tirsdag 31. januar 2012

Poetica:Vintervise

                Vintervise.

Det lydde song frå snøtung  hei
når du no var reist så langt av lei
det var så mjuk ei røyst
som lindra redsla gav oss trøyst.

Vi følgde både teikn og spor
igjennom vinterkledde skog frå sør mot nord


så stanna vi og lydde men du kom ikkje att
vi la oss ned  vi  kveikte eld og det vart   natt.



Ingenting er meir vanskeleg

Den amerikanske teologen Scott Hahn har i si bok "Livgivende tegn" eit kapittel om døden med tittelen "Livet går videre." På slutten siterar han kardinal John Henry Newman (1801-1890) som vart saligkåra i 2010.

"Ingenting er mer vanskelig enn å innse at ethvert  menneske har en distinkt sjel, at enhver  blant alle de millioner som har levd, er et så fullstendig og uavhengig vesen i seg selv at det er som om det ikke fantes noen annen i hele verden enn ham........ Hver og en av disse sjelene lever fortsatt. De hadde sine særskilte tanker og følelser da de var på jorden, og de har dem nå. De hadde sine sympatier og sysler. De høstet det de anså som godt, og nøt det, og de lever fortsatt en eller annen plass.  Og hva  de gjorde i kjødet, har helt sikkert hatt sin inflytelse over deres nåværende skjebne. De lever i varetekt frem til en dag som skal komme, når alle nasjoner skal stå framfor Gud."

Til ettertanke i ei tid då døden er både nær og fjern. Nær i media og underhaldning, fjern i livet til den enkelte. Kardinal Newman viser oss den uendelege verdien som kvar enkelt av oss har i eit perspektiv som går langt utover dette korte livet.

søndag 22. januar 2012

Maddalena ai piedi di Cristo

" No var det ei kvinne der i byen som levde eit syndefullt. Då ho fekk vita at Jesus var gjest hos farisearen, kom ho dit med ei alabastkrukke med dyr salve og vart ståande bak han nede ved føtene og gret. Så tok ho til å væta føtene hans med tårene sine og turka dei med håret sitt; og ho kyste dei og smurde dei med salven."
Historia  om kvinna som fekk syndene sine tilgjevne  finn  vi i Lukas 7. kapittel og det  er utgangspunktet for librettoen til Antonio Caldaras (1670-1736) oratorium "Maddalena ai piedi di Cristo " frå slutten av 1690 åra. Det er eit oratorium om synd, nåde og tilgjeving.
Antonio Caldara som var fødd og for det meste verka i Venezia var ein uvanleg produktiv komponist. Han stod for over 40 oratorier og omlag 80 opraer. I ettertida vart han så godt som gløymt iallfall fram til vår tid.
I tråd med tradisjon og legender identifiserar  Caldara den syndefulle kvinna med Maria Magdalena som stod med Jesu mor under korset (Mark. 15.40) og som Maria søster til Marta og Lasarus (Luk. 10.38-42).
At dette neppe er historisk rett betyr likevel ikkje så mykje for bodskapen og musikken. Dette er er eit av dei ukjente høgdepunkta i kyrkjemusikken. Rene Jacobs med "Orchestre de la schola cantorum basiliensis" har ei framifrå innspeling frå 1995. Maria Cristina Kiehr som Maddalena, Rosa Dominguez som Marta og Andreas Scholl som Amor Celeste, den himmelske kjærleiken.


http://www.youtube.com/watch?v=q-_C2iaYRDM

Vermeers skildring av Jesus hos Marta og Maria (Luk 10.38-42)

"Medan dei var på ferdavegen, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta tok i mot han i heimen sin. Ho hadde ei syster som heitte Maria, og som sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans."


torsdag 19. januar 2012

Store hvite bok å se

"Den store hvite
bok
å
se. Vi

er boken. Vi
ser. Og
blir sett.Vi leser. Og
blir

lest. Blir glemt. Glemmer
selv.
Bok
stavene tiner. Mot våren."

Dette er titteldiktet i Jan Erik Volds siste diktsamling " Store hvite bok å se".
Jan Erik Vold har vore ein heilt sentral aktør i norsk kulturliv sidan sekstitallet. Han har gjeve ut ei rekke bøker i ulik sjangrar, men det er framfor alt som lyrikar vi kjenner han.  Han har og gjort ein stor innsats som omsetjar av utenlandsk litteratur og som formidlar av både norske og utenlandske forfattarar. Mellom anna er han det hans fortjeneste at Cornelis Vreeswijk sine etterletne dikt vart samla og utgjeve, og han har omsette alt av nobelprisvinnaren Tomas Transtrømer til norsk.  Hans antologiar  omfattar Olav H.Hauge som han var ven av, Ernst Orvil, Gunvor Hofmo, Bob Dylan for å nevna nokon. Personleg set eg stor pris på at han fekk samla og utgjeve Ruth Maiers dagbok, den jødiske jenta som kom til Norge like før krigen og tilslutt vart ført med fangeskipet Donau til utryddingsleiren Auschwitz. I tråd med dette er og hans store biografi om Ruth Maiers veninne lyrikaren Gunvor Hofmo.
Ei bok det er verd å ta med seg er "Fem stemmer" frå 2010. Her har Vold skreve små essay og samla sentrale dikt både i skrifteleg form og på CD av fem viktige norske lyrikarar, nemleg  Uppdal, Hofmo, Ulven, Heggelund og Nyquist.
Til sist eit snødikt frå Jan Erik Volds siste samling.

"SNØ,SNØ,HVORFOR FALLER DU ?
Snø, snø, hvorfor
stiger
du? Liv, liv hvorfor

synker
du? Død, død, hvorfor
bier
du,hvorfor iler du, hvorfor
slår du til

på feil
sted ? Treet står hvitt, løftet
av svart. Treet
står svart, tynget av hvitt."

tirsdag 17. januar 2012

Der är vackrast när det skymmer

Der är vackrast när det skymmer
All den kärlek himlen rymmer
ligger samlad i ett dunkelt ljus
över jorden,
över markens hus

Allt er ömt, alt är smekt av händer.
Herren själv utplånar fjärran stränder.
Alt är nära, alt är långt ifrån.
Allt är givet
människan som lån.

Allt är mitt, och  alt skall tagas från mig,
innom kort skall allting tagas från mig.
Träden, molnen, marken där jag går.
Jag skal vandra –
ensam , utan spår.



Pär Lagerkvist( 1891-1974), svensk poet, dramatiker og romanforfatter  har skreve desse verselinjene , og det er blitt eit av hans mest kjende dikt.  Det uttrykkjer  på ein genial måte det vakre og samstundes tragiske ved livet.  Det er så kort, vi er så åleine og så er alt over. Men i Lagerkvist ord synest  det likevel  å vera noko kjærleiksfyllt som ligg omkring alt, noko ein ser klårast når det går mot kveld.
Han tok tidleg avstand frå  den inderlege kristendomen som fylte barndomsheimen i Växsjö, noko han har skildra  i den halvt sjøvbiografiske boka ”Gäst hos verkligheten” frå 1925. Men han forlet  aldri tematikken, både i poesi og romanar  skildrar han mennesket åleine i ei verd der Gud ikkje lenger er til.
Han debuterte med diktsamlinga ” Människor ” i 1912. Sentrale verk er ”Bödeln”, ”Barrabas”, ”Dvergen” og ” Sibyllan”.
Pär Lagerkvist fekk nobelsprisen i litteratur i 1951.





 

fredag 13. januar 2012

Officium novum

A little farther

A little farther
we will see the almond trees blossoming
the marble gleaming in the sun
the sea breaking into waves

a little farther,
let us rise a little higher.

Den greske lyrikaren Giorgos Seferis (1900-71) vesle dikt  i tysk omsetjing(Nur ein Weniges noch)
avsluttar Jan Garbarek og The Hilliard Ensembles siste felles prosjekt "Officium Novum" frå 2010.
Seferis var fødd inn i den greske minoriteten i Smyrna i Vesle-Asia,men  storparten av livet verka han som gresk diplomat ved sida av å skriva. Det vart verdsett med nobelprisen i litteratur i 1963.
Bare litt til så når vi enno høgare opp. Kanskje er det det Jan Garbarek og The Hilliard Ensemble gjer på den tredje del av trilogien som vart påbegynt med "Officium" i 1994,  "Mnemosyne" i 1999 og sist "Officium novum" i 2010. The Hilliard Ensembles firstemmige song og Garbareks geniale traktering av saksofonen gjev ein heilt særegen klang. "Officium" knyter tråden bakover til middelalder og renessanse, "Mnemosyne" går lengre tilbake, til greske hymnar men og utover etnisk og kulturelt til nord- og sør-amerikanske musikk. På den siste utgjevinga knytes aust og vest, fortid og notid saman; og vi når enno litt høgare opp og dermed ser vi litt vidare utover.
Det austlege er representert med armensk liturgisk song i forma til komponisten Komitas Vardapet(1869-1935), det vestlege med Garbareks eigne komposisjonar til dikt av Par Lagerkvist og Arvo Parts Mariahymne skreve spesielt for The Hilliard Ensemble. Det er ein heilskap i dette, ein struktur og tyngde som får oss til å sjå vidare utover og forstå bare litt meir. Og det er nok !




mandag 9. januar 2012

Den nygamle antisemittismen

" Et urgammelt spøkelse hjemsøker verden. Et spøkelse mange av oss ønsker å tro var død og begravd under ruinene av den annen verdenskrig. Dets navn er antisemittismen."
Slik innleiar  Jan Otto Johansen si siste bok  "Den nygamle antisemittismen" med eit sitat frå " The first international Hearing on Anti-semittism" i Oslo  1983.
Journalist, forfattar og mangeårig NRK medarbeidar Jan Otto Johansen har i årevis kjempa mot den urett som minoritetar har blitt utsett for, i første rekke jødar og sigøynarar. Den siste boka  er i tråd med hans tidlegare  sterke engasjement mot antisemittisme, og det er eit kraftig varsko mot den oppblussing av antisemittiske tendensar som ein har sett i Europa dei siste åra. Jan Otto Johansen tek for seg desse uttrykka for rasisme både i Aust og Vest-Europa og knyter samstundes trådane bakover til ei ikkje altfor fjern fortid.
Konspirasjonsteoriane om eit jødisk verdsherredøme som ein finn i "Sions vises protokoller" vinn fram, særlig i Aust-Europa og i ein del muslimske miljø. Johansen tek også for seg  benektinga av Holocaust som mellom anna den britiske historikaren David Irving står for og som og blir formidla gjennom ein del ytterligåande muslimske TV stasjonar. Å benekta at Holocaust fann stad er straffbart i Tyskland men ikkje i dei fleste andre land.
Er Norge og nordmennene eit unntak i så måte ? Definitivt ikkje, jødar var lenge utestengt frå Norge og fekk  først i 1851 sleppa inn i landet ikkje minst takka vera Henrik Wergelands ihuga kamp for jødane sine rettar.
Då norske jødar i 1941 vart deportert til utryddingsleirane var det norsk politi som stod for arrestasjonane og norske drosjar transporte dei til fangeskipet Donau. Får eller ingen hadde motforestillingar.
På slutten av boka tek Jan Otto Johansen for seg  jødefientlege tendensar i Norge og Sverige i dag. Små tendensar så langt men dei er der latent. Det er eksempel på at jødiske skoleelevar har  blitt mobba når dei eksponerar sin jødiske identitet, i demonstarsjonar  og debattar har det blitt ytra antijødiske utsagn særleg i etterkant av den siste Gaza krigen.
Jahn Otto Johansen er med ordet som våpen ein uredd forsvarar av minoritetar som blir utsette for urett og forfølging. Han fortenar nobelprisvinnar Eli Wiesels ord som er trykt på baksida av boka." Jan Otto Johansen
har flere ganger vist sitt engasjement overfor minoritetet mange steder på kloden. For ham er det skreven ord et våpen for å avsløre rasistenes hykleri, grimme egoisme og umoral. Og det må vi takke ham for."

torsdag 5. januar 2012

Efterlyses

Efterlyses
Undertecknads barnatro
har försvunnit från sitt bo
utan mössa, rock och sko.

Här, i hopp att det blir känt,
vart han sig i världen vänt,
gives hans signalement.

Rösten som en fågeldrill,
ögon blå med blank pupill,
blicken hör ej jorden til.

Den som innan ägarn dör
den försvunne återför,
lovas hederlig dusör.

Hjalmar Gullberg (1898-1961), svensk poet, redaktør, omsetjar og medlem av Svenska akademien har skreve dette korte  diktet. Det er halde i ein lett humoristisk og ironisk tone  som eit barnerim, men under ligg det ein stor eksistensiell smerte. Den tapte barnetrua, det trygg som for alltid er borte men samstundes ei von om at nokon kanskje kan finna att det som er forsvunne. Få dikt uttrykkjer vel betre sorga over den tapte gudstrua.
Hjalmar Gullber debutert i 1927 med diktsamlinga  ” I en främmande stad”, og han vart utover tretti og førti talet ein av Sveriges mest leste lyrikarar. Dikta hans er skrevne i ein tradisjonell stil, tematikken er ofte kvardagsleg og ironisk
med eit underliggande stort og smertefullt alvor som i diktet ovanfor.

søndag 1. januar 2012

Nyttår

                                Nyttår
Ikkje teikn eller lovnad
Ikkje draum og syner
heller ikkje snøtung morgon
men det du greip taki i
det du løfta varleg opp
og bar med deg vidare.