torsdag 28. februar 2013

Pave Bendikts avgang

I dag kl 20 går pave Bendikt av som pave, nesten åtte år etter at han vart valgt som Johannes Paul etterfølgjar. Hans siste tale på Petersplassen gjorde inntrykk på mange. Dette er ein mann som har perspektivet festa på Kyrkja og Kristus og ikkje på seg sjølv. " Å elske Kirken  betyr også å ha mot til å gjøre vanskelige og tunge valg, alltid med blikket festet på Kirkens beste og ikke seg selv." Klarare og betre kan det ikkje seiast. Han trekk seg frå embete men ikkje frå verda og Kyrkja som han vil følgja i omsorg og forbøn.
"Jeg har ikke lenger makten til å styre Kirken som hører embetet til, men i bønnen forblir jeg så å si på Sankt Peters område."

Pave Benedikt XVI i Glasgow




Avslutninga av pave Benedikts siste tale :
Kjære venner! Gud leder sin Kirke, støtter henne alltid, og særlig i vanskelige tider. La oss aldri miste dette troens klarsyn, som er det eneste sanne syn på Kirkens og verdens vei. I våre hjerter, i hjertene til hver og én av dere, la det alltid finnes en lykkelig visshet om at Herren er ved vår side, at han ikke svikter oss, at han er oss nær og omslutter oss med sin kjærlighet. Takk!



fredag 22. februar 2013

Francois Mauriac:Min tro

"Min tro " er tittelen på ei personleg lita bok som den store franske forfattaren Francois Mauriac ( 1885-1970) skreiv mot slutten av livet sitt. Det er eit vitnesbyrd om tru skreve til hans barnebarn " når de blir seksten år." I innleiinga skriv han litt om bakgrunnen for boka:" Denne bok er ikke skrevet for vitenskapsmenn, filosofer eller teologer. Jeg har villet svare så enfoldig som mulig på spørsmålet:"Hvorfor har du holdt fast ved den religion du ble født i  ?" Jeg løper dermed den risiko å gi mine motsandere overtaket. Den risiko er nok like stor som den enfoldighet og naivitet som hele livet gjennom har fått meg til å ligge på kne, men som også, fra barndom til alderdom, har satt meg i stand til å føle, berøre og eie en kjærlighet som jeg ikke kunne se."
"Min tro" kom første gong på norsk i 1970 omsett av dominikanerpater Albert Raulin. Eg har lest denne boka omlag kvart tiande år, alltid med like stort utbytte. Her er mykje ein kunne koma inn på , ikkje minst hans gjeld til Blaise Pascal. Han seier det så sterkt at utan Pascal hadde han ikkje klart å halde fast på trua.
Mot slutten av boka i kapittelet "Bønn om troens gave" er det eit sterkt personleg avsnitt som alltid gjer like stort inntrykk på meg. Mauriac skriv om ein periode i livet der han var svært nedkjørt og følte seg på vanviddets rand som han uttrykkjer det. "Jeg flakket omkring i Paris som en bortkommen hund, en hund uten halsbånd. En dag gikk jeg utmattet inn i et ukjent kapell, i en del av byen som var meg fremmed. Det var første gang jeg var der og jeg satte meg på  den bakerste benk. Jeg husker min bønn til deg."La en prest, en pater se meg, gjette seg til min smerte og legge hånden på min skulder." Jeg ba om, jeg forlangte dette tegn. Ingen kom og jeg tok opp igjen min omstreifning som et av disse herreløse dyr, som politiets vogner plukker opp på gaten."
Så går tida og han blir frisk igjen.  Han og familien flyttar til ein ny del av byen. Han byrjar å gå til messe i benediktinar munkane sitt kapell i Rue del la Source. Slik skildrar han ein morgen der etter at han har fått kommunion og gått tilbake til plassen sin: " Og så plutselig, som om et forheng ble trukket til side, kjente jeg igjen det kapell jeg var kommet innom denne smertefulle dag jeg trodde at jeg hadde bedt til deg forgjeves. Jeg så den plass jeg satt på, det store, mørke krusifiks som jeg hadde bønnfalt. Det ble som om noen sa til meg:"Her kan du se!" Å Gud, du som ikke hører tiden til, svarte meg i din tid. Jeg kan ikke uttrykke det jeg følte og som var uutsigelig, jeg kan ikke engang late som om jeg husker det. Jeg minnes bare glede og ømhet som trengte inn til det dypeste dyp i meg."
Slik kan nobleprisvinnaren i litteratur(1952) skriv om den trua som har bore han heile livet, trass i oppveksten i tida ved årehundreskiftet prega av ateisme, rasjonalitet og antiklerikalisme. Mauriac skreiv romanr, drama, poesi og essay. Han var ein engasjert samfunnsdebattant som politisk støtta president de Gaulle.
Han fordømte alle former for totalitære regime og var aktiv i motstanden mot nazismen. Bøkene hans er psykologisk drama der han skildrar det moderne livets ofte motbydelige realitetar under evighetens synsvinkel. Eg har tidlegare skreve om den jødiske forfattaren Elie Wiesel som  med utgangspunkt i eigne erfaringar under holocaust  kjempa for fridom og menneskeverd.. Som ein digresjon kan det nevnast at det var Mauriac som støtta og oppmuntra Wiesel til å gje ut si første bok "Natten."
Om ti år, kanskje før, vender eg tilbake til både  Francois Mauriac og venen Eli Wiesel og les bøkene deira omatt som om det var første gongen.





François Mauriac, ici dans les vignes de son domaine de Malagar, est né à Bordeaux le 11 octobre 1885. Il est mort le 1er septembre 1970.|| AFP

tirsdag 19. februar 2013

Stein til stein

"Stein til stein" er tittelen på den siste boka til Jon Fosse. Det er ei diktsamling med 39 korte dikt og ein salme til slutt. Jon Fosse er for dei fleste best kjent som dramatikarar, men han har gjennom heile karrieren også hatt ein lyrisk produksjon. Tematikken er den same som i verka for scenen.Det er dei store eksistensiell spørsmåla han rører ved, det som ikkje så lett kan uttrykkjast i språket men kanskje bare fornemmast ordlaust. Alle dikta i denne samlinga er korte og biletleg konkrete, men dei rører seg like over det store ordlause djupet.
Titteldiktet "Stein på stein":

stein på stein
og sjø på sjø
og ein himmel
veldig som havet
ein der ute kan sjå

nokre fåe hus
nokre båtar

og ei stille
heilt stille

Avslutningsvis får vi den vakre "Nattsalme":

Det finst ei jord som opnar seg
sitt djup av svarte natt
og løyner både sjel og kropp
til ingenting er att

Det finst ei natt som møter deg
og tek deg mjukt imot
og let deg kvila æveleg,
di hand, di sjel, din fot

Det finst frå Gud i alt som er,
i jord og nattevrimmel,
di sjel er hans, du er hans verd,
du lyser fram hans himmel.


fredag 15. februar 2013

Erkebiskop Timothy Dolan

Det er regnfull og kald førjuls søndag på Manhatten. Ikkje snø og skøyteis i Central Park men juleutstillingar slik bare amerikanarane kan det. Eg trekk jakka godt opp i halsen og går i regnet frå hotellet til St. Patricks cathedral, New Yorks største katolske katedral men likevel liten samanlikna med skyskraparane rundt. Vel komen inn i katedralen er det varmen som slår mot meg og då varme i overført tydnad, varmen frå eit levande katolsk felleskap og ein hyrde som tek sitt ansvar på alvor. Eg kjente ikkje til erkebiskop Timothy  Michael Dolan frå før, men eg blir i løpet av denne søndagsmessa  " ein stor fan" av han om eg kan uttrykkja meg slik. Han har ei sterk utstråling, preika engasjerar, han er uhøgtidleg og sjølvironisk og det er tydeleg at folk i New York er begeistra for denne kyrkjepleiaren. At Vatikanet også har tillit til han viser det seg året etter (2012) då han blir utnevnt til kardinal. Den siste veka har han blitt trekt fram som ein aktuell pave-kandidat når pave Benedikt no trekkjer seg tilbake.
Timothy M.Dolan er fødd i 1950, han har ein akademisk karriere bak seg med doktorgrad i amerikanske kyrkjehistorie,men han har og hatt ei lang rekkje andre verv i Kyrkja. I 2002 vart han utnevnt til erkebiskop i Milwaukee og i 2009 overtok han som erkebiskop i New York. Omlag samstundes vart han også vald til president for den amerikanske bispekongressen.
Han er blitt kjent for å vera engasjert og frittalande med store evne til å kommunisera med folk flest. Han er ein solid teolog og forkynnar,og har ein karismatisk utstråling. Han har spesielt enasjert seg i prestekall og i organiseringa av presteseminara. I si tid i Milwuakee fekk han ein del kritikk i samband med overgrepssakene i Kyrkja, han har seinare vist sterkt engasjement i desse vanskelege sakene og har hatt ein nær dialog med overgrepsoffer.
Timothy Dolan vil nok fylla pavestolen. Han har mange eigenskapar som er til hans fordel , men at han er nordamerikanar går nok i hans disfavør. Overgrepssakene ligg framleis som ein mørk skugge  over Den katolske kyrkja i USA. Det blir og trekt fram at han ikkje er særleg sterk i italiensk. Men det siste let seg vel retta på ! Uansett kva som skjer vidare vil mi beundring  vara ved.



onsdag 13. februar 2013

Pave Benedikt

Pave Benedikt XVI kunngjorde for tre dagar sidan at han abdiserar frå og med 28. februar. Han blir dermed den første pave som går til dette skrittet sidan  Hadrian VI i 1409. Det kom nok svært uventa på dei fleste, men kanskje ikkje på dei som kjenner han godt. Vi var i audiens i november i fjor i samband med europeisk kongress for katolske legar som vart arrangert i Roma. Han verka opplagt men var prega av sin alder, og tanken slo oss at det nok ikkje var så svært lenge til ein ny mann skulle ta plass i Peters stol. Benedikt er ein klok og reflektert mann, det har han vist både i sine skrifter og i sine handlingar. Klokskap inneber og innsikt i eigne sterke og svake sider. Han har nok innsett at han som ein gammal mann på over 85 år ikkje lenger har den styrken som krevst for å leia over ein milliard katolikkar, og han har teke konsekvensen av det. For pave Benedikt har det vore hensynet til Kyrkja og dei truande som har gått framom alt. Biskop Eidsvig seier i ein kommentar: " En tydelig og ryddig kirkeleder, en ydmyk arbeider i Herrens vingård." Ja absolutt, og ikkje minst ein trusformidlar og forkynnar. Pave Benedikt var oppteken av den aukande sekulariseringa og det nødvendig i at Europa vender tilbake til sine kristne røter. Han var ein forkynnande pave som nådde langt utover Kyrkjas grense, ikkje minst gjeld dette hans bøker om såvel nytestamentleg tema som kyrkjas tidlege historie.
For å illustrera dette tek eg med eit lite utsnitt frå kapittelet om "Fadervår" i første del av bokserien om Jesus frå Nasaret:

"Til slutt må vi tenke over ordet "vår". Bare Jesus kan med full rett si " min Far", fordi han virkelig er Guds enbårne sønn, av samme vesen som Faderen. Til forskjell fra oss andre som må si vår. Bare forenet med disiplenes vi kan vi si Far til Gud, bare fordi vi, forenet med Jesus Kristus, virkelig er "Guds barn". I denne forstand er ordet vår krevende: Det forlanger av oss at vi trer ut av vårt lukkede jeg. Det forlanger av oss at vi går inn i samfunn med andre Guds barn. Det forlanger av oss at vi gir avkall på det som er vårt eget, det som skiller oss fra andre. Det forlanger av oss at vi skal nærme oss de andre - åpne våre ører og vårt hjerte for dem. Med dette ordet vår sier vi ja til en levende Kirke der Herren selv vil samle sin familie. Dermed blir Fadervår en gjennom personlig og på samme tid gjennom kirkelig bønn. Ved å be Fadervår ber vi med vårt eget hjerte, men vi ber samtidig med hele Guds familie, de levende og de døde, med mennesker av alle klasser, kulturer og raser. Fadervår gjør oss til ett, til en familie,på tvers av alle skillelinjer."



lørdag 9. februar 2013

"Livkveikjingspiler"

I Olav Nygards dikting er det ofte eit stort spenn mellom det kosmiske og universelle, og det nære og kvardagslege. "Sola skyt livkveikjingspiler" er eit slikt dikt. Olav Nygard blir  rekna for vanskeleg tilgjengeleg pga. mange ord som er ukjente for oss i dag. Dels er det gamle norske ord, dels dialektuttrykk og dels ord han sjølv har laga med nye og orginale samansetningar. "Livkveikjingspiler" er eit slikt spesielt ord, som seier mykje både i konkret og overført tyding.

Sola skyt livkveikjingspiler
til hundratals klotar og fleir.
Men inni ein løyndelund kviler
ein liten fugl i sitt reir.

Ned yve dagtyrste lundar
ber sola sin gullstraaleflaum.
Men inn under lauvtekkja blundar
den vesle fuglen i draum.

Det er den evige storsong
der sola i rømdene ror;
men fuglen gjev liv fyr sin morstrong
og skaper sjæler av jord.

fredag 8. februar 2013

Poetica:Olav Nygard

Då professor i litteratur Asbjørn Aarnes nyleg døydde, skreiv eg eit lite minneord på bloggen. I 2004 kom han med ei bok om lyrikaren Olav Nygard  som eg skreiv ei bokmelding om i St. Olav. Likesom Asbjørn Aarnes har eg og alltid sett denne særmerkte vestlands-diktaren høgt.



"Då den snart attenårige Paul Claudel i juni 1886 for første gong fekk Arthur Rimbauds diktsamling ”Illuminations” i hendene opplevde han det som materiens panser rundt han vart opna. Kanskje opplevde eg noko av det same då eg for første gong møtte Olav Nygards dikting. Her var ein som såg langt utover det kvardagsleg og samstundes hadde si forankring i det, han var både ”jordson og himmelson”. Olav Nygard sette ord på vår lengt, på vår eksistensiell uro og vår hjelpelause forvirring stilt overfor ”væren”. ”Eg er ættvill i verda, sym i eit
skoddehav, veit kje um d`er ein himel eller ei attmura grav.” Eg opplevde at det
ikkje kunne seiast betre, både form, språk og innhald gjekk opp i ein høgare
einskap som tala utruleg sterkt.

Olav Nygard er nok ein lite kjent diktar i dag og har nok heller aldri fått den plassen han rettmessig hadde fortent. Det er fleire grunnar til det, han utgav berre fire små diktsamlingar i sitt førtiårige liv, språk og innhald gjorde han på mange måtar vanskeleg tilgjengeleg, mange har vel og oppfatta han som ein lokal vestlandsdiktar. Desto meir prisverdig er det at Asbjørn Aarnes lyftar han
fram i ljoset i boka ”Poesien hos Olav Nygard.Et dikteralbum ” som nyleg kom ut på Pax forlag. All mogleg ros til både forfattar og forlag for det.

Boka er tredelt, første delen er Aarnes fenomenologisk tilnærming til sentrale
tema i Nygards lyrikk . I andre delen følgjer så ei rekkje brev hovudsakleg til kona Rakel, brev han skreiv under opphaldet på Luster sanatorium, men og brev
til Hulda Garborg. Olav Nygard stod Garborg familien nært og budde i periodar hjå dei. Siste delen av boka har fått overskrifta ”Poetenes vitnesbyrd”, her let Aarnes nærare tredve norske lyrikarar , frå Arne Garborg og Anders Hovden til
Jon Fosse og Georg Johannesen , koma fram med sine opplevingar og tankar
kring Olav Nygard og hans lyrikk. Den som kanskje klårast såg det store i
Olav Nygards dikting var Claes Gill. ”Det er en sfærenes sønn som har gjestet jorden, som har båret den tunge lagnad som ble lagt på han uten å la seg friste til
småsnakk og meningsytringer eller dogmatisk engasjement” skriv han på slutten av femtitallet. Ein annan stad uttaler han at dersom Nygard hadde skreve på eit
verdspråk ville han ha hatt rang mellom dei store i verdslitteraturen. At Nygard står i ein europeisk tradisjon som strekk seg frå Shakespear (som han omsette),
Goethe, Shelley, Keats, Burns(som han og omsette) via Wergeland og Hőlderlin
er det liten tvil om. Han var ikke primært heimstaddiktar eller vestlandsdiktar men ein diktar som stod i ein europeisk andeleg og kulturell tradisjon.

”Det ugjensigelige” er tittelen på innleiingskapittelet i boka og dette blir
Aarnes primære inngangsport til diktaren. Han knyter tråden til den revolusjon
i forståinga av poesien som starta med Charles Baudelaire og som fekk inn-
verknad både på poesien som kunst og på litteraturkritikken som fag.
Diktingas tale er ”ugjensigelig”, eller med andre ord det som er sagt kan ikke seiast om igjen med andre ord eller språkteikn. Det tyder ikkje at diktinga ikkje gjev innsikt men det er ein inkarnert innsikt, eller med Olav Nygards ord ,diktinga har ”fått ljodham”. Poeten og mystikaren prøver begge å seia noko som
går utover kvardagsrealismen, noko som språket har problem med å favna.
Olav Nygard var begge deler, han var utan tvil visjonær og mystikar, hans erfaringar gjekk utover det dei fleste av oss forheld oss til i dagleg livet. Kanskje
var det difor ”han var sjølvlysande, ljoset stråla ut or hans eigi rike sjæl” som Anders Hovden skreiv i 1930. Denne visjonære som let det uskapte ljoset stråla
gjennom seg, denne formidlar av det som ikke kan seiast er det Aarnes let oss møta i denne boka. Det er eit møte ikkje primært frå ein analytisk ståstad men meir som eit nært møte i personleg samkjensle med denne særmerkete diktaren
Difor er det vi og får kjensla av å koma så nær innpå han.

Det høver å dvela litt ved ei eit spesielt dikt til slutt . Aarnes framhevar dette som eit høgdepunktet i Nygards dikting, ja kanskje i norsk dikting i det heile.
Det dreier seg då om diktet ”Til son min” som Nygard arbeidde på i fleire år
heilt fram til like før han døydde i 1924. At han også sjølv såg det store i dette
diktet tyder svaret på sonens spørsmål: ”Far , skal eg få eit dikt ? ” Faren svarar:
”Ja, og det er eit dikt som ingen son i verda har fått maken til.”
”Til son min” er eit platonsk prega visjons dikt om sonen frå han i sin pre-
eksistens ” blunda lagnadslaus i æveblaanar” til lengten dreg han mot eit jordisk
tilvære slik at han til slutt ”i vogga laag med varme kinn.” Eg minnest at diktet gjorde djupt inntrykk på meg og eg siterte det for meg sjølv då eg sjølv fekk ein son.
 ”Og lengten rodde ut or sine fjordar
  og lærte seg dei lange bylgjeslag
  og auka maale, som når dult det torar,
  til dine draumeheimar kom i ag.
  Daa brast dei aandelette æterkringar,
  og jorda med si dragmagt naadde inn.
  Daa seig du kvar den stund i mindre svingar
  til du i vogga laag med varme kinn.”

Kort tid etter forlet Olav Nygard tida og går inn i æva. Kona Rakel skildrar den
siste stunda. Olav såg mot taket og seier: ”Eg ser ei sol….” Rakel svarar: ”Det er
sola som skal lysa deg heim, Olav. ”Ja ” svarar han og det vert det siste ordet
til diktaren. Høver det ikkje godt å setja dette ”ja” som både overskrift og avslutning?  Eit ja til livet og denne forunderlege lagnaden vi er sett inn i og som
både Olav Nygaard  og Asbjørn Aarnes hjelper oss til å skjøna litt meir av."

  

Diktaren i Modalen der han vaks opp og mitt dikt til han ein vinterdag på Vestlandet.



"Novembermorgon
gjennomskinleg uforløyst
det knasar i is langs vegen
tida sprekk
lik denne tunne ishinna
på vatnet heime
vidopen mot det andre
ljoset brenn novemberkaldt
inn i vestlandsdagen
Å vera heime i bygda
Å leva i kosmos
likevel åleine
uroleg søkjande
over jordskorpa der
”sola skyt livkveikjingspilar
til tusentals klotar og fleir.”

 
             

lørdag 2. februar 2013

Poetica:Kyndelsmesse

Vi feirar i dag Kyndelsmesse (Praesentatio Domini) til minne om Herrens framstilling i tempelet førti dagar etter fødselen.


                  Kyndelsmesse

Som dei gamle kveikjer oljelampen

når Simeon løfter opp barnet

eit svakt og jamnt ljos omsluttar dei to

stør seg på brune lafta veggar

og  nedbrotne søylegangar

der det dryp frå taket

over mildver og holkeføre

trø varsamt no

snart skal du bera fram ljoset !

Antifon  til vesper: "Salig er du, rettferdige Simeon, fordi du tok imot Kristus, Herren, folkets forløser."