mandag 27. april 2015

Paal-Helge Haugen 70 år - Til lukke med dagen !

Forfattaren Paal-Helge Haugen fylte 70 år 26.april. Han debuterte i 1966 med gjendikting av kinesisk poesi og i løpet av dei snart femti åra som er gått har han produsert over 40 bøker. Sjølv om det er lyrikken som har vore hans viktigaste uttrykksform, har han og skreve essay, barnebøker, romanar og libretto til opera og oratorium. Han har og hatt evne til å sjå utover litteraturen og knytt kontaktar og samarbeidd med så vel biletkunstnarar som musikarar og komponistar. Sånn sett har han nok nådd lengre ut enn dei fleste andre nolevande lyrikarar, og det er ikkje meir enn rimeleg at 70 års dagen vert tydeleg markert ikkje minst her på Sørlandet. Men for ein forfattar er det å runda sytti år noko som ikkje har så stor betydning, i eit intervju seier han at arbeidet held fram som før og han held på med fleire nye bokprosjekt.
Eg vart for alvor merksam på han som forfattar i 1990 då han gav ut diktsamlinga "Meditasjonar over Georges de la Tour ", boka vart og nominert til Nordisk råds litteraturpris. Desse dikta inspirert av den franske 1500 talls kunstnaren  vart ein syntese av biletkunst og lyrikk som opna ei heilt ny verd for meg. Den heilt spesielle skildringa av lys i nattemørkret som Georges de la Tour var ein slik meister i å få fram finn ein og i dikta til Paal-Helge Haugen. Då eg stod framom desse fantastiske bileta i Louvre hadde eg naturlegvis Paal -Helge Haugens tekstar i bakhovudet.
Ei anna bok som eg sette stor pris på er"Vidde" frå 1991 der han samarbeidde med kunstnaren Gunnar Torvund. Boka skildrar Setesdals heiane slik eg sjølv har opplevd dette landsskapet, lært det å kjenna  og vorte glad i det.
I 2009 kom boka "Kyst.Sør" der han skildrar Sørlandskysten. Eg tek med to vårdikt som innleiar denne boka:

" Våren på venger
frå sør

Havsula inn frå havet
Ein dansar under himmeltaket
åleine med sin dans

Morgonen ned
over uthamnene
Ein grålysande veng
med kantar av karmosin

Eit reisverk i gyllen luft
ført opp av ei stigande sol

Morgonens stolpar og bjelkar
for å bera dagen."
.....................................................

"Ein koboltblå kveld
i den umerkelege overgangen
mellom vår og sommar

Ei krusing over vatn
på veg inn
i den næraste natta

Ei kviskring
under pusten"

Til lukke med dagen. Vi ser fram til fleire bøker !

lørdag 18. april 2015

Folkemordet på armenarane

24. april er det 100 år sidan det ottomanske regimet gav ordre om at eit hundretalls armenske leiarar skulle arresterast og seinare henrettast.  Det vart starten på det som mange i ettertid har karakterisert som folkemordet på armenarane. I perioden 1915 -1920 vart 1,5 millionar armenarar drept eller foredrevne. Ei rekkje land har offisielt karakterisert dette som folkemord , men ikkje den norske regjeringa. Pave Frans gjekk nyleg ut og brukte ordet folkemord (genocide) om tyrkarane sitt drap på armenarane, det skapte skarpe reaksjonar frå tyrkiske styresmakter som trekte tilbake ambassadøren  i Vatikanet.
24.april vert folkemordet minna i Armenias hovudstad Jerevan utan representantar for den norske regjeringa til stades, men armenarane har ikkje gløymt Norge og Fritjof Nansens innsats for denne folkegruppa. Kvar 24.april møtest armenarane i Norge ved grava til Nansen på Polhøgda  for å heidra han som gjorde så mykje for dei. I Kragerø finn vi minnesmerke over ei norsk kvinne som og gjorde ein stor innsats for det armenske folket. Bodil Bjørn var misjonær og sjukepleiar, ho vart ståande midt opp i overgrepa mot armenarane og er ein av dei som har har bidrege mest til dokumentasjonen av folkemordet. Minnesteinen over Bodil Bjørn kom frå armenarane i Aleppo der ho dreiv ein barneheim for armenske flyktningebarn. I dag er det knapt nokon armenarar igjen i Tyrkia, landet er 99% muslimsk. Mange flykta til Aleppo i Syria, men er no på ny fordrevne av islamistane i IS.
Overgrepa mot armenarane var det første store folkemordet på 1900 talet, seinare følgde nazistanes og kommunistanes myrderiar. Det er viktig at ikkje kunnskapen om dette forsvinn i historias mørkre , og slik  like pave Frans kan  stilla oss solidariske også med forfølgde armenarar i dag.

                                Pave Frans og leiaren for Den armenske kyrkja  Karekin II

Sacre Coeur

"Paris by night ", blikket løftar seg mot Montmartre høgdedraget med den opplyste basilikaen Sacre Coeur - Det heilage hjertet. Nattehimmelen, storbyen og det opplyste Gudshuset - så vakkert. Så kan vi dra opp dit i kveldstimane, sjå Sacre Coeur på nært hald, gå inn og vera tilstades. Etterpå eit betre måltid i nærleiken før vi tek drosje tilbake til hotellet.
Basilikaen på Montmartre er vigd til "Jesu Heilage Hjerte", ei andaktsform som kan førast tilbake til tidleg Mellomalder. Jesu hjerte blir nytta som bilete på hans omfattande kjærleik til menneska. På 1000 og 1100 talet var det særleg benediktinarane og cisternciensarane som nytta denne andaktsforma. I hundreåra som følgde finn vi element av dette hos mange mystikarar, og  i andre ordenar som jesuittar, karmelittar og birgittinarar. På 1600 talet var det særleg nonna Margareta Maria Alacoque som gjennom sine visjonar framheva andakta til Jesu hjerte. I 1856 stadfesta paven ein offisiell høgtidsdag, Jesu hjertefest - etter Pinse. Kort tid etter i 1873, vart Frankrike vigd til Jesu hjerte. Sacre Coeur på Montmartre vart påbyrja  i 1875 og fullført i 1914, men først innvigd etter krigen i 1919. Då basilikaen vart planlagt på 1870 talet var det med ønskje om ei andeleg og moralsk fornying av det sekulære Frankrike, men det hadde og ein politisk og nasjonal inspirasjon. 1871 romma så vel den fransk-tyske krigen med fransk nederlag, som Pariserkommunen med blodige kampar rundt Montmartre, og Sacre Coeur var også tenkte som eit minne om dette I dag er dette fjern historie og Sacre Coeur er turistattraksjon for dei som kjem her for å sjå storbyen, og pilegrimsmål for dei som kjem for å tilbe. Ein får tru at begge grupper reiser rikare heim!

fredag 17. april 2015

Notre Dame de Paris

Det er  alltid med like stor glede og forventning eg  kjem til Notre Dame de Paris, slik også for ei veke sidan ein tidleg laurdag i storbyen. Her er alltid fullt med menneske, dei som kjem for å be og turistar som bare ønskjer å sjå dette storslåtte monumentet over Mellomalderens gudstru. Likevel finn eg den etterlengta roen, nesten åleine i eit lite kapell bak koret. Eg kan tenna lys og la tankane samla seg om det vesentlige. Men eg går alltid først til alteret vigd til Therese av Lisieux, på høgre side like ved hovudalteret. Therese som aldri gløymer oss i sine forbøner.
Dessutan tenkjer eg alltid på den attenårige Paul Claudel (1868-1955) som stod ved den andre søyla ved inngongen til koret om kvelden juledag 1886. Han er ung og søkjande og på ingen måte førebudd på det som kjem til å skje denne kvelden. Koret syng Magnificat som avsluttar tidebøna til Vesper og på ein augneblink skjer det som skal forandra resten av livet til Paul Claudel. Sjølv skriv:" Jeg stod selv i mengden, ved den annen søyle ved inngangen til koret, på sakristisiden. Da inn traff den hendelsen som ble bestemmende for hele mitt liv. På et øyeblikk ble mitt hjerte beveget og jeg trodde. Jeg trodde med en slik styrke at siden da har ingen bøker, ingen resonnementer, ingen hendelser i livet kunne bryte ned min tro, enn si rokke ved de."
Det går likevel fleire år før han finn sin plass i Den katolske kyrkja, dette var ei tid som la mange hindringar i vegen for ein ung student som søkte utover den sekulære rasjonalismen.
Paul Claudel kom seinare til å gjera karriere som fransk diplomat, men det er som diktar han vert hugsa. Ei diktargjerning som i tematikk byggjer på denne grunnleggjande Notre Dame opplevinga.
Plassen der han stod denne første juledag er markert med ei innskripsjon i golvflisene. "Magnificat.
Conversion de Paul  Claudel 1886."






tirsdag 7. april 2015

En påskebetraktning

Kunstnaren Ørnulf Ranheimsæter (1919-2007) markerte seg ikkje bare som tegnar, grafiker, bokillustratør og kunstlærar, men og som ein reflektert essayist. Med grunnlag i sitt katolske livssyn skreiv han om etiske, kunst-teoretiske og religiøse tema. Mest kjent er hans essaysamling  "Om tro og vantro" frå 1954 og "Kunstnerens etiske ansvar og andre essay" frå 1958, gjeve ut på nytt i 1999. Som bokillustratør er han særleg kjent for dei grafiske illustrasjonane til dei fire evangelia (1970).
I den siste essaysamlinga finn vi "Og han fant dem sovende. En påskebetraktning", der han med utgongspunkt i dei sovande læresveinane reflekterar over   påskebodskapet. I eit poetiske språk spør han kvifor vi flokkast om desse "negativitetens alkymister" som tek bort all von om at denne grensesprengande bodskapen er sanning. Vi kjenner oss igjen i disiplanes søvn i hagen, den grip oss med slik overnaturleg uhygge og samstundes meiningsfylde, skriv Ranheimsæter. Korleis kan vi vakna av denne tunge svevnen, erkjenna vår lathet og avmakt, ikkje vera så lamme i vona, så snare til fortviling ? Nokon trer til med eit vekkingsrop, nokon strekk ei hand frå dagen !  
Ranheimsæter avsluttar med ei skildring av påskenattas mysterium:
"Så det er nok ingen tilfeldighet at frelsens fest som vi nu feirer, krones med en våkenatt. Vi gikk inn i påskens syklus med et askekors på pannen, dødens eiermerke. "Menneske husk at du er støv"
Men det er midt i mørket da hele verden stunder mot støvets og utslettelsens dimensjon og alt sover, at Kirken lar oss stå oppreist i oss selv med et brennende lys i hånden. Skjønner vi så ikke hvorfor påskens utgang nettopp fylles av vekkelsens  og våkenhetens tegn: en kors-stang som banker mot døren, en gnist som spruter av et fyrstål. For "det bøiede rør vil han ikkje nedbryte og den rykende tande vilde han ikke utslukke". Han kommer oss lysende i møte som våket da vi sov, for å meddele oss sin seier over dødstyngselen i vårt kjød, slik lyset frå alteret brer seg frå hånd til hånd gjennom mørket. Og våre hender aner nok at det er en hemmelig pakt mellom det nytente menneske i oss og denne harde lille loddrette søyle av voks med det årvåkne øye - funklende med en lånt ild som helt ut er blitt dens egen."     

         

søndag 5. april 2015

Påskenatt

Vi feirar årets viktigaste høgtidsdag: Påskevigilien. Lumen Christi - Lyset frå Kristus.
Kyrkja er fullsatt når det store påskelyset som er tent utanfor kyrkja blir bore inn i prosesjon og påskelovsongen framført som innleiing til feiringa av oppstoda.

"Fryd deg - du himlenes engleskare !
Juble av glede, Guds  mysterier !
La frelsens basun kunngjøre den stor konges seier !
Må også jorden - lysende i den evige konges klarhet,
glede seg i sin nye strålekrans,
og vite, at mørket som omslutter verden, er hevet.
Glede seg skal også Kirken, vår mor,
kledt i glansen frå så stort et lys,
mens denne hall gjenlyder av mengdens mektige sang.

(Innleiinga til Påskelovsongen-  Exultet)

Etter lesinga av påskenatts mange bibeltekstar følgjer  dåpsliturgien med velsigning av dåpsvatnet og påskelyset. To unge vaksne blir døypt og ein konvertitt stadfestar trua, og alle får deretter fermingas innsegl.
Deretter kan alle ta del i fornyinga av dåpsløftet.
Etterpå sosialt samver ut i dei små timar med god mat og drikke. Det er ikkje minst viktig, for dette er og feiringa av det store fellesskapet!




                                Pave Frans med påskelyset