søndag 27. april 2014

Helgenkåringa i dag

I dag søndag 27. april, andre søndag etter påske - den såkall Miskunnssøndagen vart pave Johannes XXIII (1958-63) og pave Johannes Paul II heilagkåra. Pave Frans feira heilagkåringsmessa, pave emeritus Benedikt XVI var og til stades og koncelebrete messa. 500.000 menneske hadde samla seg på Petersplassen medan 800.000 andre følgde sermonien frå storskjermar andre stadar i Roma. Ein historisk dag der ein feira desse to som fekk så stor betydning for Kyrkja både i forige hundreår og i tida som følgde.
I preika la pave Frans vekt på Kristi liding som eit synleg teikn på Guds kjærleik.
"Pave Johannes XXIII og Johannes Paul II var ikkje redde for å sjå mot Kristi sår, å røra ved naglemerka i hendene og såret i sida. Dei var ikkje skamfulle over Kristi lekam, ikkje sjokkerte over han, over krossen hans. Dei forakta ikkje lekamen til sin brør, avdi dei såg Jesus i alle menneske som lir og kjempar."


                       
                                               Johannes Paul II               Johannes XXII



                                        
                                          Frå dagens helgenkåring på Petersplassen




























tirsdag 22. april 2014

Ida

Filmen IDA av den polske regissøren Pawel Pawlikowski går på norske kinoar. Det er eit filmatisk meisterverk som gjer eit sterkt inntrykk både estetisk og tematisk. Filmen er i forma nedtona utan dei store og dramatiske effektane. Svart-kvitt uttrykket og den sparsomme dialogen er med på å understreka dette. Det filmatiske er likevel så fullkome vakkert at ein får lyst til å printa ut filmscenane , ramma dei inn og henga dei opp på veggen som ein anmeldar uttrykte det.
Tematiske rører IDA ved dei store og mest følsomme emna, leiting etter sanninga, identitet, skuld og soning, kallet og målet for eige liv. Det personleg og eksistensielle grip så over i det historiske, krigen og etterkrigstida i Polen. Enno meir spesifikt handlar det om polakkanes overgrep mot den jødiske folkegruppa ikkje bare under krigen men og etterpå. Forhaldet mellom katolisisme og jødedom ligg der heile tida som eit smertefullt bakteppe.
Filmen byrjar med at sr.Anna (Agata Trzebuchowska) førebur seg til å avleggja sine endelege klosterløfter. Før ho kan det ber priorinna henne ta kontakt med sin einaste gjenlevande slektning, tanta Wanda( Agata Kulesza). Motviljug oppsøkjer Anna tanta. Wanda har vore dommar i det kommunistiske rettssystemet, og ho har levd eit mildest talt utsvevande liv. Møtet med tanta blir eit sjokk for Anna, ho får nøsta opp sin eigen ukjente identitet som jødiske Ida som vart foreldrelaus under krigen då ein polske bondefamilie først løynde henne og foreldra,  for så å ta livet av dei og gje vesle Ida til eit kloster. Ida og Wanda dreg saman ut for å finna sanninga om kva som skjedde med deira næraste. For begge blir dette eit vendepunkt som snur opp ned på livet. Wanda glir djupare inn i alkoholmisbruk og mismot og vel til slutt å avslutta livet. Ida blir i sterk tvil om klosterkallet og prøver ut livet "ute i verda". Filmen sluttar med at ho tek på seg nonnedrakta igjen og går langs vegen tilbake til klosteret. Ho vel kallet eller det trygge og kjente ?
Som all stor kunst gjev ikkje IDA nokon eintydig svar. Men ein kan gleda seg over estetikken i det filmatiske, og samstundes få stimulans til eksistensiell refleksjon. For meg blir likevel det viktigaste temaet dei kristne som deltok i eller bare var passive tilskodarar til den brutale forfølgjinga av jødane.
Som eg tidlegare har skreve på denne bloggen går det ein veg vidare, ein veg til forsoning som veks ut av erkjenninga av våre felles røter. Ikkje minst den polske pave, Johannes Paul II framheva dette, og kan også her tena som eit føredøme!




Jerusalem - om vi gløymer deg


             Jerusalem

Om vi gløymer deg Jerusalem

så kunne steinane tala

eller stemma i songar frå fire tusen år

piletrea ville bøya seg over vassflata

og fella lauv og tårer

der vi står utanfor murane

og likevel i vona  innanfor

slik eit nytt  vegskilje

ei varleg rørsle utover

i møte med neste årtusen                                                                                                 

såra opprevne og blødande

uforsonlege men likevel aldri oppgjevne.

 



søndag 20. april 2014

Påskevigilie


             Påskenatt

Linkleda sirleg samanrulla

med hovudduken for seg

angen av myrra og aloe

Nikodemus i løynd

Maria enno forvirra og gråtande

har gartnaren bore han bort ?

men Peter ser og forstår

når dei titusen små lysa

tennest frå det eine store

og vi ser som gjennom eit nytt landskap

skysøyla -  eit lysande mørkre

om vi ikkje hadde sett

men likevel ville tru

Rabbuni  - Meister !
Antifon til laudes påskedag: Herren er sannelig oppstanden. Halleluja!

mandag 14. april 2014

"Pateren kvesser pennen"


Eg les pater Olav Mὔllers  artikkel om det ondes problem i ”Pateren  kvesser pennen” som kom på St.Olav forlag i fjor. Artikkelen avsluttar han slik:

”Helgenene er menneskehetens største livskunstnere. Rent teoretisk nådde de vel ikke lenger enn oss vanlige hverdagskristen i utforskningen av det ondes problem, men når det gjaldt den praktiske løsningen, var de eksperter. De gjorde som Paulus og led sammen med Jesus. De sa ikke bare et resignert ”Ja Fader” til det korset som ble lagt på deres skuldre. De tok imot det med åpne armer. For noen ble det å lide med Jesus en brennende lengsel. Den spanske mystiker Teresa av Avila tryglet Gud om å få lide eller dø. Hvis hun ikke fortsatt fikk den nådegave å lide sammen med Jesus, syntes hun livet hadde så liten verdi at det var bedre å få dø. Det lå ikke noe sykelig i denne bønnen – ingen form for masochisme. Den hellige Teresa var en robust og jordnær kvinne. Hun elsket Kristus mer enn sitt eget liv og syntes det var en uutholdelig tanke at Brudgommen skulle våke alene i Oljehagen og henge ensom og forlatt på korset – uten noen som trøstet ham. Hennes brennende kjærlighet fylte henne med det ene ønsket å få lide sammen med ham hun elsket.

Hvis vi vanlige gjennomsnittskristne tok slike ord i vår munn, ville det virke både affektert og eksaltert. Vi ville ikke ha indre dekning for slike ord. Vi har nå en gang ikke fått den nådegave å heves til mystikkens tinder. Med hver og en som i det små har fulgt Paulus eksempel og oppofret sine lidelser sammen med Kristus til Faderen kan få oppleve at noe av lidelsens meningsløshet får mening. Ørsmå dotter av den tåken som omhyller mysterium iniquitatis letter. Løsningen ligger da mer på det irrasjonelle enn på det rasjonelle plan.

Lenger kommer vi ikke.”

Kloke ord av ein erfaren prest, sjelsørgar og produktiv foredragshaldar og skribent. Pater Olav kan snart feira sin nitti års dag og ikkje lenge etter sitt seksti års jubileum som katolsk prest. Han har såleis prega fleire generasjonar av norske  katolikkar, mange er dei han har undervist i trua og deretter teke imot i Kyrkjas fulle fellesskap.

Pater Olav vart fødd i Trondheim i 1924 og konverterte i Sverige under krigen, han tjenestgjorde i dei norske politistyrkene der. Etter krigen gjekk han inn i picpusordenen og vart prestevigd i 1954 av biskop Rὔth. Han har fungert som sogneprest i ei rekkje norske byar, men er no tilbake i sin barndoms Trondheim som pensjonist.
For eit par år sidan kom han med boka "Pateren dypper pennen", her finn vi dels sjølvbiografiske historier og anekdoter dels artiklar og foredrag om ulike tema. Dei sjølvbiografiske tekstane er karakteristisk nok prega av hans varme og romslege trønder - humor.
 
 
”Pateren kvesser pennen” er ei samling artiklar og foredrag som pater Olav har halde opp igjennom åra. Dei spenner over eit tematisk vidt spekter,  frå ”Guds eksistens” til ”Psykopatenens farlige makt”.  Boka har fire hovuddeler:  ”Guds verden”,” Åpenbaringen – Den naturlige åpenbaring”,” Menneskets verden” og til slutt ” Kristne forbilder”. Samla sett blir dette nesten som ei lita katekisme i ei lettfatteleg og til dels munnleg form. Dermed blir det som ein sit i foredragssalen eller kanskje går tur og høyrer pater Olav leggja ut om tru og fornuft, det ondes problem eller Kristi offer. Ein blir definitivt klokare og sannsynlegvis også litt meir from.  Pater Olav har alltid framheva dei objektive sanningane som Kyrkja representerar i motsetning til det moderne samfunnets subjektivisme og sjølvsentrerte kultur. Når ein føler fortvilinga over at alt flyt og ingenting står fast kjennest det utruleg trygt å falla ned på det som er utprøvd og som ein veit held i gode og vonde dagar. Kristi offer og to tusen års tradisjon er pantet på det! Boka avsluttar med ein seksjon om helgenar med tittelen ”Kristne forbilleder”, teksten eg siterte ovanfor knyter seg og til dette temaet sjølv om den er henta frå ein annan del av boka. Pater Olav skriv innsiktsfullt om Maria, om Olav den heilage som han alltid har vore nært knytta til, om Birgitta og til slutt pave Johannes Paul. I ”Hellig or som lovgiver” skriv han om det dramatiske skiftet i moral og menneskesyn som innføringa av kristenretten representerte. Eit apropos til dagens bioetiske debatt ! 
Boka er sterkt å tilrå for alle som kjenner pater Olav og for alle som vil bli kjent med han. Ja og naturlegvis for alle som er søkjande og interesserar seg for dei store spørsmåla i tilveret.                                                                  
                                                                                                





Sommaren 2013:Pater Olav på veg heim til leiligheten i Erling Skakkes gate i Trondheim etter å ha feira søndagsmessa!
Langfredag 18. april fyller han 90 år. Helsa har ikkje vore så bra i det siste. Fint om dei som les dette tek han med i forbønene sine !

søndag 13. april 2014

Palmesøndag

Vi feirar palmesøndag til minne om Jesu inntog i Jerusalem. I dagens første tidebøn er det ei preike av den heilage Andreas frå Kreta, biskop av Gortyna (660-740)  som grip noko av kjernen i denne festdagen.
"Kom, følg meg, la oss gå opp på Oljeberget. La oss sammen gå i møte med Kristus der han i dag kommer tilbake fra Betania, i møte med ham som frivillig går til sin ærerike og salige lidelse for å fullbyrde vår frelses mysterium. Av egen fri vilje legger han ut på veien til Jerusalem, han som for vår skyld steg ned fra himmelen for å løfte oss jordiske opp sammen med seg, slik det står skrevet i Guds åpenbaring, "opp over alle makter og myndigheter, over alt velde og herredømme og over alle navn som nevnes kan."..................................
Slik er det vi skal underkaste oss Kristus, ikke ved å bre klær foran ham eller strø veien med døde kvister eller grener, materie som visner, og som bare for noen timer er en fryd for øyet. Nei, la oss bre ut foran ham hans egen nåde, eller oss selv iført ham, for " er vi døpt til Kristus, har vi iført oss Kristus", altså rettferdighetens klær. Vi som først var røde som skarlagen på grunn av synden, vi er senere blitt hvite som ull ved dåpens renselse, Det er ikke skarlagenets palmegrener vi skal bære frem for dødens seierherre, men seierens trofe. La oss i dag, idet vi vifter med sjelens åndelige grener, sammen med barna rope ut de hellige ord: "Velsignet være han som kommer i Herrens navn, Israels konge."




                                      Feiring av palmesøndag i Panchimalco, El Salvador

                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                           

         Fredskongen på Sion
     9 Bryt ut i jubel, dotter Sion!
          Rop av glede, dotter Jerusalem!
          Sjå, kongen din kjem til deg,
          rettferdig og rik på siger,
          fattig er han og rid på eit esel,
          på ein eselfole.
         
   
10 Eg vil rydda ut vognene i Efraim
          og hestane i Jerusalem,
          stridsbogen skal brytast sund.
          Han skal tala fred for folkeslaga,
          hans velde skal nå frå hav til hav,
          frå Storelva til endane av jorda


(Sakarja 9. 9-10)

torsdag 10. april 2014

Maria, Nordens Dronning

Fastetida går mot slutten og vi ser fram mot påskefeiringa. Då er det fint å minnast at pave Johannes Paul under si vitjing i Norden for 25 år sidan innvia dei nordiske landa til "Marias reine hjerte", han framførte då den vigselbøna som er gjeve att under. Under Den nordiske bispekonferansen i Lund i slutten av mars  vart denne innviinga fornya. Tanken om "Marias reine hjerte" har sin bakgrunn i Lukas evangeliet (2.kapittel 33-35 og 51-52.:
" Far hans og mor hans undra seg over det som vart sagt om han. Og Simeon velsigna dei og sa til Maria, mor hans: «Sjå, han er sett til fall og oppreising for mange i Israel og til eit teikn som blir motsagt  – ja, òg gjennom di eiga sjel skal det gå eit sverd. Slik skal dei tankane mange ber i hjartet, koma fram i dagen.»
   

 Så vart han med dei heim til Nasaret og var lydig mot dei. Men mor hans gøymde alt dette i hjartet sitt.  Og Jesus gjekk fram i alder og visdom og var til glede for Gud og menneske. "

 
Hjertet er i Bibelen eit symbol på personlegdomen, på det vi vil med våre liv, på det vi vier våre liv til. Når vi vier oss til "Marias reine hjerte" vier vi oss til det ja ho gav til Herren på engelens spørsmål. Vi vier oss til inkarnasjonen, Gud som menneske. For Mora vil alltid peika mot Sonen og visa vidare til Han.

Vigselsbønn

Hellige Maria, Jomfru og Mor,
du Dronning over Nordens land,
med alle slekter priser vi deg salig,
du som, full av nåde og fremfor andre kvinner,
ble utvalgt til å være Guds port i verden.
I ditt rene hjerte lyttet du
og var lydig mot det guddommelige kall.
I full frihet og med usvikelig tro
tilbød du hele ditt vesen
som redskap for verdens frelse,
og du fødte ham som er Livet.
Ditt Ja var begynnelsen på en vandring i tro:
lydhør for Guds ord lot du deg lede av hans Ord.
Du vokste med din Sønn
og fulgte ham på hans vei.
Du hadde samme sinnelag som ham.
Med udelt hjerte, uten svik og forestillelse,
ydmyk, barmhjertig og nær dem som trengte deg,
søkte du det ene nødvendige.
For hans skyld ble du flyktning og fremmed i et annet land.
Som en i folkeskaren rundt Jesus, betraktet du hvordan han levde,
handlet og omgikkes mennesker.
Et sverd gjennomboret ditt hjerte
da han ble avvist og utlevert i syndernes hender,
plaget, hånet og forkastet.
Da hans time var kommet, bevarte du troen,
en klart lysende flamme i det store mørket.
Under korset ble du mor for alle Jesu disipler
og en veiviser til ham.
Du våket mens du ventet på oppstandelsens morgen,
da ditt hjerte fyltes av en uutsigelig jubel.
Du som hadde båret ham under ditt hjerte,
fikk dele hans oppstandelse og forherligelse.
Du, vår mor etter nådens orden,
vi overgir Nordens land og folk
til din moderlige beskyttelse,
Du og din Sønn er ukjent for mange,
men også her og nå er dere med oss.
Du ser våre behov og sier til oss:
”Gjør alt hva han sier dere!”
Lær oss å finne Jesus i vår egen virkelighet.
Vis oss at han er veien, sannheten og livet.
Be for alle om troens kostbare gave.
Hjelp de kristne å være troverdige vitner om Guds kjærlighet.
Bre din kappe over alle Guds barn
og forsikre dem om hans omsorg.
Vi vil som du bli hans redskap.
Vi vier våre hender
til forsvar for de små og forsvarsløse,
og til å utføre Guds verk i verden.
Vi vier våre føtter til å gå i Jesu fotspor og nærme oss vår neste.
Vi vier våre tanker til å se, høre og handle i evangeliets lys,
Vi vier våre hjerter til å elske      
og velge det som er Guds vilje.
Vi vier oss til ditt rene hjerte,
du som vil det Gud vil,
slik at Jesus kan utføre sitt verk i verden,
også her og nå, også i denne tid
som er så full av løfter og farer,
også i våre land og i vår tids mennesker,
også i oss,
i alle dem som Gud har skapt,
med hjerter som lengter etter det sanne liv.
Hellige Jomfru og Mor,
hold din hånd over Nordens land
og led oss frem til Jesus,
vår mester og venn,
vårt liv og vårt mål,
han som lever og råder fra evighet til evighet.
Amen.

              


mandag 7. april 2014

En prest og en plage

Fridtjof  Kjærengs dokumentarfilm om Børre Knudsen (f.1937) går for tida på norske kinoar. Børre Knudsen er kanskje ein av dei mest omtalte og forhatte personar i nyare norsk historie. Han framstår lett som ei blanding av Brand og Dr.Stockmann ( En folkefiende) hos Ibsen, dessutan ein god porsjon av dei gammeltestamentlege profetane som refsa med hard hand. Slik sette bryt han og fullstendig med den moderne og politisk korrekte statsideologien. Då han og Ludvig Nessa stod på som sterkast mot abortlova vart dei i media framstilt som forvirra og ytterliggåande fanatikarar. Kanskje var dei og det, i filmen stiller Børre Knudsen sjølv spørsmålet om det var galskap det dei dreiv på med. Men som sjuk og aldrande angrar han ikkje,  han såg det som nødvendig at nokon gjorde det han gjorde, og dessverre vart det han som vart pålagt denne oppgåva. Mest bitter er han nok på statskyrkja som han følte svikta denne viktige saka. Karakteristisk nok nekta han for at hans salmar skulle takast inn i den nye norske salmeboka.
I filmen til Kjæreng føl vi ekteparet Ragnhild og Børre Knudsen gjennom eit år i Balsfjord der dei framleis bur det meste av året. Filmen skiftar mellom notid og filmklipp frå abortkampen på sytti- og åttitalet. Naturen i Balsfjord rammar det heile inn på ein vakker måte. Det er ein sterk film som går så nært inn på Ragnhild og Børre Knudsen som det går an. Vi møter ein gammal og sjukdomsprega mann , men ein mann som framleis har sine meiningars mot og enno  mykje av sin retoriske kraft intakt.
Han forfektar like sterkt det han er overtydd om at er rett, det ufødde barnet sitt menneskeverd.
Samstundes er det noko sårt og trist over skikkelsen Børre Knudsen. "Det er en lidelse å leve. Mine ord skulle vært nagler , og den første skulle gått gjennom mitt eget hjerte." , seier han ein stad i filmen. Kanskje er det denne lidinga han påførte sin næraste han tenkjer på ? For det er ikkje tvil om at den kampen han førte gjekk utover kone og born. I ein sterk scene i filmen set dattera ord på dette,
kampen til faren vart tung å bera for barna. Filmen stiller her det grunnleggjande spørsmålet som og ein annan film eg nyleg kommenterte, "Tusen ganger godt natt" gjer. I kor stor grad kan ein la sitt samfunnsengasjement gå ut over eigen familie ? Filmen gjev ikkje svar på det, men ein sit att med ei kjensle av at dette er ei ope sår som ikkje så lett vil gro.
Abortlova vart vedteken i 1978, året etter la Børre Knudsen ned det statlege embete sitt. Dagens debatt om fastlegars reservasjonsrett viser at oppslutninga om abortlova står sterkare enn nokon gong.
Sånn sett kan ein seia at det var ein tapt kamp han kjempa.  Men han vistelikevelat det går an å stå opp mot den kompakte majoriteten, mot det politisk korrekte, mot ein statleg ideologi som har løfta rettigheitstekninga opp til eit dogme. I åra som kjem vil vi stå overfor ei rekkje etiske dilemma innan bioetikken. Grensene for kva som er akseptabelt vil gradvis bli flytta, først som folkemeining så som ein lovleg stadfesta rett. Kanskje vil vi då savna ein Børre Knudsen som med profetisk røyst
kan stå opp og refsa så vel folkemeining som statleg lovpraksis ?


Børre Knudsen var og ein stor salmediktar og ein kjennar av salmetradisjonen. Ein kan godt plassera
han etter Petter Dass, Kingo og Brorson.
I 1976 gav han ut ei samling salmar saman med Willy Abildsnes og Bjørn Bjørneboe. Tittelen var "Det hellige bryllup".