mandag 24. juli 2017

Poetica:Gløymsla

Gløymsla

Gøymt men ikkje gløymt innskrifta på den mosegrodde gravsteinen ein av dei få på denne vesle gravplassen kransa av lauvtunge tre ikkje langt frå sjøkanten kanskje anar vi ironien når vi går forbi det vesle klokketårnet opnar den skeive jernporten og trør på grønt gras og mjuk mose eit vernande teppe over mørke lagnader mest alle utan navn utan tittel utan dato tunge vassdropar fell frå trekrunene alt er stille svalt og skuggefullt høyrde vi eit kvalt rop langt borte frå ? nei det var berre bekkesusen og einstad nokon som kviskrar: «Din frid skal vara oändlig så som havet”

                       Inngongen til gravplassen ved Valen sjukehus


Lenke til den danske komponisten Bent Sørensen sitt verk:
"The Deserted Churchyards" frå 1998                                                                                                                                                                                                                                    
https://www.youtube.com/watch?v=FWIfMnVpJis

søndag 23. juli 2017

Ingen tittel på grava

"Eg går lenger inn i skogen til eg ser ei klokke. Eit klokketårn i skogen. Framleis ikkje noko forklarande skilt, berre denne klokka på høge, mosegrodde bein. Og like bortanfor, ei inngjering. Her er det visst. Her er det! Eg løftar handa til ansiktet og dekkar munnen med handflata. Eg må stoppe det som vil ut, ein lyd, eller er det kvalme ? Hjarta slår nokre doble slag då eg går gjennom porten til gravlunden. For dette er ein gravlund. Sjølv om det berre står ei og anna oppreist gravstøtte her, kanskje fire til saman. Ellers er det berre flate steinar som ligg i graset, nokre med navn, fødselsdato og dødsdato, men ikkje noko meir . Ikkje noko kvil i fred, ikkje noko høgt var du elska, djupt blir du sakna, Ingen blomar, ingen kransar, ingen lys, ingenting. Kanskje eit og anna Gjemt, men ikke glemt på eit par av dei meir forseggjorte steinane. Eg pressar handa hardare mot munnen."

Slik skildrar forfattaren Marit Eikemo frå Odda det litt sjokkarta møte med gravplassen ved Valen sjukehus i Kvinnherad. Ho skriv om dette i essaysamlinga "Samtidsruinar" (2008) under overskrifta "Ingen tittel på grava", Det høver nokså godt i og med at Konrad Lunde som var mangeårig overlege og administrator ved sjukehus er gravlagd her saman med kona Borghild, også grava deira er ein enkel flat stein med navn og dato på. Overlegen og pasientane hans er like i døden. Nær to hundre menn og kvinner ligg gravlagt, dei fleste i anonyme graver. Sjukehuset vart oppretta i 1910 og alt same året fekk det sin eigen gravplass. Var bakgrunnen for det at bygdefolket ikkje ønskte at pasientane skulle gravleggast saman med dei ? Sannsynlegvis, i 1910 var fordomar og kunnskap omvendt proporsjonale når det gjeld psykisk sjukdom. Marit Eikemo knyter sitt møte med gravplassen til ei skildring av sjukehusets historie generelt, både dei mørke og lyse sidene. Til dei mørke sidene er det spesielt den omfattande bruken av lobotomi ho legg vekt på( bare Gaustad sjukehus utførte fleire lobotomiar), på den andre sida av vekstskåla det faktum at Konrad Lunde på mange måtar gjorde Valen sjukehus til ein mønsterinstitusjon. Det er alltid lett å vera etterpåklok og vurdere fortida, spesielt den nære fortida, utifrå dagens kunnskap! Ho skriv og ein del om forfattaren Olav H. Hauge som var innlagt på Valen sjukehus ei rekkje gonger, han kom seg gradvis kvar gong og var nok ein av dei som fekk god hjelp her. Knut Olav Åmås har skildra dette i detalj i biografien om den store diktaren frå Ulvik.

Eg hadde feriejobb ved Valen sjukehus fire sommarar på slutten av 1970 talet, det var på mange måtar sjokkarta lærerikt, men på ingen måte grunnen til at eg ikkje valde dette som karrierveg. Gravplassen til sjukehuset kan eg ikkje hugsa å ha høyrt om då, men har ei svak erindring om å ha høyrt at overlege Konrad Lunde var gravlagt saman med pasientane. Son til Konrad Lunde Tjerand Lunde overtok som overlege ved sjukehuset på byrjinga av 1970 talet, eg fekk eit udelt posistivt inntrykk av han desse sommarane på Valen. Til det kan ein leggja til at eg også kjent han frå før gjennom felles interesse for friidrett. Mange år seinare las eg Marit Eikemo sitt essay om sjukehuset sin gravplass og det gjorde sterkt inntrykk. Ein gong eg køyrer forbi må eg stikka nedom og sjå !
Nekrologen over Tjerand Lunde som döydde 5.juli i år 83 år gammal blir eit påskot til det.

Vi tek til høgre like før løa ved vegen som fører ned til Ekely, men finn ikkje gravplassen med det same og må spørja oss for. Over ei lita brua, eit par hundre meter på ein gjennomgrodd veg gjennom skogen så ser vi klokketårnet og porten som er løsna og rusten. Vi går inn, det er mjuk mose å trø på, tunge lauvtre omkransar gravplassen som nok blir liggjande i skuggen det m este avdagen. Her er ikkje mange gravsteinar, men eit par relativt nye. Langt dei fleste som ligg her er anonyme slik dei nok og var det då dei levde. Men det er ei anna stemning her enn på Kvinnherad kyrkjegard eller Pere Lachaise i Paris for å ta to nærliggjande døme, kanskje minner det litt om dei gamle jødiske gravplassane i Krakow og Praha. Her er fredfullt men  det er og noko anna, ja no kjem eg på det.  Det er den overveldande kjensla av at "Engång skal du vara en av dem som levat för längesen."  som den svenske forfattaren Pär Lagerkvist uttrykkjer det!








"Engång skal du vara en av dem som levat för längesen
Jorden skal minnas dig så som den minns gräset och skogarna,
det multnade lövet.
Så som myllan minns
och så som bergen minns vindarna.
Din frid skall vara oändlig så som havet."

Pär Lagerkvist: Aftonland

Hardangerfjord

Ein kollega låner meg boka "Fram og tilbake til by`n - om HSD, langruter, lokalruter, båtar og stoppestadar"  av Harald Sætre . Her er mykje artig lokalhistorie frå ei ikkje altfor fjern fortid. Mest interessant er det ein sjølv minnest, til dømes "Hardangerfjord"  som gjekk i ruta Bergen- Kvinnherad -Odda og tilbake tre gonger i veka frå 1960 til 1981. Båten er bygd ved Stord Verft, maskinane frå Wichmann på Rubbestadneset, altå eit reint Sunnhordalands-produkt. For HSD var det ei stor investering på 4,2 millionar i 1959. Båten gjekk frå Bergen kl 19.00 måndag, onsdag og fredag, i Rosendal 23.15 og i Odda neste morgon 07.30. Ein kunne tinga lugar og vera utsoven til å ta Haukeliekspressen austover neste morgon. Om søndagen gjekk "Hardangerfjord" frå Odda 09.30, i Rosendal 1730 og framme i Bergen 21.45. Turen utover fjorden på søndagen var ei populær turistoppleving på 1960-70 talet. Etterkvart avtok persontrafikken, men Samferdselsdepartementet gjekk med på å oppretthalda ruta til 1981, året etter var det definitivt slutt og HSD selde båten til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, der fekk ho navnet "Firda". Dermed var ei tradisjonsrik rute historie, men i Rosendal er det nok mange som har minne frå søndagsettermiddagane når "Hardangerfjord" la til kai.                                                                                                                                                

søndag 9. juli 2017

Seljumannamesse

I går 8. juli feira vi Seljumannamesse til minne om Den heilage Sunniva og hennar følgesveinar, Om dette er historie eller legende er kanskje ikkje det viktigaste, men derimot at dette representarar noko av det aller første møte med kristendomen i Norge. Selje vart det første bispesetet og lenge stod skrinet med Sunniva her inntil det vart flytta til Bergen i 1170. Det forsvann under reformasjonen , men det betyr ikkje at Sunniva forsvann. Ho er med oss som vernehelgen også i dag !

                                Grotta der beina til Sunniva og seljumennene vart funne.


Selja


Ikkje vindkast og uroleg sjø mot Stadt
men havet krystallklårt og speglande
som ei flate vi kunne stiga ut på
gje oss på vandring mot horisonten
og gå dei i møte dei som kom over Nordsjøen
for over tusen år sidan
bore fram av trua og bølgjene
Den heilage Sunniva og Seljumennene
steig i land og vart verande
næra av vona og nåden
himmelen vida seg ut over dei
og over stormen, havet og fjella
heilt til det uskapte ljoset
braut igjennom og viste veg
for alle dei som kom etter
over havet eller langs ulendte stiar
for å æra skrinet med Sunnivas lekam
det som bar i fem hundre år
for så å dekkast med gløymsle
i fem hundre nye år
berre ein og annan vandringsmann
kom her i kuling eller solgylt sommardag
drakk av kjelda og det var nok
men så ein dag skulle det uskapte ljoset
på ny bryta igjennom og visa veg
til mysteriet så nært så levande
at vi berre kunne strekkja ut handa
og verta møtt av gjennombora hender
frå den andre sida
som eit forsiktig kjærteikn
som ein lovnad som ber gjennom natt og einsemd
aldri åleine den lange vegen heim.







Ny kyrkje i Kurdistan

Ikkje alt nytt frå Midt-Austen er negativt. Det kurdiske medianettverket Rudaw hadde for eit par dagar sidan ein reportasje om opninga av ei ny kyrkje i Ainkawa nord for Erbil Kyrkje har vore under arbeid i åtte år og er ikkje heilt ferdig ,men vart teke i bruk no i juni. Kyrkja rommar 1300 og er ein av dei største i regionen. Kurdiske styresmakter har gjeve støtte til byggeprosjektet. Dei fleste som var tilstades var lokale kaldeiske kristne frå Ainkawa men og mange flyktningar fra Irak og Syria hadde funne vegen til kyrkja denne innviingsdagen. For dei som har sett sine gudshus i Mosul og Niniveh sletta bli øydelagt av IS må dette ha vore eit lite lyspunkt!

                                       Den nye kyrkja i Ainkawa under bygging.

Lenke til RUDAW reportasjen:http://www.rudaw.net/english/kurdistan/30062017

Jomfru Maria statue i Erbil. Be om hennar forbønn for dei kristne i Irak, Syria og Kurdistan !

torsdag 6. juli 2017

Rolf Jacobsen: dikt

Enkelte poetar vender eg stadig tilbake til, Olav H. Hauge naturlegvis, Hans Børli, Arnold Eidslott, Paal Helge Haugen, Pär Lagerkvist, Karin Boye for å nemna eit par av dei mest sentrale. Og så Rolf Jacobsen (1907-94) etterkrigsmodernisten som med si siste sterkt personlege diktsamling "Nattåpent" nådde ut til rekordmange lesarar. Men han har også mange fine dikt i sine tidlegare samlingar.

Når de sover

Alle er barn når de sover.
Da er det ikke krig i dem.
De åpner hendene og puster
i den stille rytme som himlen har gitt menneskene.

De spisser munnen som små barn
og åpner hendene halvt alle,
soldat og statsmann, tjenere og herrer.
Stjernene står vakt da og det
er en dis over hvelvene,
noen timer da ingen skal gjöre hverandre ondt.

Kunne vi bare tale til hverandre da
når hjertene er som halvt åpne blomster.
Ord som gylne bier
skulde trenge inn der
- Gud, lær mig søvenens sprog.


Guds hjerte

Guds hjerte vet vi ikke
men vi vet
noe som overstrømmer oss
som et regn over hendene

Hans øyne ser vi ikke,
men vi ser
usynlig lys over alle ting
som i sommernatten.

Hans stemme hører vi ikke,
men vi finner
veier overalt og spor i hjertene
og stier med lavmælt lys.


Skylab

Så langt erv i kommet, tenkte atronauten
da han svømte rundt i sin kabine på tredje uken
og av vanvare var kommet til å sparke en gud i øyet
-så langt
at det ikke lenger er forskjell på oppe eller nede,
syd eller nord, lett eller tungt.
Og hvordan kan vi da kjenne rettferdigheten.

Så langt.
Og vektløse, i et lukket rom
jager vi rundt efter soloppgangene i stor fart
og lengter oss syke efter et grønt strå
eller å gripe fatt i noe som gjør motstand. Løfte en sten.

En natt så han at Jorden lignet et åpent øye
som så på ham alvorsfullt som et barns
når det er våknet midt på natten.






onsdag 5. juli 2017

Fader Adday i Tyrkia

Fader Adday er kaldeisk prest i Tyrkia. Han er den einaste presten som driv pastoralt arbeid blant dei 40.000 kaldeisk kristne flyktningane frå Irak som i dag held til i Tyrkia.  Han har sin base i Istanbul men er heile tida på farten rundt i landet der kristen irakiske flyktningar bur meir eller mindre permanent. Fader Abbay er bare 34 år og vart prestevia for 2 år sidan. Det siste året har han døypt 200 barn, vigd 20 par, gjeve sjukesalvinga til 30 døyande og førstekommunion til 150 barn.
Kaldearane i Tyrkia har ingen kyrkjer å gå til, Fader Adday feirar messe heime hos folk. Han samanliknar det med slik dei første kristne samlast i heimane for å feira den heilage messa. Det blir som ein stor familie der foreldre og barn prisar Gud ilag!
For flyktningane frå Irak gjev dette von i ein ellers  vanskeleg kvardag. Fader Adday  seier at han kjem for å gje folk von og tru på at Gud  kan gjera mirakel. "Eg fortel dei at Gud arbeider for oss. Han er vår far, og han ønskjer det aller beste for oss."


      Fader Adday feirar messe heime hos irakiske flyktningar i Tyrkia. Be for dei !