tirsdag 29. desember 2015

A Child`s Calendar

Snart inngongen til eit nytt år, 2016. Eg les "The Collected Poems of George Mackay Brown", poeten fra den vesle byen Stromness på Orkenøyane. I poesien sin knyter han det nære og lokale saman med det store og universelle. Årstidene, landskapet, havet, folka nord i Skottland, det liturgiske året med dei katolske festdagane vert knytt saman i hans poetiske språk, og vi ser alt tydelegare og meir avklart. Mackay Brown har fleire "kalenderdikt" der han i korte og konsise setningar karakteriserar året månad for månad. " A Child`s Calendar" passar fint no ved årskiftet.

"No visitors in January
A snowman smokes a cold pipe in the yard.

They stand about like ancient women,
The February hills.
They have seen many a coming and going, the hills.

In March, Moorfea is littered
With knocked-kneed lambs.

Daffodils at the door in April,
Three shawled Marys.
A large splurges in galilees of sky.

And in May
A russet stallion shoulders the hill apart.
The mares tremble.

The June bee
Bumps in the pane with a heavy bag of plunder.

Srangers swarms in July
With cameras, binoculars, bird books.

He thumped the crag in August,
A blind blue whale.

September crofts get wrecked in blond surges.
They struggle, the harvesters.
They drag loaf and ale-kirn into winter.

In October the fishmonger
Argues, pleads, threatens at the shore.

Nothing in November
But tinkers at the door, keening with cans.

Some December midnight
Christ, lord, lie warm in our byre.
Here are stars, an ox, poverty enough."



                                                            Godt nytt år 2016 !

mandag 21. desember 2015

Quem pastores laudavere

Quem pastores laudavere (Han som gjetarane lovpriste)var ein populær julesong på 1500 talet.Den mest kjende versjonen er ved  Michael Praetorius (1571-1621), Han er kanskje mest kjend for ein annan julesong nemleg "Ei rose er utsprungen".
Her med original tekst og engelsk oversetjing, dessutan ein lenke til eit arrangement ved den engelske komponisten John Rutter.
Quem pastores laudavere er eit vakkert bidrag i juletida,både teksten og det musikalske.


Text: Quem pastores laudavere

Michael Praetorius (1571–1621)
Original TextEnglish Translation
 
Quem pastores laudavere,
Quibus angeli dixere,
Absit vobis jam timere,
Natus est rex gloriae.

Nunc angelorum gloria
Hominibus resplenduit
in mundo.
Novi partus gaudia
Virgo mater produxit,
Et sol verus
in tenebris illuxit.
Christus natus hodie ex virgine.

Ad quem magi ambulabant,
Aurum, thus, myrrham portabant,
Immolabant haec sincere
Leoni victoriae.

Nunc angelorum gloria...

Exultemus cum Maria
In coelesti hierarchia,
Natum promant
voce pia
Dulci cum melodia.

Nunc angelorum gloria...

Christo regi, Deo nato,
Per Mariam nobis dato,
Merito resonet vere
Laus, honor, et gloria.

Nunc angelorum gloria...
The one praised by the shepherds,
to whom the angels said,
“Now lay aside your fears,”
has been born the king of glory.

Now the glory of the angels
has become resplendent
in the world to all.
The joys of a new birth
a virgin mother has brought forth,
and the true sun has brought light
to the darkness.
Christ is born today of a virgin.

To whom the wise men made their way,
bringing gold, frankincense, and myrrh,
which they offered with open hearts
to the victorious lion.

Now the glory of the angels...

Let us rejoice with Mary
amid the host of heaven,
and let them announce the birth
with devoted voice
and with sweet melody.

Now the glory of the angels...

To Christ the king, born God,
given to us through Mary,
let there resound as is truly fitting
praise, honor, and glory.

Now the glory of the angels...
Translation: Robert Coote





tirsdag 15. desember 2015

Poetica:Kom glede, kom !

Kom glede, kom ! (Gaudete søndag)


Dagen lukkar seg tidleg no
sola, berre eit glimt av vår sjeldne gjest
så tusmørke i ventetida
og lyset kan tennast
den rosa gleda bryt fasten
du kan ropa ut det som bore
av engelvenger opnar himmelen.
Stjernetydar, gjetar, vertshusvert,
kven dekkar bord for dykk ?
Kven sjenkar glas og delar ut,
ein frukt av gyllent korn og mørke druer ?
Vi ventar no, urørlege ,lyttande.

Kom glede, kom !



søndag 13. desember 2015

Johannes av Korset

14.desember er minnedagen for teolog og kyrkjelærar , mystiker og poet , den spanske karmelittbroder Johannes av Korset - på spansk Juan de la Cruz (1542-91). Eg har skreve om han fleire goner før og tar i dag med eit kort utdrag frå "Andeleg song" om skaparverket. Kanskje eit apropos til dagens forhandlingar om klimamål i Paris ?

"Skaperverket, slik den guddommelige Augustin sier, vitner i seg selv til en viss grad om Guds storhet og fullkommenhet. For Gud som skapte alt med største letthet og på et øyeblikk, etterlot seg spor av seg selv i skaperverket, for ikke bare skapte han alt av intet, men han beriket og smykket det han hadde skapt, med utallige nådegaver og gode egenskaper, med en vidunderlig orden og innbyrdes sammenheng. Alt dette gjorde han ved sin Visdom, det vil si sitt Ord, sin enbårne Sønn.

Ved å opphøye sin inkarnerte Sønn og reise ham legemlig opp fra de døde prydet ikke Gud Fader skapningen bare delvis, men vi kan si at han ikledde den skjønnhet og ære i fullt monn."



Blomstre som er rosengård

Den danske presten, forfattaren, folkeopplysaren og salmediktaren Grundtvig (1783- 1872) har mange vakre salmar som også er blitt populære i nabolandet Norge."Blomstre som en rosengård" er ein vakker adventssalme som vi avslutta dagens søndagsmesse med. Fint å kunne dela tekst og musikk denne tredje søndagen i Advent (Gaudete søndagen)


Blomstre som en rosengård
Tekst: N. F. S. Grundtvig, 1837
Melodi: J. P. E. Hartmann, 1861

Blomstre som en rosengård
skal de øde vange,
blomstre i et gyldenår
under fuglesange,
mødes skal i stråledans
Libanons og Karmels glans,
Sarons yndigheder.

Ryste mer ej noget knæ,
ingens hænder synke,
skyde hvert udgået træ,
glatte sig hver rynke,
rejse sig det faldne mod,
rinde let uroligt blod,
frygt og sorg forsvinde!

Herren kommer, Gud med os,
troen på ham bier,
byde skal han fjenden trods,
som sit folks befrier;
alt betales på ét bræt:
fjenden sker sin fulde ret,
folket dobbelt nåde.

Skæres for den sorte stær
skal da øjne mange,
døve øren, fjern og nær,
høre frydesange,
som en hind da springer halt,
stammer, som for målløs gjaldt,
løfter klart sin stemme.

Så i Herrens helligdom
grant Esajas spå'de,
tiden randt, og dagen kom
med Guds lys og nåde,
med den Guds og Davids søn,
som gør end, i lys og løn,
paradis af ørke.

Ære med vor høje drot,
med hans Ånd tillige!
Sammen de gør alting godt
i vort himmerige,
døve, selv på gravsens bred,
øren får at høre med,
stummes læber sjunge.

Højt bebude gyldenår
glade nytårssange:
Blomstre som en rosengård
skal de øde vange,
mødes skal i stråledans
Libanons og Karmels glans,
Sarons yndigheder!


Lenke til framføring:
https://www.youtube.com/watch?v=Y2rjiBPNUHQ



Gaudete: tredje søndag i Advent

Vi feirar i dag tredje søndag i Advent. Den liturgiske fargen i advent er fiolett som eit uttrykk for bot og faste som førebuing til den store feiringa av Kristus som menneske. Men etter tradisjonen skil den tredje søndagen seg ut, den liturgiske fargen er rosa som eit uttrykk for glede, av latin gaudete. difor blir også dagen kalla Gaudete søndag. Gaudete er det første ordet i dagens introitus : Gaudete in Domino, semper. (Fryd dykk i Herren, alltid).
Det er difor naturleg å nytta eit rosa lys i adventskransen denne søndagen.



onsdag 9. desember 2015

St.Ansgar: konsekrasjon av alter og kyrkje

8. desember vart ein dobbel fest. I heile Kyrkja feira vi høgtida  for Jomfru Marias upletta unnfanging. og lokalt i St.Ansgar feira vi konsekrasjonen av ny kyrkjebygning og altar. Den høgtidelege sermonien vart leia av biskop Bernt godt assistert av åtte noverande og tidlegare prestar i menigheten, og sjølvsagt eit fullsatt kyrkjerom.
Det vart ei fin messe  der preike og lesningar vart følgd av Allehelgenslitaniet og så den sermonielle innviinga av kyrkjerom og altar.

Nedleggelse av relikviene. "Herre hvem kan gjeste ditt telt." (salme 15.1)
Salving av alteret og kirkens vegger."Salige er de som bor i ditt hus. "(salme 84.5)
Incensering av alteret og kirken. "Ved engelens hånd steg duften av røkelse opp for Gud."
                                                           (Stetit Angelus)
Festilluminasjon av alteret og kirken. " Alt som har ånde, lovsyng Herren." (Tob. 10)

12 kors vart sett opp rundt i kyrkjerommet som eit  varig og synleg teikn på at det var konsekrert.




Ein tirsdagskveld i adventstida, ventetida der vi ser fram mot det som snart skal koma. Dagens fest der vi feirar at Maria vart fødd utan synd peikar naturleg fram mot inkarnasjonen og heng uløyseleg saman med dette store mysteriet. Innviinga av kyrkjeromet der sakramenta skal delast ut og ordet forkynnast blir  så ei handling som spring ut av Ordet tok bustad  midt imellom oss !


Credo

Kva er det vi eigentleg meiner når vi framseier "Credo" - eg trur ?  Er det berre eit rasjonelt uttrykk for at vi meiner at Gud eksisterar eller er det tvertimot ei erklæring av kjærleik og tillit ?
Wilfrid Stinissen skriv om dette i ein liten artikkel med tittelen : "Ditt ord er ei lykt for mine føter".

"Den dynamikken som pregar vår lengt og vår lytting  møter vi og i det merkelege uttrykket "credere in Deum". Den som kan latin vil venta seg "credere Deo " eller "credere Deum". Det norske " eg trur på Gud " er tvetydig og kan og tyda at ein trur at Gud finst. Men å seia til nokon "eg trur på deg" har noko av ei kjærleikserklæring i seg, og tyder: " eg lit på deg". Dei fleste menneske som ber trusvedkjenninga oppfattar sannsynlegvis orda "eg trur på Gud" som att dei trur på Guds eksistens. Men det latinske "credo in Deum" seier mykje meir. In + akkusativ uttrykkjer alltid ei rørsle:" eg trur inn i Gud". Det er Gud sjølv som lokkar oss inn i trua, inn i eg sjølv. Først når den saklige trua på Guds eksistens  blir ei akt av tillit legg den  seg i forlenginga av vår medfødde lengt etter Gud. "




søndag 6. desember 2015

Religions dialog

Pave Frans har sidan har vart pave hatt eit klart bodskap om dialog og forsoning mellom religiøse grupper, ikkje minst mellom kristne og muslimar der motsetningane kan synast uoverstigelege.
I fjor møtte han mulimske leiarar i Istanbul, og 30. november i år vitja han ein moske i Bangui, hovudstaden i Den sentralfrikanske republikk. Dette landet har i mange år vore prega av valdelege motsetningar mellom kristne og muslimske folkegrupper. Paven vitja og muslimske bydelar i Bangui der han vart motteken med stor begeistring.
Pave Frans hadde eit klart bodskap om fred og forsoning mellom kristne og muslimar."Kristne og muslimar er brødre og søstre. Vi må difor oppfatta oss som det og oppføra oss deretter." 
Litt tidlegare var det ei sterk symbolsk  handling i katedralen i Bangui der den katolske erkebiskopen stod saman med ein evangelisk pastor og ein imam ! Paven kalla dei "Banguis tre helgenar" og karakteriserte byen som "the spiritual capital of the world" den dagen.
Dialog kan synast nyttelaust i ei tid med aukande valdeleg ekstremisme. Vi kan neppe oppnå dialog og forsoning med hjernevaska ekstremistar, men dess viktigare er det å halda døra open til dei moderate kreftene i islam slik pave Frans viser i ord og handling.  For kva er alternativet ? Det som Leonard Cohen syng om i "The Future" frå 1992:
"I`ve seen the future, brother. It`s murder." 

                                
                                Pave Frans og imam Tidiani Moussa Naibi i moskeen i Bangui,

mandag 30. november 2015

Patrick Modiano

"Jeg kan ikke gjengi de virkelig hendelsene, jeg kan bare vise frem skyggen av dem." Dette sitatet av 1800 talls diktaren Stendahl har nobelprisvinnaren Patrick Modiano sett som innleiing til sin siste roman som på norsk har fått tittelen "Så du ikke går deg bort" (Pour que tu ne te perdes pas dans le quartier). Det kunne godt også stått som overskrift over heile hans forfattarskap, for Modianos romanpersonar rører seg ikkje i det klåre daglyset, dei lever i eit skuggeland mellom draum og røyndom, der erindringsglimt kortvarig dukkar opp og stiller fleire spørmål enn dei gjev svar på.
Modianos bøker går stort sett føre seg i det Paris der han vart fødd og vaks opp, og han er blitt kalt "Den vedmodige, mystiske parisertåkens dikter".
Minne og erindring står sentralt i Modianos bøker, typisk er i så måte "Så du ikke går deg bort".  Innleiingsvis blir hovudpersonen Jean Darangane kontakta av ein person som har funne adresseboka hans og vil levera den tilbake. Mannen har og kikka i boka, og der funne eit navn som Daragane har brukt i si første bok, sjølv har han ingen erindring om personen eller kvifor han brukte det i boka, Det blir innleiing til ei reise tilbake til Jean Daraganes turbulente barndom, der minne om personar og hendingar  gradvis dukkar opp.På ein genial måte skildrar Modiano den allmennmenneskelege erfaringa av minne og erindring, ikkje som kronologisk historie men som glimt av sanseerfaring og stemning. Dei som ønskjer historiar men ein logisk byrjing og slutt vil nok bli skuffa  etter å ha lese Modianos bøker, dette er bøker for dei som kan leva med fleire spørsmål enn svar. Slik er og livet vi alle lever, vi får enkelte svar men samstundes dukkar det opp enno fleire spørsmål og vi må erkjenna at dei aller fleste får vi aldri svar på !
Patrick Modiano vart fødd i Paris i 1945, altså like etter okkupasjonen. Faren var italiensk jøde, mora flamsk, dei skilde tidleg lag og Modianos vaks opp hos mora og besteforeldre. Sjølv om han ikkje opplevde krigen har foreldras erfaring frå okkupasjonen prega mange av bøkene hans. Ein av dei mest kjende bøkene frå krigsåra er "Dora Bruder" der han med utgongspunkt i ei avisannonse som etterlyser den jødiske jenta Dora Bruder skildrar hennar moglege lagnad.
Før tildelinga av nobelprisen i litteratur i 2014 var nok Patrick Modiano lite kjent utanfor Frankrike, og bare fire av hans bøker er omsett til norsk. Etter å ha lese tre av dei på rad er eg overtydd om at han fortener ein stor lesarskare også utanfor Frankrike.



Nuestra Senora del Pino

Teror  er ein liten by på vel 13000 innbyggjarar nord på Gran Canaria. Sentralt i byen som også blir kalt "La Villa Mariana" finn vi basilikaen vigd til "Nuestra Senora del Pino" (Vår Frue av furuene, eller Pinjejomfruen). Byen er Gran Canarias religiøse sentrum, og Pinjejomfruen vart i 1914 utnemd til øyas skytshelgen av pave Pius. Festdagen er 8. september, då møtest pilegrimar frå heile øya i Teror for å feira Nuestra Senora del Pino. Madonna statua i kvitt gull som vanlegvis står over alteret i baslikaen blir bore i prosesjon gjennom byen, men før det har statua hatt eit opphald i Santa Ana katedralen i Las Palmas.
Bakgrunnen for denne feiringa må vil tilbake til 1481 for å finna. Ein gjeter skal då ha fått eit syn av Jomfru Maria i eit furutre på den staden der basilikaen ligg no. Det vart reist ei kyrkje på staden til minne om dette, den som står der no skriv seg frå 1708. Som ofte er tilfellet vaks det fram ein sterk folkeleg kultus med utgongspunkt i denne hendinga.
Sjølv ein litt kjøleg novemberdag(byen ligg 600 meter over havet) gjorde det sterkt inntrykk å gå inn i basilikaen og stilla seg framom barokkalteret med Nuestra Senora del Pino. Det vart ei fin innleiing til Adventstida.




tirsdag 17. november 2015

Den heilage Elisabeth

I dag 17. november er minnedagen for Den heilage Elisabeth av Ungarn (1207-1231).
Ho er skytshelgen og inspirator for St. Elisabeth-søstrene, for fransiskanaranes tredje orden, for hjelpeorganisasjonen Caritas, for enker og foreldrelause, for sjuke, forfølgde og nødlidande. Sånn sett er ho ein helgen som kanskje er like aktuell i vår tid som i Mellomalderen.
Elisabeth var dotter av kong Andreas II av Ungarn, i familien hennar var det fleire andre heilage personar. Ho vart som 14 åring gift med Ludvig av Thuringen, men vart enke bare 20 år gammal,
Elisabeth var ei from kvinne med stor omsorg for fattige og naudlidande. Ho kledde seg enkelt og vigde livet sitt til pleie av sjuke og fattige, saman med mannen grunnla ho hospital der ho sjølv tok aktivt del i pleien av dei sjuke. Dette braut fundamentalt med livsstilen til aristokratiet og provoserte nok mange, men Elisabeth let seg ikkje knekka.
Mannens død vart eit stort tap for henne. Inspirert av fransiskanarrørsla vart ho etter hans død ordenskvinne, og held fram sitt arbeid for dei naudlidande. Hennar livsførsel vart meir og meir asketisk med harde botsøvingar og langvarig faste. Gradvis vart helsa hennar brote ned og ho døydde 17. november 1231.
Kort tid etter hennar død vart det meldt om mirakel ved grava hennar  Bare fire år einarevart ho heilagkåra av pave Gregor IX. Elisabeth vart på kort tid ein svært populær helgen, ikkje minst i Tyskland. I Marburg vart det bygd ein katedral over relikviane hennar, og dette vart snart eit kjend pilegrimsmål. Hennar store omsorg for dei naudlidande kan også i dag tena som eksempel og inspirasjon.



                                            St. Elisabeth tek seg av dei sjuke.
                                            

torsdag 12. november 2015

Vidde

Då eg var ute og jogga stakk eg innom eit antikvariat på vegen og fann Paal-Helge Haugens dikt i samling 1965-95, der  vi mellom anna  finn det lange diktet "Vidde" frå 1991. Her skildrar han Setesdalsheia, dei som gjekk føre og dei som kom etter.Og ein kan  kjenna seg att i desse bileta.

"Så fer vi her, enda ein gong
flytter kroppane våre
opp frå dalbotn, bøyer
inn over fjellbremmen:
så er vi nesten attende.

Her er det:
eit bilete nedfelt i oss
om vi er aldri så kløyvde
Vi går her medan
det tjuande hundreåret
tikkar seg fram
mot si avlsutning
og steget bakover blir lengre
for kvar dag

................

Dei som for her før:
Tore, Gunvor og Gyri
Haddvår og Såvi
og Signe med eit toårs jentebarn
ved handa, ser du dei ?
etter den gamle heievegen, dei stig
på den svingande streken
gjennom ein kjend verden

Du kan sjå dei ein augneblink, dei stig
frå fast grunn til luft og er borte
Ein skugge etter dei, ei rørslee som er att
hos oss, ein skugge som blir utydeleg
når lyng og vier legg seg inn over vegane

Sakte blir dei borte. Vi er dei
som så vidt minnest, så vidt anar
og barna våre kjem ikkje til å kjenne
desse skuggane att

..............................

Ennå er vi her
Ennå jagar fjellvinden synene bort
Ennå kjenner vi, gjennom alt
årstidenens store klokke, eg høyrer deg
du gamle tambaks-ur

som er"


Ved Brokkeøydevatn ein oktoberdag i 2015. Det er solfylt, klårt og heilt stille. Vi kan gå langs gamle stiar og veta at om ikkje lenge er vi og skuggar som kverv og vert borte.
  

søndag 8. november 2015

Engelen viser seg for Josef

"Då han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa:" Josef, Davids son ! Ver ikkje redd for å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande."
Dette verset i første kapittel av Matteus evangeliet gjev oss eit lite glimt av Jesu fosterfar Josef. Vi får eit inntrykk av ein klok og rettskaffen mann som er lydig og har tiltru til Herren. I Karmel har Den heilage Josef alltid hatt ein sentral plass som føredøme og forbedar. Ikkje minst Teresa av Avila understrekar kor viktig Den heilage Josef er for henne. Vi uttrykkjer og dette i litaniet til Den heilage Josef der det mellom anna heiter: "Josef ,du sterke helt, be for oss. Josef,  lydighetens mønster, be for oss. Josef, trofasthetens forbilde, be for oss."
Josefs møte med engelen er skildra i kunsten mellom av av den franske kunstnaren George de La Tour som eg har skreve om tidligare. Det er eit bilete som gjer eit sterkt inntrykk, vi kan levande førestella oss korleis Josef opplever dette møtet.


Forfattaren Paal-Helge Haugen har inspirert av dette bilete eit dikt som inngår i diktsamlinga
"Meditasjonar over Georges de La Tour".

"Eit sus som av fuglar
av venger oppspende mot stromen
eller slepande mot marka
Eit grep inn i natta
Ein hard neve
som klemmer saman mørk materie

Stigmata, svoltne munnar
i handflatene
Augo som har sett for mykje
og likevel tøstar

Og engelen trør inn, ordlaust
midt mellom sovande og vakne
synleg i det usynlege
Engelen
Engelens søstrer og brør

Den aldri avslutta skapinga
vibrerande gjennom rommet
gjennom alt

Frå ingen stad
kjem det forklåra lyset
som fløymer ut
av handa som held lyset."

søndag 1. november 2015

Litani til vår heilage mor Teresa av Jesus

Jubileumsåret for Teresa frå Avila, det er 500 år sidan ho vart fødd. Karmelittnonnene i Tromsø har laga eit vakkert lite hefte med tekstar av Teresa, illustrert med ikonbilete frå sentrale hendingar i livet hennar. Fint å meditera over ! Dei har og oversatt "Litani til vår hellige mor Teresa av Jesus" som er skreve av karmelittnonnene i Szczecin i Polen. Det er skreve etter mønster av Allehelgenslitaniet.
Eit utdrag:

Hellige Maria
Hellige Teresa av Jesus
Guds venninne
Faderens datter, brennende av kjærlighetens ild
Den korfestedes brud
Du som elsket Herrens menneskenatur
Du som lyttet til Den Hellige Ånd

                      *
Hellige Teresa , be for oss.
At vi må bli verdige til Kristi løfter
                   
                     *
Sannhetens Gud, din Visdom har innbudt oss til å spise
livets brød og drikke Rikets vin. Hjelp oss å legge alt
blendverk bak oss, slik at vi ved å leve for deg alene kan
gjøre fremgang på bønnens vei og sammen med din
tjenerinne Teresa ta del i Lamets evige bryllupsmåltid.
Ved Kristus, vår Herre. Amen.



Lux Perpetua

Allehelgensdag. Vi minnest alle dei som har gått føre oss, kjente og ukjente heilage. Vi vonar at dei får evig kvile og at det evige lyset skal skina for dei !

Requiem aeternam dona eis domine et Lux perpetua luceat !

Poeten  George Mackay Brown (1921-96) frå Stromness på Orkenøyane har eit vakkert lite dikt om dette. Som i mykje av diktinga si brukar han bilete frå dagleglivet på heimplassen, naturen og årstidene, og knyter det saman med det store og evige som vi berre audmjukt kan bøya oss for.

Lux Perpetua


A star for a cradle

Sun for plough and net

A fire for old stories

A candle for the dead

              *
Lux Perpetua
By such glimmers we seek you.

                                Kvinnherad kyrkje ein vinterkveld

lørdag 31. oktober 2015

Nye helgenar: Zelie og Louis Martin

2015 har vorte eit viktig år for  alle karmelittar. Vi har feira 500 års jubileet for Teresa av Avila sin fødsel i 1515. Minnedagen 15.oktober som eit høgdepunkt. Så har vi fått ein ny helgen, palestinske søster Mariam som vart heilagkåra 17. mai (eg har tidlegare skreve om henne). Og til slutt under familiesynoden i Vatikanet no i oktober vart foreldra til vår store helgen Therese av Jesusbarnet Zelie Guerin Martin og Louis Martin heilagkåra av pave Frans. Det vart dei ikkje avdi dei er foreldre til Therese, men  avdi dei i seg sjølv er eksempel til etterfølgjing. Det vart sagt at dei var "eksemplariske i alt", ikkje minst i sitt ekteskapelege samliv. Begge var svært fromme og hadde i utgongspunktet tenkt seg klosterlivet, men vart ikkje funne eigna til det, istaden vart det til at dei levde ut sitt kall i familielivet ! Dei vart gift i 1858 og fekk ni born, fem døtre levde opp og vart alle ordenssøstre. Den yngste var Therese som vart fødd i 1873, Foreldra var då alt godt opp i åra, mora var  42 år og faren 50 år. Berre fire år seinare døydde Zelie av kreft og Louis stod att åleine med fem døtre mellom sytten og fire år. Dei flytte då til svoger og svigerinne i Lisieux der Therese vaks opp og etterkvart gjekk inn i Karmelklosteret. Louis levde til 1894, då han døydde svært skrøpeleg etter fleire alvorlege slagtilfelle. Dattera Celine var hos han til det siste, men etter farens død valde ho og å bli karmelittnonne.
Saligkåringsprosessen vart innleia alt på femtitalet, og etter eit stadfesta mirakel vart dei saligkåra i 2008. Etter det andre mirakelet, vesle nyfødde Carmen i Spania vart på uforklarleg vis frisk, vart det avgjort at dei skulle heilagkårast saman. Berre få ektepar har vorte dette til del tidlegare.
Det skjedde altså 18. oktober i år på Petersplassen. Det var nok ikkje tilfeldig at dette skjedde under familiesynoden,ekteparet Martin vert framheva som eksempel til etterfølgjing for alle par.
Under heilagkåringssermonien deltok begge borna som vart lækte på mirakuløst vis, saman med familiane sine!


"Dieu m`a donne un pere et une mere plus dignes du Ciel que de la Terre"
(Gud har gjeve meg ein far og ei mor meir verdige for himmelen enn for jorda)
Sitat fra Therese som er skreve inn på gravsteinen til foreldra.

torsdag 29. oktober 2015

Nordisk råds litteraturpris

Nordisk råds litteraturpris gjekk i år ikkje ufortent til Jon Fosse for roman trilogien Andvake , Olav draumar og Kveldsvævd. Fosse har dei siste åra profilert seg som ein av dei mest spelte samtidsdramatikarane, men han skriv og lyrikk, barnebøker, essay og romanar. Han seier at i åra framover vert det mest prosa og ikkje meir dramatikk. Både i form og innhald har han funne si eiga orginale uttrykksform. Språket er eit enkelt, kanskje litt arkaisk nynorsk, framført i ei kompakt form med stadige gjentakingar og variasjonar over eit tema. Personane hans uttrykkjer universelle problemstillingar i ei tidlaus ramme, men som og er grunnfesta i ei lokal ramme, det vest- norske.
Fosse rører og ved dei store religiøse spørsmåla. Vinnartrilogien blir karakterisert både som evangelietekst, visjonsdikting og kristen mystikk. For Fosse er mystikar, han prøver heile tida å uttrykkja dei erfaringar som ikkje så lett let seg fanga av språket. I samtaleboka med Eskil Skjeldal - Mysteriet i trua- får vi  ei fascinerande innsikt i akkurat dette. Her gjer han og greie for sin veg til Den katolske kyrkja. Vel verdt å lesa.
Til lukke med prisen Jon Fosse ! Vi ser fram til fleire bøker i åra som kjem.

Ein stille vind

ein vind går igjennom livet
og andar stille rørsle

han seier det finst ei stille
open for deg og for meg

han seier det finst ei redsle
som ikkje gjer oss redde

han seier det finst ein lagnad 
og lagnaden er stille

(Frå Stein til stein 2013)



tirsdag 20. oktober 2015

"A Song among the Stones": Den heilage Sunniva

Keneth Stevens diktsyklus "A Song among the Stones" frå 2012 handlar om dei irske munkane som på 600 talet skal ha  reist frå Iona og nordover til Island. Det er eit vakkert verk djup rotfesta i den gamle keltiske tradisjonn frå St.Columba som har levd vidare på stadar som Iona like til vår tid. Samstundes er det ei  storslått naturskildring frå Skotland, Atlanterhavet og Island. Men her er og eit lite sidesprang til Vestlandet, til Den heilage Sunniva og Selja.

"tell us av story, they said

he thought a long time
unsure, like someone
searching blind in a cave

these are pieces of story, he said
like the charred ends of burned wood
and odd glow of ember
lighting like an eye when blown

Sunniva, an Irish princess
lusted after by some chiftain thug
fled with her followers
across the sea into fragments of islands
blown wherever God would

into the gnarled edges of western Norway
in and out of storm
a place driven by flocks of snow
a blue wind all summer

in time they heard whisperings of her again
sought to root her out as a bear
claws wild honey from a stump

she prayed the rocks might fall
rather than be carried off alive
buried under mountain rubble

however many years after
in the half darkness of winter
they came to Selja, saw strange light
glowing underneath the rocks

there the monastery was built
of broken stone
above the place where she had never died"




mandag 12. oktober 2015

Kenneth Steven :Argyll, October

Den skotske poeten Kenneth Steven vender eg stadig tilbake til, Han skildrar Skotland, naturen og menneska som bur der i vakre bilete og med ein djup varme. Over det heile er det ein høg himmel som vitnar om at det  bak alt dette vi ser rundt oss, dette vi opplever, er ei større meining. Det guddommelege kjem ofte klårt fram i dikta hans, grunnfesta i ein keltisk spiritualitet og tradisjon.
Ein oktoberdag står han  ved sjøen i Argyll, der forfedrene fann Gud på desse forblåste kystane og der naturen  framfører ein salme vi kan slutta oss til.

Argyll,October (from Evensong 2011)

"out at the sea`s edge
the whole wind riding the day
the bracken crippled and whipped
the sometimes of light blown away

here in the huddles of stone
a whole millennium before us
men from Ireland made chapels
found God in these blown wide skies

further in, where boats nodded and rocked
in little creeks of sun under overhangs of oak
we listened to the psalms of blackbirds"






Service (from Iona 2000)

"Two nuns exchange welcomes;
Their soft words like the water
That flows through the cress at the well`s mouth.

Candles melt in the darkness
Cover the Christ with light like sweat -
His wounds cry with new blood.

People`s mouths pray
Their words gentle as grass, their eyes
Clenched with faith.

This is the Easter of life;
Waiting in the dark before dawn -
Trusting the sun."




tirsdag 6. oktober 2015

Den heilage Bruno og karteuserordenen

I dag feirar vi minnedagen for Den heilage Bruno som vert rekna som grunnleggjaren av karteuserordenen. Han er og skytshelgen mot pestsjukdom.
Bruno vart fødd i Køln omlag 1030. Han verka som domkannik i Reims før han fekk kall til eit strengare klosterliv. Han grunnla klosteret Le Grand Chartreuse i ein avsides dal nordaust for Grenoble. Det er framleis ordenens hovudsete. Bruno la opp til eit svært strengt og asketisk liv prega av stillhet, faste og bøn. Brødrene levde store delar av tida i eremitthytter og samlast til messe, enkelte måltid , matutin og vesper. Dei andre tidebønene vart lese individuelt. Bruno vart mot sin vilje kalt til Rom som rådgjevar for pave Urban II. Han grunnla og eit tilsvarande kloster i Sør- Italia  der han og døydde omlag år 1101. Karteusarane grunnla ei rekkje kloster rundt om i Europa i hundreåra som følgde, også i Danmark men ikkje i Noreg.Mange av dei vart nedlagt i tida etter den franske revolusjonen. I dag eksisterar det omlag 25 karteuserkloster rundt om i verda.
Ordenen er kjent for sin likør med navn etter moderklosteret. For eit par år sidan kom filmen "Die grosse Stille"(Den store stilla) som skildrar livet til munkane i Le Grand Chartreuse på ein vakker og poetisk måte.  Hans Fredrik Dahl kom i 2005 med boka "Kalt til stillhet" der han skildrar broren Filip som er munk i eit amerikansk karteuserkloster.Vel verdt å lesa. Boka er skreve eit par år før forfattaren sjølv valde å slutta seg til Den katolske Kyrkja.
Karteuserordenen har i liten grad forandra seg frå Brunos tid. Det vert sagt at ordenen aldri er blitt reformert avdi den aldri er blitt deformert. I dag framstår den som eit alternativ for dei få som har helse og  kall til å via seg til det strengaste klosterlivet i stille, einsemd og bøn.


torsdag 1. oktober 2015

Therese av Jesusbarnet

1.oktober. Svært mange i Kyrkja gledar seg  i dag over vår høgt elska helgen Therese av Jesusbarnet. For oss i Karmel er det naturlegvis ekstra gledeleg å minnast henne.

"Ved dette livets aften vil jeg tre frem for deg med tomme hender, for jeg vil ikke be deg,  Herre, om å telle mine gjerninger. Alle våre rettferdige gjerninger er ufullkomne i dine øyne. Jeg vil derfor ikle meg din egen rettferdighet og av din kjærleighet få motta det å eie deg i all evighet. Jeg vil ikke ha noen annen trone, ei heller noen annen krone enn deg, å du min Elskede !"

Frå "Offerakt til den barmhjertige kjærlighet ". Therese oppsummerar her kjernen i kristendomen. Klarare kan det ikkje uttrykkast. !


"Gud, vår Far, du som åpner ditt rike for de små og ydmyke, hjelp oss tillitsfullt å følge den salige 
Thereses lille vei. Før oss på hennes forbønn frem til din evige herlighet."

(Dagens bønn til Laudes)

tirsdag 29. september 2015

Bön til Vår Fru av Skapularet

Bön til Vår Fru av Skapularet

Heliga Jungfru Maria, Du som är helt uppfyld av
Gud och utstråler hans ljus,närjag bär skapularet,tecknet
på at jag tillhör Dig vet jag att Du är med mig för
att beskydda och ledsaga mig,nu och til evighetens dag.

Lär mig at efterlikna Dig och bli enkel,öppen och 
renhjärtad som Du Hjälp mig så att min indre människa
må formas efter efter din förebild, och jag
i tankar,känslor och önskningar alltid går ut ur själ-
upptagenhetens fängelse och in i Guds frihet.

I likhet med Dig vill jag vänta,lyssna och ta emot.Visa
mig vägen till inre stillhet,så att jag kan glädja och 
tilbe Gud som Du,genom att låta Honom vara sig själv i mig.

Heliga Guds Moder, jag vill bli iklädd din andliha skönhet,
och därför ber jag Dig om nåden att skapularet alltid skall
påminna om de stora ting Gud vill göra med mig,
liksom Han gjorde med Dig.Hjälp mig att överlämna mig helt,
i tillit till att Han vet vad som är best för mig.          

Om detta ber jag Dig,o milda,o goda,o ljuva JungfruMaria.           Amen

Wilfrid Stinissen.

  Madonna i skogen ved Røgle kloster
                       
                       Notre Dame de France
                       Reine de la Paix
                       La vierge pelegrine.

søndag 27. september 2015

Poetica 2008 2.

            Sleep why dost thou leave me
                 (Händel:Semele)

Gata søndagsstille
og septemberblank
snart skumringstime
du stryk håret frå panna
snur deg uroleg mot natta
som aldri gjev roen
dagen så sårt bed om


                                                         *

Slik skulle det ikkje vera.

Novemberklår ettermiddag
snødekka og solstråleteikna
så lyden av barneføter på terassen
leiker dregne fram og attende
latter og korte rop
små varme hender
men slik skulle det ikkje vera
regnet skulle piska haustkaldt mot ruta
vi skulle krypa hutrande inntil elden
og barneføtene er for lengst store
og langt borte
leikene kviler under trappa
og framleis høyrer du dette
novembersola gjev enno litt varme
i snøen er det spor, spor etter små føter
konservert og bortgøymd lenger inne i tida
tida som vi skulle stiga ned i
og la strøyma over oss
lange rolege bølger som aldri tek slutt
og likevel forbannast

                                          *

Stripe i svevnen.

Ei stripe i svevnen
augene uklåre og svinnande
lysstråla i midten
der gardinene er trekt halvt for
er det skinet frå fullmånen
eller det kalde , gule lyset
frå gatelykta
handa som blir strekt halvt ut
som for å røra ved lyset
hjarta som slår
mot eit stort ope tomrom
som veks djupt der inne
og aldri skal fyllast av noko utanfor
blomstrete gardiner blir løfta
inn i soveromet av milde vindpust
når det krasar i singelen i hagegangen
nokon kjem til å trø der
lydane så mykje klårare enn lyset
stega som fjernar seg
i den svinnande natta
lukt av jord , grålysning
desse gule, visnande rosene.

                                                   *
                           Sylvia

                     Februar i London
regnet er ikkje fargelaust
men grått
og i dag nesten svart
men du rir Ariel
over endelause sletter
omkransa av valmuer
blått lys fell skrått
frå kvelden
når du stig av hesten
og ber salen mot fullmånen
like over åsen i aust
barlinden grip om huset
mørk og stille
som bikubene
og du er enno ikkje

klar til å døy.


                                                         *
Tida mellom to regnbyger.

Som tida mellom to regnbyger
eit kort glimt av sol
når du spring over plassen
trø varleg, ikkje gli no
døra bak deg slått hastig igjen
du gløymer å vri rundt nøkkelen
ivrig etter å nå den andre sida tørrskodd
det sprutar søle og brune haustlauv
når du tek sats og hoppar over vasspyttane
utan å nå den neste skiferhella med foten
det er bare dei få trappetrinna opp
døra står halvvegs på gløtt
er det nokon der ?
                nokon som skunda seg like før deg
                hengslene som knirkar når du skyv
                mot den rustne dørklinka                                                                                                   så vindkasta i tuntreet
                solstripene som skifter med regn
                og du tenkjer letta:
                er eg framme no ?


                                             ^*

Til fyret.

Disig augustmorgon
songen frå bølgene føl oss
som fuglespor i våt sand
eller den friske lukta av tang og salt sjø
fyret er det berre så vidt vi kan skimta
langt der ute flytande mot horisonten.
mot enden av stranda er tida nærare
og båten ser vi av og til på bølgetoppane
duvane roleg opp og ned
sola held på å bryta igjennom fyret ser vi så mykje klårare no
og på odden der borte
Lily Briscoe dreg dei siste penselstrøka
over lerretet når båten ankrar opp
Er vi framme ?


Virginia Wolf: ” To the lighthouse”.(Til fyret)
Juni 2008
  
                                               *


                 Til minne om ein engel
                (Alban Bergs konsert for violin og orkester 1935)

Andletet i spegelen
dogga og uklårt
likevel til stades i tida
som blikket ditt
når du ser på dei døde
ingen overgang
men dette nye
du ikkje kan snu deg frå
og stryka ut
lik gårsdagens samtalar
byrjinga enkel
framhaldet disharmonisk
i mellomromet
små spor av lyset
som gjesta oss
es ist genug.


                                                   *

To steg til sida

Midten av oktober
gata lauvfylt og undrande
stemma di bleik og uroa
du tek to steg til sida
er det for å gje plass til musikken
eller vart du brått usikker
skal du plukka opp tonane
eller stryka dei ut for alltid
la ein rund og lun stein
rulla over dei
eller opna for vatnet
ei rift i demninga
la det strøyma nedover slettelandet
over alt dette du ein gong kjente
like ned til orda og musikken.


                                                *
Tomrom

Grå himmel
over fryktlause fuglevenger
sjøsprøyt og salt
svir mot kinn og hår
vinden tek tankane
ein etter ein blir dei løfta opp
svever tidlaust over oss
mot det skummande havet
og du er tomrom
berre godt tomrom.

                                        *
                      Vinternatt

Vinternatt stjernepryda og kald
utspent mellom skumring og morgongry
mellom mismots gru og håpets mysterium

Inn i denne natta er det du ber ditt ja
gøymd så lenge i einsemd og tru
bore fram av nåde og lydnad

I denne natta vert svaret gjeve deg
ikkje som bilete av noko på den andre sida av havet
ikkje som ord om verda bak horisonten

Men som det livgjevande lyset
som eit nyfødd barn hjelpelaust og nake

la det skje meg som du har sagt.

                                            *

                           Åleine no.

Desembergrå dønningar
kjærteikn mot djupet
under skummande havflate
regnbyger på leppene no
og kalde kinn
ikkje som mjuk haustvind
der du snur deg rundt
dansar så lett heimover
hendene som rettar på brudesløret
ventar på det som kjem
og ikkje dei som aldri møtte deg
fødde for seint
eller altfor tidleg.

Du gjekk forbi
og berre ei kort stund
budde blikket ditt i augene mine
munnen din som glei over
leppene mine eit par sekund
So long , Marianne.”
Åleine no ?