lørdag 23. april 2016

Shakespeare 400 år

William Shakespeare, i dag er det 400 år sidan han døydde. Få om knapt nokon er så levande 400 år etter sin død og kanskje like aktuell no som i si samtid ? For det er dei evige, allmennmenneskelege tema han tek opp i diktinga si. Vi kan kjenna oss igjen i hans skildring av dette kompliserte livet, alle irrgangar og blindvegar, ikkje minst den svikefulle kjærleiken som gjev den største nyting og den største sorg. Skodespela:"Hamlet", "En midtsommernatt drøm", "Romeo og Julie", "Stormen" osv. men det er særleg poesien eg set pris på, sonettene. Min favoritt er sonett nr. 18, "Shall I compare thee to a summer`s day", men den har eg sitert tidlegare på denne bloggen, difor tek eg med nr.60, "Like as the waves make towards the pebbled shore". Det handlar om det forgjengelege, om tida som sluker alt, men diktinga, poesien kan likevel løfta oss utover timane som "hasten to their end."

"Like as the waves make towards the pebbled shore,
So do our minutes hasten to their end;
Each changing place with that which goes before,
In sequent toil all forwards do contend.
Nativity, once in the main of light,
Crawls to maturity, wherewith being crown’d,
Crooked eclipses ’gainst his glory fight,
And Time that gave doth now his gift confound.
Time doth transfix the flourish set on youth
And delves the parallels in beauty’s brow,
Feeds on the rarities of nature’s truth,
And nothing stands but for his scythe to mow:
And yet to times in hope my verse shall stand,
Praising thy worth, despite his cruel hand."


I Erik Bystads omsetjing til norsk:

"Som bølger slår imot en stenet strand
slik haster våre timer mot sin slutt,
en ny må følge den som nådde land
i stadig jaging fremad, hvert minutt.
Et barn , født inn i lysets eterhav,
vil kravle, modnes, nå til livets topp,
men mot all glans står skjebnens dystre krav,
og alt hva Tiden ga, vil tæres opp.
Ja, tiden trenger inn i ungdomsprakt,
og risser rynker inn i vakre drag.
Den største sjeldenhet blir ødelagt,
og intet holder stand mot ljåens slag.
       Men diktet til din pris skal ved sin ånd
       bevare deg, tross Tidens hårde hånd."


onsdag 20. april 2016

Totus Tuus, Tromsø april 2016

Retrett i karmelittklosteret Totus Tuus i Tromsø i eit enno vinterleg Tromsø. Fire nye frå ulike deler av landet som saman med oss i Profeten Elias fraternitet delte livet i Karmel for eit par dagar. Karmelittbroder Julius fra Polen og cisternciensermunk Joel frå klosteret på Munkeby feirer messe og held retrett for nonnene.







"Livet i Karmel er enkelt. Det er ikkje snakk om å gjera ein masse ting for Kyrkja og for Gud. Det er bare snakk om å elska mykje. Dette er ditt kall. Som Therese av Jesusbarnet skreiv: "Eg forstod at Kyrkja har eit hjerte og at dette hjerte brenn av kjærleik. Eg forstod at einaste kjærleiken kan få Kyrkjas lemmer til å handla......... I mi mor Kyrkjas hjerte skal eg vera kjærleiken". Med andre ord: bare kjærleiken gjer at Kyrkja blir ei levande Kyrkje. Det er som med kroppen. Utan blod fungerar ikkje hjertet."
Martinus Martin, karmelitt i preike til ei karmelittnonne som avlegg sine første løfter.

søndag 10. april 2016

Poetica:Læresveinane ved Tiberiassjøen

Vi er alt eit godt stykke ut i påsketida, som er feiringa av oppstoda fram til pinsedagen. Dagens evangelietekst er frå slutt-kapittelet (21) i Johannesevangeliet der læresveinane dreg opp det tomme garnet, og blir instruert av den oppstandne Jesus om å kasta garnet ut på høgre side av båten. Når dei kjem  til lands er det det eit bål der, fisk og brød ligg på glørne. Jesus seier:" Kom og få mat!" Dei forstår at det er Herren når han tek brødet og fisken og gjev det til dei ! Eit sentralt kapittel som peikar fram mot feiringa av eukaristien.


" Vi blir med deg vi og
så gjekk dei alle ned mot stranda
steig i båten skauv i frå
glei med lette tak mot morgongryet
slapp nota ut frå ripa
men då dei snudde var ho lett
å dra ombord igjen
prøv andre sida
sa ha som stod på stranda
dei trudde det han sa
og slik vart nota fylt
med sølvblank fiskestim
på stranda lyste bål
med sprøsteikt fisk
og brød på glør.
Kom de som streva natta lang
del dette måltid med meg i dag!
Å glede - takksemd
får også vi vår del !


mandag 4. april 2016

Trua på det himmelske Jerusalem

"Gløymer eg deg, Jerusalem, så lat mi høgre hand bli gløymd ! Lat tunga klistra seg til ganen om eg ikkje tenkjer på deg, om eg ikkje set Jerusalem høgare enn mi største glede!" (Salme 137)

Slik vart lengtinga til Jerusalem uttrykt i den jødiske salmetradisjonen like frå det babylonske fangenskapet og til vår tid. "Neste år i Jerusalem" var eit fast jødisk uttrykk. Den kristne kyrkje overtok denne forestillinga om Jerusalem, dei bibelske salmane vart ein sentral del av tidebønene som kvar dag blir resitert eller sunge i kloster over heile verda. Samstundes vart Jerusalem eit bilete på det evige livet, det himmelske Jerusalem som vi kunne sjå fram til når dette korte livet var forbi. Dette vart etter kvart ein del av den allmenne kulturen som få stilte spørsmål ved, om du ikkje fekke sjå att borna dine som drog til Amerika i dette livet, skulle du få sjå dei att i det himmelske Jerusalem slik forfattaren Edvard Hoem har skildra i bøkene om forfedrene sine( Slåttekar i himmelen og Bror din på prærien).  For mange var det dette dei hadde å trøysta seg til i møte med sorg og sakn, små born døydde heile tida, store born forsvann ut i verda, til sjøs , i krig , som nybyggjarar i den nye verda. Utan denne trøysta hadde det ikkje vore til å halda ut ! Denne forestillinga var allmenn inntil for 1-2 generasjonar sidan, men så har det skjedd noko over svært kort tid. Teologen Eivor Oftestad seier det slik:" Forestillinga om det himmelske Jerusalem hentet sin kraft fra troen på et liv etter døden. Det gir grunn til å  spørre om hva som skjer når denne troen ikke lenger er allmenn. I majoritetskulturen er troen på liv etter døden for lengst avviklet. Det påvirker de fleste av oss, også oss som fremdeles bekjenner oss til en kristen tro." Forfattarar som Dag Solstad og Karl Ove Knausgård har sette ord på dette skiljet som er eit på mange måtar fundamentalt paradigmeskifte. Diktaren Matthew Arnold skildra det for meir enn 150 år sidan i diktet "Dover beach": "The sea of faith was once, too, at the full, and round earth`s shore. Lay like the folds of a bright girdle furl`d. But now I only hear its melancholy, long, withdrawing roar."
Vi skal kanskje ikkje stola for mykje på meiningsmålingar når det gjeld religiøs tru, svara avheng av korleis spørsmåla blir stilt, men det er likevel tankevekkjande at det nyleg viste seg at 39% svara at dei ikkje trur på Gud mot 37% som sier dei trur. Det er naturleg nok enno færre som trur på eit liv etter døden. Sannsynlegvis er vi dei første i heile menneskas lange historie som trur at dette korte livet er det det heile. Så er det mørkt, ingenting, tomrom og vi er fornøgd med det ? Men dette er eit europeisk perspektiv, går ein til Den tredje verda er det knapt nokon som deler denne oppfatninga. Til dømes Fillipinene der så godt som alle trur på Gud og som er det landet i verda men færrast ateistar.
Kvar går utviklinga vidare ? Det er neppe grunn til å tru at "det himmelske Jerusalem" igjen får ein renessanse i medvitet til dei fleste nordmenn, men våre nye landsmenn katolske såvel som muslimske, vil kunna bidra med ei levande tru på at det er noko også utover det jordiske livet.
Sjølv om sekulariseringa også vinn fram i katolske land, ligg det protestanstiske nord eit godt stykke framom. Eg  har alltid tenkt at den folkelege trua på Maria og helgenar held vissa om eit liv etter døden meir levande !

                               Det jordiske Jerusalem, et bilete på det himmelske !



søndag 3. april 2016

Miskunns-søndag

Søndag i påskeoktaven, ei veke etter påskedagen. Dagen blei frå gammalt kalla "kvite-søndag", dei nydøypte i oldkyrkja hadde bore sin kvite klednad ei veke som dei no kunne legga frå seg ,og ta på seg sitt vanlege tøy. Søndagen blir og kall "Barmhjertighets-søndag " eller "Miskunns-søndag". Det har mellom anna sin bakgrunn i Den heilage Faustyna Kowalskas (1905-38) sin visjonar av den miskunnsfylte Kristus. Faustina var ei polsk nonne og mystiker som hadde visjonar over mange år.  På hennar anvisning vart det malt fleire versjonar av bilete som har tittelen "Jezu, ufam Tobie" (Jesus eg stoler på deg) som har fått stor popularitet over heile den katolske verda. Det er og ein eigen versjon av rosenkransbøna basert på Faustynas visjonar, "Den guddommelige miskunns rosenkrans".

På de store perlene:" Evige Far, jeg frembærer for deg din høyt elskede Sønns, vår Herre Jesu Kristi Legeme og Blod, Sjel og Guddom, som soning for våre og hele verdens synder."

På de små perlene:" For hans smertefulle lidelses skyld, miskunn deg over oss og over hele verden."
(10 ganger)

Til slutt:" Hellige Gud; hellige Sterke, Hellige Udødelige, miskunn deg over oss og over hele verden."
(3 ganger)



                              Den første versjonen av bilete "Jezu, ufam Tobie".