onsdag 23. februar 2011

"Kom sier krokusen"

Snøen legg seg djup på Sørlandet og der er enno ei stund til blømande krokus.
Forfattaren Torgeir Rebolledo Pedersen si siste diktsamling"Erfaring og forsvinning" innheld både personlege dikt, dikt som viser utover mot verdsituasjonen og dikt med mangetydige naturbilete.
Innleiingsdiktet "Kom sier krokusen" handlar om å vera til stades her og no.

"kom
 sier krokusen

 varm deg her
 på blusset mitt

 tenn blikket ditt
 med blusset mitt

 så blir du vakker
 som jeg

 hvem trenger fortid
 hvem trenger framtid

 når vi har nået her
 du engangsgjøk

 du engangsløk
 som jeg "

lørdag 19. februar 2011

Forsoning på amerikansk

Er forsoning like før døden etter mange års fiendskap noko vi bare finn i sentimentale Holywood filmar ?
Kanskje det ein sjelden gong også skjer "in real life" ?

Som med Michael E.DeBakey (1908-2008) og Denton A. Cooley (1920-) som  i 2007 vart forsona etter nær 40 års iskaldt uvenskap.Dei nådde det like før døden innhenta den nær hundre år gamle Michael DeBakey.Både DeBakey og Cooley var hjertekirurgar med tilhaldsstad i Houston, Texas. Begge var uvanlig dyktige,med stor arbeidskapasitet og nok tilsvarande sterk personlegdom.
DeBakey vart fødd i Louisiana av libanesiske  foreldre i 1908, hans var ferdig på medisinstudiet i 1932 og spesialiserte seg i hjertekirurgi. På femti og sekstitallet vart han ein pioner når det gjaldt å utvikla nye kirurgisk teknikk og teknologi. Han var knytta til Baylor College of Medicine i Houston. Cooley vart fødd i Houston, 12 år yngre enn DeBakey. Han var også ein pioner på sitt fagområde,på femtitallet samarbeidde han og DeBakey tett. I 1969 sette Cooley inn det første kunstige hjertet på eit menneske. Dermed starta den iskalde konflikten med DeBakey som sjølv hadde arbeidd med å utvikla eit kunstig hjerte og anklaga Cooley for å ha stole hans ide.Eit bittert uvenskap vart resultatet inntil forsoninga nesten førti år seinare. Deira fiendskap hadde lenge figurert i amerikanske media og forsoninga var naturlegvis også  første side stoff.
Eg hugsar eg følgde med på det frå Denton Cooley tok det første nølande initativet.
Dei fleste ventar for lenge og går i grava med sitt uvenskap, men historia om Michael DeBakey og Denton Cooley viser at det går an å rekka ut ei forsonande hand til ein uven når ein er høgt opp i alderen og ser døden i auga. Det skjer ikke bare på film!


fredag 18. februar 2011

Poetica:Koden løyst

          Koden løyst


Handa som vender kalenderbladet
seint i februar under tung våt snø
det er inngong til fastetida
og verda er nesten utan ord
tida har vendt seg bort
med samanbeten munn
fast bestemt på å la alle utrop
og alle fraser få kvila
og bak det heile har vi tolmod
ein stad langs stien ligg det teikn
på den grå vasstrukne marka
mellom trestammene blir det kviskra kodar
er vi heldige får vi auge på eit ord
   halvvegs løynd i det våte lauvet
   det kan plukkast opp og tørkast reint
   kanskje byrjar det å skina
   medan vi ventar på kjærteikna
   koden løyst teikna  dechiffrerte.


lørdag 12. februar 2011

Lourdes

11.februar.Vår frue av Lourdes

Vesper Antifon til Magnificat:
"Hill deg,Maria full av nåde.Herren er med deg.Velsignet er du blant kvinner, og velsignet er ditt livs frukt."

11.februar er frå 1969 minnedag for Bernadette Soubirous (1844-79) sine visjonar av Jomfru Maria  i 1858. Ho skal ha vist seg for den fjortenårige Bernadette i ei grotte der det rann fram vatn frå ei kjelde som hadde lækjande verknad.Etter som rykta om mitrakel spreidde seg, valfarta fleire og fleire til Lourdes som i dag er ein av dei viktigaste valfartsstadane i Den katolske kyrkja. Både sjuke og friske frå heile verda dreg til denne vesle byen på nordsida av Pyreneene, få opplever mirakel men nesten alle dreg heim med ein ny andeleg styrke.
Denne historia går så heilt på tvers av det moderne rasjonalistiske verdsbilete, tilsynelatande bare ein myte eller eit eventyr for dei fleste. Men vi ser og at interesse for pilegrimsvandringar og andelege erfaringar tar seg opp i vår tid. Valfart er ikkje bare teori og abstraksjonar, det er handling som omfattar heile mennesket ikkje minst det kroppslege. Kanskje er dette uttrykk for ein djup, gudgjeven trong. Noko som er lagt ned i oss frå opphavet. Ein kan velga å tru eller ikkje tru på Bernadettes opplevingar,men ein kan ikkje nekta for at dei har har hatt stor innverknad på  livet til mange menneske.Og bodskapen frå Lourdes er ikkje orginal, det er den grunnleggjande evangeliske sanninga om tru,von og omvending.

torsdag 10. februar 2011

Garn og is

Lyrikaren  Jan Erik Rekdal (f. 1951) har dikt med uvanlig biletbruk som gjev innsikt frå ein ny synsvinkel som i dette uten tittel frå samlinga " I Rumis skygge " som vart utgjeven i 1997:

"Jesus er fisken
du ikke får beholde
når Jesus fattes, fanges han ikke

når Jesus smetter smidig gjennom
mitt grovmaskete garn
inkarnerer han seg i linjen
denne bevegelsen tegner i min tanke
i min kropp ligger han flott med tungt søkke."


Eller dette frå same samlinga:

"Når kirken glir på isen
bryter Kristus den opp
med sitt brennende skrog
med kjølvann varmt av forsoning"

lørdag 5. februar 2011

Kyndelsmesse 2

                                                     Kyndelsmesse
Som dei gamle kveikjer oljelampen
når Simeon løfter opp barnet
eit svakt og jamnt ljos omsluttar dei to
stør seg på brune lafta veggar
og  nedbrotne søylegangar
der det dryp frå taket
over mildver og holkeføre
trø varsamt no
snart skal du bera fram ljoset !

onsdag 2. februar 2011

Kyndelsmesse

Kyndelsmesse 2. februar(Praesentatio Domini  - Herrens fremstilling) . Tidligere også kalt Missa candelarum, Lysmesse, Maria renselse eller Maria lysmesse.

Antifon til vesper:
"Jesu foreldre tok ham med opp til Jerusalem for å fremstille ham for Herren"

Antifon til laudes:
"Simeon var en rettskaffen og gudfryktig mann. Han ventet på Israels trøst, og den hellige Ånd var over   ham."

Simeons lovsang til Kompletorium (Luk 2,29-32)

"Herre nå kan du la din tjener fare i fred,
 etter ditt ord.
 For mine øyne har sett din frelse
 som du har beredt for folkenes åsyn,
 et lys til åpenbaring for hedningene
 en herlighet for ditt folk,Israel."