søndag 24. november 2013

Poetica:Haustbøn

Det er byrjinga av desember for sju år sidan. Det regnar og kulden kryp like inn i beinmargen. Sjølv om  det er midt på dagen kjem skumringa alt sigande. Vi føl ein ung slektning til grava, han er far til
små born og det føles difor ekstra tungt. Eit par månadar tidlegare var eg i gravferda til ein ven (sjå  tidlegare blogginnlegg:"Når ein ven døyr" ) Han døydde ein søndag midt på dagen etter lang tids sjukdom.
Eit par dager etter får eg greie på at i same stunda som han døyr, har eg tent eit lite lys for han 
framom Maria alteret. Eit lite teikn som eg ber  med meg heile denne hausten , og det er der og denne mørke desemberdagen. Etterpå  kan eg gå heim og skriva "Haustbøn", i vissa om at mørkret ikkje skal sigra til slutt.





"Mørkret er så nær, så nær oss

det er som det budde inst inne i oss

som om det kom derifrå

strøymande ut av djup

vi aldri skulle kunna kjenna




Mørkret fylt av regn

blanda uløyseleg i dette gjennomvåte

døden som eit anna ord

uforståeleg, lik ei fjern mumling

så - ei hand som stryk

varleg over den dogga ruta

eit ømt teikn

åleine – aldri åleine




Å Maria ! Du mor i regn og mørkre.

Du mor i død og natt.

Høyr nådig bønene vår.

Bønhøyr oss."




Guds Mor Hodegetria. Ikon av Solrun Nes. Maria som alltid vil visa oss vidare til Sonen !

John Tavener in memoriam

"Alleluia. May flights of angels sing thee to thy rest.
Alleluia. Remember me O Lord,
when you come into Your Kingdom.
Alleluia. Give rest O Lord to your hand-maid,
who has fallen asleep.
Alleluia. The Choir of Saints have found the well-spring
of life and door of paradise.
Alleluia. Life: a shadow and a dream.
Alleluia. Weeping at the grave creates the song:Alleluia.
Alleluia. Come, enjoy reward and Crowns
I have prepared for you."

"Song for Athene" er eit av den engelske komponisten John Tavener sine meste kjende verk.
Teksten er henta frå den ortodokse dødsmessa i ein noko omarbeidd form. Stykket vart                    skrive i  samband med dødsfallet til ein ven i 1993, men det er framføringa under gravferda til prinsesse  Diana i 1997 som har gjort det særskilt kjent.                                                                         Tekst og musikk til trøst i død og mørkre for mange.

Her ei framføring med Westminster Abbey Choir:

http://www.youtube.com/watch?v=rMrxJfvSnn8

Eg har lenge vore oppteken av John Tavener (28. jan 1944 - 12.nov.2013), musikken hans
og inspirasjonskjeldene til musikken: religion og kultur i vid forstand, men og hans eige liv
med store  opp og nedturar. Han sleit heile livet med helseproblem både djupe depresjonar og hjerteproblem pga. den arvelege sjukdomen Marfan syndrom. Desember nummeret av BBC Music Magazine har eit stort intervju med han i høve sytti års dagen i januar. Det må ha blitt skreve tidleg i haust og eg les det utan å vera klar over at han døydde brått i heimen i Dorset 12.november i år. Han har vore svært produktiv sidan sekstitalet men hadde enno mykje ugjort. På slutten av intervjuet seier han:
" But if I survive  this 70th year - which I hope I do, because there`s a lot planned - I want to tackle Dante: The Divine Comedy. What do you think ?"

Men slik gjekk det altså ikkje , han fekk ikkje oppleva sytti års dagen, før det skulle "engleflokken synga han til kvile."
John Tavener slo igjennom i |1966 med "The Whale" som kom på The Beatles sitt plateselskap.
Paul Mc Cartney vart seinare ein livslang ven. Tavener var ei søkande sjel som ikkje så lett fann sin plass i det religiøse landskapet, han var på byrjinga av syttitalet katolsk inspirert og skreiv då mellom
anna operaen "Therese" om helgenen Therese frå Lisieux. I 1977 fann han sin plass i Den russisk ortodokse kyrkja, og musikken i dei følgjande åra inspirert av ortodoks kyrkjemusikk. Det mest
kjende verket er Maria hymnen "The protecting Veil" frå 1989. Dei siste åra har han henta
inspirasjon også frå andre tradisjonar, både vestleg kristendom, muslimsk , jødisk og hinduistisk
spiritualitet og indianar religion. Men han har likevel heile tida høyrt til Den ortodokse kyrkja.
Det er ikkje så lett å plassera John Tavener i ein bås, han sprengjer alle ordinære rammer,
kanskje er det difor han har nådd så langt ut med sin kunst og gjeve så mykje til så mange ?
Må han kvile i fred og det evige ljoset lysa for han !




Som godt vaksen opplevde John Tavener å få familie og etterkvart tre born. Denne vesle
teksten til hans "darling children" fann eg på heimesida hans.

99 words for my darling children, Theodora, Sofia and Orlando

What we know is ringed with darkness; God, however, sees it as light.  Find the courage to trust this Reality; remember God every day.  Strive to embrace all creations.  If we are with God when all is well, He will be with us when life wounds.  Seek what exhaults you, and live ‘a tout risque’.  Life is a dream, but it is not our dream.  All that happens to you is sent from God.  Aspire to that state of bliss which inhabits all things, for ‘God is a beautiful being, and he loves beauty’.  Your true self is God.

torsdag 21. november 2013

Gråt ikkje lenger for meg

Mamo, nie placz, nie                                                       Mor, ikkje gråt for meg
Niebios Przeczysta Krolowo ,                                         Himmeldronning, du reinaste
Ty zawsze wspieraj mnie                                                 Kom meg alltid til hjelp
Zdeowas Mario                                                               Hill deg Maria

Denne bøna vart rissa inn på celleveggen av den attenårige Helena Wanda Blazusiakowna som sat i Gestapos fengsel i Zakopane. Komponisten Henryk Gorecki nyttar teksten i sin tredje symfoni( Dei sorgfulle songars symfoni)

                                   Den svarte Madonna i Czestochowa, Polens evige dronning.


Gråt ikkje lenger

"Det djupaste mørkret er ikkje innanfor men utanfor,
heller ikkje den største fortvilinga,
eller den gjennomtrengande kulden,
celleveggen er verda di Helena,
det er få timar att,
alt skal fullendast,
tårene er ikkje for deg,
men for dine kjære.
Natta er deira, dagen er din,
aldri åleine.

No løftar du dei folda hendene dine,
kjenner den kalde og fuktige muren,
handflata svir,
med faste rørsler rissar du i murpussen,
nei mor gråt ikkje
for Himmeldronninga vil alltid ta vare på meg."



Lenke til Henryk Gorecki Symfoni nr. 3:


http://www.youtube.com/watch?v=R90vDLHGs1Q

"Aldri andre enn du"

"Aldri andre enn du trass i stjernene og einsemda
Trass i at tre blir skamferte når natta fell på
Aldri andre enn du skal følgja din veg som er min veg
Skuggen din blir lengre jo lenger vekk du er
Aldri andre enn du skal hylle havet i morgongryet når eg,
trøtt av å ta feil, kjem ut av dei mørke skogane
og neslekratta og går mot skummet
Aldri andre enn du skal legge handa på panna mi
og over auga
Aldri andre enn du, og eg fornektar løgn og utruskap
Dette skipet til ankers du kan kutta trossa
Aldri andre enn du
Den fanga ørna i eit bur gneg sakte på gitteret
av irra kopar
For eit tidsfordriv !
Det er søndag nattergalen syng i dei mjukgrøne skogane
Småjentene keiar seg ein kanarifugl hoppar
omkring i eit bur mens sola langsamt flyttar den
tynne linja si over eit varmt fortau i den tome gata
Me skal gå over andre linjer
Aldri aldri andre enn du
Og eg åleine som den visnande eføyen i
ein hage i utkanten av byen åleine som glaset
og du aldri andre enn du."

"Aldri andre enn du" er eit av dei mange kjærleiksdikta til den franske poeten Robert Desnos. Her i norsk omsetjing av Finn Øglænd.
Det er noko med stemninga det avspeglar som talar til meg. Einsemda og det mørke, men så  brått sola som flyttar seg over fortauet ein varm søndags- ettermiddag, og der er du, aldri andre enn du !
Robert Desnos vart fødd i Paris i 1900, han publiserte dikt alt som tenåring. Etterkvart vart han ein del av det surrealistiske miljøet saman med poetar som Aragon, Breton og Eluard. Han braut etterkvart med dei då han var usamd med deira politiske engasjement i kommunistisk retning.
Under krigen var han aktiv i motstandsrørsla og vart arrestert av Gestapo i 1944, han døydde året etter i konsentrasjonsleiren Theresienstadt. Desnos blir rekna som ein av dei store i fransk mellomkrigslitteratur, og etter krigen er mange av dikta hans sett musikk til.
Robert Desnos var ein mann med heilt uvanleg utstråling. Det blir fortald ei historie om han frå Auschwitz der han først vart internert. Desnos er del av  ei gruppe fangar som er på veg for å bli henretta. Brått spring Desnos fram og grip handa til ei kvinne og byrjar å spå henne i handflata, han uttrykkjer at ho har eit langt og lukkeleg liv framfor seg. Dette grip om seg, dei andre fangane kjem og med handflatene sin, alle blir spådd eit langt og lukkeleg liv. Vaktene blir forvirra og det heile ender med at fangane blir kjørt tilbake til brakkene. Desnos vart aldri henretta men døydde av sjukdom året etter.
Ei tilsynelatande surrealistisk hending men kanskje  og eit uttrykk for Desnos grenseoverskridande
fantasi og utstråling ?


Kampen mot antisemittisme

Budsjettavtalen mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg folkeparti og Venstre resulterte mellom anna at i det vart løyvd 5 millionar kroner til handlingsplan mot antisemittisme. Dessverre er ein slik handlingsplan påkrevd, det dukkar stadig opp nøye utslag av fordommar mot jødar i Norge og spørjeundersøkjingar syner av 12 prosent har antisemittiske haldningar. Det er eit skremmande høgt tal i november 2013, 75 år etter Krystallnatta og 71 år etter at norske jødar vart henta av norsk politi og deportert til Auschwitz med lasteskipet Donau.( sjå tidlegare innlegg på bloggen)
Forfattaren og samfunnsaktivisten Sara Azmeh Rasmussen skriv om markeringa av Krystallnatta, ho er sjokkert over at det ikkje gjorde større inntrykk at eit medlem av Ungdom mot rasisme måtte halda seg borte frå markeringa pga. drapstruslar. Sjølv iførte ho seg ein jødisk kippa for å visa solidaritet.
"Flott hvis pengene blir brukt riktig", seier forstander i Ervin Kohn i det jødiske samfunnet i Oslo.
Han legge til:" Vi har tidligere reagert på at nesten all undervisning og forebygging av antisemittisme
dreier seg om holocaust. Det blir feil. Antisemittismens historie går mye lenger tilbake enn holocaust. Det hverken begynte eller sluttet med holocaust."
I intervjuet med "Vårt Land" sluttar han med å føreslå at ein del av løyvingane bør gå til Det mosaiske trussamfunnet og Antirasistisk senter slik at dei kan dra rundt og informera norske skuleelevar om antisemittisme.
Eit godt forslag, ingenting er viktigare enn å førebyggja desse mørke haldningane hos dei unge.
Dessverre ser det ut til at dette må gjentakast og gjentakast i all framtid.
                                          26.november 1942: norske jødar ventar på å bli deportert med "Donau".

mandag 18. november 2013

Tusen ganger god natt

Filmregissør Eriks Poppes siste film "Tusen ganger god natt" er eit sterkt og personleg drama om den grunnleggande konflikten mellom ansvaret for eigen familie og det ansvaret ein har for verdsamfunnet.
Krigsfotografen Rebecca, spelt av Juliette Binoche, står midt i denne opprivande konflikten. Filmen byrjar med at ho føl ein kvinneleg, afgansk sjølvmordsbombar for å dokumentera handlinga fotografisk. Det fører til at ho sjølv blir livstrugande skadd. Heime i Irland hos mannen, spelt av Nikolaj Coster-Waldau, og dei to døtrene reiser dei grunnleggjande spørsmåla seg. Er det lov å utsetja eigen familie for dette ? Dei som har levd i stadig angst for at ho ikkje skal koma heim i livet, medan ho har vore oppteken med å dokumentera for all verda det som skjer i  konfliktområder. For Poppes er nok dette og personleg og litt sjølvbiografisk, på åttitalet arbeidde han som fotograf i krigs og katastrofeområder. Når han talar av eiga erfaring blir filmen desto meir intens og realistisk. At Rebecca er kvinne gjer kanskje ubehaget enno større, som mor forlet ho sine to små døtre og risiskerar at ho aldri ser dei att. Det er framleis forskjell på kvinner og menn iallfall i vår oppfatning av ekstremsituasjonar.
Kva er Rebeccas motiv ? Kanskje er dei ikkje eintydige ? Ho vil redda verda ved å visa fram det grusomme som skjer og få verdssamfunnet til å reagera ?  I scenen frå flyktingeleiren i Afrika oppnår ho også dette, men ho forlet dottera og den norske hjelpearbeidaren (Mads Ousdal) og set seg i livsfare. Heime fører det det til ytterlegare konflikt og ekteskapet raknar. Denne scenen blir ekstra sterk i det vi ser alt gjennom tenåringsdatteras auge, ho filmar moras dramatiske opptrinn med sitt kamera. Idealismen får på denne måten eit kynisk preg og ein lurer på om det eigentleg motivet er ei ekstrem spenningsøking eller kanskje eit indre raseri som ho må få ut på ein eller annan måte ?
Som krigsfotograf opplever Rebecca  det same som mange soldatar og kanskje og hjelpearbeidarar i katastrofeområde, kvardagen blir vanskeleg å takla, ein klarer ikkje å omstilla seg til dagleglivets modus.
Erik Poppe problematiserar, men gjev ikkje enkle svar. Kanskje er det heller ikkje enkle svar ?  Men filmar som "Tusen ganger god natt" opnar for refleksjon. Eg trur ein må velga familien eller verdssamfunnet, iallfall i perioden med mindreårige born. Etter katolsk oppfatning vil ein alltid ha eit primært ansvar for familien. Ekteskapet er eit sakrament og familien  ein gudgjeven struktur. Alternativet er at ein lever einsleg (sølibatet) og kan ofra seg for Kyrkja, verda og alle andre. Det blir eit valg og eit kall.
"Tusen ganger god natt" er ein sterk og velkomponert film, noko av det beste som er gjort i Norge. Ei god historie framført på ein truverdig måte og på ein måte som manar til ettertanke og refleksjon. Det er akkurat det som er ein god film.

                                           Juliette Binoche som krigsfotografen Rebecca.

torsdag 14. november 2013

Vrake en rolle, vinne et liv

Kva er dette indre mørkre som mange av oss har bore med oss heilt frå barndomen ? Det kan vera store traume ein ber med seg, men det er langtifrå alltid det. Likevel ber vi på smerte og frykt heilt frå den dagen vi vart fødde inn i denne mørke verda.
"Det finnes et dypt sår i alle mennesker, en skade som ikke bare skyldes forholdene vi vokser opp under, men som gjør oss uendelige sårbare men vi vokser opp: Vi bærer alle på en bunnløs ensomhet i vårt indre, en ensomhet som ikke burde være der, men som skyldes at vår relasjon til Gud er skadet", innleiar dominikanernonne Sr.Sofie i ein artikkel i siste nummer av tidsskriftet "Strek".(sjå og min artikkel Stairway to heaven om Sr. Sofie)
Arvesynda er ikkje genetisk smitte og definitivt ikkje noko som har med seksualiteten å gjera, men derimot ein ontologisk skade i vårt vesen, ein fundamental utrygghet som gjer oss så sårbare og utsatte, skriv ho vidare. Det er sår i oss frå barndomen, sår som også speglar vår grunnleggjande separasjonsangst frå Gud. Sår som ikkje er store traume eller overgrep men små alminneleg kvardagshendingar som likevel har gjeve kjensla av ikkje å bli sett, ikkje bli høyrt. Kanskje gjev det ei mindreverdsskjensle som ein prøver å kompensera for ved å spela  ulike roller ? Under dette ber ein med seg eit ufritt ego, eit knust og blødande hjerte. Finst det ein veg vidare, ein veg ut av mørke ?
"Det er ved å sette ord på det uutholdelige at de plagsomme følelsene kan komme frem og bli løst opp." Vidare siterar ho ein amerikansk terapeut som seier at det vanskelegaste er ikkje å erkjenna at vi har synda men at andre har synda mot oss !
Terapi, ja, men og bøn som utfyller terapien. "Den  kan gi oss den styrke og bevissthet vi trenger for å søke profesjonell hjelp. Og den formidler et Nærver som ingen terapeut i verden kan gi."
Det kan bli ein veg ut av det ufrie rollespelet og inn til vårt eigentleg vesen. Det er ein smertefull veg, ein lidingsfylt veg, men ikkje ein veg vi går åleine. " Vår forening med Kristus leger vårt dypest liggende sår og skaper en hel plass inni oss."
"Sanneleg, våre sjukdomar tok han, vår smerte bar han" , står det i Jesaja 53. Ja det er sant at han døydde for våre synder. "Men det er også sant han døde for den synd som ble begått mot oss. At ha bar våre sykdommer og plager, betyr at han også bærer våre psykiske sår. Han døde ikke bare for å utslette synden, men også for å utslette syndens virkning i våre liv."
Med dette utgongspunktet kan vi starta på vegen framover. Det vil koma tilbakeskritt, mørket vil på ny overmanna vårt indre, men vegen går ikkje i sirkel tilbake til utgongspunket men snarare i ein spiral som fører oppover.
Til slutt skriv Sr.Sofie: " Om jeg ser tilbake på mitt eget liv, kan man på den ene siden se det som en hel rad av fiaskoer der den ene fine rollen etter den andre ble spolert. Men gjennom hvert nåløye jeg har gått gjennom, har jeg alltid kommet ut i ny, friskere og friere luft! Hver gang har Gud blitt mer virkelig. For Guds virke er bare i virkeligheten." Så kan vi endeleg vraka ei rolle og vinna eit liv!

Takk Søster Sofie for at du deler dine tankar og din livshistorie,og for dine oppmuntrande ord til meg!

tirsdag 12. november 2013

Ulf Ekman og katolisismen

"Jeg synes man først og fremst bør øke forståelsen for hva sakramentene er og hva de inneholder. Da faller en del fordommer og man oppdager en skatt. Så kan man begynne å telle. Personlig synes jeg at vi har tilgang til syv sakramenter." uttaler den svenske pinsepastoren Ulf Ekman i eit intervju i avisa Dagen. Det er nokså sensasjonelle ord frå ein person som har blitt oppfatta som ein relativt ekstrem karismatikarar. Ulf Ekman er opprinneleg ordinert til prest i Svenska kyrkan, seinare gjekk han i karismatisk retning og grunnla i 1983 Livets Ord som etterkvart har vakse til Skandinavias største frimenighet. Livets Ord har dreve bibelskule og omfattande misjonsverksemd, og har tilrekt seg mange unge som søkjer eit karismatisk fellesskap. Både form og innhald i deira forkynninga har vorte oppfatta som ytterliggåande, og opning mot dei gamle kyrkjesamfunna har vore det siste ein har forbunde med denne rørsla. Men dei siste åra har leiaren Ulf Ekman overraska mange med ei reorientering mot dei historiske kyrkjene. Både i forhold til embete og sakramentssyn er han tydeligvis på gli. " I frikirkelige og karismatiske sammenhenger har det eksistert en utpreget redsel for alle former for embetssyn. Her må vi tenke på nytt.................Biskopsfunksjonen vokser både ovenfra og nedenfra, horisontalt og vertikalt."
Så spør intervjuaren om Jesu ord til Peter:" På denne klippe vil jeg bygge min menighet. Mener han da på bekjennelsen av Jesus som Messias, eller mener han også at han vil bygge sin menighet på personen Peter ?" Til dette svarar Ulf Ekman: " Det er nok ingen tvil om at det handler om begge deler, både personen Peter og hans bekjennelse i Matteus 16.18."
Her har vi altså hans syn på to så sentrale tema som embetssyn og sakramentsteologi. Det opnar iallfall for eit fruktbart økumenisk klima. Det stadfestar og det faktum at han neste veke skal tala til 2000 polske katolikkar. Den yngste sonen til Ekman, Benjamin Ekman vart nyleg teke opp i Den katolske kyrkja, det same er tilfellet med redaktøren i menighetens tidsskrift Keryx.
Sjølv svarar han noko tvetydig på spørsmålet om han går den same vegen.
Professor Oddvar Johan Jensen ved NLA i Bergen spør seg om ein skal konvertere til katolisismen, melde seg inn i ei svensk folkekyrkje elle byggja ei ny svensk frikyrkje etter å ha lest Ekmans siste artikkel . Den svenske folkekyrkja er så utvatna både etisk og teologisk at det neppe er eit alternativ for dei som tek si tru på alvor. Uansett er utviklinga i Livets Ord både spennande og gledeleg, og vil nokså sikkert verka til å knyta alle som står på Bibelen og Oldkyrkjas teologiske og moralske grunn, nærare saman mot eit aukande sekulært press !

                                          Ulf Ekman taler i Livets Ord.

torsdag 7. november 2013

Krystallnatten

9.november er det 75 år sidan "Krystallnatta" som innleia historias mest brutale jødeforfølgjingar.
To dagar før hadde den jødiske flyktningen Herschel Grynszpan  spasert inn i den tyske ambassaden i Paris og teke livet av ambassadesekretær Ernts von Rath. Bakgrunnen var hevn for deportasjonen av  hans eigen familie og 17000 andre jødar til Polen under umenneskelege forhold. For propaganda-
minister Josef Goebbels var dette eit ideelt påskot for å gje startsignal til omfattande åtak på jødar og jødisk eigedom over heile Tyskland. 278 synagogar og meir enn 7000 jødiske forretningar vart vandalisert, 400 jødar vart drepne og 30.000 arresterte. Frå Hitler overtok styret i 1933 hadde det vore ei stadig innskrenking av dei tyske jødanes statsborgerlege rettar som kulminerte i pogromen 9. november 1938. Ille nok men likevel berre krusningar på vassflata samanlikna med det som skulle koma. Det har lenge vorte hevda at det var partifolk åleine som gjennomførte overgrepa denne natta.
Den tyske historikaren Wolfgang Benz går i rette med dette utfrå vitneavhøyr etter krigen og hevdar:
"Det var naboene, kollegene og forretningsbekjentskapene som ydmyket de lokale jødene, ramponerte butikkene og stjal eindelene deres." Er ikkje det  vitnemål vi og kjennner igjen frå moderne tid på Balkan og i Rwanda ?
Dagen etter kan ein fornøgd Josef Goebbels erklæra:"Da ser jeg en blodrød himmel: synagogene brenner. Vi slukker bare så langt det er nødvendig av hensyn til bygningene i nærheten. Et forferdelig arbeid......... Mens jeg kjører til hotellet, knaser det i vindusrutene. Bravo!"

Dei tyske jødane hadde i 1871 fått fulle rettar som statsborgarar og dei fleste var etterkvart godt assimilert i det tyske samfunnet. Mange jødar hadde sentrale stillingar både i forretningsliv, akademia og offentleg administrasjon. Det var rundt hundreårskifte relativt lite antisemittisme i Tyskland samanlikna med andre land i Europa.  Ikkje få jødar var tyske patriotar og utmerka seg i kamphandlingar under første verdskrigen.
"Antisemittismen forble et randfenomen for de fleste langt inn i Weimar-republikken" skriv Wolfgang Benz.
Etter 1918 forandra dette seg, det tyske nederlaget la grunn for leiting etter skuldige, konspirasjonsteoriar florerte. Pamfletten "Sions vises protokoller" sirkulerte og antijødiske haldningar bygde seg gradvis opp.
Det var få som protesterte då nazipartiet intensiverte sin propaganda mot jødane. I og med "Krystallnatta" var ei grense overskrede. "Pogromen handlet om å forberede tyskerne på at administrative hindre ikke lenger stod i veien for en drastisk omgang med jødene", igjen i følge Wolfgang Benz.

Kvifor skal vi stoppa opp ved denne 75 års markering ? Kvifor er dette framleis like viktig ?
Fordi vi i Europa opplever eit aukande hat mot minoritetar generelt og jødar spesielt ! (Sjå mitt blogginnlegg 27. oktober.)
For dei som er interessert i detaljar om om dette mørke kapittelet i Europas historie kan dr. teol Øyvind Foss si bok " Krystallnatten" på Spartacus forlag i 2009 varmt tilrådast.



mandag 4. november 2013

Retten til liv

Debatten om fastlegars rett til å reservera seg mot henvisning til abort og dermed gje kvinner oppleving av å bli avvist i ein sårbar situasjon har også eit heilt motsatt aspekt. Mange kvinner har opplevd å bli utsett for eit sterkt press om å ta abort etter å ha fått påvist kromosomavvik hos fosteret.
Det dreier seg om trisomi 21 betre kjent som Downs syndrom, men i enno større grad dei sjeldnare avvika trisomi 13 og 18. Desse tilstandane har til no blitt vurdert som uforenlege med liv, og dermed er det meiningslaust å halda fram svangerskapet og eventuelt gje helsehjelp til barnet etter fødselen.
Anestesilege og mor Siri Fuglem Berg har løfta denne viktige debatten inn i det offentlege rom. Det er basert på dyrekjøpt personleg erfaring. Ho var 40 år og fjerdegongs gravid då det vart påvist at fosteret hadde eit ekstra kromosom 18.

Om erfaringa med helsevesenet i denne situasjonen seier Siri Fuglem Berg  i eit intervju med Aftenposten:
- Jeg opplevde selv et utidig press om å ta abort, og flere enn 90 prosent velger abort når de får en syndromdiagnose. Men mange angrer når de ser at de kunne fått litt tid med barnet sitt, og at bare én kvinne angrer, er alvorlig nok. Fosterdiagnostikerne bør også være forpliktet til å følge opp dem som ikke velger abort. De må lage et opplegg også for dem som velger å gjennomføre et vanskelig svangerskap.

I etterkant av dette har ho og engasjert seg sterkt i debatten om tidleg ultralyd og fosterdiagnostikk både i form av bok, internettside og blogginnlegg. Ho har og aktivt støtta andre gravide i liknande situasjon. Kanskje byrjar arbeidet også å bera frukt? Nyleg har Klinisk etikk komite ved Oslo Universitetssykehus kome med eit refleksjonsnotat der dei innrømmer at tidlegare vurderingar "ikkje forenleg med liv" i mange tilfelle ikkje var korrekt. Komtiteen viser til at 10% av desse barna overlever. Fekk desse 10% helsehjelp eller ikkje, og i såfall kor mange ville har overlevd dersom alle fekk helsehjelp ?
Det står alle mogleg respekt av  Siri Fuglem Bergs innsats for å setja denne viktige etiske debatten på dagsordenen !
Til slutt eit lite men kanskje viktig poeng som ho nevner i eit avisinnlegg. Kanskje er det enkelte gravide som ønskjer å gå til fastlegar som har reservert seg mot aborthenvisning for der å få støtte til å bera fram eit funksjonshemma barn ?


lørdag 2. november 2013

Fakkeltog for trusfridom

Retten til tanke og trusfridom er ein grunnleggjande menneskerett som er garantert i FN erklæring om menneskerettar. Dessverre ser det ut til at denne retten i aukande grad blir krenka i mange land rundt om i verda. Det er nok å minna om dei siste månadars mediaoppslag frå Syria, Egypt og Pakistan.
I eit par år har det blitt arrangert fakkeltoget  i norske byar til støtte for for forfølgde kristne. Organisasjonane "Åpne dører" og "Stefanusalliansen" har stått bak dette og i år var det fakkeltog i ni norske byar. I år var det særleg fokus på situasjonen i Nord-Korea, Iran og Pakistan. I Nord-Korea er all religion forbode, og religiøs tru fører til at ikkje berre den truande blir straffa men også familien i tre generasjonar. Iran og Pakistan er andre religiøse grupper enn muslimar tilletne, men trusskifte kan straffast med  lange fengselsstraffer eller døden. I desse landa opplever ikkje berre kristne men og muslimske minoritetsgrupper ekstremt sosialt press og dagleg diskriminering. Mange føler seg som annanrangs borgarar i eige land.
For alle desse gruppene betyr det svært mykje at dei opplever ikkje å vera gløymde, men at folk i Vesten heile tida har fokus på deira situasjon.Forbøn vil alltid vera viktig, men og oppmoding til eigne styresmakter om å arbeida politisk og diplomatisk for at menneskerettane blir respektert. Som ein naturleg konsekvens av dette blei det i året overrekt eit opprop til Utenriksdepartementet om " Retten til å ha en tro, skifte tro og utøve tro." Norske styresmakter blir der oppmoda til å legge press på dei aktuelle landa for å letta den diskrimineringa og forfølgjinga som religiøse minoritetsgrupper vert utsett for.
Mange deltok i årets fakkeltog,og vi vonar at det kjem enno fleire til neste år. Fokus på forfølgjing og dikriminering av kristne og andre religiøse minoritetar er noko vi må ha stadig fokus på, ikkje berre denne eine dagen men og resten av året.