onsdag 29. juni 2016

Nocturne

Forfattaren Sigbjørn  Obstfelder (1866-1900) er vel ikkje den som blir mest lest i dag. Kanskje er han også nokså ukjent med unntak av heimbyen Stavanger? To av hans dikt er det nok likevel mange som har høyrt eller lest, " Jeg ser" men den kjente avslutninga: "Jeg ser, jeg ser...... Jeg er visst kommet på feil klode ! Her er så underligt.....", og det lydhermande diktet "Regn". Det  var heller ikkje så mykje han etterlot seg, ei handfull dikt, eit skodespel, eit par noveller, ein delvis fullført roman. Likevel blir han sett på som ein fornyar av poesien der han med si modernistiske form var langt føre si tid. Han er tydeleg inspirert av franske lyrikarar som Baudelaire, Verlaine og Rimbaud. Sjølv skreiv han og dikt som han omsette til fransk !
Nocturne -nattsong er ikkje modernistisk i forma, men har ei utforming og eit innhald som gjev litt av same inntrykket som eit stykke musikk, kanskje ein sonate av Scarlatti eller ein av Schuberts lieder ?

Nocturne

Møllens vinger stanser sin susen,
åen speiler nattens øie,
blomsternes læber ydmygt beder,
trærnes kroner hvisker, hvisker.

Presterne tænder de blege kjerter,
nonnerne nynner de fromme bønne,
børnene folder de spinkle hænder,
svanerne skjuler sit næb under vingen.

Snart skal de sove, alle de trætte,
hvile hodet mygt på puden,
glemme de grå, sørgmodige tanker,
slumre, sove, drømme, sove.

Ude i blået svæver en kvinde,
Herrens moder, Maria, Maria.
lukker sjælens øine kjærlig,
træder jordvuggens gjænger varlig.




søndag 26. juni 2016

När natten faller på

Den vesle boka "Den indre bønnens vei" av Wilfrid Stinissen kom i 1976 i nor
sk omsetjing på St. Olav forlag. Det var ei kort innføring i  indre bøn i karmelittiske  tradisjon basert på skriftene til Teresa av Avila og Johannes av Korset. Boka kom i ny og utvida utgåve i 2011 med tittelen "När natten faller på. Den indre bönens väg".  Dette er ein fin første innføring i emnet før ein gjev seg i kast med meir omfattande og mindre tilgjengeleg skrifter.
I kapittelet om "Sansenenes natt" skriv han om at det dannar seg  eit indre tomrom  i oss som ikkje kan fyllast av ytre ting. Vi strittar kanskje i mot,og som for Jakob kan kampen med Gud vara lenge. Men slik som Jakob vart halt blir også det mennesket som ein gong har vore i kontakt med Gud stempla for livet. Broder Wilfrid skriv: " Man kan bli utro, være borte fra Gud i flere år, man kan oppgi bønnen, kanskje til og med bryte med troen. Likevel blir det alltid noe igjen av den første berøring med Gud: en bebreidelse, et samvittighetsnag, en uro, en fullstendig manglende vilje til å finne fred."                                                                                                                                                  Vidare siterar han forfattaren Julien Green som i dagboka si for 18.mai 1959 skriv: I dag har den tanken slått meg at et ubesvart kall alltid forfølger et menneske, uansett hvordan det prøver å unnslippe det. Gud har jo kalt og han slutter ikke å kalle. Man lytter ikke til ham, men hans stemme forfølger en. Det gjør ens liv merkelig og fører til at ens skritt iblant er haltende, som om man på en eller annen måte var blitt stemplet".

                                                              Vegen innover

onsdag 22. juni 2016

Bella Madre de`fiori

Bella Madre de`Fiori er ein av komponisten Allessandro Scarlatti ( 1660 -1725) meir enn seks hundre kantater.Kanskje står dei ikkje tilbake for Monteverdis madrigalar, Purcells songar, Handels kantater og duettar. Kjærleik og død i eit landleg middelhavslandskap med eit persongalleri henta frå gresk-romersk mytologi. Underhaldning for aristokratiet i Napoli og Roma på seksten hundretalet, men verdt å lytta til også i dag, iallfall i Maria Cristina Kiehrs framføring .

Bella Madre de`fiori

Bella Madre de`fiori
tu rittorni vezzosa
a spargere nel suol
soavi odori
e placida e pietosa
al suon dell`aure
e degli augelli al canto
tenti arrestare
al mio gran duolo
il pianto
ma pur,forza e che mesta
lontana dal bel Idolo ch`adoro
piango l`ora funesta
che mi rapi sal seno
il mio tesoro
e sol puo consolar
quest`alma fida
o ch`io torni a goderlo
o`l duol m`uccida.

(Vakre blomemor
du vender tilbake
med sjarm
for å spreia godlukt
over jorda med sympati
roleg og medfølande
til lyden av vind og fuglesong
prøver du å lindra
tårene som spring fram
frå mi store sorg
eg kan ikkje vera anna enn trist
når eg er langt borte frå
den eg tilber
og eg klagar over den mørke timen
som reiv skatten min
ut av armane mine.
Det trufaste hjarta vil trøstast
berre dersom eg får oppleva 
kjærleiken hans påny
eller når sorga tek livet av meg)



https://www.youtube.com/watch?v=tqqyqMqTB2U



mandag 13. juni 2016

Arnold Eidslott 90 år

10.juni fylte forfattaren Arnold Eidslott 90 år. 26 diktsamlingar har det blitt sidan han debuterte i 1953, og han har vore aktiv like til det siste. Arnold Eidslott er ein av dei viktigste og mest særpreg lyrikarane i etterkrigsstida.  Forma er modernistisk med eit orginalt og personleg preg, tematikken er utan unntak dei store spørsmåla i tilværet. Han er og grunnfesta i den store europeiske tradisjonen med inspirasjon frå såvel vår felles europeiske dikting, som målarkunst og musikk. Ofte tek han utgangspunkt i verdshistoria, særleg dei to verdskrigane, eller kjente personar historisk eller kulturelt.
Han tek gjerne utgonsgpunkt  i ei mørke sidene ved tilværet, krig og liding."Det er eit store mørkre i Eidslotts dikt, og stemma hans kan klinga frå eit lågt punkt i tilværet" skriv  litteraturprofessor Jan Inge Sørbø. Men det er aldri mørkret som får sigra til slutt, Eidslotts dikt er gjennomsyra av lyset frå påskedag, Kristi oppstode og siger over døden er det einaste og endelege svaret !
To dikte frå "Postludium" som kom i 2012:

Bare tausheten rådende

Alle de døde slekter
slitets og nødens bortreiste
Alle de døde despoter herskere
over røvet gods og syke livegne
Hvor er de alle borte i Guds time
Vent bare deres arvinger følger dem

Bare tausheten rådende                                                                                                                             Gud tier fordi Han vet alt
Bare gulnede blad glemte bøker
Sagn og myte og tårer som aldri
tørres gjennom de lange tider her
i støvets forgjengelige og døde rike

               ------------

Aldri alene

Husk dette
Særlig du som
i sannhet er alene

Guds nærver
føles ofte som en
ensomhet dypere dypere

Enn den du
tror å føle
når du er alene her

For nærmere
kunne du ikke vite
Gud uten å bli skremt

Vær rolig
for du er i Ham
vår bestandige fred sønn

Stille og taus
kysser Han din panne
før du ennå er våken barn






onsdag 8. juni 2016

Sakramentsprosesjon

Feiringa av"Festen for Kristi legeme og blod" siste søndag i mai i ein  solfylt og vakker by, Bergen.
Etter messa sakramentsprosesjon frå Johanneskirken og St. Paul(polsk) gjennom gatene med stopp ved fire alter. Ei stor og internasjonal gruppe følgde prosesjonen med det heilage sakramentet i spissen, så helgenbilete og madonnastatuer, førstekommunionsbarn og søstre. Fint å kunna vera med, ein følte seg seg som i Italia eller Portugal, men denne var Norge og eit konkret uttrykk for at ein på ny kan delta i gamle katolske tradisjonar. Kanskje ikkje minst takka vera våre mange nye og svært fromme landsmenn!










"Si til gjestene:Bordet er dekket. Kom til  bryllupsfesten. Halleluja!"