fredag 31. juli 2015

Olav H. Hauge og Ulvik

Eg vender stadig tilbake til poeten Olav H.Hauge frå Ulvik i Hardanger, dikta hans er ei utømeleg kjelde til visdom. Det var difor ei ekstra fin oppleving å vitja Ulvik i sommar. Vi såg småbruket der han budde, grava hans, bautaen i sentrum der diktet "Ogmund rid heim" er hogge inn etter forfattarens eige ønskje, og ikkje minst Olav H.Hauge senteret der mellom anna hans rikhaldig boksamling er stilt ut.
"Gjer ein annan mann ei beine" er eit dikt som høver godt for illustrera turen vår. Eit bilete under viser det også i engelsk omsetjing. Diktet om katten er også vel verdt å ta med  slik det er vist på utstillinga.

"Han kom or fjellet, skulde heim,
fekk føring ifrå Osa
ut til Øydvinsto.
Og han var raust
og baud betal.

Men Osamannen
var ikkje fal.
Eg vil betala;
eg kan ikkje nå deg
med ei beine att.
So gjer ein annan mann
ei beine då,
sa Osamannen 
og skauv ifrå."

                                                    Diktarhøvdingen i Ulvik

                                          Gjer ein annan mann ei beine

                                                    Katten

                                                    Bautaen med diktet om Ogmund som rir heim til Ulvik

                                         Gravsteinen med den fine innskrifta

                                         Ulvik med Vassfjøro som Ogmund såg i det fjerne.

torsdag 9. juli 2015

Poetica:Palestinas lilje



                 Palestinas lilje
Bøygd under sandstorm
og brennande sol
lilja som spirte
mellom tornekratt og ørkenstein
brutalt rykt opp med blad og rot
aldri igjen skulle ho festast
i jord eller sand
likevel bera knopp og blom
næra av vatnet frå Karmelberget
og lyset frå Pinsefesten
men lilja vart såra
handflater og fotsåler gjennombora
sida verkande og blodig
gjennom mørkre og fortviling
men lovnaden svikta aldri.
Tidleg skulle  ho få kvila
i Palestinas jord ved Davids by
der Karmels røter igjen var planta
djupt i ørkesanden.
 Men du fekk synga  Mariam
som fuglen i lindetreet
songen om livet og kjærleiken
som ber over grenser og tungemål
gjennom tid og æve !






                     Feiring av dei  to nye palestinske helgenane.
                        

søndag 5. juli 2015

En sjels historie

Therese av Lisieux selvbiografi " "Histoire d`une ame "  kom i fjor endeleg i norsk omsetjing på St.Olav forlag. Fint omsett av Jeanne Wreden med opplysande forord av karmelsøstrene i Tromsø, og eit rikhaldig noteapparat med referansar såvel til bibelsitat som detaljar i Thereses livshistorie.
Eg har frå før bok i såvel svensk og engelsk omsetjing som den franske orginalen, likevel fekk eg ei oppleving av å koma Therese enno nærare ved å lesa hennar historie på norsk. Kva er det med denne karmelittnonna som i motsetning til Mariam Baourdy som eg har skreve om nyleg, levde eit stille og udramatisk liv i Karmelklosteret i Lisieux ? Kvifor har ho nådde ut til så mange og stadig vert oppdaga av nye truande ? Kanskje kan den norske omsetjinga også bidra litt til det ?
Therese har klårare enn dei fleste sett kjernen i evangeliet, i kapittelet om førstekommunion og ferming skriv ho så  frimodig om dette:

"Han lot meg forstå at min ære ikke var synlig for menneskers øyne, at den besto i å bli en stor helgen !!!.............. Dette ønske kan synes vel dristig når man ta i betraktning hvor svak og ufullkommen jeg var, og som jeg fremdeles er etter syv år i kloster. Likevel føler jeg stadig  den samme frimodige tillit til at jeg skal bli en stor helgen, det skyldes at jeg ikke regner det som følge av egne fortjenester, for jeg har ikke en eneste en, men at jeg setter mitt håp til han som er selve Godheten og Helligheten. Det er han, og bare han, som nøyer seg med mine svake anstrengelser, løfter meg opp til seg, dekker meg med sine egne uendelige fortjenester og gjør meg hellig."

                                             Therese i Notre Dame de Paris