lørdag 29. april 2017

Czslaw Milosz


Møte

Vi kjørte langs frosne marker, tidlig.
En solrød vinge løftet seg av mørket.

Plutselig sprang en hare over veien
og en av oss slo ut med hånden.

For lenge siden. I dag lever
hverken haren eller han som pekte.

Elskede, hvor er de, hvor ble de av -
håndbevegelsen, harens hopp og gruset under den.

Jeg spør ikke av savn. Jeg undres.

Ikkje så mykje av den polske nobelprisvinnaren Czslaw Milosz er omsett til norsk, ein del dikt (omsett av Paal Brekke) og barndomsskildringa "Issadalen".
Han vart fødd i Lithauen som då var ein del av Russland i 1911. Han reknar seg som polsk forfattar, "eg er lithauer som det ikkje er gjeve å vera lithauer" skriv han ein stad.
Han var ein språkmektig kulturpersonlegdom som skreiv både poesi, prosa, essay og omsette frå andre språk. Han arbeidde i diplomatiet som kulturattache  både i Paris og Washington. 
Under krigen hjelpte han jødiske flyktningar og vart etter krigen heidra med utmerkinga " Righteous among the Nations". 
Han kom på kant med kommunistregimet og måtte flykta til USA, han vart etter kvart amerikansk statsborgar og var i mange år professor i slaviske språk ved Berkeley universitetet. Etter kommunismens fall budde han igjen i lange periodar i Krakow der han døydde i 2004. Sarkofagen hans er plassert i krypten under Paulinerkyrkja St.Mikael og St.Stanislaus. I Polen var det ein del strid omkring gravplassen, mange meinte at han ikkje var verdig den æra det var å liggja på denne gravstaden. Han fekk  rett nok nobelprisen i litteratur i 1980, men meinte mange at han ikkje var polsk nok og katolsk nok. 
                                                                                                                                                                  Czeslaw Milosz var oppdradd katolsk, men  hadde han i store delar av livet eit "vitskapeleg ateistisk prega livssyn". På slutten av livet ser det likevel  ut til at han vendte tilbake til katolisismen,og fekk sakramenta før han døydde. Han hadde samtalar med  Johannes Paul, og skreiv eit hyllingsdikt til pavens på hans 80 års dag.


April 2017: Czeslaw Milosz sarkofag og kyrkja der han kviler like ved Vistula og ikkje langt frå det jødiske kvarteret og Wawel slottet.

Gave

En lykkelig dag
tåkesløret drev tidlig bort, jeg jobbet i hagen.
Kolibrier vingesitret over kaprifolen.
I verden var intet mer å begjære.
Jeg kjente ingen verdt å misunne.
Ondt, som måtte ha hendt, var glemt.
Uten å skamme meg var jeg meg selv.
Og ingen fysisk smerte.
Oppreist så jeg: seil over blått hav.



Poetica:Wadowice

             Wadowice

Til Johannes Paul april 2017


Totus Tuus - heilt din
kanskje ana du det alt då
innimellom altarteneste, fotball, lekser
og den søte smaken av Kremowka
kremkaka du sette slik pris på.
Gjennom sorga og krigens mørke
kallet større enn nokon kunne bera
men styrke vart gjeve deg
slik du gav oss og vart verande.
Du for alltid lydige !





                                                   Kremowka kaka som Johannes Paul likte så godt
                                                        Døypefonten

Wadowice

Karol Wojtyla, seinare pave Johannes Paul II, sin fødeby Wadowice ligg omlag ein times kjøretur sør for Krakow. Her vart Karol Wojtyla fødd 18. mai 1920 og døypt i Mariakyrkja som ligg eit par meter fra barndomsheimen ein månad seinare. Foreldrene var Emilia og Karol Wojtyla Sr., ei søster døydde like etter fødselen, Edmund var Karols 14 år eldre bror. Oppveksten var prega av sorg og tap, mora døydde i 1929 då Karol bare var  bare 9 år gammal. På eit bilete frå førstekomunionen same år ser vi ein sorgprega liten gut. Broren Edmund utdanna seg til lege, men tragedien ramma familien på nytt då han vart smitta av skarlagensfeber og døydde i 1932 26 år gammal. Karol klarte seg til tross for dette svært bra, beste karakter i alle fag, flink i sport, ivrig ministrant, og viste tidleg talent både som skodespelar og poet !
I 1938 flytte Karol og faren til Krakow der han byrja på universitetet, men utdanninga vart avbroten av krigen eit år seinare. I 1941 døydde også faren og Karol stod att utan nær familie, men han hadde eit stort nettverk av vener. Under krigen vaks prestekallet gradvis fram og ein karriere som skodespelar vart lagt på hylla. Karol deltok på presteseminar i løynd og kunne presteviast like etter krigen i 1946. Han tenkte ei stund å bli karmelittmunk, men hans overordna såg nok at han var kalla til meir utandvendte oppgåver. Det viste seg at dei hadde rett, Karol Wojtyla fekk ein karriere i det kyrkjelege hierarkiet då han i 1958 vart biskop i Krakow og seks år etter erkebiskop. Dette meistra han som alt anna godt med sin bakgrunn både i akademia og som vanleg prest med særleg interesse for arbeid med ungdomar. Det siste kom også klårt til uttrykk etter at han vart pave og tok initativ til store samlingar for katolsk ungdom rundt om i verda (Verdsungdomsdagane).
Og så 1978 då han uventa vart vald til den første ikkje italienske pave på over 400  år. Resten er verdshistorie som vi alle kjenner.

Barndomsheimen til pave Johannes Paul " er i dag museum med utstillingar der vi føl Karol/Johannes Paul frå barndomen fram til helgenkåringa i 2014. Museet i si noverande form stod ferdig i 2014 og er uvanleg fint organisert. Her er alt frå hans karakterbøker til sportutstyr og pistolen frå attentatforsøket og jord frå ulike stadar han vitja ! Bilete, film og symbolske uttrykk gjer det heile levande. Etter å ha gått igjennom museet med ein fantastisk guide gjekk det brått opp for meg at Johannes Paul var ein heilt ekstraordinær mann, knapt nokon ved hans side i forige hundreår !


                                                    Maria basilikaen der han vart døypt  20. juni 1920

                                         På veg til valfartsstaden Kalwaria Zebrzydowska
                                          Johannes Paul  sitt skiutsyr
                                           Rekontruksjon av leiligheten der han vaks opp
                                                    Familiebilete og bøker
                                                   Gåve til førstekommunion 1929
                                               Utsikt til solur på kyrkjeveggen, "Tida går evigheten består"
                                          Den svarte Madionna, Czestochowa
                                                      Solidaritet og kommunismens fall
                                           
                                                   Kopi av Den heilage døra i Peterskyrkja
                                                    Kardinal drakter frå gravferda
                                                    Johannes Paul død 2005
                                         Barnsomsheimen i huset til høgre lengst nede
                                          Døypefonten der Karol vart døypt 20.juni 1920
                                          Interiør frå Mariakyrkja der han var ministrant .

torsdag 20. april 2017

Lyset frå påskemorgon

Påskemorgon, kva var  det som skjedde og som snudde livet opp-ned for dei som var vitne til den tomme grava? Frå å vera forskræmde og redde fornektarar av sin meister framstår dei som  fryktlause vitne som ikke er redde for å gå martyrdøden i møte.
" Og for det få vitnene var den -  nettopp fordi de selv ikke kunne fatte det - en så omveltende og virkelig hendelse, en så voldsom konfrontasjon at enhver tvil forsvant og de kunne tre frem for verden med en helt ny fryktløshet: Kristus er sannelig oppstanden." skriv pave Benedikt i sin trilogi "Jesus fra Nasaret". Oppstoda er heilt avgjerande for å forstå Jesus, om han bare var eller framleis er avheng av denne eineståande hendinga. Det er ein historisk hending men sprenger likevel historias fortolkning av  tid og rom. Pave Benedikt talar om eit ontologisk sprang som rører grunnleggjande ved vårt tilvære. For å illustrera dette ytterlegare nyttar han ord frå biologien og skriv om eit "radikalt mutasjonssprang" der ein ny dimensjon av livet stig fram, ein ny dimensjon av menneskeleg eksistens.
Evangelie-tekstane fortel ikkje noko  direkte om korleis oppstoda skjedde, vi møter hendinga inndirekte gjennom kvinnene som kjem til den tomme grava, og gjennom disiplane som møter den oppstandne Kristus. Han viser seg, men dei kjenner han ikkje igjen med det same før han talar eller held måltid med dei." Kom og få mat" (Joh 21.12) seier han og dei forstår at det er Herren.

Teologane gjer forsøk på å fortolka denne for kristendomen heilt avgjerande hendinga. Pave Benedikt prøver å oppsummera: Jesus vendte ikkje tilbake til eit vanleg biologisk liv for så seinare å måtta dø igjen, det er ein fundamental forskjell frå Lasarus og Jairus dotter. Jesus er inga ånd som eigentleg tilhøyrer dødsriket men som på ein eller annan måte kan visa seg mellom dei levande. Møte med det oppstandne  Kristus er heller inga mystisk erfaring, Paulus skil klårt mellom då han vart rykt bort til den ttredje himmel (2 Kor 12. 1-4) og møte med Kritus då han er på veg til Damaskus. Det siste er ei  historisk hending, eit møte med ein levande person.

Skildringa i evangelia av den tomme grava og den oppstandne Kristus gjev sterke peikepinnar på at dette er ei hending heilt utanom alt anna, men i siste instans kan vi vel bare møte dette slik apostelen Thomas gjorde då han til slutt vart overtydd og  uttrykte:" Min Herre og min Gud."


fredag 14. april 2017

Fotvaskinga Skjærtorsdag

   12 Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, tok han plass ved bordet att. Så sa han til dei: «Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk? 13 De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg. 14 Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skyldar de òg å vaska føtene til kvarandre.15 Det er eit føredøme eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera. 16 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein utsending er ikkje større enn den som har sendt han. 17 No veit de dette. Og sæle er de så sant de gjer etter det. 

Teksten for Skjærtorsdag er frå Johannes evangeliet 13.kap  der Jesus vaskar føtene til læresveinane. Fotvaskinga inngår også som ein del av liturgien under messefeiringa denne kvelden. Presten vaskar føtene til tolv menn i menigheten.
Pave Benedikt skriv utfyllande om dette i sin trilogi "Jesus fra Nasaret".
Ordet rein går igjen i denne teksten. Reinheitsforskrifter spelar ei sentral rolle i alle religionar, det gir menneska ei forestilling om at Gud er heilag, for å tre fram for han må ein vera "rein". I jødedomen på Jesu tid var reinheit oppnådd gjennom rituelle handlingar heilt sentralt. Jesus snur opp ned på dette: " Rituelle handlinger renser ikke. Renhet og urenhet oppstår i menneskenes hjerter og er er avhengig av hjertets tilstand."  I talen om "Det sanne vintreet" uttrykkjest det:" Det er alt reine på grunn av det ordet  eg har tala til dykk." (Joh 15.3)
Dette bryt også fundamentalt med den greske platonske tekninga.Vi blir ikkje reine ved å stiga opp over materien, men " I kristentroen er det derimot nettopp den Gud som ble menneske som gjør oss virkelig rene og som trekker skapningen inn i enhet med Gud."

Korleis kan vi så forstå fotvaskinga ? To tolkingar har blitt framheva. Dels kan ein forstå dette reint forbilledleg, altså moralsk, på den andre sida har fotvaskinga blitt tolka  som ei symbolmetta handling som peikar fram mot Jesu død. Pave Bendikt meiner desse tolkningane blir for snevre, styrt av vestleg logikks tenkemåte. For Johannes høyrer Jesu gåve og den vidare verknad i disiplane saman. Pave Benedikt framhevar så to kategoriar som kan illustrera dette nemleg sacramentum og exemplum, som og har gjensidige berøringspunkt. Med sacramentum meiner ein ikkje eit særskilt sakrament, men heile Kristi mysterium, hans liv og død i det han kjem til oss i våre liv og omdannar oss.
"Oppfordringa om å gjøre som Jesus gjorde, er ikke et moralistisk vedheng til mysteriet eller en motsetning til det, den følger av gavens indre dynamikk, med hvilken Herren gjør oss til nye mennesker, tar oss opp i sitt eget." Og vidare skriv han:"Jesu gjerning blir vår gjerning , fordi han selv handler i oss."


" Gaven - sacramentum - blir til exemplum, til forbilde, og forblir allikevel gave. Å være kristen er først og fremst gave, men den utfolder seg i dynamikken som er å leve og handle med Ham som er gaven."




søndag 9. april 2017

Naturen og mysteriet

I Norge er det få som oppsøkjer kyrkjen i påska, faktisk langt færre enn ein vanleg søndag. Langt fleire er det som har religiøse opplevingar eller kjensler i møte med naturen, faktisk  ein fjerdedel av oss i følge ei nyleg gjennomført spørjeundersøking. I naturen møter ein sin eigen lengt, men ein får ikkje alltid noko klart svar, men kanskje kan ein vera nøgd med det. Ein av dei som klårast har sett ord på lengtinga og møtet med mysteriet  gjennom naturen er tømmarhoggaren og lyrikaren Hans Børli (1918 -1989). Lengtinga er for han noko av det mest verdfulle vi har i liva våre, Den som ikkje har denne lengten i seg er fattig!

Lengselen

Den som har lengselen i seg
er aldri fattig.
Lengselen kan legge
en blå kongekappe
selv over tiggerens
magre skuldrer .

Det er dei små daglegdagse tinga som peiker utover mot mysteriet.

Alt som er uten billede

Et menneske uten gudsfølelse - nei,
det tror jeg ikke eksisterer .

Om så du bare soper
nysnøen bort fra trammen din en vintermorgen
når dompap fløyter saktmodig inni snaret
du kjenner ståltrådvinningen på limeskaftet
ise mot de varme fingertuppene dine,
så er det en gudstjeneste, en bønn
foran livets nakne ikonflamme i brystet ditt
og alt som er uten billede.


Og alt det som skjer, kvar minste sekund har ei meining i Tida og Altet.

Kveldsbønn


Jeg sitter på sementtrammen
utafor gangdøra vår,
og tar meg en kveldsrøyk .
Det siste solskjæret
gyller skogen, det kveldes
augustmjukt over grenda.
Vindstille.
Jeg ser hvordan lauvet på bjørkene
hviler uendelig tillitsfullt
mot vennlig vesthimmel.
Ja, her sitter jeg
i fred med meg sjøl og Alt.
Og det er kveld på Jorden.
Jeg vet med en visshet
djupere enn tanken, vet
at denne vesle stunda,
disse ørsmå sekundene,
skal leve usårlig i Tiden
i all evighet .


                                Det gjev ein underleg ro å lesa dikta til Hans Børli.


Palmesøndag i Baghdeda

Nineveh Plain Protection Units legg ut video av feiringa av Palmesøndag i den nord irakiske byen Baghdeda. Samstundes høyrer vi om bombeangrep på koptiske kristne som feirar Palmesøndag.
Forbøn for alle kristne i Midt-Austen !



Linke til video av tidlegare feiring av Palmesøndag i Baghdeda:
https://www.youtube.com/watch?v=_JeqlbakxDw

Palmesøndag 2017

Vi feirar Palmesøndag i St. Ansgar med prosesjon, opplesing av  heile Kristi lidingssoge og messe.
Innleiinga er Salme 24.




Ein salme av David. (Salme 24)
        
          Jorda og det som fyller henne, høyrer Herren til,
          verda og dei som bur der, er hans.
          
   
  2 For han har grunnlagt jorda på havet,
          grunnfest henne på strøymande vatn.
          
   
  3 «Kven kan gå opp på Herrens fjell,
          kven får stå på hans heilage stad?»
          
   
  4 «Den som har skuldfrie hender og eit reint hjarte,
          som ikkje lengtar etter løgn og ikkje gjer falsk eid.
          
   
  5 Han blir velsigna av Herren
          og får rettferd frå Gud, sin frelsar.»
          
   
  6 «Dette er ei slekt som spør etter han,
          som søkjer ditt andlet, Jakobs Gud.» 
          
   
  7 «Lyft dykkar hovud, de portar,
          ja, lyft dykk, de eldgamle dører,
          så kongen, den herlege, kan koma inn!»
          
   
  8 «Kven er då kongen, den herlege?»
          « Herren, sterk og mektig,
           Herren, mektig i strid.»
          
   
  9 «Lyft dykkar hovud, de portar,
          ja, lyft dykk, de eldgamle dører,
          så kongen, den herlege, kan koma inn!»
          
   
 10 «Kven er han då, kongen, den herlege?»
          « Herren Sebaot, han er kongen, den herlege.»


mandag 3. april 2017

Kom sønnenvind, som vekker all kjærlighet

Johannes av Korset nyttar mange naturbilete i dikta sine, fjell, skyggefulle dalar, øyer, dyr, vind og eld. Alt peiker mot det bakanforliggande mysteriet som han trengte lenger inn i enn dei fleste av oss kan ha von om.

I strofe 17 i "Åndelig sang" er det vinden som er bilete:

"Stans, du dødens nordenvind,
kom sønnenvind, som vekker kjærlighet,
pust gjennom min hage,
måtte dens dufter spre seg
og den Elskede søke sin føde blant blomstene."

"Nordenvinden" er kald og tørkar ut jord og planter som skrumpar inn og visnar. Det kan samanliknast med den andelege tørken som sjela opplever, " i det at den tar kraften fra den, den vidunderlige smaken og lukten som den har nytt i dydene - kaller den denne tørken for dødens nordenvind. Den svekker alle de dyder og ømme følelser som sjelen har hatt, og derfor sier den her: Stans du dødens nordenvind."
Dette må forståast som ei bøn for å stoppa tørken. "Men fordi det som Gud meddeler sjelen i denne fasen bare når den innerste, kan den ikke selv, eller med egne sjelskrefter, nyte det dersom ikke Brudgommens ånd skaper denne kjærlighetsdriften i den. Den påkaller ham derfor og sier:

"Kom sønnenvind, som vekker alle kjærlighet !"