torsdag 25. september 2014

Aktiv dødshjelp - skråplanseffekten

Aktiv dødshjelp blir debattert i mange vestlige land. Ein stadig aukande opinion går inn for at alvorleg sjuke og døyande sjølv skal få avgjera når nok er nok.
Nederland var det første europeiske landet som vedtok ei lov som legaliserte aktiv dødshjelp, naboen i sør Belgia følgde etter i 2002. I dag utmerkar Belgia seg som det landet der liberaliseringa har gått lengst. Det har vore ein jamn auke i tilfella med aktiv dødshjelp og det utgjer etter kvart 2 % av alle dødsfall i landet. Det viser seg og at det som i utgaongspunktet var eit tilbod til teminalt sjuke og sterkt lidande personar, er blitt utvida til stadig fleire grupper. Eit av vilkåra var at det bare skulle skje på pasientens eksplisitte førespurnad, men det har etter kvart vist sg at dette ikkje er tilfelle i 30-40% av tilfella. Sannsynlegvis dreier dette seg om svært psykisk sjuke og/eller demente pasientar.
I praksis blir og så godt som alle spørsmål om dødshjelp innvilga, bare ca 5% blir avslått.
Sist vinter gjekk Belgia enno eit steg vidare i det retten til dødshjelp vart utvida til mindreårige barn.
160 barnelegar skreiv under på ein protest ,og mellom anna erkebiskopen i Brussel Andre-Joseph Leonard protesterte kraftig mot lova. Det hjelpte lite, det var fleirtal for lovforslaget.
Nyleg er spøsrmålet om organdonasjon i samband med dødshjelp blitt løfta fram, og det er eit heilt realistisk scenario i nær framtid.
Eit par saker har vekt stor oppsikt i det siste. Transpersonen Nathan Verhelst fekk innvilga dødshjelp etter ein kjønnsskifteoperasjon som han opplevde ikkje gav han ein akseptabel kjønnsidentitet.
Frank van der Bleken vart dømd til 30 års fengsel for voldtekt og drap. Han opplever livet i fengselet som uuthaldeleg og har bede om dødshjelp etter avslag på førespurnad om psykiatrisk hjelp. Etter all sannsynlegheit får han det innvilga.
Alt dette er eit klart uttrykk for den skråplanseffekten som mange åtvarar mot. Nederland og Belgia har kome klart lengst i denne utviklinga, men det er ingen grunn til at det skulle stoppa der. Nokså sikkert vil fleire andre land vedta tilsvarande lover i åra som kjem.
Pave Johannes Paul II talte om "livets kultur" kontra "dødens kultur", og Kyrkja står fast på si fordøming av alt som trugar menneskelivet. I seg sjølv er det ein meir enn god nok grunn til å bli katolikk (det er og mange andre gode grunnar !)


mandag 22. september 2014

Øyet og virkeligheten

80 år er ingen alder, Leonard Cohen fyller i dag åtti år og kjem med nytt album(kjem tilbake til det),
Kolbein Falkeid fylte åtti i fjor og kjem med ny diktsamling no i haust med tittelen "Øyet og virkeligheten". Forige diktsamling "Vind, eple" kom i 2003 og mange tenkte nok etter kvart at det vart den siste, men nei Kolbein Falkeid let seg ikkje hemma av alderen. Han debuterte heilt tilbake i 1962 og har etterkvart vort ein av vore mest leste poetar. På same måte som Hans Børli, Olav H.Hauge og Rolf Jakobsen har han nådd langt utover den vesle gruppa som  vanlegvis interesserar seg for poesi.
Kolbein Falkeid er ein folkeleg poet men samstundes er han ein poet som loddar djupare enn dei fleste.
I diktet "Gjerdet" skriv han:

"Årene stenger for livet mitt
med et ugjennomtrengelig elektrisk gjerde.
Luftegården blir stadig mindre,
men med tanken
hopper jeg tilbake til fødsel
eller frem til død.
De fleste utenfor
hopper sjelden lenger enn til i går."

Samstundes er han svært audmjuk når det gjeld den innsikt som alderen gjev. "Hva er det alderen roser seg av ?" spør han i diktet "Narren", og han svarar:

"Nei, for du er
ingen veiviser. Har ikke selv
funnet frem.
Men kanskje er dette svaret:
Den gamle  snakker om sin erfaring, den narr,
og vet at han ingenting vet."

Kolbein Falkeid vender stadig tilbake til minna, minne frå eige liv, eigen barndom eller minne frå opplevingar med barn og barnebarn. Minna forandrar seg med åra og det skjer og noko med vår kjenslemessige oppleving av det som ein gong var. Det korte diktet "Minner " er ein fin påminning om det:

"Selvsagt har jeg gode minner
sødmefylte villfarelser
full av topografiske detaljer.
De er utarbeidet
med en matematikers nøyaktighet.
Men denne melankolske følelsen
av skjønnhet
forvitrer med alderen
til sorg."

 
               

"Jeg har hengt det slik at jeg ikke kan unngå å se det. En bør som bare blir tyngre for hvert år, nesten ikke til å bære nå i de siste motbakkene mine."
Kolbein Falkeid i diktet  "Fotografiet" om dottera Helga som tok livet sitt 25 år gammal. Han skildrar dette i "En annen sol" frå 1989. Ei diktsamling som vart seld i store opplag, og som sette ord på den sorga mange i same situasjon ber på.

onsdag 17. september 2014

We Are Making a New World

"We Are Making a New World" er den lett ironisk tittelen på eit av den  britiske kunstnaren Paul Nash ( 1889 - 1946) sine mest kjente verk. Det er ein del av ei større biletsamling frå 1918 med tittelen "The Void of War" og er no utstilt i Imperial War Museum i London.
Paul Nash var biletkunstnar, fotograf, skribent og designer, og ein sentral figur i framveksten av engelsk modernistisk kunst.
Ved krigsutbrotet for hundre år sidan var han grepen av begeistring like mange andre unge menn, og verva seg til den engelske armeen. Tidleg i krigen vart han utsett for eit mindre uhell og sendt heim, det redda truleg livet hans då kompaniet han var ein del av kort tid etter vart nesten heilt utsletta.
Paul Nash kom tilbake til fronten i 1917 som offisiell "war artist". Det brutale slaget ved Ypres pågjekk utover hausten 1917 og Paul Nash gjorde ei rekkje skisser på slagmarka som vart til "The Void of War". Bilete under er frå Inverness Copse, ein liten skog like utanfor Ypres som i slutten av august bytte eigar total nitten gonger. Til slutt var det bare eit grotesk landskap med krater, avsvidde trestammer, øydelagde våpen og makabre menneskerestar. Nash skildrar krigens nakne gru på ein genial måte. Dette er den "nye verda" som innleiar det tjuandre hundreåret. Det er ikkje mykje att av krigsbegeistringa  og euforien i 1914. Vi er ved det absolutte nullpunktet som den svenske historikaren Peter Englund skriv om i essaysamlinga "Brev från nollpunkten."
Slaget ved Ypres og heile første verdskrigen er hundre år tilbake, men kastar sine mørke skuggar innover heile 1900 talet , like inn i vår tid. Det mest slåande dømet er at mange av dagens grenser i Midt-Austen vart dregne som eit resultat av Den første verdskrigen. Det går ei direkte linje frå Verdun, Somme og Ypres til Mosul og Aleppo. Slagmarkene er like groteske og meiningslause.


 
"We Are Making a New World"
 
 
Poeten Wilfred Owen som fall like før krigen tok slutt skildrar med ord det Paul Nash skildrar med bileta sine. Eit døme er diktet 1914
 
War broke and now the Winter of the world
With perishing great darkness closes in
The foul tornado,centred at Berlin,
Is over all the width of Europe whirled,
Rending the sails of progress. Rent or furled
Are all Art`s ensigns.Verse wails. Now begins
Famines of thought and feeling. Love`s wine`s thin.
The grain of human Autumn rots, down-hurled.
 
For after Spring has bloomed in early Greece,
And Summer blazed her glory out with Rome,
An Autumn softly fell, a harvest home,
A slow grand age, and rich with all increase.
But now, for us, wild Winter, and the need
Of sowings for new Spring, and blood for seed.
 
 
 

torsdag 11. september 2014

A wind in the house of islam

Muslimske asylsøkjarar som har konvertert til kristendomen og påropt seg fare for forfølgjing ved retur til heimlandet, har til dels blitt møtt med skepsis frå norske styresmakter si side. Finst det i det heile reelle konvertittar frå islam, eller er dette bare strategiske trekk for å oppnå noko anna. Mange har nok den oppfatninga, ikkje minst på bakgrunn av at kristne misjonsframstøyt i den muslimske verda stort sette har vore mislukka. Historisk sett har islam ekspandert på kostnad av kristendomen, rett nok med viktige unntak slik som den iberiske halvøya. Å gå motsatt veg har medførte i beste fall og bli utstøytt av familien, i verste fall å bli steina til døde etter å ha blitt skulda for blasfemi. Det ser vi til dømes i dagens Pakistan.
Frå nyare tid har vi dokumentasjon både frå 1800 og 1900 talet på at større grupper muslimar har konvertert til kristendomen. Det skjedde  i Indonesia og i Algerie på 1800 talet, og på 1980-90 talet både i det prestestyrte Iran og mellom berberar i Algerie. Erkebiskop og kardinal Charles M. Lavigerie (1825-92) såg det som sitt kall å driva misjon blant muslimar i Nord-Afrika, dessutan arbeidde han  for å avskaffa slaveriet. Begge deler gav konkrete resultat særleg mellom berberane i Sahara.
I moderne tid har det versert  rykter og anekdoter om muslimar som  har blitt kristne eller kanskje meir korrekt Jesus- truande, og trass i den fare det inneber har danna menigheiter. Den amerikanske teologen David Garrison sette seg føre å gå nærmare inn på dette, og kartleggja kva som er fakta og kva som er myter. Han intervjua meir enn 1000 personar i 14 land og 33 folkegrupper. Resultatet vart presentert i boka " A Wind in the house of Islam". Han blir svært overraska over det han finn, kanskje så mykje som mellom 2 og 6 millionar muslimar har kome til tru på Jesus . Han hevdar at dette er unikt i historisk samanheng. " I antall vi aldri har sett før, kommer muslimer til Jesus Kristus" skriv Garrison. Dette gjeld  over heile den muslimske verda.
Det er klart at det er mykje usikkert knytta til ei slik undersøkjing sjølv om dei intervjua er garantert absolutt anonymitet. Mange vil nok og lik Utlendingsdirektoratet i Norge stilla seg spørsmål om alle desse  er  "ekte kristne". Til det svarar Garrison at alle som er med i undersøkjinga  er blitt døypt med ei kristen dåpshandling. Dåp er eit svært sterkt uttrykk for at dette er ei reell omvending etter både kristen og muslimsk oppfatning. Å bli døypt inneber å dø frå eit gammalt liv og oppstå til eit nytt liv.

Kvifor er ikkje dette betre kjent og kvifor skjer det i vår tid ? Det første har vel si naturlege forklaring i den faren ein utset både seg sjølv og sin familie for dersom ein vedkjenner seg ei kristen tru i den muslimske verda. Dette må nødvendigvis skje i det stille. Mange av dei intervjua har blitt truande  ved å lesa Bibelen på eiga hand, mange fortel og om møte med Kristus gjennom draumar og  visjonar. I mange muslimske land har det og inntil nyleg vore kristne minoritetar som heilt frå dei første hundreåra etter Kristus har halde vitnesbyrdet levande. Kanhende har deira bøner og martyrium ikkje vore forgjeves ?    
                                                                                                                                                             Kanskje er det slik at mange muslimar ikkje lenger finn det dei søkjer i Koranen, og som dessutan reagerar på den brutaliseringa av religionen som islamistane fører med seg ? I møtet med personen Jesus Kristus får dei ein heilt annan bodskap.
Dersom vi verkeleg trur på Den heilage Ande som ei kraft som kan gje menneska tru og nytt liv, burde det ikkje vera så overraskande at Anden også verkar i den muslimske verda !

                                Koptisk kyrkje i Egypt.

lørdag 6. september 2014

Norsk barokkmusikk: Johan Daniel Berlin

Blei det skapt musikk i Norge før 1800 talet ? Folkemusikk naturlegvis, men det blei og komponert musikk i barokkstil. Eg ville gjerne utvida mine kunnskaper, og då eg vann
 premie i NRKs musikkonkurranse "Klar en klassiker" ønskte eg meg naturleg nok  den nye CD`en  på Simax med  musikk av Johan Daniel Berlin og sonen Johan Heinrich. Framføringa er ved  Norsk barokkorkester med Gottfried von der Golitz  og Alexandra Opsahl som solistar på fiolin og blokkfløyte.
Rett nok var ikkje Johan Daniel Berlin fødd i Norge, men han levde det meste av livet i Trondheim, og det var her han gjorde ein innsats både  musikalsk og på ei rekkje andre område.
Johan Daniel Berlin vart fødd i Memel i Preussen ( no i Litauen) i 1714.  Faren var stadsmusikant og han gav Johan Daniel den første musikalske innføringa. Seinare studerte han i København, her knytte han og kontakt med ei rekkje av tidas framståande komponistar hovudsakleg i Tyskland. I 1737 kom Johan Daniel Berlin il Trondheim som stadsmusikant, og han vart her resten av livet. Han kom i stor grad til å setja sitt preg på byens musikkliv på 1700 talet både som utøvande musiker, ikkje minst som organist i domkyrkja, som inspirator og pedagog, som komponist, og dessutan som konstruktør av både  musikkinstrument og instrument for stemming og måling av intervallar. Johan Daniel hadde tre søner som alle var inspirert av farens musikkinteresse. Johan Heinrich var nok den dyktigaste, han fungerte som organist, cembalist og komponist av nær seksti verk fram til sin død i 1807.
Det meste av det som både far og son komponerte er dessverre gått tapt, men noko er teke vare på og kan spelast inn for første gong i vår tid. Det dreier seg om ein sinfonia av Johan Heinrich, tre sinfoniar og ein fiolinkonsert av faren Johan Daniel. Musikk komponert i tidas stil og kanskje ikkje spesielt orginal, men musikk til å bli glad av og ikkje minst eit genuint uttrykk for at Norge på 1700 talet hadde del i den store  europeiske kulturtradisjonen.

Johan Daniel Berlin var på ingen måte einsidig musikk interessert, tvert imot var han det vi i dag ville kalla eit universalgeni. Han var levande interessert i teknikk og naturvitskap, og var ein av initativtakarane til Det Kongelige Norske Videnskapers Selskap. Han konstruerte alt frå  frå brannsprøyter og treskemaskinar til musikk instrument. Han hadde store kunnskaper i matematikk, hydraulikk og meteorologi. Ei tid fungerte han både som både overbrannmester og ansvarleg for Trondheims vassverk. Han skreiv og ein av dei første lærebøkene i musikkteori som kom ut i Danmark-Norge, Musicaliske Elementer.


På CD omslaget ser vi ein del av Johan Daniel Berlins konstruksjons teikningar av ulike maskinar
Ein spennande og inspirerande mann med eksepsjonell stor arbeidskapasitet.


                                        Orginale  notar til ein av Johan Daniel Berlins komposisjonar.

Dorothy Day:don`t call me a saint !

"Don`t call med av Saint" er tittelen på ein dokumentar om Dorothy Day( 1897- 1980) som kom for eit par år sidan. Sjølv om Vatikanet i 1997 etter initativ frå erkebiskop av New York kardinal O`Connor, starta ein saligkåringsprosess for henne, er nok den setninga noko ho ville stått inne for.
Dorothy Day vart fødd i Brooklyn i 1897, faren var journalist og forfattar og familien flytta rundt i USA under oppveksten hennar. Alt som heilt ung viste ho stort samfunnsengasjement, og vart etterkvart ein ivrig skribent og aktivist. Ho reagert sterkt mot all urettferd og det vart naturleg å engasjera seg på venstresida politisk. Dorothy Day vart arrestert fleire gonger mellom anna i samband med ein demonstrasjon for kvinners stemmerett. Fengselopphaldet gjorde noko med henne ikkje bare politisk men og religiøst. Privatlivet hennar var turbulent i denne tida, ei rekkje mislukka kjærleiksrelasjonar og ein abort som 22 åring. Eit par år seinare fekk ho dottera Tamar Teresa med hennar dåverande ektemann Forster Batterham. Dorothy hadde på dette tidspunktet byrja den prosessen som skulle leia henne heilt fram til katolsk dåp i 1927. Sjølv om ho ikkje  var formelt medlem av Kyrkja ønskte ho å døypa Tamar katolsk. Mannen sette seg sterkt imot dette, han ville ikkje ha noko med religion å gjera, og heller ikkje med Dorothy dersom ho gjekk inn i Kyrkja. Tamar vart likevel døypt, ikkje minst takka vera den støtta ho fekk frå nonna Sr. Aloysia.
Som for dei fleste er det mange små steg og hendingar som fører eit menneske til ei levande tru.
Då ho låg på fødeavdelinga gav kvinna i nabosenga ein liten medalje til Dorothy, det var ein medalje av St. Therese frå Lisieux( av Jesusbarnet). Seinare kom og skriftene til Karmels to store helgenar Teresa av Avila og Johannes av Korset til å bety mykje for  henne. Sjølv om Dorothy ikkje var formelt knytta til Karmel, er det ingen tvil om at  ho var inspirert av karmelittisk spiritualitet .

Ei stund før ho vert døypt skriv Dorothy Day: "Do I prefer the Church to my own will, even if it was only the small matter of sitting at home on a Sunday morning with the papers ? And the Choice was the Church."  Dorothy vel Kyrkja og messa, men ikkje bare søndagsmessa, Dorothy blir ei svært engasjert katolsk kvinne. Ho har på ingen måte gøymt sitt tidlegare engasjement for dei fattige og utstøtte og for sosial rettferd. Dorothy har og eit pasifistisk grunnsyn, noko som gjer henne svært kontroversiell på denne tida.
Møte med den franske filosofen Peter Maurin blir eit vendepunkt for Dorothy, saman startar dei avisa "The Catholic Worker" i 1933. Året etter grunnlegg dei det første "House of Hospitality" på Lower East Side på Manhatten. Dette skulle snart veksa til ei landsomfattande rørsle som ut frå eit katolsk grunnsyn dreiv sosialt arbeid og omsorg. Aktivisten Dorothy Day vart og på ingen måte lagt til side, heilt til det siste var ho levande engasjert ikkje minst mot krig og atomvåpen. Samstundes levde Dorothy eit rikt indre liv. Veninna Maisie Ward skriv: " And she gives us glimpses of the sudden joy coming in prayer, in moments of quiet, in glimpses of beauty through music, people and growing things."
Dorothy Day er på mange måtar ein "helgen" for vår tid. Ho har gjennomlevd eit turbulent privatliv slik mange menneske gjer i dag, og ho innser at ho er ein syndar som er  heilt avhengig av Guds nåde. Dorothy kombinerar det aktive med det kontemplative, sterkt sosialt engasjement og "the sudden joy coming in prayer". Men det er ingen motsetning, det kan vel ikkje minst Moder Teresa søstrene skriva under på.
Til slutt Maisie Wards oppsummering: " She had come to realize that in this hour of crisis only the supernatural could save the natural. Her movement was an expression of the Christian Revolution."
                                      

Dorothy Day les for dottera Tamar i 1932.

tirsdag 2. september 2014

Det hvite båndet: barnet og døden

Eg ser om igjen filmen "Det hvite bånd" (Das weisse Band), med undertittelen  "En tysk barndomshistorie" av den østerrikske regissøren Michael Haneke.Filmen kom i 2009 og fekk velfortjent gullpalmen på Cannes-festivalen dette året. Det er ein sterk og uhyggeleg film som sit i lenge etterpå, kanskje enno sterkare når ein ser filmen for andre eller tredje gong. Det vonde og dystre blir ikkje vist eksplisitt , bare antyda og då gjer det kanskje enno sterkare inntrykk. Filmen  går føre seg i ein tysk, protestantisk landsby like før Den første verdskrigen. Ei rekkje av landsbyens personar blir skildra gjennom augene til læraren mange år seinare. Fleire tragiske og brutale hendingar utspelar seg i landsbyen, og det ligg ei sterk uhygge over det heile. Vi får aldri veta kva som eigentleg ligg bak, men sentral står heile tida barna i landsbyen, barna til presten, landsbylegen, jordmora, baronen. Dei blir utsett for tidas beinharde barneoppdraging, men og for direkte mishandling og incest. Kva gjer det med desse barna ? Det ligg nærliggjande å sjå dei for seg eit par tiår seinare som Hitlers lydige undersottar. Regien, fotograferinga og ikkje minst skodespelarane er mesterleg.
Haneke klarar å få fram heilt utrulege scenar med desse barna. Ein av dei som gjer sterkast inntrykk er når landsbylegens dotter Anna og hennar vesle bror Rudolf samtalar om døden. Ein kvinne i landsbyen har akkurat omkome og Rudof stiller det grunnleggjande filosofisk spørsmålet: " Kva er døden ? " Søstera svarar så fornuftig ho kan. " Skal alle døy? Skal du og døy Anni ? Skal eg og døy?  Pappa skal han og døy? Alle menneske skal døy ! Og ein kan ikkje gjera noko med det ?"
Til slutt spør han om mora som alt er død og ikkje berre reist bort. Ja, ho er død svarar søsteren, og vi ser fortvilinga i augene hans når han skyv tallerkenen på golvet. Den same fortvilinga vi alle kjenner stilt overfor døden som vi ikkje forstår noko betre enn dette vesle barnet. Det store mysteriet lagt inn i denne barnesamtalen. Betre går det ikkje an å få det til !

Linke til denne scenen på youtube:
https://www.youtube.com/watch?v=B7jocH-mHFA