikt. For meg har det vært veien til og gjennom et godt samfunn, og til evigheten kan man si."
Asbjørn Aarnes si stemme tier no når han har gått ut av tida, men han sette varige spor etter seg i det  han gjekk forbi.

Bilete under er frå ein vinterdag med sol og låg sol på veg til Vestlandet. Det store lyset, men og det vesle lyset som får ansiktet til å skina. Til slutt eit lite sitat frå eit anna intervju med Asbjørn Aarnes.
" Av og til ser jeg et lite oppadgående lys i noens ansikt. Dette lille lyset, det lurer jeg på om er Kristi nåde."


tirsdag 15. januar 2013

Francis Poulenc

Det er grønn og solvarm søndagsettermiddag i april, vi går langs dei mange monumenta på gravplassen Pere Lachaise i Paris. Det er visstnok meir enn sytti tusen som har funn sin siste kvileplass her, dei fleste ukjente men her er og mange navn som ettertida hugsar. Vi stoppar opp ved eit  gravmonument ikkje så langt frå hovudinngangen, Francis Poulenc 1899 - 1963. I det enkle jerngitteret er det stukke inn friske blomar, i bakgrunnen skimtar vi eit lite madonnabilete. Det er framleis mange som gledar seg over musikken hans og viser si takksemnd med blomar på grava. Francis Poulenc, eit ekte barn av nittenhundretalet, "playboy" og "munk" (le moine et le voyou), splitta mellom det verdslege og det sakrale, mellom det lettsindige og det religiøst mest djuptpløyande. Kanskje var han katolsk  i ordets eigentlege forstand ?
Sommaren 1936 er han på ferie, han er på veg til Rocamadour i Sør-vest Frankrike for å sjå pilegrimskyrkja Notre Dame og Den svarte Madonna . Det blir annleis enn han har tenkt, undervegs til Rocamadour får han bodskapet om ein nær vens tragiske død i ei ulukke. Møte med Den svarte Madonna på klippene høgt over elva Dordogne blir i lys av det tragiske dødsfallet eit eksistensielt vendepunkt som kjem til å prega han vidare i livet. Det gjev naturlegvis også kunstnarleg inspirasjon, i løpet av sju varme augustdagar komponerar han "Litani til Den svarte Madonna" (Litanie a la vierge noir). Seinare følgjer fleire kyrkjemusikalske verk, Mess i G  dur i 1937, Stabat Mater i 1950 ( også komponert etter dødsfallet til ein ven) og Gloria i 1959. Men Poulenc skapte og seinare lettare musikk  som den humoristiske balletten "Les animaux modeles ", og musikk til barneboka om "Babar, den vesle elefanten" som mange er kjnet med.
Det er likevel eit anna og større verk som snart skal koma til å bli hans mest kjende.
Mange hadde interessert seg for dei som under Den franske revolusjonen vart martyrar for si tru, mellom desse var forfattarane Gertrud von Le Fort og Georges Bernanos. På midten av femtitalet får Poulenc overrakt Bernanos sin tekst om karmelitt nonnene frå Compiegne, og inspirert av denne gripande historien har han i løpet av eit par år ferdig operaen " Dialogue des Carmelites". Premieren er på La Scala i Milano i 1957. Det vert ein stor suksess, og stykket er seinare spelt over heile verda, også i Norge.
Eit stykke om mot og tru som held heilt inn i martyriet. ( Meir om  desse nonnene og operaen seinare)
Francis Poulenc opplevde eit eksistensielt vendepunkt i Rocamadour, kanskje var det difor han kunne leva seg så inn i den andelege styrken hos desse seksten karmelitt nonnene frå revolusjonstida ?



Frå Poulencs Gloria som er eit stykke eg set stor pris på:
http://www.youtube.com/watch?v=2FzR97xoUMo


lørdag 12. januar 2013

Nikea - Kalkedon



Dørene i Santa Sabina på Aventinerhøgda er frå tida for konsilet i Efesus året 431. Ein ukjente kunstnar sat og skar ut relieffa på døra samstundes med at tidas mest framståande teologar samla seg i Efesus til det tredje økumeniske konsilet. Berre tjue år seinare vart det på nytt kalla inn til kyrkjemøte, denne gongen i den veslebyen Kalkedon ikkje så langt frå  Konstantinopel med keisarresidensen.
Når eg tek på døra vert med eitt kyrkjehistoria konkret og nær, kanskje også levande og spennande når eg seinare tek fatt på biskop John Willem Gran "Kirkens tro". Det nesten ferdige manuskriptet om korleis trusvedkjenninga vart til låg att  etter han då han døydde for fire år sidan, St.Olav forlag gav ut boka i fjor.
Det krevde fleire hundreårs teologisk tankeverksemd og diskusjonar før dei sentrale punkta i den
kristne trua vart klart definert og formulert. Det var ei tid med djup usemje, intrigar, kyrkjepolitisk spel og oppsplitting i teologisk retningar og nye kyrkjesamfunn. Dersom ein ikkje held fast på at kyrkja heile tida vert leia av Den heilage Ande, ville ikkje desse kyrkjehistoriske hendingane skilja seg frå alt anna i menneskas dramatiske historie. Det heile ville vorte redusert til språkleg flisespikkeri.
Når vi i kvar søndagsmessa  seier fram trusvedkjenninga er det konklusjonen på det første kyrkjemøtet i Nikea i 325 vi tek del i. Bakgrunnen var striden om kor vidt Logos var skapt direkte av Gud slik teologen Arius i Alexandria hevda. Han syn vann stor tilslutning, men vart fordømt som kjettersk på kyrkjemøtet i Nikea. Forhaldet mellom Faderen og Sonen vart uttrykt med orda:" sann Gud av den sanne Gud, født, ikkje skapt, av samme vesen(gresk: homoousios) som Faderen."
Det neste store spørsmålet som skapte teologisk strid var korleis det menneskelege og guddomelege var sameina i personen Jesus Kristus. Det var hovudtema på såvel kyrkjemøtet i Efesus i 431, som i Kalkedon i 451. I Efeseus fekk ein den første store kyrkjesplittinga i det dei austlege kyrkjeprovinsane som støtta biskop Nestorius gjekk ut og skipa sitt eige kyrkjesamfunn. Enno er det att små restar av denne kyrkja i Irak. Møtet i Kalkedon formulerte den endelege læra om Kristi to naturar( gresk:fysis).
"Vi bekjenner den ene  og samme Kristus, Sønn, Herre, enbåren, som erkjennes i to naturer, uten sammenblanding og uforvandlet, uoppdelt og uten adskillelse. Naturens forskjell blir ikke opphevet ved foreningen, men hver natur bevares i sin egenart, og begge går sammen til en person og en hypostase, ikke delt eller kløvet i to personer..."
Dette førte til den andre store kyrkjedelinga i det dei "monofysittiske" kyrkjeprovinsane etablerte seg som eigne kyrkjesamfunn. I dag kjenner vi dei som dei koptiske, etiopiske, armenske og syriske kyrkjene. Kanskje var det mest kyrkjepolitikk og ulik forståing av teologiske termar som skilde, og ikkje ei ulik oppfatning av personen Jesus Kristus som frelsar. Likevel skulle det gå nær femten- hundre årt før dei ortodokse og orientalske kyrkjene kunne underteikna ein avtale som gjorde slutt på konlikten frå Kalkedon. Det skjedde i Chambesy utanfor Geneve i 1990. Dei orientalske kyrkjene er i dag ein naturleg del av den verdsvide kristne kyrkja og knapt nokon vil oppfatta dei som "kjetterske". I dag treng dei all solidaritet dei kan få for å stå imot presset frå det muslimske fleirtalet i Midt-Austen.
Historia er viktig for å forstå samtida, kyrkjehistoria er viktig for å forstå trua. Biskop Gran si bok gjev sånn sett både innsikt og djupare forståing.






Santa Sabina på Aventinerhøgda i Roma. Basilikaen  som har tilhøyrt Dominikanerordenen frå 1200 talet, vart opprinneleg bygd ca 422-32. Tredørene med relieff med bibelsk motiv er frå ca 430-32, altså frå tida for konsilet i Efesus.

torsdag 10. januar 2013

Kolbein Falkeid

"LENGTER DU ETTER NOE
måtte det være ei snøvidde

som gnir hele fjeset sitt
inn med soloppgang og dagslys

Et sted hvor tanken fortaper seg som trær
mot tregrensen."

Dette vesle diktet av Kolbjørn Falkeid traff meg ein tidleg vinterdag med utsyn mot Vestlandsfjella .
Kolbein Falkeid f. 1933 og busett i Haugesund har vore ein av dei siste femti åras mest produktive og populære lyrikarar. Ikkje minst har samarbeidet med gruppa "Vamp" gjort tekstane hans kjent. Han skriv i eit modernistisk formspråk, men bileta hans er konkrete og tydelege, forma av såvel det personlege og nære så vel som det verdsvide og eksistensielle.
Han debuterte i 1962 med "Gjennom et glass-skår", den til no siste diktsamlinga "Vind, eple" kom i 2003.
Kolbein Falkeid har skreve mykje om død og sorg, dels har nok dette vore ei bearbeiding av hans eiga store sorg over datteras tragiske død i 1988 berre 25 år gammal." LYD/LYS" er eit slikt dikt:

"Latteren din må være et sted.
Lyd går ikke så fort. Langt borte
er den blå, nesten umerkelige godværsdønninger.
Så hvis jeg skyndte meg,
kunne jeg kanskje finn en fjern strand,
sette meg i solskinnet der
og ta imot dem.

Lyset i øynene dine
er også et sted. Lys
er alltid underveis. Selv fra slukte stjerner
vedblir lyset å stupe gjennom uendelige rom.
Jeg misunner alt som en vårdag om tusen år
plirer mot smilet ditt."


Kanskje kan ein forsonast med det vonde, kanskje ligg det eit håp i dette. Og dei varme og gode minna vil uansett vera der.

Med alderen blir ein forsona med det som er, både liv og død. Kolbein Falkeid  har skreve  om det i "JEG FINNER NOK FREM". Det har ein  allmenn visdom og er samstundes djupt personleg. Kan hende er det akkurat difor diktinga hans når fram til så mange ?

"Døden er ikke så skremmende som før.
Folk jeg var glad i
har gått foran og kvistet løype.
Det var skogskarer og fjellvante.
Jeg finner nok frem."








onsdag 2. januar 2013

1.juledag 1886 - Magnificat

Magnificat anima mea Dominum,

et exsultavit spiritus meus in Deo salutari meo.

Quia respexit humilitatem ancillae suae.
Ecce enim ex hoc beatam me dicent omnes generationes.

Quia fecit mihi magna,
qui potens est, et sanctum nomen eius.

Et misericordia eius
a progenie in progenies timentibus eum.

Fecit potentiam in brachio suo,
dispersit superbos mente cordis sui.

Deposuit potentes de sede
et exaltavit humiles.

Esurientes implevit bonis et divites
dimisit inanes.

Suscepit Israel puerum suum,
recordatus misericordiae suae.

Sicut locutus est ad patres nostros,
Abraham et semini eius in saecula.


(Min sjel opphøyer Herren,

og min ånd fryder seg i Gud, min frelser.

For han har sett til sin tjenestekvinne i hennes fattigdom.
Og se, fra nå av skal alle slekter prise meg salig,

for store ting har han gjort mot meg,
han, den mektige; hellig er hans navn.

Fra slekt til slekt varer hans miskunn
for dem som frykter ham.

Han gjorde storverk med sin sterke arm;
han spredte dem som bar hovmodstanker i sitt hjerte.

Han støtte herskere ned fra tronen
og løftet opp de lave.

Han mettet de sultne med gode gaver,
men sendte de rike tomhendte fra seg.

Han tok seg av Israel, sin tjener,
og husket på sin miskunn

slik han lovet våre fedre,
Abraham og hans ætt, til evig tid.)

Det er vesper i Notre Dame de Paris 1.juledag  1886, den attenårige Paul Claudel står nær den andre søyla  ved inngongen til koret i det det skjer noko som skal få innverknad ikkje berre på hans personlege liv men og den kunsten han skal koma til å skapa. Slik skildrar han det med eigne ord:

"Slik var det ulykkelige barn som 25.desember 1886 trådte inn i Notre Dame de Paris.......... Presset og sammentrengt i mengden hørte jeg først med måtelig utbytte messen. Senere på dagen, ettersom jeg ikke hadde noe særlig fore, kom jeg igjen til vesper. I hvite kjortler var barna i kirkekoret og elevene ved Saint-Nicolas-du-Chardonnet seminaret i ferd med å synge det som jeg senere lærte å kjenne som Magnificat.
Selv sto jeg oppreist i mengden , nær den andre søylen ved inngangen til koret, på høyre side ved sakristiet.
Og så inntraff den begivenheten som bestemmer hele mitt liv. I løpet av et øyeblikk ble mitt hjerte grepet, og jeg trodde. Jeg trodde, og det med en så sterk tilslutning , en slik oppstandelse av hele mitt vesen, en så kraftig overbevisning og med en visshet så blottet for noen slags tvil, at siden da har hverken lesning, argumenter eller alle et broket livs omskiftelser kunnet rokke ved denne troen, ja ikke en gang røre ved den."

Dette skreiv han mot slutten av sitt liv, og det skulle visa seg at trua vart verande eir grunnfjell både i livet og diktinga hans. Ei stund tenkte han på å bli munk, men det vart diplomatiet som vart hans karriereveg.
Men det er ikkje pga. sin innsats i fransk diplomati i ulike land rundt om i verda at han kjem til å bli huska.
Paul Claudel går inn i litteraturhistoria som ein av dei store poetar og dramatikarar i det tjuande hundreåret.
Teamtikken hans er ikkje typisk for den moderne tida, snarare tvert imot. Claudel skriv om mennesket, Gud og skaparverket. Universet er for han Guds verk der det eksisterar ein intim samanheng mellom alle ting, ikkje noko er tilfeldig. Personane i verka hans er ofte på leiting etter ei meining i dette livet, og dei kjempar med dei store moralske dilemma. Eit par av verka er oversatt og framført i Norge," Bodskapen til Maria" (L`annonce faite a Marie) og "Dagen vender"(Partage de midi).

Men det er denne 1.juledag som gjer eit så sterkt inntrykk , ikkje minst når eg står på den plassen Paul Claudel stod og ser på minneplata som er lagt ned i golvet for så rettar blikket utover i dette byggverket som er skapt til Guds ære åleine.

"Den gangen var alle imot oss - vitenskapen, fornuften. Alene troen bodde i meg. Og jeg betraktet Deg i stillhet, som en mann der foretrekker sin venn."


tirsdag 1. januar 2013

Det nye året - Alma Redemptoris Matris

Alma Redemptoris Mater, quae pervia caeli
Porta manes, et stella maris, succurre cadenti,
Surgere qui curat, populo: tu quae genuisti,
Natura mirante, tuum sanctum Genitorem
Virgo prius ac posterius, Gabrielis ab ore
Sumens illud Ave, peccatorum miserere.
                    (Frelserens Moder, du milde
                     som er og som alltid skal være
                     himmelens herlige port
                     og havets lysende stjerne.
                     Oppreis  ditt folk når det faller,
                     fra svakhet hjelp oss til seier
                     Du som til skapningens undring
                     i tidens fødte din Skaper,
                     reneste Jomfru du var og forble,
                     mens dette under deg skjedde
                     slik det ble sagt deg av englemunn
                     ved det frelsebringende Ave
                     Hellige Jomfru og Moder
                     be for oss syndere. Amen.) 

1. januar er ikkje berre inngongen til det nye året og dersom vi er heldige vakkert vinterver og skiføre.
Det er og minnedagen for Maria som Guds heilage Mor, Theotokos på gresk, Sanctae Dei Genitricis Mariae på latin. Dette vart slege fast dogmatisk på det tredje økumeniske kyrkjemøtet i Efesus i 431. Det betyr ikkje at Maria er Guds mor frå æva, men er eit uttrykk for inkarnasjonen der Kristus ved Marias ja blir fødd som sann Gud og sant menneske.
Det føles så rett og meiningsfylt å minnast dette no ved inngongen til det nye året. Maria som Theotokos og som den som alltid viser veg til Sonen.
Alma Redemtoris  Mater  er ein av årets  fire Maria hymner. Etter tradisjonen vert den brukt frå Advent til Kyndelsmesse.
                    
                     

Antifon til dagens Laudes: Se, Maria har født vår frelser;Johannes så ham og ropte ut: Se, Guds lam , Se ham som tar bort verdens synd, Halleluja !