mandag 30. juli 2012

Ogmund rid heim

Du kunde godt venda heim.
Ingen jorsalfar hadde lenger veg.
Stengd av drivis i Kvitehavet.
Lange var elvane i Russland.
Med askespjot frå Sponheim
stod de ved Jeriko.

No rid du heim yver sletta i Ungarn.
Kveldsoli skin,
og vinden helsar deg frå nord.
Då ser du skautet på Vassfjøro.
Tårone dryp under hjelmen.



                                    Ulvik med fjellet Vassfjøro.

Diktaren Olav H.Hauge  døydde  nær 86 år gammal i 1994. Året etter vart det reist ein minnestein over han i heimbygda. Sjølv ønskte han ikkje nokon minnestein over seg sjølv, men over diktinga. Han valde då diktet
"Ogmund rid heim" frå samlinga  " Dropar i austavind" (1966) til å verta hoggen inn i steinen.  Steinen vart reist 25.mai 1995, forfattarven Einar Økland held avdukingstalen under overskrifta "Heimferd".
Kanskje kunne ein ikkje ha vald noko betre dikt for å karakterisera Olav H. Hauge. Ogmund frå Sponheim i Ulvik, frå soga om Håkon Håkonsson som via Russland kom til det heilage landet med "askespjot" frå  heimbygda i neven. Olav H. Hauge knyter her saman der nære og lokale med det store og globale, samstundes knyter han saman historie og notid. Når Ogmund ser fjella i heimbygda og gret er det sine eigne kjensler han gjev uttrykk for. Dragnaden til den store verda, den store utferda og så verta utferda ei einaste stor heimferd som Einar Økland seier i sin minnetale.
Ein vert aldri ferdig med denne diktaren , her er stadig nye skattar. Arne Skjerven og Steinar Bergo har skreve boka "Olav H. Hauge og bygda" som skildrar diktaren og lokalsamfunnet. Eit fint supplement til Knut Olav Åmås sin store biografi.
Til slutt  diktet " Kor lenge har du sove ? ", eg ser det som ei lovprising av undringa, ei av dei viktigaste kjenslene til mennesket.

Dette vågar du,
slå augo opp
og sjå deg ikring ?
Jau, du er her,
her i denne verdi
du drøymer ikkje,
ho er slik du
ser henne, tinga her
er slik
Slik ?
Ja, nett slik
ikkje onnorleis
Kor lenge har du sove ?



søndag 29. juli 2012

Pusteøvelse

Hvis du kommer langt nok ut
får du se solen bare som en gnist
i et sluknende bål
hvis du kommer langt nok ut.

Hvis du kommer langt nok ut
får du se hele Melkeveiens hjul
rulle bort på veier av natt
hvis du kommer langt nok ut.

Hvis du kommer langt nok ut
får du se Universet selv,
alle lysår-milliardenes summer av tid,
bare som et lysglimt, like ensomt, like fjernt
som juninattens stjerne
hvis du kommer langt nok ut.

Og ennu min venn, hvis du kommer langt nok ut
er du bare ved begynnelsen
-til deg selv.

Rolf Jacobsen (1907-1994) er ein dei sentrale i norsk etterkrigs lyrikk. Diktet eg har sitert ovanfor er frå diktsamlinga "Pusteøvelse" som kom i 1975. Det seier mykje om mennesket og vår vesle plass i kosmos.
Jacobsen var journalist og avisredaktør men det er som lyrikar vi først og fremst kjenner han. Frå debuten i 1933 med "Jord og jern" og til den siste diktsamlinga "Nattåpent" i 1985, kom det ei lang rekkje bøker, mange av dei er omsett til vel 30 ulike språk. Alt med den første boka vekte han annerkjenning, "en ny stemme for en ny tid" vart det sagt. Han skreiv heile tida i ein modernistisk stil med konkrete og daglegdagse bilete, ofte henta frå bylivet og moderne teknikk. Sentrale tema er forholdet mellom naturen og det moderne teknifiserte samfunnet, mellom det tidlause og det aktuelle, mellom tradisjon og nyskaping.
Han fekk etter kvart eit stort publikum ikkje minst med den siste, sterkt personlege diktsamlinga  " Nattåpent". Dikta handlar om sorga etter kona Petras død i 1983.  " Blant de vakreste kjærlighetsdikt i hele den norske litteratur" skreiv Finn Jor i Aftenposten. Mange fann trøyst i eiga sorg i desse dikta.
Rolf Jacobsen vart teken opp i Den katolske kyrkja på byrjinga av femtitalet. Få av dikta hans har ein klar religiøs tematikk eller biletbruk, men han er likevel ein diktar som opnar opp mot ein dimensjon som ligg utanfor dagleglivets avgrensa verd.
Til slutt eit av dikta frå "Nattåpent":



DET VAR HER-

Det var her.Akkurat her
ved bekken og det gamle nypekjerret.
Sen vår i år, rosene er bleke ennå,
nesten som kinnet
den første morgenen bak døden.
Men det kommer,
bare lyset, bare duften, bare gleden
kommer ikke.

Men det var her
og det var kveld og måne,
bekkesildr
sånn som nå.Ta hånden min,
legg armen der.
Så går vi da
sammen i sommernatten, tause
mot det som
ikke er.




Og heilt til slutt eit sitat frå dagboka hans like etter krigen:" Blir trykket stort nok, vil dine sorger bli til diamanter.

lørdag 28. juli 2012

Olsok

Antifon til Magnificat: I dag er gledens dag, i dag er tid for lovsang. Kirke syng, og himmel svar : Striden er over seieren er vunnet, med palmegren og krone føres Olav frem for Herrens trone;en pryd for fyrster og konger.

St.Olav i Nidarosdomens portal.

Frå Olav den Heilages saga av Snorre Sturlason: "Biskopen  erklærte da med kongens samtykke og hele mengdens bifall at kong Olav var en hellig mann. Hans legeme ble båret inn i Klemenskirken og bisatt over høyalteret. Kisten ble svøpt i et kostelig klede og dekket med fløyel. Og allerede da skjedde det mange slags jærtegn ved kong Olavs helligdom."

Antifon til Non: Ordet ble lagt i hans munn, og mange ble kalt til troen på den sanne Gud.

onsdag 25. juli 2012

Poetica:Concepción.Barokk musikk frå Bolivia

Florilegium & Bolivian soloists:  Bolivian Baroque. Baroque music from the missions of Chiquitos and Moxos Indians. Channel Classics records 2005.


Caîma,  Iyaî Jesus
Izet` aemo, au niñooutimo,
na apoquenu nauxîica,
mta auna cubare iñemo.
( I dag, Herre Jesus
kjem eg til deg, for du er mi von
i deg finn eg mi lukke
fordi eg også elskar deg)

Denne teksten på det lokale indianerspråket i Concepcion er med på Florilegiums første CD med barokk- musikk frå Bolivia som vart innspelt i katedralen i Concepcion i 2004 og som fekk ein strålande mottaking i verdas leiande musikktidsskrift.
Av og til dukkar det opp ukjente musikkskattar frå gløymte arkiv slik som Bach kantaten " Alles mit Gott" som eg tidlegare har skreve om. Men på 1990 talet blei det funne mange tusen barokk komposisjonar djupt inne i jungelen i Bolivia. Den polske jesuittpresten og musikkforskaren Piotr Nawrot er den som kan takkast for at denne ukjente musikken kom fram i ljoset. Pater Nawrot hadde lenge vore sentral i boliviansk musikkliv som pådrivar i musikkopplæring av barn og unge, og som kunstnarleg direktør for barokk musikk festivalen i Bolivia. Når han drog fram denne ukjente musikken var det i tradisjonen til sine ordensbrødre som dreiv misjon i Bolivia frå 1600 talet og fram til dei vart utviste i 1767. Sentralt i  jesuittane si misjonsverksemd stod musikalsk opplæring av dei innfødde, både instrumentalt, vokalt og i komposisjon.
Kvart lokalsamfunn der det var jesuittmisjonærar  hadde sine orkester og kor som vart nytta i det daglege liturgiske livet. Ein del av musikken var av europeisk opphav eller av latinamerikanske komponistar slik som  Domenico Zipoli frå Argentina, men mange komposisjonar hadde lokalt indiansk opphav. For jesuittane var det viktig å dra inn lokale tradisjonar og spela på dei innfødde sin kreativitet, det var like naturleg å nytta sakrale tekstar på lokale språk som på latin.
Piotr Nawrot har nok følt at denne musikalske skatten måtte også verda utanfor Bolivia få del i. I 2001 tok han kontakt med  det britiske barokk orkesteret Florilegium og den kunstnarlege leiaren Ashley Solomon.
Dette fruktbare samarbeidet har til no ført til innspelinga av tre CD med barokk musikk frå Bolivia, ei rekkje konsertar og fjernsynsprogram. Og ikkje minst eit kraftig løft for musikklivet i dette fattige latinamerikanske
landet.
Dette er musikk der tekst og tonar løftar sjela, og ein ser klårt at  den verdensvide Kyrkja er utan avgrensing i tid, rom, språk eller kultur.



http://www.youtube.com/watch?v=ZNeYBdGN7OQ




                   Concepción.

Regnskogen som eit levande vern rundt musikken,
og denne åpne plassen inst inne i hjarta
mellom katedralen og landsbyen.
Tonane som sølv i trekrunene
der ingen kan seia kvar tonane sluttar
eller lyset byrjar.
Nedfrosne lysstråler tint opp etter trehundre år
inn i det varme,fuktige, grøne
der fuglesongen er så sterk
at den får farge.
Ein stad mellom grønt og fiolett
går det an å minnast dette
og likevel alt som er utanom.


onsdag 18. juli 2012

Poetica:Pére Lachaise

Pére Lachaise er Paris størst gravplass. Sidan byrjinga av 1800 talet er meir enn sytti tusen personar, kjente og ukjente, gravlagde her. Det som nok og dette som  gjer Pére Lachaise til ein turistattraksjon , gravsteinane med med dei mange store navna, særleg dei frå kulturhistoria. Her finn ein komponistar som Chopin, Rossini og Poulenc, forfattar som Oscar Wilde, Marcel Proust og Guillaume Appolinaire, filosofar som Lyotard og Merleau-Ponty, artistar som Edith Piaf, Jim Morrison, Isadora Duncan og Yves Montand.
I døden er dei alle like, eller iallfall nesten, enkelte av gravmonumenta er  meir forseggjorde og utsmykka enn andre.
Å gå rundt her er spennande , det skaper mange tankar om liv og død, kunst og kvardagsliv.

                            Pére Lachaise

     

Døden er grøn og varm

                           som tidleg april søndag
dansar så lett

etter Chopins mazurkaer
og angrar ingenting
som spurven Edith Piaf
gløymer ikkje eit av
Guillaume Appolinaires kjærleiksbrev
til Lou som ho aldri fekk
og ho ligg heller ikkje her
men på Cimetière de Passy
Heloise og Abelard skilde i livet
sameina av døden
lik Amadeo Modigliani
og hans Jeanne
kven kan måla smerten i livet
når roen etterpå er så uendeleg
den tapte tida
som vi ikkje er på sporet av
likevel er der
djupt i Marcel Proust straum av ord
men tapt for alltid for Consuelo
Consuelo de Saint Exupery
som viskar navnet til sin vesle prins
skylt bort av Middelhavets bølger
og den fjerne lyden av fly
i stjerneklåre netter
ikkje Jim Morrisons ”The End”
men Francis Poulencs Gloria
og dei modige karmelittnonnene
frå Compiegne
som med freden frå den andre sida
steig opp på skafottet
og så desse syttitusen andre
som er borne ut av tida
men enno viskar navna til sine
som ikkje skal høyra det
for snart er også dei viska ut
og berre vinden i trekrunene er att
men i dag er døden mild
ingen siste fiende
ingen fredlaus motstandar
-         eit mjukt drag over kinnet
så djupt
så grønt.


 Gravplassen til Frederic Chopin, der det alltid ligg nye blomar.

mandag 16. juli 2012

Vår Frue av Karmelberget

16. juli er minnedagen for "Vår Frue av Karmelberget". Dagen blir feira til minne om grunnlegginga av Karmel ordenen, opprinnelig som eit eremittsamfunn på Karmelberget i Palestina.

Frå Karmelklosteret i Tromsø "Totuus Tuus"

Antifon til Benedictus: Jesus sa til sin mor: Kvinne, se der er din sønn. Så sa han til disippelen:Se, der er din mor.Og fra den stund av tok disippelen henne til seg.

Antifon til Magnificat: I dag er Jomfru Maria blitt gitt oss til mor. I dag har hun vist oss sin miskunn. I dag synger hele Karmel av fryd mens vi feirer festen for henne som har gitt oss navn.4

Jes.35.1-2:Ørken og tørt land skal glede seg, øydemarka skal jubla og bløma, som lilja skal ho bløma og jubla, ja, ropa av fryd. Libanons herlegdom har ho fått, Karmel og Sarons glans. Dei skal få sjå Herrens herlegdom, glansen frå vår Gud.

søndag 15. juli 2012

Skaperkoden

I boka "Skaperkoden. Har moderne naturvitenskap knekket den ? " tar professor i kyrkjehistorie Oskar Skarsaune for seg forholdet mellom kyrkja og den moderne naturvitskapen.
Han byrjar med Darwin og "Livets gåte", går vidare til Hawkin og "Skaperens gåte", for til slutt å ta for seg spørsmålet om det eigentleg har vore nokon konflikt mellom kyrkja og naturvitskapen slik mange av dei moderne ateistane vil hevda. Ateistane med biologen Richard Dawkins i spissen vil hevda at tanken og trua på ein skapar både er ufruktbar, overflødig og meiningslaus. Naturvitskapen har vakse fram i stadig kamp mot kyrkjas dogmer, og vi er der vi er i dag trass i kristendomen og ikkje på grunn av den. Skarsaune og mange med han hevdar tvertimot at det ikkje er tilfeldig at naturvitskapen oppstod i den kristen middelalderkulturen og ingen andre stadar. Rasjonell naturvitskapleg tenkning vaks fra i arven frå dei store grekarane gjennom heile middelalderen , og den var det kyrkjas menn som stod for. Allerede Augustin gjorde klart at når det gjeld universets oppbygning er det astronomanes svar som gjeld. Bibelen har aldri hatt til hensikt å læra menneska om  slike spørsmål. " La det ikke være tvil om følgende: Når denne verdens vise virkelig kan bevise noe som har med naturens fenomener å gjøre, da skal vi på vår side vise at det ikke er istrid med vår Skrift.", skriv han ein stad. Det er likevel ikkje til å nekta for at det oppstod konfliktar mellom kyrkja og vitskapen som prosessen mot Galilei. Hadde ein bare halde seg til Augustins kloke råd, som er fjernt frå vår tids kreasjonisme, hadde mange konfliktar kanskje vore unngått ?
Oskar Skarsaunes bok går i møte med "den nye ateismens" kritikk av Gud som universets skapar. Er gudsbegrepet ufruktbart, overflødig og meiningslaust ?  Skaparen forstått som alle tings opphav er eit anna svar enn spørsmålet om ein fysisk årsak. Gud som opphav, ikkje årsak!

Kanskje får vi eingong som Stephan Hawking trur, ein stor samanfallande teori om universet. I såfall eit sett med matematiske reglar og likningar, men kva er det som pustar eld i likningane og skaper  dette universet som likningane uttrykkjer ? Kvifor  er alt som er, og ikkje heller ingenting ? Og kva med universets fininnstilling, alle dei små tlifeldigheitane som skal til for at liv skal oppstå på eit eller anna tidspunkt, og til slutt liv som er sjølverkjennande.  Universets "biovennlege natur", intensjon eller tilfeldig ?
Er alle utsagn som ikkje kan grunngjevast vitskapeleg  utan meining?  I så fall har dei nye ateistane rett, men heller ikkje dei vil kunna hevda dette konsekvent og til slutt møter dei seg sjølve i døra.
Det skapande og kreative mennesket som analogi til den skapande Gud. Kanskje er det der vi kjem Gud nærast , som person, som eit eg, som bilete og identitet, som mønster og opphav ?
Oskar Skarsaunes  bok "Skaperkoden" vitnar om ein forfattar som han evne til å gå utover sitt eige fag og framstilla desse problemstillingane på ein forståelege og engasjerande måte. Vel verdt å lesa for alle som er interessert i grenselandet mellom teologi og naturvitskap.



Frederick Delius

" In Florida, through sitting and gazing at Nature, I gradually learned the way in which I should eventually find myself.... Contemplation, like composition, cannot be taught."
Slik skriv den unge Frederick Delius (1862-1934) om sit veg til komponistgjerninga der han i ungdommen sit på appelsin plantasjen i Florida der faren hadde sendt han. Naturen, ikkje minst den norske fjellnaturen skulle seinare få stor betydning for denne engelske og  kosmopolitiske komponisten som vi i år feirar 150 års jubileum for. Delius var fødd i Bradford, Yorkshire der hans tyske immigrantforeldre hadde slått seg opp i tekstilindustrien. Han budde det meste av livet i Frankrike, men var sterkt knytt til Norge, både norsk natur og kultur.Han var glad i å gå tur i fjella, og på 1920 talet bygde han seg eit sommarhus på Lesja.
Han vart ein nær ven av Edvard Grieg som støtta og oppmuntra han og som klarta å overtyda faren om at Fredricks kall i livet var musikken ikkje forretningslivet. I kretsen rundt Grieg møtte han også Johan Halvorsen og Christian Sinding som vart hans vener. Han budde i lengre tid i Paris der han knytte kontakt med kunstnarar som Strindberg, Gauguin, Rodin og Ravel, og ikkje minst Edvard Munch som han heldt kontakten med resten av livet, og som har lagt fleire portrett av Delius.
Når det i år vert feira 150 års jubileum for Fredrick Delius er det ein av dei store engelske toneskaparane som vert heidra. Han hadde ein omfattande produksjon av musikkverk, opraer, kor og orkesterverk, kammermusikk og romanser. Det som er spennande er hans nær tilknytning til Norge. Han lærte seg norsk, leste norsk litteratur og sette musikk til dikt av Vinje, Bjørnson og Ibsen. Heile livet vendte han tilbake til Norge og dei norske fjell som han sette så stor pris på. Sommaren 1923 sat han i sommarhuset sitt på Lesja sterkt svekka av sjukdom og hadde eit siste ønskje om å nå fjelltoppen Liahovda bak huset. Den australske kollegaen Percy Grainger var på vitjing, han fekk arrangert det slik at Delius vart boren på ein stol festa til to stokkar opp på fjelltoppen. Då dei stod på toppen etter ein lang og strevsam tur, sprakk skydekket opp og Fredrick Delius fekk for siste gong sjå den norske fjellheimen som gav han så stor glede.
Eg lyttar til "Sea drift" etter tekst av ein annan stor kunstnar og naturelskar amerikanske Walt Whitman, og eg ser for meg den sterk svekka mannen som for siste gong får sjå sola gylla dei norske fjella og eg forstår veldig godt det han då kjenner på !
Eit av Edvard Munchs portrett av Fredrick Delius

torsdag 12. juli 2012

L`Eglise Orthodoxe Russe.

For mange år sidan kjøpte eg ein CD med  vakker sakral musikk framført av Quatuor Vocal Russe de Nice. På coveret var det bilete av den ortodokse katedralen i Nice. Dei ortodokse hymnane gjorde sterkt inntrykk, og eg forstår godt at munkane på St. Honorat som eg skreiv om sist let seg inspirera også av den bysantiske-slaviske liturgiske tradisjonen. Den ortodokse katedralen i Nice er den største i Vest-Europa, innvia i 1912, og for ein stor del finansiert av tsar Nikolai II. Den franske Rivieraen var på 1800 talet eit populært reisemål for velståande russarar slik det også er i dag. Etter revolusjonen kom også svært mange eksilrussarar og slo seg ned her. Tsar Aleksander II var her på midten av 1800 talet og sonen Nicholas som skulle bli den neste tsaren og var forlova med den danske prinsessa Dagmar, døydde her i 1865 av hjernehinnebetennelse. Eit par år etter vart det innvia eit kapell til minne om han og katedralen vart seinare reist like ved sida av dette kapellet. Området rundt er prega av ein idyllisk park.
Den russisk ortodokse menigheten i Nice nyttar denne katedralen til dagleg. I det siste har det vore ein juridisk strid om eigedomsretten til katedralen mellom etterkomarane etter eksilrussarane og russiske styresmakter.
Vi kjem der ein tidleg morgon og katedralen lyser mot oss. Dessverre går det ikkje an å sleppa inn pga. opppussing og vi må nøya oss med det utvendige synet og let oss inspirera av kuplane som løfter seg mot himmelen.





Cathedrale Orthodoxe Saint Nicolas de Nice(det ofisielle navnet)


lørdag 7. juli 2012

Abbaye de Lérins 2.


Innleiing til dagens første tidebøn:
”Seigneur, ouvre mes lévres, et ma bouche proclamera ta louange.”

(Herre, løs min tunge. Så min munn kan forkynne din pris)

Frå br. Marie-Cyprien Sclarandis artikkel :" Frå den liturgiske til bøna til den indre bøna: eit monastisk vitnesbyrd":
"Røtene. Bøna vår i Lerins er djupt prega av arven frå fortida. Fortida er i dag levande i ein trebobbel tradisjon. For det første den frå St. Honorat og den eldste klostertradisjonen, der etter det vi har teke imot frå den benediktinske tradisjonen, og til sist den cisterncienske  spiritualiteten som ein fann tilbake til  i og med reetableringa av klosteret på midten av 1800 talet. Det samansette monastiske livet henter sine kjelder både frå det gamle og det nye, både frå den vestlege og austlege liturgiske tradisjonen. Frå dei siste har vi lånt dei bysantisk-slaviske melodiane, deira manande kraft bidreg til den indre samlinga.Visseleg er ikkje kyrkjas liturgi lik den himmelske. Openbaringa skjer ikkje andlet til andlet. Den er delvis tilslørt og alt vert ikkje forklara i liturgien. Foklaringa kan kvela mysteriet.
Liturgien er alt no og enno ikkje, og avspeglar vår tilstand som pilegrimar på veg mot det lova landet som vi skuar i det fjerne.På same måte stod Moses på Nebo berget over sletten i Moab, høgt over det gråe kvardagslivet."( mi omsetjing)


"Sept fois chaque jour, je te loue pour tes justes decisions"
(Sju gonger om dagen lovsyng eg deg for dine rettferdige lover.)
Salme 119.164(118)

onsdag 4. juli 2012

Abbaye de Lérins

Frå salme 66 til Laudes:
”Que Dieu nous prenne en grâce et nous bénisse, que son visage s`illumine pour nous; et ton chemin sera connu sur la terre, ton salut, parmi toutes les nations.”

( Gude vere oss nådig og velsigne oss. Gud la sitt andlet lysa for oss! Då skal din veg bli kjend på jorda, di frelse mellom alle folkeslag.)

Hagen framfor klosteret mot inngongen til kyrkja.


Det er berre ei kort båtreise på om lag ein halv time frå havna i Cannes ut til îles de Lérins. Den største er Sainte Marguerite, skild frå denne med ein smalt sund ligg Sainte Honorat. Ei kort reise frå det hektiske livet i Cannes, men likevel ei lang reise. Når vi stig i land på Sainte Honorat er det som å koma til ei anna verd, ei verd av ro, stille og bøn. Vi går gjennom ein allé omkransa av vinmarker og lavendel til den andre sida av øya, her ligg klosteret Abbaye de Lérins like i sjøkanten. Litt lenger ute ligg det gamle klosteret, bygd som festning i vern mot sjørøvarar. Dette er historisk grunn, det første klosteret vart grunnlagt av Den heilage Honoratus på 400 hundretalet. Klosteret hadde oppgangs- og nedgangstider, og  etter den franske revolusjonen vart det stengt og øya lagt ut på auksjon. Men det kom nye tider og i 1869 vart det overteke av Cisterncienserordenen ( dei same som er på Tautra og Munkeby i Trøndelag), og klosteret har vore aktivt etter det. I dag bur det vel 20 munkar her. Cisternciensarordenen er ein av dei kontemplative klostersamfunna, dvs. det er bøn som er deira viktigaste oppgåve, den individuelle bøna i klostercellene men ikkje minst fellesbøna, tidebønene som innesluttar heile døgnet. Det byrjar med vigilien kl 0430 og avsluttar med kompletorium kl 1945, mellom desse tidspunkta ber dei laudes, ters, sext, non og vesper. Eit velprøvd system utvikla av Kyrkja i dei første hundreåra og nytta av tusenvis av munkar og nonner like til vår tid. Men dei nyttar ikkje lenger dei latinske tekstane, fransk har overteke og gjer det heile meir tilgjengeleg for oss.  ” Ora et labora”- bøn og arbeid er uløyseleg knytt saman i Cisternciensarordenen slik også i Abbaye de Lérins. Her er det vinproduksjon som gjev arbeid til munkane og inntekt til klosteret.

Etter å ha sett oss rundt går vi til klosterkyrkja som er den einaste delen av klosteret som er open for publikum, det er tid for messa, den daglege Eukaristifeiringa. Kyrkja fylles opp denne onsdagsformiddagen, og det oppleves godt å vera ein del av dette, ikkje berre ein tilfeldig utanforståande. Når vi på slutten av dagen ser St. Honorat forsvinna bak oss er det med ønskje om å koma tilbake ein annan gong!
 Lenke til klosteret si heimeside: www.abbayedelerins.com/


Båten til Iles de Lerin: http://www.cannes-ilesdelerins.com/index.php
Avslutninga på kvart ledd i tidebønene:
”Gloire au Père et au Fils et au Saint Esprit, pour les siècles des siècles. Amen”
(Ære være Faderen og Sønnen og Den Hellige Ånd. Som det var i opphavet, så nå og alltid og i all evighet. Amen)

mandag 2. juli 2012

Thérèse Martin på veg heim frå Roma

Når ein er ute og reiser kan det brått dukka opp uventa og spennande detaljer slik som dette skiltet på eit hotell på Quai des Etats-Unis i Nice.





På dette hotellet budde den unge Thérèse Martin seinare kjent som St. Thérèse de  L`enfant Jèsus.(Den heilage Thérèse av Jesusbarnet) mellom, 28. og 29. november 1887 på veg tilbake frå Roma.

Thérèse var saman med faren og søstera Celine med i ei gruppe franske pilegrimer som reiste til Roma. Reisa gjekk frå Lisieux i Nord-Frankrike til Paris, vidare via Sveits til Milano, Venezia, Assisi og Loreto for så endeleg å nå Roma. På vegen er dei innom mange kyrkjer og heilage stader, men høgdepunktet er audiensen hos pave Leo XIII som dette året feirer sitt 50 års jubileum som prest. Thérèse fell på kne og ber han om løyve til å bli karmelittnonne sjølv om ho berre er femten år.  Pavens svar er at dersom det er Guds vilje vil ho få gå inn i karmelklosteret. Thérèse føler seg nedtrykt etter å ha fått dette svaret, men året etter får ho likevel ønsket sitt oppfylt.

Thérèse skriv detaljert om reisa til Roma, men ikkje så mykje om heimturen.  ” Etter å ha passert Pisa og Genova kom vi tilbake til Frankrike via ein av dei vakraste rutene. Til tider var vi nær sjøen, og ein dag med storm syntest det som om bølgene skulle nå toget. Vidare reiste vi over sletter med appelsintre, oliventre og palmer.  Om natta kunne vi sjå dei blinkane lysa frå havnebyane, og stjerner dukka opp på den djupt blå himmelen. Eg såg det vakre landskapet gli forbi augene mine utan kjensle av tristhet – hjertet mitt var alt ein annan stad.” Thérèses hjerte er alt i Karmel der ho skal koma til å leva eit stille liv som nonne inntil ho døyr av tuberkulose 24 år gammal. Ikkje noko tyder på at det er noko ekstraordinært med henne, og så blir ho likevel den moderne tids kanskje viktigaste helgen.

I eit kort glimt ser eg henne for meg denne novemberdagen for 125 år sidan i det ho går inn på  hotellet, kledd i mørk, fotsid kjole, håret sett opp i nakken. Ho går i lag med Celine og faren , alle trøtte etter reisa, men i augene til Thérèse er det eit lys frå den andre verda. Så er eg tilbake i folkemengda, i sollyset og bølgene på Baie des Anges, og eg kjenner at dette er ikkje lenge sidan, Thérèse er fødd same året som min bestefar, ho kunne vore mi grandtante!

Heilagkåra i 1925, skytshelgen for misjonærar og for Frankrike saman med Jeanne d`Arc. I 1997 vart ho av pave Johannes Paul II utnemnd til kyrkjelærer. Kvifor skjer alt dette ?

Kanskje fordi ho klårare enn dei fleste  viser oss kjernen i evangeliet, gjennom sitt liv og sine skrifter(L`histoire d`une âme). Thérèses veg er den vesle vegen der vi innser at vi er  totalt avhengige av Guds nåde åleine.




søndag 1. juli 2012

Sainte Reparate

Sainte Reparate er skytshelgen for Nice og dessutan også for Firenze.


Alteret for Sainte Reparate i Cathedrale  Sainte Reparate i gamlebyen i Nice.

Sainte Reparate var ein martyr frå Caecarea i Palestina som levde i det tredje hundreåret. Ho skal ha blitt halshoggen for si tru under keiser Decius sine forfølgingar av dei første kristne. Ifølge legenda skal lekamen hennar ha blitt lagt ein båt, englar skal ha blåst båten til Baies des Anges ved Nice. Relikviane hennar ligg i katedralen. Festdagen er 8.oktober.

Chapelle Saint Pierre

29.juni er minnedagen for Peter og Paulus.
I  landsbyen Villefranche-sur-Mer litt aust  for Nice er det det eit lite kapell via til apostelen Peter, som i tillegg til å bli rekna for Kyrkjas første pave også er skytshelgen for fiskarar. Kapellet er frå 1600 tallet men var etter kvart til nedfalls, og vart nytta som lager for fiskegarn. Multikunstnaren Jean Cocteau(1889-1963) budde på det nærliggande hotellet "Welcome". Det var snakk  om å restaurera kapellet, og ein ven kjem under eit måltid med forslaget:"Mais il faut decorer cette chapelle, Jean!" (Men dette kapellet må utsmykkast, Jean!)
Jean Cocteau har lenge hatt dette i tankane og set i gang med arbeidet i 1957. Han fyller veggene i det vesle kapellet med bilete frå apostelen Peters liv saman med lokale skildringar frå Villefranche-sur-Mer. Det blir eit heilt spesielt kunstverk der apostelen Peter framstår som det svake mennesket han var samstundes som han var den klippa kyrkja vart bygd på, og alt dette i ein samanheng der han er den som særleg held si hand over dei fattige fiskarane.
Kapellet er museum og turistattraksjon, men ein gong i året 29. juni, vert det feira messe her til minne om St. Peter. Tilfeldig eller ikkje kjem vi her like før, og får delta saman med fiskarar, marineoffiserar og offisielle representantar for byen. Minneverdig!


Alterpartiet i kapellet St.Pierre.


Frå inngangspartiet med havna i bakgrunnen.

Antifon til vesper: Du er Peter, og på denne klippe vil jeg bygge min Kirke.