lørdag 27. april 2013

A Worcester Ladymass

Trio Mediaeval har markert seg som formidlar av  såvel middelaldelmusikk som samtidsmusikk. Trioen er samansett av Anna Maria Frimann, Linn Andrea Fuglseth og Torunn Østrem Ossum.
I 2011 kom innspelinga " A Worcester Ladymass" basert på musikk frå benediktinar klosteret Abbey of St.Mary i Worcester. Det har lukkast å rekonstruera store delar av den polyfone songen som vart nytta av munkane der på 1200 talet. Med "Ladymass" meinest votiv- messe for Jomfru Maria, og mykje av musikken er assosiert til feiringa av Maria høgtidene, framfor alt 15. august, Assomption.
Maria vørdnaden stod sterkt i Middeladerens England, ikkje minst i Worcester der katedralen er via til "Our Lady."  England som "The  Garden of Mary" er eit anna uttrykk for dette.
Vi veit naturlegvis ikkje korleis denne musikken lydde på 1200 talet, men Trio Mediaevals framføring verkar autentisk, iallfall for ein amatør. Det verkar kanskje einsformig på vår tid men det er så vakkert og stilreint. Og det høver så godt i dag når vi går inn i femte veke i påsketida, og mai månad står for døra. Mai som er årets morgon, Mai som er tileigna Maria på eit særskilt vis. Månaden som innbyr til å retta blikket mot henne og æra henne som gjorde inkarnasjonen mogleg.



http://www.youtube.com/watch?v=4SNYNz0PypQ

Salve sancta parens
virgo pare carens
ex te Christus natus est
qui pro nobis passus est.

O quam beata Maria
gigens mundi salvatorem
omniumque creatorem
qui regit cuncta regenda
sustinetque sustinenda
celum terram in secula seculorum

Eructavit cor meum verbum bonum:
Dico ego opera nmea regi.
Gloria Patri, et Filio, et Spiritui Sancto.
Sicut erat in principio,
et nunc et semper.
In secula seculorum.Amen.


                                                      
 
Worcester cathedral frå 1000 talet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar