torsdag 4. april 2013

Joseph Haydn:Skapelsen

"Singt dem Herren, alle Stimmen! Dankt ihm alle seine Werke! Lasst zu Ehren seines Namens Lob in
Wettgesang erschallen! Des Herren Ruhm, er bleibt in Ewigkeit!
Amen."
(Syng for Herren alle stemmer! Takk ham for alle hans gjerninger! La lovsangene lyde om kapp til hans navns ære! Herrens ære er og blir i evighet! Amen.)

Slik lyder sluttkoret i Joseph Haydns oratorium "Skapelsen". Han komponerte det mellom 1796 og 1798 og det vart urframført i Wien våren 1798 til stor begeistring. Haydn var sjuk og utmatta, og  etter at verket var ferdig sa han: "Hver dag knelte jeg og ba Gud om å gi meg styrke til å gjøre ferdig dette verket."  Han skulle likevel koma til å leva meir enn ti år vidare, og høyrte sitt store verk framført sist gong kort før han døydde.
I mellomtida hadde han opplevd enorm suksess med dette oratoriet.
"Skapelsen" er inspirert av skapingssoga i første Mosebok, av dei bibelske salmane og John Miltons "Paradise lost". Det er eit storstilt verk som føl  historia frå Gud skapte himmel og jord fram det tapte
paradis vert gjenoppretta, og ein ny himmel og ei ny jord ser dagens ljos.
Det er skapt i ei anna tid for meir enn to hundre år sidan, men kan likevel tala til oss i dag. Vi høyrte det nyleg framført her i Kristiansand med Kristiansand Symfoniorkester, Kristiansand solistensemble og solistar:
Berit Norbakken Solset, Samuel Boden og Halvor Festvoll Melien.
Vakkert og fengande, storslått og forkynnande. Kanskje var vi  i stand til å kjenna litt av den same gleda og begeistringa som i 1798, sjølv om vi nok  dessverre er langt mindre istand til det enn 1700 talets europearar.

Lenke til ei framføring av oratoriet:

http://www.youtube.com/watch?v=AarLk4jNMYk

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar