fredag 22. desember 2023

Juletida


Juletida

Han hadde gått så langt

og nådde kanskje ikkje fram

men enno var det rom igjen

ei dør, eit bord med brød og fisk og vin

så kan auga gli igjen

og kvila varer lenge

tretten dagar til ende.

Han reiser seg frå draumen

no vil han tala men lyttar først

til dei som tek imot og delar ut

og så dei tre som kom igår

og no stig opp og rir mot vest.

Dei ber eit lys ilag dei tre,

og byr dei andre som sit att:

Bli med, bli med !

Vi kjem med sol og vind

sa den første.

Vi kjem med lys og tid

sa den andre.

Vi kjem med glede,brød og vin

sa den tredje.

Eg byr eit hus av brød

sa han som hadde sove lenge.

Gå no sa han som leigde ut

det er ikkje langt igjen.

De er slitne og undrast no

men de blir funne att i dag

og gleda skal bli stor.

De trufast ventande!




Poetica: Skumringstimen

 Innlegg i Dag og Tid 14. desember.




torsdag 21. desember 2023

Midvinter and Christmas

 Lighting Candles in Midvinter

Saint Lucy, see
Seven bright leaves in the winter tree

Seven diamonds shine
In the deepest darkest mine

Seven fish go, a glimmering shoal
Under the ice of the North Pole

Sweet St Lucy, be kind
To us poor and wintered and blind


Christmas

«Toll requiem», said sun to earth,
As the grass got thin.
The star-wheel went, all nails and thorns,
Over mill and kirk and inn.

The old sun died. The widowed earth
Tolled a black bell.
«Our King will return», said root to bone,
To the skeleton tree on the hill.

At midnight, an ox and an ass,
Between lantern and star
Cried, Gloria….Lux in tenebris…
In a wintered byre.

To advent- og juledikt av poeten George Mackay Brown frå stromness på Orkney Islands.


Advent

Desse skritt med forventning
gjennnom stille vinternatt
mot eit ukjent møte

Denne uroen
som tøyer seg over dagen
og blir eit gjenskinn
av morgonens tause blikk

Eit vakande auge i kvelden
undrande
Vi er aldri åleine

Skumringstimen like før jul. Å hente i barnehagen med baby og katt på slep. Gaudium et Spes - Å Glede! - Å håp!


onsdag 20. desember 2023

Asbjørn Aarnes

 I dag ville Asbjørn Aarnes ( 1923 -2013) ha fylt 100 år. Han var professor i europeisk litteraturhistorie, men hadde ei formidlingsevne som rakk langt utover akademia. Den verdikonservative humanisten Aarnes var ein av dei store kulturformidlarar i etterkrigstida. Hans innsikt rakk langt utover det vi vanlegvis forbind med litteraturhistorie, ikkje minst innan filosofi. Her er han nok mest kjent for det han skreiv om Emanuel Levinas filosofi omkring den andres ansikt. « Du skal ikke vende deg bort når den Annens sårbarhet treffer deg.»

Men det var nok poesien som var hans hjarta nærast, både den norske og den store europeiske tradisjonen. Det mange poesi interesserte forbind med Aarnes er nok verket, « Poesien hos Olav Nygard, Et dikteralbum» som kom i 2004. Eg skreiv ei bokmelding og fekk ei helsing tilbake frå Asbjørn Aarnes der han skreiv at eg hadde forstått det han ville formidla. Det sette eg svært stor pris på. Årets nobelprisvinnar Jon Fosse hevdar og at denne boka er noko av det beste han har lese om poesi.

Aarnes var fødd på Nordmøre, men nytta riksmål heile livet med unntak av det han skreiv for « Dag og Tid»  på slutten av livet. Det er gjeve ut i ei fascinerande lita bok med tittelen « Råka av røyndomen». Eg hadde stor glede av den. 

I høve 100 årsdagen kjem det ut ei bok av og om Asbjørn Aarnes, « Den fine taushets røst.» For dei som ikkje kjenner til han er det eit høve til å bli kjent med denne eineståande formidlaren av litteratur og filosofi. For dei som kjenner til han er her kanskje nye gullkorn å ta med seg?




torsdag 14. desember 2023

Johannes av Korset

 I dag 14.desember, midt i Adventstida feirar vi ein av dei store i Kyrkjas historie Juan de la Cruz - på norsk Johannes av Korset. Han levde i siste halvdel av det turbulente 1500 talet, prest, teolog, poet, mystiker, ordensreformator og frå 1726 ein av Kyrkjas viktigaste helgenar. Hans liv var prega av fattigdom, sjukdom og motgang, hans poesi og teologiske verk stråler med desto større kraft og har vore til inspirasjon for mange både i og utanfor Kyrkja! 

Johannes hadde ein adeleg far, men han gifte seg under sin stand med Catalina Alvarez, dotter til ein vever, det førte til at han vart utstøtt av familien og døydde tidleg. Johannes vaks opp i fattigdom saman med to eldre brødre. Som ung arbeidde han som pleiar ved eit sjukehus,og utmerka seg med sitt gode vesen og store omsorg for sine medmenneske. Eit ordenskall vaks fram og som 21 åring slutta han seg til karmelittordenen, han studerte teologi og vart prestevia i 1567. Saman med Teresa av Avila vart han ordenens store reformator, dei ville tilbake til den opprinnelege langt strengare praksis enn det som var vanleg i datidas Spania. I ettertid er dei blitt karakterisert som barfot- karmelittar i motsetnad til dei skodde karmelittar. Han møtte stor motstand, det sterkaste uttrykket er vel då han vart teke til fange og sperra inn i ei lita celle i åtte månadar. På mirakuløst vist klart han å flykta frå fangenskapet. Det svekka hans alt svake helse, men gav samstundes inspirasjon til hans vakraste diktverk som gjer at han blir rekna som ein av dei store i spansk litteratur.

I denne mørke og tilsynelatande vonlause tid passer det å sitera kva han skriv om morgongryet i « Åndelig sang»:

«Men denne stille natt, sier den, er ikke som den dunkle natten, men som natten da morgengryet kommer. For denne hvile og stillhet i Gud er ikke helt mørke for sjelen, som den dunkle natten, men stillhet og hvile i det guddommelige lys, i en ny kunnskap om Gud. Ånden nyter nå den mest sødmefylte hvile, oppløftet som den er til det guddommelige lys.»



onsdag 13. desember 2023

Den heilage Lucia

 I dag feirar vi minnedagen for Den heilage Lucia - Sancta Lucia. Ho er nokså sikkert ein historisk person sjølv om det er mykje legendestoff knytta til denne helgenen som levde i Syracusa på Sicilia rundt år 300. Ho skal ha lidd martyrdøden under keisar Diokletian. Alt frå år 400 vart ho æra, det er funne ei innskrift over ei ung jente, Euskia, som døydde på Lucias festdag. Saman med Agathe som lei maryrdøden noko tidlegare er ho Sicilias viktigaste og mest populære helgen.

Ho er skytshelgen for mange ulike grupper, kanskje best kjent for synet, for blinde og mot augesjukdomar. Det kjem naturleg nok avdi Lucia kjem av Lux - lys på latin! Minnedagen for Lucia fall før kalenderreformen på årets mørkaste dag og vart naturleg  nok ein lysfest. Dagen vart særskilt feira i Italia og merkeleg nok i det protestantiske Sverige. Frå Sverige har skikken i moderne tid spreidd seg til vårt land. Særleg populært har det vore å markera Lucia i barnehagar med lys og opptog. Bilete under er eit fint minne frå tredve år tilbake, med vår nest eldste son i fremste rekkje.



mandag 11. desember 2023

Årets nobelprisar

 Vi har ei innhaldsrik helg bak oss, det var flott å følgja årets utdeling av nobelprisar såvel Fredsprisen i Oslo som dei andre prisane i Stockholm. Fredsprisen til iranske Narges Mohammadi var viktig og vel fortent. Ho er ei modig kvinne som har våga å stå opp mot det brutale og undertrykkjande regimet i Iran, og ho har betalt ein høg pris for det. Det  gjorde inntrykk å sjå dei to borna på 17 år ta i mot prisen, og så halda moras tale som var smugla ut frå fengselet  i Iran. « Kvinner, Liv, Fridom!»

Prisen i medisin og fysiologi var og vel fortent og kanskje forventa, i fjor tenkte eg dei var aktuelle kandidatar, men då gjekk prisen til svensk- estiske Svante Päbo for hans nybrotsarbeid innan genetikk. Eg har lenge følgd med på arbeid hans, det var stort då han han som den første lukkast å analysera DNA utvunne fra neandertalskjelett. Karikos og Weissmans arbeid dreier seg og om genetikk, men eit skritt vidare frå DNA, nemleg messenger RNA. Grunnforskninga deira har vore avgjerande for utvikling av nye vaksinar under coronaepidemien, og vil nok nokså sikkert  representera framskritt på mange medisinske fagfelt!

Det er ikkje så mange kvinner som har fått denne utmerkinga, i år var det tre mellom dei Claudia Goldin, professor ved Harvard. Ho fekk prisen i økonomi for si banebrytande forskning på kvinners stilling i arbeidslivet.

Så var det sjølvsagt litteraturprisen til Jon Fosse som naturleg nok fekk stor merksemd ikkje bare i Norge men over alt der verka hans blir spelt og lese! Litteraturprisen og fredsprisen er det som folk flest kan forhalda seg til, dei andre er det berre spesielt interesserte som kan forstå litt av. Eg har lenge følgd med på Jon Fosses forfattarskap, og hatt stort utbytte og glede av det, ikkje minst det siste store verket, Septologien. Kanskje har det med at eg er vaksen opp ved same fjorden som forfattaren, har same livssyn og nyttar same målet ?







lørdag 2. desember 2023

Poetica: Utan visse

 Utan visse


Skumringstimen

snart er mørkre så tett

at det må kunna gripast

og bli løfta over  på den andre  sida

i von om teikn og retning

sjå små fotspor i snøen

i korte lysglimt kan dei følgast

gjennom natta

men ikkje utan uro

og inga klår  visse

om eit nytt morgongry

likevel eit steg om gongen

varsamt.