onsdag 28. mars 2018

Stephen Hawking

Stephen Hawking, britisk professor i fysikk døydde 14. mars 76 år gammal. Symbolsk nok på fødselsdagen til Albert Einstein. Hawking er vel ein av få vitskapsmenn som har oppnådd superkjendis status, og langt på veg blitt ein legende i levande live. Han var ein dyktig vitskapsmann som gjorde banebrytande arbeid innan teoretisk astrofysikk og kosmologi. Han er særleg kjent for sitt arbeid med svarte hol og big bang, og med å sameina kvantefysikk og relativitetsteori. Men det er mange vel så dyktige vitskapsmenn som berre er kjent innan sitt fagområde, kven har til dømes høyrt om professor Roger Penrose som Hawking arbeidde saman med, og som har gjort vel så mykje innan dette fagfeltet ?

Det som gjorde Hawking så kjent var dels hans evne til å popularisera kompliserte problemstillingar i bøker og fjernsynsprogram retta mot folk som ikkje har fysikk og kosmologi som fagområde, dels var det hans evne til å leva eit produktivt liv trass i eit invalidiserande handikapp. Alt i 20 års alderen fekk han nervesjukdomen ALS, prognosen var då i beste fall eit par år, men han gjorde nevrologanes ord til skamme og levde i meir enn femti år med denne sjukdomen. Trass i manglande taleevne og ein rullestolbunden kropp, hadde han ein ekstremt skarp hjerne som gav oss innsikt i astrofysikkens komplekse problemstillingar. Det fascinerande livet hans vart for eit par år sidan gjort levande i filmen "A theory of everything". Hans pågangsmot og viljestyrke  bør vera oppmuntrande for alle som slit med handikapp og funkjonssvikt !

Det er mange som har kreve om Stephen Hawking i samband med hans bortgang, I sine populærvitskapelege bøker som " Univers uten grenser" og "En kort historie om tid" går Hawking utover sitt fagområde og inn på teologien og filosofiens område. Han avviser klart at det er ein skapande Gud som står bak universet.  Hawkings modell er kvantekosmologisk, universet har har ei endeleg fortid men inga byrjing i tid. Grenseforutsetningane til universet er at det ikkje har grenseforutsetningar, og for Hawking gjev  dette ikkje rom for ein Gud som første årsak.  Dette har møtt sterk kritikk ikkje bare frå teologisk og filosofisk hald, men og frå ikkje truande naturvitarar slik som professor i astrofysikk Øystein Elgarøy. " Spørsmålet om Guds eksistens er et filosofisk problem, det kan ikke besvares med fysikk alene."skriv han. Hawking hevda at filosofien ikkje har følgt med på utviklinga i fysikken og er derfor overflødig. Her er han på fagleg svært tynn grunn.

Stephen Hawking vil bli  hugsa for at han trass i sitt store handikapp gjorde banebrytande forskning innan astrofysikken, og at han evna å popularisera denne forskninga for folk flest. Han vil ikkje bli hugsa som religionsfilosof, her var han like mykje hobbyfilosof som dei fleste av oss andre.

Men når alt kjem til alt er det kanskje likevel dei nære relasjonar som betyr mest, iallfall når vi står stilt overfor døden. Hawking  innsåg nok og det når han ein stad skriv:" It would not be much of a universe if it wasn`t home to the people you love."



Palmesøndag 2018

Palmesøndag med Jesus inntog i Jerusalem og folkemengda som hyllar han med Hosanna rop er innleiinga til Den stille veka, veka som innheld det sentrale i den kristne trua. Tradisjonen tru feira vi også i St. Ansgar dagen med prosesjon med plamegreiner (tuja) og opplesing av heile Påskeevangeliet under messefeiringa.

Antifon til Laudes: Folkemengden som var kommet til festen, ropte til Herren: Velsignet være han som kommer i Herrens navn. Hosanna i det høye !






Bønn formulert denne dagen:


"Herre ! Du er vår begynnelse og fullendelse, Ditt vesen er fred og kjærlighet !
Skap i vår menighet fred, forsoning og gjensidig respekt og forståelse!
La fiendskap og mørke ord smelte av Din Ånds varme! Amen !"

onsdag 21. mars 2018

Poetica:Vinter


Vinter

Vinteren kom seint i år tok eit kraftig tak i våren og heldt igjen eg bøyer meg mot snøfokket dreg hetta tettare om hovudet på Titan er kuldegradene fleire og nedbøren fell som dråpar av metan tungt mot overflata ikkje ulikt snøen i slutten av mars men kven går der vinterkledd og hutrar blikket vendt undrande mot Saturns ringar.



Titan er Saturns største måne. Titan er eksepsjonell i det månen har atmosfære,
sjøar på overflata og nedbør av flytande metan. 

I 2005 landa romsonden Cassini Huygens på Titan og vi fekk nærbilete av
overflata.                                                                                   I

Broken heart syndrome

«Broken heart syndrome»

Vårt Land hadde nyleg ein reportasje om kjærleikssorg der forfattaren Ingvild Lothe frimodig stod fram med sin livshistorie. I samband med dette kom ein og inn på «Broken heart syndrome» med det medisinske navnet Takotsubo. Dette blei seinare teke opp i ein leiar, og illustrerar korleis ein spesiell medisinsk tilstand på kort tid får ein plass i den allmenne diskursen.

«Broken heart syndrom» er ein form for akutt hjertesvikt som ofte er utløyst av ein eller annan form for stress eller påkjenning, og blir medisinsk gjerne karakterisert som stress-kardiomyopati. Navnet Takotsubo kjem av at japanske forskarar som først dokumenterte tilstanden i 1990, syntest hjerte hadde form av ei japansk blekksprut-teine. Tilstanden kan ikkje skiljast frå hjerteinfarkt utan avanserte undersøkjingar. Prognosen er god, dei fleste er friske etter eit par månadar, og dødsfall er sjeldan. No er ikkje unge med kjærleikssorg dei meste utsette, langt dei fleste med denne tilstanden er kvinner i 60-80 års alderen. Sorg ved tap av ektefelle eller annan nær slektning er ein meir typisk årsak enn kjærleikssorg. Det treng heller ikkje vera dramatiske hendingar som utløyser dette syndromet, eg har sett det hos politikar etter oppheta diskusjon i kommunestyret, og hos restauranteigar som blei mektig provosert av ufordrageleg gjester.

Det finst og ein sjeldnare variant av denne tilstanden utløyst av positivt stress,det såkalla «Happy heart syndrome» eller «Diagoras syndrom»( Diagoras frå Rhodos døydde av glede då to søner vann olympisk gull i år 448 f. Kr.) Eit typisk scenario er «surprise party» for bestemor på 70 årsdagen, eller når barnebarn vinn gullmedalje i sportstevling. Postivt og negativt stress kan altså verka via felles mekanismar og slå ut likt på kroppen. Ein bør  med andre ord tenka seg litt om før ein planlegg «surprise party»!

Eg har blitt meir og meir fascinert av denne akutt hjertesjukdomen som for meg er eit argument for at mennesket ikkje er delt opp i psyke og kropp, vi er ein integrert heilskap. Dualismen er ein idehistorisk konstruksjon og dei bibelske forfattarane stod kanskje nærare moderne vitskap enn det mange seinare filosofar og psykologar gjer?

Publisert i Vårt Land  i dag 21.mars



fredag 16. mars 2018

Poetica: Eit svar


Eit svar

Ta ikkje uroen frå meg noko meir meg sjølv enn meg eg kunne spørja Paul Claudel og få ei kvit visse til svar kanskje eit nytt spørsmål eller det tomromet vi begge hatar.




mandag 5. mars 2018

Paul Claudel

" Der gis megen og forskjellig kristen diktning, Claudels sang lyder høyere, mer fri og mer befriende enn nesten alle individuelle røster som slår opp mot Kristi kors. Og det øker dens fylde at den begynner så dypt nede og så forpint. I sin suverene følelse slår den ihjel de gamle innvendinger om at religionen i alminnelighet og kristendommen mest, binder, at den lammer og stenger ute."
Slik karakteriserar litteraturvitaren Anders Wyllers den store franske forfattaren Paul Claudels (1868 -1955) dikting.

Eg les pater Hallvard Rieber -Mohns op vesle bok om Paul Claudel som kom ut i 1956, året etter at diktaren fekk ei storslått gravferd frå Notre Dame, katedralen som  betydde så mykje for han heilt sidan han gjekk inn her julafta 1886 som søkande og forvirra attenåring, og gjekk ut med ei tru som skulle bera han resten av livet. Det er kveldsbøn- vesper, og koret syng Magnifikat - Marias lovsong, den unge Paul Claudel står oppreist i folkemengda, nær den andre søyla ved inngongen til koret, til høgre for sakristiet ( her er seinare lagt ned ei minneplate om denne hendinga: Conversion de Paul Claudel). "Og så inntraff den begivenheten som bestemmer hele mitt liv. I løpet av et øyeblikk ble mitt hjerte grepet, og jeg trodde. Jeg trodde, og det med en så sterk tilslutning, en slik oppstandelse av hele mitt vesen, en så kraftig overbevisning og med en visshet så blottet for noen slags tvil, at siden da har hverken lesning, argumenter eller alle et broket livs omskiftelser kunnet rokke ved troen, ja ikke en gang røre ved den." 
Det merkelege er at hans intelektuelle og filosofiske skepsis til kristendomen er intakt, dette er noko som skjer på eit heilt anna plan. Ein stad skriv han om det som : " En som i meg er mer meg enn jeg selv."

Paul Claudels liv hadde to parallelle vegar, hans yrkesvalg vart diplomatiet og han tenestegjorde som fransk diplomat i ei rekkje land, samstundes skreiv han dramatikk, poesi og essay som gav han ein plass mellom dei store i fransk litteratur. For Claudel var det ikkje nødvendigvis nokon motsetning mellom diktinga og diplomatiet, han står fjernt frå det moderne skiljet mellom sakralt og verdsleg. Claudel dramatikk rører seg ikkje i ein moderne psykologisk tematikk, slik ein annan stor fransk katolsk forfattar, Francois Mauriac, gjer,  Claudels dramatiske verd  er som i Mellomalderens mysteriespel, det er kjærleik, smerte og lidenskap men heile tida under evighetens synsvinkel. Sigrid Undset er vel den einaste norske forfattar som let sine roman personar røra seg i den same røyndomen som Paul  Claudels. Han mest kjende drama er "Dagen vender", "Silkeskoen", "Bodskapet til Maria" ,
"Kristoffer Kolumbus liv" og "Jeanne d`Arc på bålet". Lite er omsette til norsk, men "Bodskapet til Maria " kom i 1967 i Halldis Moren Vesaas norske versjon og er spelt på Det norske teateret. Stykket er eit mellomalder-drama og gjev eit fint innsyn i dette store forfattarskapet.