lørdag 31. oktober 2015

Nye helgenar: Zelie og Louis Martin

2015 har vorte eit viktig år for  alle karmelittar. Vi har feira 500 års jubileet for Teresa av Avila sin fødsel i 1515. Minnedagen 15.oktober som eit høgdepunkt. Så har vi fått ein ny helgen, palestinske søster Mariam som vart heilagkåra 17. mai (eg har tidlegare skreve om henne). Og til slutt under familiesynoden i Vatikanet no i oktober vart foreldra til vår store helgen Therese av Jesusbarnet Zelie Guerin Martin og Louis Martin heilagkåra av pave Frans. Det vart dei ikkje avdi dei er foreldre til Therese, men  avdi dei i seg sjølv er eksempel til etterfølgjing. Det vart sagt at dei var "eksemplariske i alt", ikkje minst i sitt ekteskapelege samliv. Begge var svært fromme og hadde i utgongspunktet tenkt seg klosterlivet, men vart ikkje funne eigna til det, istaden vart det til at dei levde ut sitt kall i familielivet ! Dei vart gift i 1858 og fekk ni born, fem døtre levde opp og vart alle ordenssøstre. Den yngste var Therese som vart fødd i 1873, Foreldra var då alt godt opp i åra, mora var  42 år og faren 50 år. Berre fire år seinare døydde Zelie av kreft og Louis stod att åleine med fem døtre mellom sytten og fire år. Dei flytte då til svoger og svigerinne i Lisieux der Therese vaks opp og etterkvart gjekk inn i Karmelklosteret. Louis levde til 1894, då han døydde svært skrøpeleg etter fleire alvorlege slagtilfelle. Dattera Celine var hos han til det siste, men etter farens død valde ho og å bli karmelittnonne.
Saligkåringsprosessen vart innleia alt på femtitalet, og etter eit stadfesta mirakel vart dei saligkåra i 2008. Etter det andre mirakelet, vesle nyfødde Carmen i Spania vart på uforklarleg vis frisk, vart det avgjort at dei skulle heilagkårast saman. Berre få ektepar har vorte dette til del tidlegare.
Det skjedde altså 18. oktober i år på Petersplassen. Det var nok ikkje tilfeldig at dette skjedde under familiesynoden,ekteparet Martin vert framheva som eksempel til etterfølgjing for alle par.
Under heilagkåringssermonien deltok begge borna som vart lækte på mirakuløst vis, saman med familiane sine!


"Dieu m`a donne un pere et une mere plus dignes du Ciel que de la Terre"
(Gud har gjeve meg ein far og ei mor meir verdige for himmelen enn for jorda)
Sitat fra Therese som er skreve inn på gravsteinen til foreldra.

torsdag 29. oktober 2015

Nordisk råds litteraturpris

Nordisk råds litteraturpris gjekk i år ikkje ufortent til Jon Fosse for roman trilogien Andvake , Olav draumar og Kveldsvævd. Fosse har dei siste åra profilert seg som ein av dei mest spelte samtidsdramatikarane, men han skriv og lyrikk, barnebøker, essay og romanar. Han seier at i åra framover vert det mest prosa og ikkje meir dramatikk. Både i form og innhald har han funne si eiga orginale uttrykksform. Språket er eit enkelt, kanskje litt arkaisk nynorsk, framført i ei kompakt form med stadige gjentakingar og variasjonar over eit tema. Personane hans uttrykkjer universelle problemstillingar i ei tidlaus ramme, men som og er grunnfesta i ei lokal ramme, det vest- norske.
Fosse rører og ved dei store religiøse spørsmåla. Vinnartrilogien blir karakterisert både som evangelietekst, visjonsdikting og kristen mystikk. For Fosse er mystikar, han prøver heile tida å uttrykkja dei erfaringar som ikkje så lett let seg fanga av språket. I samtaleboka med Eskil Skjeldal - Mysteriet i trua- får vi  ei fascinerande innsikt i akkurat dette. Her gjer han og greie for sin veg til Den katolske kyrkja. Vel verdt å lesa.
Til lukke med prisen Jon Fosse ! Vi ser fram til fleire bøker i åra som kjem.

Ein stille vind

ein vind går igjennom livet
og andar stille rørsle

han seier det finst ei stille
open for deg og for meg

han seier det finst ei redsle
som ikkje gjer oss redde

han seier det finst ein lagnad 
og lagnaden er stille

(Frå Stein til stein 2013)



tirsdag 20. oktober 2015

"A Song among the Stones": Den heilage Sunniva

Keneth Stevens diktsyklus "A Song among the Stones" frå 2012 handlar om dei irske munkane som på 600 talet skal ha  reist frå Iona og nordover til Island. Det er eit vakkert verk djup rotfesta i den gamle keltiske tradisjonn frå St.Columba som har levd vidare på stadar som Iona like til vår tid. Samstundes er det ei  storslått naturskildring frå Skotland, Atlanterhavet og Island. Men her er og eit lite sidesprang til Vestlandet, til Den heilage Sunniva og Selja.

"tell us av story, they said

he thought a long time
unsure, like someone
searching blind in a cave

these are pieces of story, he said
like the charred ends of burned wood
and odd glow of ember
lighting like an eye when blown

Sunniva, an Irish princess
lusted after by some chiftain thug
fled with her followers
across the sea into fragments of islands
blown wherever God would

into the gnarled edges of western Norway
in and out of storm
a place driven by flocks of snow
a blue wind all summer

in time they heard whisperings of her again
sought to root her out as a bear
claws wild honey from a stump

she prayed the rocks might fall
rather than be carried off alive
buried under mountain rubble

however many years after
in the half darkness of winter
they came to Selja, saw strange light
glowing underneath the rocks

there the monastery was built
of broken stone
above the place where she had never died"




mandag 12. oktober 2015

Kenneth Steven :Argyll, October

Den skotske poeten Kenneth Steven vender eg stadig tilbake til, Han skildrar Skotland, naturen og menneska som bur der i vakre bilete og med ein djup varme. Over det heile er det ein høg himmel som vitnar om at det  bak alt dette vi ser rundt oss, dette vi opplever, er ei større meining. Det guddommelege kjem ofte klårt fram i dikta hans, grunnfesta i ein keltisk spiritualitet og tradisjon.
Ein oktoberdag står han  ved sjøen i Argyll, der forfedrene fann Gud på desse forblåste kystane og der naturen  framfører ein salme vi kan slutta oss til.

Argyll,October (from Evensong 2011)

"out at the sea`s edge
the whole wind riding the day
the bracken crippled and whipped
the sometimes of light blown away

here in the huddles of stone
a whole millennium before us
men from Ireland made chapels
found God in these blown wide skies

further in, where boats nodded and rocked
in little creeks of sun under overhangs of oak
we listened to the psalms of blackbirds"






Service (from Iona 2000)

"Two nuns exchange welcomes;
Their soft words like the water
That flows through the cress at the well`s mouth.

Candles melt in the darkness
Cover the Christ with light like sweat -
His wounds cry with new blood.

People`s mouths pray
Their words gentle as grass, their eyes
Clenched with faith.

This is the Easter of life;
Waiting in the dark before dawn -
Trusting the sun."




tirsdag 6. oktober 2015

Den heilage Bruno og karteuserordenen

I dag feirar vi minnedagen for Den heilage Bruno som vert rekna som grunnleggjaren av karteuserordenen. Han er og skytshelgen mot pestsjukdom.
Bruno vart fødd i Køln omlag 1030. Han verka som domkannik i Reims før han fekk kall til eit strengare klosterliv. Han grunnla klosteret Le Grand Chartreuse i ein avsides dal nordaust for Grenoble. Det er framleis ordenens hovudsete. Bruno la opp til eit svært strengt og asketisk liv prega av stillhet, faste og bøn. Brødrene levde store delar av tida i eremitthytter og samlast til messe, enkelte måltid , matutin og vesper. Dei andre tidebønene vart lese individuelt. Bruno vart mot sin vilje kalt til Rom som rådgjevar for pave Urban II. Han grunnla og eit tilsvarande kloster i Sør- Italia  der han og døydde omlag år 1101. Karteusarane grunnla ei rekkje kloster rundt om i Europa i hundreåra som følgde, også i Danmark men ikkje i Noreg.Mange av dei vart nedlagt i tida etter den franske revolusjonen. I dag eksisterar det omlag 25 karteuserkloster rundt om i verda.
Ordenen er kjent for sin likør med navn etter moderklosteret. For eit par år sidan kom filmen "Die grosse Stille"(Den store stilla) som skildrar livet til munkane i Le Grand Chartreuse på ein vakker og poetisk måte.  Hans Fredrik Dahl kom i 2005 med boka "Kalt til stillhet" der han skildrar broren Filip som er munk i eit amerikansk karteuserkloster.Vel verdt å lesa. Boka er skreve eit par år før forfattaren sjølv valde å slutta seg til Den katolske Kyrkja.
Karteuserordenen har i liten grad forandra seg frå Brunos tid. Det vert sagt at ordenen aldri er blitt reformert avdi den aldri er blitt deformert. I dag framstår den som eit alternativ for dei få som har helse og  kall til å via seg til det strengaste klosterlivet i stille, einsemd og bøn.


torsdag 1. oktober 2015

Therese av Jesusbarnet

1.oktober. Svært mange i Kyrkja gledar seg  i dag over vår høgt elska helgen Therese av Jesusbarnet. For oss i Karmel er det naturlegvis ekstra gledeleg å minnast henne.

"Ved dette livets aften vil jeg tre frem for deg med tomme hender, for jeg vil ikke be deg,  Herre, om å telle mine gjerninger. Alle våre rettferdige gjerninger er ufullkomne i dine øyne. Jeg vil derfor ikle meg din egen rettferdighet og av din kjærleighet få motta det å eie deg i all evighet. Jeg vil ikke ha noen annen trone, ei heller noen annen krone enn deg, å du min Elskede !"

Frå "Offerakt til den barmhjertige kjærlighet ". Therese oppsummerar her kjernen i kristendomen. Klarare kan det ikkje uttrykkast. !


"Gud, vår Far, du som åpner ditt rike for de små og ydmyke, hjelp oss tillitsfullt å følge den salige 
Thereses lille vei. Før oss på hennes forbønn frem til din evige herlighet."

(Dagens bønn til Laudes)